tirsdag 1. juli 2008

Gratulerer med dagen, kjære Terje...

VERDENS BESTE KJÆRASTE, EKTEMANN OG FAR
FYLLER 37 ÅR I DAG, 2. JULI!
GRATULERER SÅ MYKJE!

SUSS OG KLEM FRÅ ALLE GULLA DINE!


Sommarsymfoni i lilla!

Eg elskar lilla! Kvar sommar prøvar eg å få tak i så mange lilla planter og blomster som råd! I år er det så som så på hagefronten, men litt blomar finn eg likevel!Lilla "Dag og Natt" i krukke ved inngangsdøra. Desse er trufaste slitarar som
dukkar opp i same krukka år etter år.

Då vi tok over garden var vi så heldige å få desse nydelege blomane med på kjøpet. Dei blomstrar frå slutten av juni. Blomstringa varer i ca to veker. Har ikkje noko eksakt namn på dei, men har vorte tipsa om at dei liknar noko som heiter "Storklokke". Kanskje er det ein botanikar eller hageinteressert der ute som kan fortelje meg kva den heiter?

Eg var så heldig å få vere forlovar til mi gode venninne Gry då ho gifta seg 4. juli 2003. Bryllaupet var lite, privat og eineståande romantisk. Kan hugse at eg hadde plukka med meg slike klokker som vi pynta med til bryllaupsfesten dagen etterpå. Så sant det har gått an har eg overlevert henne slike blomar på bryllaupsdagen deira. Eit år var dei avblomstra og eit anna år kom bløminga seint i gong. Men i år ser det heldigvis ut til at det blir ein bugnande bukett!


Purpurea digitalis (trur eg), eller revebjelle er ei vakker plante! I gamle dagar var det ei medisinplante brukt til m.a. hjarteplager. Planten er giftig og eignar seg nok best utanfor rekkevidde for små barnehender. Sjølv om dei tek seg flott ut i ein vakker vase, synest eg nok dei er aller vakrast der dei høyrer heime, nemleg ute i det grøne! Dersom du ser nøye etter på biletet, gøymer det seg ei humle inne i eine blomen!


Er det rart eg trivast der eg bur?

mandag 30. juni 2008

Medan vi ventar på hagen...

Dei grøne fingrane mine må kvile litt til. Eg har ingen hage å grave i, så eg får ta til takke med å plante i krukker og kar. Det er kosleg med ein triveleg veranda, eg får gjere det beste ut av det...
Etter å ha tilbrakt to veker i Tyrkia, skal det bli godt å kose seg på verandaen. Får nyte livet der medan eg ventar på hagen.... I dag ser det ut til at det vert ein solrik dag, eg håpar alle har høve til å nyte den!

søndag 29. juni 2008

ANTI-KLIMAKS!

Eit anti-klimaks er ikkje nødvendigvis noko negativt. Kanskje kan det opplevast som å vere i eit vakum midt mellom det som har vore og det som skal verte. Ein stad der ein kan sortere tankar og kjensler, ein "lufta ut av ballongen"-tilstand der ein ikkje heilt veit om ein har lyst å gå vidare. Som dagen etter bryllaupet, dei fyrste magiske timane etter ein fødsel eller når adrenalinet forlet kroppen etter nok eit utført vågestykke. Eller for vår del akkurat no; å kome attende til eit kaldt og grått Noreg etter å ha tilbrakt to veker under Tyrkia si deilige og varme sol! Dei skjønne ungane mine; Ida, Johan og Sina
Tyrkia var ein fantastisk stad å ferie! Icmeler var akkurat passe stort (el. lite!), akkurat varmt nok, akkurat billeg nok og akkurat det vi trengte! Vi har kosa oss 14 dagar til ende. Eg trur ikkje lenger på dei som seier at to veker er litt for lenge. Kanskje har det noko med kva ein innstiller seg på, vi hadde i allefall ikkje eit kjedeleg øyeblikk! Det var ein draum som gjekk i oppfylling og gav oss minner vi kan leve lenge på!

Johan kosar seg i sola.


Ida har is-siesta i hengekøya.

Sina undra seg over alt det nye.

Det er viktig å kvile, både for store og små.

Det var ingen nedtur å kome heim, men eit slags anti-klimaks som sikkert går over. Vi må berre få litt sol først! Tusen takk og varme helsingar går til alle som jobba på Maricya, til Markus, Tobias, Pernille og Lars, til Nela, Irena og Lars - aller var med på å gjere ferien vår minneverdig!

torsdag 26. juni 2008

Late dagar i Tyrkias sol...

