fredag 27. august 2010

Mamma sitt vesle nøste…

 …har vorte stor jente!

Nøste

Når ein strikkar har nøsta det med å verte mindre og mindre. Desse smånøsta på to bein vert berre større og større! No har minstesnuppa vore på overnatting med bestemor og bestefar, og det var utruleg herleg å ha litt åleinetid i ettermiddag – berre eg og ho!

nøste1

Eg sat i godstolen og strikka og ho sat midt på spisebordet og heldt på med sitt handarbeid! Det var lange trådar og korte trådar; “…skal berre strikke noko, mamma!” var svaret eg fekk då eg lurte på kva i alle dagar ho heldt på med! Eg formana og sa at ho måtte vere forsiktig med saksa, og svaret let ikkje vente på seg: “Du kan stole på meg, mamma! Eg gjer aldri noko gale!”. Eg tenkte i mitt stille sinn på allle “rampestrekane” ho har forsynt oss med siste to åra og flira godt for meg sjølv…

nøste2

Det var ikkje så lette å tippe kva ho hadde tenkt å lage. Eg måtte berre vente å sjå, sa ho!

nøste3

Sina likar kjempegodt å sjå filmane om Madicken og Elisabeth på Junibakken! Er det rart vi meiner at Sina minner oss om Elisabeth? Ser du likheita??? (kanskje det er berre mammahjertet som ser det, hi, hi???)

nøste4

“Mamma, eg har strikka ein hatt!!!”, ropar ho plutseleg! Ho har eklipt trådar, lagt dei lag på lag og forma det eitt eller anna som kanskje likna på ein hatt! Sjølvsagt såg eg at det likna ein hatt!!!

nøste5

Mamma sitt vesle nøste hadde til slutt brukt opp heile det lilla nøstet sitt, og siste produktet vart eit skjerf! “No kan eg vere varm og god heile vinteren!”, sa ho med knis og fnis fordi ulltrådane kitla så herleg på halsen!

Herlege, gode nøstet mitt…

mandag 23. august 2010

My American Dream…

Eg er sikkert litt over middels interessert i USA – minst! Fascinasjonen går mange år tilbake i tid, og eg har alltid drøymt om å bu eit år “over there”.

USA

For ein del år tilbake jobba eg som lærar på ein sommarskule i Santa Cruz CA, og det sette verkeleg fart i den amerikanske draumen min… I tillegg har eg fått smake på smular av New York, San Diego, Los Angeles San Francisco – men eg nøyer meg ikkje med smular! Eg har også veldig lyst å sjå på alt som er mellom austkysten og vestkysten, for ikkje å gløyme dei fantastiske stadane nordover langs desse kystlinene!

usa1

No skulle eg gjerne hatt tips om amerikanske bloggar innanfor emna livsstil, interiør, hage, handarbeid, reise og MYKJE meir.

usa2

Kanskje du veit om nokre sider eg kan ha nytte og glede av???

usa3

Målet er å ein gong kunne ta seg ein lenger ferietur ilag med familien! I mellomtida vil eg berre drøyme litt…

Eg blir veldig glad om du kan legge att tips som kommentar til dette innlegget! På førehand;

Tusen takk ♥ ♥ ♥ !!!

søndag 22. august 2010

Når det gryr av dag…

Sakte, sakte lettar skodda. Utan å lage lyd, utan å uroe. Den kryp opp over fjellsidene, og den spennande kontrasten mellom det dunkle lyset og den skarpe sola er utruleg fascinerande.

IMG_4071

Slike morgonar er som skapt for tur. Skapt for glede.

Små og store tek beina fatt og traskar seg gjennom doggvått gras og nyt lukta av dampande skog.

IMG_4093

Så mykje å under seg over. “Sjå, mamma! Ein dråpe!”. Vi må studere, lukte litt og prøve å finne ut kvifor dråpen berre heng der. “Dett den ikkje ned, mamma?”.

IMG_4076

Dei minste føtene stoppar både her og der. Luktar. Sansar. Smakar. Ei humle på ein tistel vert nøye studert.

