mandag 9. august 2010

“En dirrende fest i hvert gyllent minutt!”

Ingen veit kor mange minutt, timar, dagar, månadar eller år livet vårt varer. Det einaste vi veit er at vi har stunda her og no, det eine gyldne minuttet vi pustar og lever akkurat no.

Siste få åra har så alfor mange eg kjenner gått bort. Unge liv, rike liv, meiningsfulle liv og liv som andre har vore ein del av. Nokre brått og uventa, medan det for andre har vore venta. Eg vert så trist når eg tenkjer på alle som sitt att; utan hjartevenen sin, pappaen sin, mammaen sin, sonen eller dottera si, naboen sin, venen sin….. ♥♥♥

blomster

Eg ser at dei sørgjer, at dei lengtar, at dei er i vantru og at dei ikkje forstår meininga med noko som helst. Men så skjer det noko. Sakte, men sikkert, kjem ein gnist av noko sterkt. Noko som seier LEV! PUST! VÈR TIL! ELSK! SJÅ FRAMOVER! Sakte, men sikkert, tør ein på nytt å omfavne livet. Framleis med famlande steg, men framover. Oppover. Vidare. Dei ser spor etter sine kjære i alt, og kjenner at det gjer godt. Dei tek fram alle dei gode minna og kjenner hjartet fylle seg med varme. Ikkje lenger botnlaus sorg og fortviling. Framleis lengt og saknad, men ser at tomromet fyllest likevel. Fyllest av alle dei gode minna, av alt det vakre som er rundt dei no og av alt det spennande som ligg framføre.

Dei som har opplevd den endelause sorga har lært at livet er dyrebart. At vi må ta vare på augneblinka. Minna. Dei små stundene. Og at ein ikkje må gå rundt og vente på livet. Vente på lukka. Venta på kjærleiken. Alt dette er rundt oss kvart eit sekund av dagen. Men vi må sjå det og opne oss for det. Eg veit alt dette. Eg har sjølv opplevd at grunnen har rasa under beina mine. Eg har sett at livet faktisk er ein tynn tråd og at den av og til slitnar. Difor lever eg. Difor er eg.

Difor ventar eg ikkje.

joy

Inger Hagerup sitt dikt “Villt skal det være” set ord på mange av tankane eg har, og har fått meg over mange kneiker.  Eg vil dele det med lesarane mine i kveld…

“Villt skal det være!”

Villt skal det være og sterkt skal det være!
Livet skal være en eneste sang,
En sang om det unge, det nye, det nære –
en stridssang mot minner og skyggenes tvang.
Alle de blodløse drømme skal dødes
og drukne i glemsel med dagen igår.
Dagsterke lengsler og ønsker skal fødes.
Ta hvad du vil, hvis du ingenting får!

Ja, livet skal syde, og livet skal brenne.
I dag er det vi som har nerver og blod!
Vi danser om solen, vår gud og vår frende,
mens stjernene drysser i fleng for vår fot.
Villt skla det være, og sterkt skal det være!
- En dirrende fest i hvert gyllent minutt!
Vi drikker av livet til gudenes ære
og smiler mot døden når festen er slutt.

joy1

I kveld hyllar eg alle som har klart å kome seg tilbake på livskarusellen, dei som nesten har klart det og dei som framleis må ha hjelp til å ta det fyrste steget!

♥♥♥

Send  nokon ein varm tanke i kveld, overrask ein nabo med besøk, gi nokon ei hjelpande hand eller gi ein klem til nokon som treng det….

DU betyr noko for andre!!!

Dersom du klikkar på bileta kjem du rett til kjelda.

11 kommentarer:

  1. Nydlig Tove og så sant så sant. Tenk om vi kunne klare det - klare å leve i nuet heile tida. Ikkje bekymre oss for morgondagen - berre leve, gje og ta imot....
    Trur nok at eg har vorte flinkare men eg har ein tendens til å gløyme akkurat dette, og du verden kor glad eg vart for at du minna meg på det. Takk!

    jannetove

    SvarSlett
  2. Så sant å så flink du er å sette ord på det, å dine ord varmer :) klem til deg
    hilsen Janne

    SvarSlett
  3. Sterkt, og fint, og så veldig sant!
    Du er så flink til å sette ord på ting Tove! Takk :)

    SvarSlett
  4. Nydeleg!
    Du set ord på tankane mine.....

    SvarSlett
  5. Kloke ord med mening.....:)

    SvarSlett
  6. Takk for vakre ord!
    Har også opplevd å miste noen, og karret meg tilbake til livet, men man kan likevel glemme hvor verdifullt livet er....takk for påminnelsen!!

    SvarSlett
  7. Et fantastisk nydelig dikt! Tusen takk for at du delte det med oss. Jeg tror jeg låner det selv, jeg, og poster det for mine egne lesere!

    SvarSlett
  8. Takk for at DU fant orda
    klemma

    SvarSlett
  9. Takk for nydelige ord! Det er så sant, og eg veit det sjølv gjennom det eg har opplevd, men det er så altfor lett å gløyme i ein hektisk kvardag.

    mvh Aina

    SvarSlett
  10. Utruleg flott skreve!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!