Endeleg har eg fått låne meg ein pc slik at eg kan sende eit lite livsteikn på bloggen min! No har vi vore i Tyrkia i snart to veker og har hatt fantastiske dagar! Koseleg lite hotell, deilig temperatur (sjølv om eg godt kan unnvære heitebølga) - reine paradis!

Om to dagar reiser vi heim, så då vert det nok litt bileter på bloggen!

Ha det fint så lenge!

mandag 2. juni 2008

Fotballmamma - endeleg!

Med ein fotballspelande bror, har eg vakse opp med sure fotballstrømper og skitne fotballkle. Eg kan ikkje tenke meg så mykje som er verre enn det, likevel har eg lenge venta på at sonen min endeleg skulle verte bitt av fotballbasillen og kome heim på same viset som onkelen.

Slik eg ser det, er det fire kategoriar med fotballmødre:

1. Mødrene som møter på kvar trening, er ivrige på sidelinja og uttaler seg om taktikk, spelestil og spelarbytte. Dei har gjerne treningskle i fargar som matchar laget og er alltid oppdaterte på kven som skal vere foreldrevakter, når dei skal på cup og kvar dei skal på cup. Desse mødrene ser vi andre opp til, og prøver stadig å nærme oss deira nivå.

2. Dette er mødrene som møter på trening som ein dyd av nødvendigheit. Ungane måtte likevel køyrast, ein time er ikkje nok til å få handla litt, så då kan ein like godt tilbringe timen i "busskuret" på sidelinja ("boksa" der spelarane sit medan dei ventar på tur for å få spele, eller der ein får ise ned låke anklar etc.). Samtaleemna er alltid varierte og handlar aldri om fotball eller ungar.

3. Mødre som sender ungane sine på trening - og så stoppar engasjementet der. Det er mange flotte ungar som stort sett klarer seg sjølv, men litt oppfylging treng vel alle?

4. Så er det kategorien min: "Kan hjelpe til med alt mulig, men ikkje spør meg fotballrelaterte spørsmål eller be meg om å vere deltakande på bana"-mamma. Dei aller fleste passar vel kanskje best i denne kategorien. Vi hentar ballar, tørkar tårer og plastrar sår, syt for drikke, ser etter småsysken, jobbar hardt for å få med oss alle beskjedar som vert gitt - samstundes som vi prøver å oppmuntre og motivere dei håpefulle på bana. Vi bakar kaker til cup, organiserer kven som skal sitte på med kven og tek med oss draktene heim og vaskar dei.

Felles for desse kategoriane (med unnatak av kategori 3, kanskje...), er at vi alltid stiller når det er kamp. Med liv og lyst heiar vi dei fram, og passar på å dele ut kompliment til andre sine ungar òg! Og når kampen er slutt, tek vi dei med heim. Då skal det trøystast, motiverast til neste kamp og oppmuntrast til ikkje å gi opp sjølvom det kanskje vart tap denne gongen.

Dette med draktvask er forresten viktig. For naboar og forbipasserande er dette det synlege beviset på at vi er engasjerte i fotball og at vi ynskjer å gjere ein innsats. Og når dei håpefulle kjem på neste kamp, kan dei ta på seg reine skjorter som er vaska, hengt opp og lagt ihop med kjærleik.

Det eg vil fram til er at eg er glad for at sonen min har byrja å spele fotball. Eg er glad for at eg finn meg til rette på sidelinja og kjenner at det er bruk for meg og for at vi mødrene har kvar våre kompetansefelt. Så medan dei ivrigaste mødrene spring rundt med statistikk over antal scora mål, vaskar eg fotballskjorter med kjærleik - og trivast med det!

EG VIL RETTE EI STOR TAKK TIL ALLE FORELDRE/FØRESETTE SOM STILLER OPP!

A room with a view!


Når vi bur der vi bur, og garden heiter "Utsikten", så seier det seg vel sjølv at sjølv at endåtil stellebordet må plasserast strategisk. Frå stellebordet har Sina full kontroll på kva som skjer ute. Ho ser når nabohesten Steffi får gå fritt og beiter på markane, ho sprett opp med ein gong villsauene brekar - då skjer det som regel noko, og ho har syskena under oppsyn når dei held på med meir eller mindre lovleg tidsfordriv (som t.d. å klatre på låvetaket...). Det er mykje rart som kan hende i løpet av eit bleieskift, må vite! Då er det godt å ha sjefsplass ved vindauget og sikre seg at ein ikkje går glipp av noko! Mamma eller pappa si trygge hand er sjølvsagt aldri langt unna...

søndag 25. mai 2008

Fri fantasi og feriemodus!