IMG_4095

Blåklokkene har falma litt og er ikkje lenger like blå. Men framleis like vakre der dei dansar lett når vinden stryk over dei struttande kronblada.

“Vesle vakre blåklokke,

fri for snø og is.Yr av glede dansar du

i ditt paradis.

Kven har pusta liv i deg

Kven har farga kjolen blå?

Sei meg vesle blåklokke,

kvar kjem du ifrå?”

IMG_4097

Målet for turen nærmar seg, men spørsmåla held fram. “Mamma, veit du at vi kan ete blåklokker? Veit du at dette er ein firkløver vil bringe deg lukke? Veit du at det kanskje bur ein rev under den rota? Kvifor er nokre blåbær modne og andre ikkje? Kven har laga råsa vi går på? Kvifor luktar skogen så godt?”

Det er så ein knapt kan svare på alt…

IMG_4100

Vel framme ved målet seg vi oss rett ned på kvilesteinen og pustar ut. Temperaturen har stige betrakteleg og den tjukke skodda er vekk. Sola kitlar meg medan eg prøver å fordøye alle inntrykk.Det er utruleg kor mykje glede ein kan ha av ein kort, liten tur opp nokre bakkar, over ei elv og gjennom ein skog.

Fantastisk å sjå alt det vakre og undre seg ilag med ungane over kor eineståande naturen er.

Nyt søndagen der du er!

Diktet om blåklokka er skrive av Haldis Reigstad og er henta frå diktboka “Undring”.

torsdag 19. august 2010

Kjøkkenting på “Landhandelen”

Det er litt for ein kvar smak på interiørbutikken “Landhandelen” i Ørsta. I mitt forrige innlegg om “Landhandelen” viste eg bileter av ting og tang til stove og opphaldsrom. Du kan sjå alle bileta og lese innlegget her.

IMG_4003

Denne gongen viser eg bileter av ting og tang til kjøkkenet!

IMG_3992

Skap, hyller og bord er fulle av nostalgiske og skjønne ting til kjøkkenet.

IMG_3961

IMG_3990

Prikkar, kakebokser og glas til oppbevaring er populært.

IMG_3998

IMG_4000

Desse glasflaskene gav meg assosiasjonar til då eg budde på New Zealand! Der kom “mjølkemannen” med fersk mjølk kvar morgon i slike flasker!

IMG_4007

IMG_4014

kjøkken

Det har nok vore laga mang ein herleg middag på denne gamle komfyren…

IMG_4011

Ein gammal vask pyntar opp i butikken. Sjå det flotte handtaket!

IMG_4024

“Landhandelen” i Ørsta er framleis staden for dei som er glade i vakre, nostalgiske ting til heimen! Her er det mange herlegheiter å finne!!!

mandag 16. august 2010

Kveldsstund i tomta…

Bror min byggjer hus bort på marka vår, og i går kveld var det tid for smådugnad og kvalitetstid i tomta.

hus Det er vel ikkje akkurat ei tomt lenger, for huset har komt opp og er tett! Sjå kor herleg det badar i kveldssola!

hus3 Sjølv om vi er bort og kikar på huset omtrent dagleg, ser vi stadig nye ting og at det byrjar å likne meir og meir på eit hus og ein heim!

hus1

Neste år kan eg sitje her ilag med dei stolte huseigarane og nyte sommarkvelden og utsikta! Gler meg…

hus5 Medan eg sprang rundt og knipsa bileter var desse to karane meir opptekne av å vatne plantene i skråninga. Huset er langt i frå ferdig, men hagen er allereie komen langt på veg!!!

hus4

Her hadde dei visst planar om å spyle fotografen…

hus6

Det vart også tid for litt underhaldning ut på kvelden! Eldstemann let seg imponere over onkelen sine sjongleringsferdigheiter!

hus9

Denne røvaren her var nær ved å bløyte mor si, men eg var akkurat rask nok til å unnsleppe!!!

hus10

Det var ein vakker kveld vi hadde i går. Store og små kosa seg ute i sommarvarmen heilt til vi gjekk inn og stupte til køys!!!

fredag 13. august 2010

Så enkelt – så godt!!

Av og til skal ungane ha mat fort, lage den sjølv og den skal smake godt! Då er det ingenting som slår fruktsalat!

frukt1

Minstesnuppa er slettes ikkje framand for kjøkkenreiskapar, så kniv trakterer ho som ein proff! Ho for sjølvsagt ikkje dei aller skarpaste, men klarer seg godt likevel!

frukt

Hmmm, denne drua var jammen vanskeleg å skjære! Sjekk det konsentrerte blikket!!! Eg sa til henne at det var vanskeleg å skjære drue, og då kom svart kjapt: “I alle fall når eg ikkje får bruke skarpe knivar, mamma”!

frukt2

Epler høyrer også med i ein fruktsalat, og den var det lett som berre det å skjære!

frukt3

To epler, to bananar, ei skål med druer og ein appelsin var nok til å mette alle dei fem ungane rundt bordet! Så enkelt, så godt og så fort gjort! Og sidan vi feira helgestart måtte vi ha litt vaniljesaus på toppen…

Vi har vel alle litt frukt på benken til ei kvar tid, kvifor ikkje lage fruktsalat i helga??? Eller endå betre;

La ungane lage den!!!

torsdag 12. august 2010

When opportunity comes knocking…

Av og til er ein heldig og får unike og spennande sjansar rett i fanget! Akkurat no smiler eg frå øyre til øyre og gler meg til det komande året…

dream 

Eg er så heldig å ha fått ein slik sjanse! Ein sjanse med mange trådar, som kanskje fører meg til andre sjansar – om eg spelar korta mine rett, tek dei retta vala, får dei rette kontaktene og finn nok tid til å gjennomføre!

dream1 

Eg skal sjølvsagt seie meir når eg veit meir! Det eg allereie veit er at eg får skrive, ta bileter, reise litt, smake litt og formidle masse!!! Det eg også veit er at veslesyster mi skal få vere med på å realisere den eine sjansen! Vi blir litt av eit team!!!

dream2

Og dersom det går som eg vil, og sjansen min fører til noko meir, så kan lesarane mine få vere med på å kome med bidrag til noko spennande, nyskapande og landsomfattande!!!!

Det blir eit spennnande år, folkens -

forgive me for smiling!!!!

onsdag 11. august 2010

Når sommarplantene skrantar…

…plukkar eg inn dei som ser fine ut og set dei til pynt på bordet. Dei varer ikkje alltid så lenge, men rekk å skape både stemning og glede før dei takkar for seg!

pink

Gjenbruk av blomar er ganske artig!

pink1

Det er også artig å bruke om att det som andre elles brukar å kaste. Her har eg teke det tome middagsglaset som tantegullet åt opp sist han var her, og brukt det som vase for dei skjønne blomane.

Vi burde verte betre på å resirkulere og bruke om att!

Kva er ditt favoritt-tips for gjenbruk???

PS! Tusen , tusen ♥♥♥-lig takk for alle tekstmeldingar, e-postar og koslege kommentarar på bloggen på forrige innlegg…. Eg set pris på absolutt alle og takkar av heile mitt hjarte!

mandag 9. august 2010

“En dirrende fest i hvert gyllent minutt!”

Ingen veit kor mange minutt, timar, dagar, månadar eller år livet vårt varer. Det einaste vi veit er at vi har stunda her og no, det eine gyldne minuttet vi pustar og lever akkurat no.