Det er berre litt meir enn to veker til vi skal til syden, så det er vel ikkje rart at vi er i feriemodus. Dersom du ser på biletet under, brukar fantasien og legg godviljen til, så kan det nesten sjå ut som om vi har vore på ei strand på ei lita gresk øy. Men den gang ei.... For tida er dette den beste staden for rekreasjon og soltilbeding. Det får så vere at det er midt i ei steinrøys, no reiser vi snart til varmare strok, og så kan hende det vert altan eller plen når vi kjem heim.Uansett, ungane storkosar seg i steinrøysa og synest det var kjekt å leite fram solstolane.
Om ikkje lenge skal Ida og Johan få kose seg i solstolar under Tyrkia si heite sol - JIPPI!

Sommarmat!


I dag var det eit tydeleg vegskilje for meg. No har eg lagt våren bak meg og ser sommaren friskt i møte. Eg ventar på å vakne til solsteik på soverommet, til dagar der vi er meir ute enn inne og til varme kveldar med blafrande stearinlys på altanen. For ikkje å snakke om all den gode sommarmaten! Her i huset er det nokre ingrediensar som er heilt sentrale i sommarmånadane. Eg må til ei kvar tid ha tilgjengeleg tomat, basilikum, kvitløk, balsamico-eddikk, olivenolje og sitron. Med dei ingrediensane kan eg trylle trauste og kjedelege råvarer om til dei herlegaste sommarmåltid! Eg kjem sikkert til å legge ut nokre gode oppskrifter på sommarmat. Matlaginga om sommaren må vere enkel og rask, men gi smakfull og delikat mat. Favorittane våre er rettar der kylling eller fisk spelar hovudrolla - sunt og godt!

lørdag 24. mai 2008

Tøff dame, tøff kamp - ei forteljing om mot, styrke og endelaus beundring.

Livet har det med å ta vendingar vi ikkje ventar. Ofte til glede, like ofte til sorg. Ingen av oss veit kva som ligg og ventar på oss. Makteslause lyt vi ta imot det livet byd på. Nokre må dessverre kjempe tøffare kampar enn andre. Må oppleve meir sorg, meir mismot og meir botnlaus fortviling enn andre. Vi kjenner alle nokre. Kanskje er du ein av dei sjølv. Ein av dei som vaker om natta, full av uro og bekymring. Ein av dei som veit at framtida er usikker og som legg all sin energi i å gjere kvar dag meiningsfull. Ein av dei som kjenner at livsmotet forsvinn og som har lyst å gøyme seg for kvardagen. Ein av dei som gret når ingen ser det.



Det er slike menneske vi må gripe fatt i, som treng at vi ser dei. Som treng eit ankerfeste når det stormar og bles. Eg kjenner ei slik dame. Ho kjempar ein kamp tøffare enn eg har forstand til å sette meg inn i. Ho kjempar for seg sjølv, og for han som har vunne hjartet hennar. I samanlikning med henne vert eg liten og kampane mine små og uviktige. Og i møte med henne vert eg feig og unnvikande. Vi snakkar om vèr og vind, ungane våre og om livets små og store trivialitetar. Men eg klarer ikkje å uttrykke det eg har aller mest lyst til å spørje om. Orda set seg fast i halsen og motet sviktar. Kanskje fordi eg skammar meg over all glede i mitt eige liv. Kanskje fordi eg fryktar svaret og er redd for ikkje å kunne hjelpe eller seie dei rette orda til trøyst. Eg ser sorga i auga hennar. Men eg ser òg det store motet og all styrken som openberrar seg når ho pratar. Energien som sitrar under huda og den endelause beundringa når ho snakkar om den kjæraste ho har.



Eg beundrar henne. Ord vert fattige i forsøket på å skildre kvalitetane hennar. Ho veit ikkje om kampen kan vinnast. Men ho veit at det er dei små augneblinka som er store. At det er dagen i dag som er viktig. Eg hadde vore eit mykje betre menneske om eg hadde litt av all styrken og motet hennar. Då hadde eg kanskje spurt henne rett ut om korleis ho har det, korleis ho taklar alt som skjer. Eg vil ikkje vere feig, eg vil at ho skal vite at eg bryr meg og har henne i tankane kvar dag. No må eg samle mot og rette opp att feila eg har gjort.

Kjære Du; som ein skinande vakker blome stråler du -
som eit symbol på livsmot og kraft.
Vi har alle noko å lære av motet ditt.
Måtte du vinne kampen.
Eg beundrar deg.
PS! Biletet øverst i innlegget har eg lånt av Lena Bratteberg, ein fantastisk hobbyfotograf frå Ørsta. Biletet har eit fantastisk uttrykk som eg meiner passar til forteljinga mi.