Siste få åra har så alfor mange eg kjenner gått bort. Unge liv, rike liv, meiningsfulle liv og liv som andre har vore ein del av. Nokre brått og uventa, medan det for andre har vore venta. Eg vert så trist når eg tenkjer på alle som sitt att; utan hjartevenen sin, pappaen sin, mammaen sin, sonen eller dottera si, naboen sin, venen sin….. ♥♥♥

blomster

Eg ser at dei sørgjer, at dei lengtar, at dei er i vantru og at dei ikkje forstår meininga med noko som helst. Men så skjer det noko. Sakte, men sikkert, kjem ein gnist av noko sterkt. Noko som seier LEV! PUST! VÈR TIL! ELSK! SJÅ FRAMOVER! Sakte, men sikkert, tør ein på nytt å omfavne livet. Framleis med famlande steg, men framover. Oppover. Vidare. Dei ser spor etter sine kjære i alt, og kjenner at det gjer godt. Dei tek fram alle dei gode minna og kjenner hjartet fylle seg med varme. Ikkje lenger botnlaus sorg og fortviling. Framleis lengt og saknad, men ser at tomromet fyllest likevel. Fyllest av alle dei gode minna, av alt det vakre som er rundt dei no og av alt det spennande som ligg framføre.

Dei som har opplevd den endelause sorga har lært at livet er dyrebart. At vi må ta vare på augneblinka. Minna. Dei små stundene. Og at ein ikkje må gå rundt og vente på livet. Vente på lukka. Venta på kjærleiken. Alt dette er rundt oss kvart eit sekund av dagen. Men vi må sjå det og opne oss for det. Eg veit alt dette. Eg har sjølv opplevd at grunnen har rasa under beina mine. Eg har sett at livet faktisk er ein tynn tråd og at den av og til slitnar. Difor lever eg. Difor er eg.

Difor ventar eg ikkje.

joy

Inger Hagerup sitt dikt “Villt skal det være” set ord på mange av tankane eg har, og har fått meg over mange kneiker.  Eg vil dele det med lesarane mine i kveld…

“Villt skal det være!”

Villt skal det være og sterkt skal det være!
Livet skal være en eneste sang,
En sang om det unge, det nye, det nære –
en stridssang mot minner og skyggenes tvang.
Alle de blodløse drømme skal dødes
og drukne i glemsel med dagen igår.
Dagsterke lengsler og ønsker skal fødes.
Ta hvad du vil, hvis du ingenting får!

Ja, livet skal syde, og livet skal brenne.
I dag er det vi som har nerver og blod!
Vi danser om solen, vår gud og vår frende,
mens stjernene drysser i fleng for vår fot.
Villt skla det være, og sterkt skal det være!
- En dirrende fest i hvert gyllent minutt!
Vi drikker av livet til gudenes ære
og smiler mot døden når festen er slutt.

joy1

I kveld hyllar eg alle som har klart å kome seg tilbake på livskarusellen, dei som nesten har klart det og dei som framleis må ha hjelp til å ta det fyrste steget!

♥♥♥

Send  nokon ein varm tanke i kveld, overrask ein nabo med besøk, gi nokon ei hjelpande hand eller gi ein klem til nokon som treng det….

DU betyr noko for andre!!!

Dersom du klikkar på bileta kjem du rett til kjelda.

søndag 8. august 2010

Eg lovar…

…å skrive eit innlegg som får tankane dykkar vekk frå dei merkelege flugene…

priceless

Må berre ein tur på fjellet fyrst og kose meg ilag med familien, så skal eg setje meg ned og skrive om noko som er mykje kjekkare enn fluger….. Sorry for bileta i forrige innlegg…..

lørdag 7. august 2010

Det er ganske rart…

….at fluger kan ri på hest…

fluge3

…eller at dei står så lenge i kø for å kome seg på do…

fluge1 

…at dei rett og slett berre må gjere sitt fornødande langs fortauskanten…

fluge

…for å etterpå å vere så leikne at  dei tek seg ei runde og gjer sirkustriks på  “dibbe due”!

fluge2

Det er også ganske rart at blogspot ikkje klarer å oppdatere!!!! Eller er det berre på mi maskin???? Same kor eg loggar på og styrer i veg, så kjem det ingen nye blogginnlegg frå alle på blogglista mi…

Er det berre med meg det er slik????

Dei rare og litt ekle  flugebileta er henta her.