Sirkus neste!

Sina ligg i hardtrening for tida. Som alle andre idrettsutøvarar på høgt nivå, må ho gjennom mange treningsøkter kvar dag. No skal ho lære seg å gå! For at treninga ikkje skal verte for einsformig, må vi variere aktivtitane litt. Den kjekkaste øvinga er å få spasere rundt med gå-vogna, med Rambo som passasjer! Det er ikkje få distansane ho legg bak seg på stovegolvet når ho får gjere det på denne måten! Aktiviteten passar vel kanskje betre i sirkusringen enn på ein idrettsarena - det ser i allefall ut som om utøvaren likar det ho gjer! Rambo er tolmodigheita sjølv, og sit still så lenge hjula går rundt! Snart går ho nok for eiga maskin!





søndag 18. mai 2008

"Mamma - blir ej kjempesøt viss ej ete mykje jordbær?"

Ida lurer på mykje rart. I dag skulle vi ete opp kakerestane etter 17. mai, og då var det jordbærkaka som var mest populær. Til trass for at bæra ikkje var norsk, så var ho både søt, saftig og velsmakande. Ikkje rart Ida lurte på om ho faktisk kunne verte endå søtare av å ete desse deilige bæra..... Det er på sin plass med nokre bileter frå dette kakegildet!







NO VENTAR VI PÅ MEIR SOMMAR, MEIR BÆR OG MEIR KAKE!
Så får vi sjå om vi vert søtare av det....

No er vi sommarklar!

Så snart 17. mai er eit tilbakelagt stadium, er fokuset retta mot eitt bestemt mål: SOMMAR! Det har ikkje vore så mykje hagearbeid for mitt vedkomande i år (er grenser for kor kreativ ein kan vere med stein, mold og sand...), men eg har i allefall fått opp ei hengelobelia - ein av dei flottaste sommarblomane eg veit om! Ei beskjeden og lita plante som toler både regn og blest. Sjølv om gradestokken i dag ikkje viste meir enn ni grader, så er eg likevel optimist og veit at sommaren er rett rundt hjørnet. Og om tre veker reiser me til Tyrkia.....





Heldigvis har naturen ein eigen måte å gjere seg sommarklar på. Der mine grøne fingrar strekk til kort, eller omgjevnadane ikkje tillet prydhagen eg drøymer om - der lagar tulipanar og løvetann eit nydeleg teppe kring huset. Tulipanane kjem frå løkar som har lege i jorda i meir enn 50 år, og som har dukka opp her og der - alt etter kvar vi har omplassert moldhaugane våre. Løvetannen kjem enten vi vil eller ei, og uansett kva folk måtte meine om den. Men vakkert er det i allefall, når det raude og det gule i harmoni med saftig, grønt gras prydar markane kring huset.




lørdag 17. mai 2008

Hipp, hipp, hurra - nesten...

Det vart ein surrealistisk og annleis 17. mai for husmora i år. Etter å ha tilbrakt siste dagane i ein "dottera mi har høg feber og søv ikkje om natta"-døs, fann eg brått ut at det faktisk var dagen før dagen. Så lenge feberen framleis steig, var det berre å innsjå at feiringa måtte avlysast for min del. Etter å ha leita fram ungane sin finstas, baka bløtkake, rydda huset og byssa Sina, var klokka allereie nokre timar inn i nasjonaldagen. Ganske rart å legge seg og vite at eg faktisk berre skulle vere statist i 17. mai-kaoset neste morgon.


Johan og Ida klar for 17. maifeiring!


Stasleg kar og flott russejente!

Medan resten av familien kosa seg med is og 17.mai-tog i Ørsta, var eg og Sina heime. Eg tenkte på folkelivet i gatene, korpsmusikken og dei endelause køene for is og brus, og kjende nok eit lite snev av misunning. Men så tenkte eg på kva eg hadde; nokre rolege timar med ei trøytt og kosete jente som aller helst ville vere på mamma sitt fang og sove. Medan Sina sov godt på fanget mitt, høyrde eg korpsmusikken i det fjerne og innrømte overfor meg sjølv at eg trass alt var godt nøgd med feiringa. Ingenting er viktigare enn ungane, sjølv ikkje nasjonaldagen.

lørdag 3. mai 2008

Åh natt, med di glede!

Eg skulle ynskje dette var ei søt historie om god natts søvn og endelause draumar. Det er det altså ikkje. Det er heller ikkje ei historie om utkvilte foreldre, som blide og fornøgde kan sette seg til frukostbordet med smil om munnen fordi dei håpefulle har sove heile natta. Dette er ei historie om terror. Ei historie om to vakne ungar, ein umogleg hund, ei høglydt ugle, eit fugleorkester, Harry Hole og ein mann med godt sovehjarte.

Det heile tok til litt over klokka eitt i natt. Stuptrøytt hoppa eg til køys og kjende straks at søvnen tok meg. Berre for ei lita stund. Berre som ein vond oppeggelse. Berre for å tirge. Rambo, vår kjære hund, heldt eit himla leven i gangen og klarte å vekke Ida. Ida ropte på vatn. Ein snill pappa stod opp for å servere vatn, noko som førte til at Sina vakna. Sina såg ingen grunn til å legge seg att, i allefall ikkje før ho hadde fått same service som Ida. Etter ein pupp og litt kos la eg meg under dyna, så lydlaust at eg kanskje kunne kome i Guiness Rekordbok for det. Utan å puste lytta eg etter lydar. Alt var stille. Berre eit lite klikk frå nattlampen, og lyset var sløkt. Då skar det gjennom lufta, eit hjarteskjærande hyl frå ei ugle. Ho har plaga oss ofte nok til at vi veit at det ikkje vert stille med det fyrste. Irritert og overtrøytt var det berre ein ting å gjere; her måtte Harry Hole til. Eit nytt klikk frå nattlampen, og eg kunne starte jakta på ein massemordar i Australia. Fire sider ut i boka måtte eg berre legge den ifrå meg. Ugla hadde fått selskap av alle skogens fuglar, og det gigantiske orkesteret gjorde det uråd å konsentrere seg om intrikate obduksjonsdetaljar, slagsmål og Harry Hole sine drapsteoriar. Då gjekk det i døra igjen. Ei bestyrta Ida kunne med stor innleving skildre alle Rambo sine forsøk på å plaga henne. Tre par hender og føter slåss om plassen i dobbelsenga. Og ein hund. Og ei lita, stuptrøytt frøken som ikkje ville ha pupp likevel, fordi tennene plaga henne. Ugla og fuglane hadde fått eit nytt medlem i orkesteret. Sina fekk solonummeret, og hylte både vel og lenge.

Klokka hadde bikka tre. Framleis ingen søvn. Framleis trangt om plassen. Men far i huset sov. Det var forbaska kor godt han sov. Klokka fire tok eg eit siste overblikk over innhaldet i dobbelsenga. Med unntak av Johan, som overnatta med bestemor, hadde eg heile verda mi samla her. Alt eg bryr meg om, alt eg ofrar meg for. Med stor varsemd fekk eg plassert jentene i sine eigne senger, lurt Rambo ut i korga si og lagt Harry Hole under haudeputa. Orkesteret i skogen hadde funne seg ein annan stad å halde konsert, underhaldninga var ferdig for i natt.

Eit siste klikk frå lampen og nok eit lydlaust "krype under dyna"-nummer. Til slutt sovna eg, vel vitande om at det berre var få timar til senga endå ein gong skulle fyllast av hender og føter, fulle av liv og lyst. Eg gledde meg allereie....

fredag 2. mai 2008

...om å pakke inn spaghetti

Dette handlar ikkje om å pakke inn spaghetti som gåve. Dette er ei søt, lita oppskrift som gjer spaghettien til ei fryd og ete, og som slettes ikkje treng anna tilbehør!





Paprika, kvitløk, basilikum, sitron, søte tomatar

Ta alle ingrediensane på bileta oppom, og hakk dei opp i små, små bitar. Sitronen skal du ikkje hakke, men vaske godt og rive av litt sitronskal. Bruk eit zest-jarn eller ei fin rasp. PS! Fjern innmaten i tomatane, du treng berre tomatkjøtet. Bland desse ingrediensane i ei skål. Tilsett litt salt, grovkverna pepar og ørlite sukker. Bland alt godt.



extra virgin olivenolje, balsamico-eddik, saft frå sitron

Bruk ca to delar olje og 1/2-1 del balsamico (kjem an på kor godt du likar det) og safta frå minimum ein halv sitron. Rør dette godt saman og slå det over dei andre ingrediensane. Bland godt. Slå dette over nykokt pasta og bland godt! Det er her omgrepet "å pakke inn" kjem til sin rett! Pynt gjerne med basilikum, evt. litt riven ost og små cherrytomatar delt i to (det er mykje fantastisk god tomat å få kjøpt, prøv gjerne ulike sortar). For å toppe det heile raspar eg alltid over litt sitronskal. Mmmmmmm...... Du kan sjølvsagt tilsette steikt kyllingbryst eller litt god skinke - men for all del: styr unna kjøtdeig!