tirsdag 10. november 2009

Det hjelp litt….

te1

…med ein god, varm kopp solbærtoddy når ein treng å varme seg litt.

Det hjelp litt at druene i skåla er søte og at youghurt og nøtter er sunt, i tillegg til å smake godt.

Det hjelp litt at den kjæraste eg har fyrer godt i ovnen og passar på at eg har det bra.

te2

Det hjelp litt å tenkje på dei gode sommardagane, når vinterkulda kjem snikande rundt hushjørna.

…og det hjelp ein heil del å tenkje positive tankar slik at eg kanskje kan halde meg frisk og rask. Eg tok den berømmelege vaksina i dag, og ligg på sofaen og ventar på kva som vil skje. Framleis ingen feber, framleis ingen verk, framleis berre bra.

Og framleis er det mykje godt på bordet og det er lenge att av kvelden. Det hjelp litt….

(bilete fann eg her)

 

lørdag 7. november 2009

Hipp hurra for Johan-guten vår!

Vi har hatt 10-års jubilant i dag. Johan skulle feire dagen ilag med alle gutane i klassen, og hadde sjølv bestemt korleis han ville ha det.

005 

Fyrst skulle det bakast sjokoladekake. Når ein er så heldig å ha bursdag i ei cupfinale-helg, så er må det sjølvsagt vere ei fotballkake! Her har jubilanten tippa på resultatet i morgondagens kamp. Det gjenstår å sjå om han har rett…

004

Her er spelarane klare til avspark!

015

Johan hadde bestemt at feiringa skulle foregå i den nye ballbingen i bygda. Det skulle vere fotballkampar, konkurranse på sykkel og dei som ville fekk prøve å grave med pappaen si gravemaskin. Nokre av gutane sparka ball frå dei kom til selskapet var slutt, medan andre konkurrerte knallhardt for å få beste tida på sykkelbana. Og under kyndig rettleiing av papsen i huset, vart der jammen nokre flinke gravemaskinkøyrarar òg!

Maten vart innteken utandørs, og det likte gutane godt.

016

Då vi litt seinare på dag hadde familieselskap, var ikkje bursdagsguten verre på det enn at han stilte seg midt på bordet og heldt ei lita tale. Til slutt ba han om at vi sang bursdagssang til han, og det ynskjet fekk han sjølvsagt innfridd!!!

Det har vore ein super dag, men no skal ho mor legge seg rett ut på sofaen og slappe av.

Ynskjer ein herleg laurdagskveld til alle som er innom!

fredag 6. november 2009

Og vinnarane er….

No har det endeleg vore trekking i jubileumskonkurransen min! TUSEN TAKK til alle som har delteke!

065

70 ulike bloggarar var med på feiringa, og fleire av dei var frå utlandet! Det vart til slutt 141 lodd som skulle konkurrere om premien.

067

Alle lappane vart klipt opp, blanda godt og fordelt på to skåler.

Etter høgtideleg trekking med fleire vitner til stades, var det desse som stakk av med premiane:

073

Damene bak bloggane Myrsnipa, Rådyrveien og På landet, må ilag med Beate og Linda S sende meg adressene sine slik at premiane kjem fram!

Når det gjeld premiane, så har eg litt dårleg samvit… Eg lovte at det skulle vere julefokus på premiane. Det viser seg at butikkane her eg bur ventar litt til på jula, så det var ikkje så mykje å finne. Det var bloggen På landet som vann fyrstepremien, og ho skal sjølvsagt få ettersendt noko “julete” i tillegg til det ho vinn no. Og kva har så desse damene vunne:

086

På landet har vunne boka “Finn ditt stille sted”, og det kan vere godt med tips til å finne små pustepauser i den travle tida vi går inn i no. I tillegg skal ho få ettersendt noko “julete”.

083

Beate har vunne eit nydeleg garn frå den nyoppstarta garnbutikken i Ørsta, Garnkroken. Eg veit at Beate er ein habil strikkar, så ho finn heilt sikkert noko ho kan strikke av dette garnet! Du finn forresten Garnkroken på Facebook!

 090

Linda S har vunne eit skjønt garn, også det frå Garnkroken. Eg legg ved ei oppskrift på eit nydeleg skjerf som eg fekk då eg kjøpte garnet.

093 

Rådyrvegen har også vunne eit nøste med denne skjønne tråden. Den blålilla fargen er min absolutte favoritt! Oppskrift følgjer med til deg òg, men det kan hende du har andre gode idèar for kva du kan bruke garnet til.

100

Myrsnipa har vunne eit garn som er supert til å strikke sokkar! Dette garnet har eg også kjøpt på Garnkroken.

Gratulerer så mykje til dei heldige vinnarane, og som sagt skal På landet få tilsendt ein liten juleting når det bugnar litt meir i butikkane.

101

Og til alle andre som deltok: TUSEN TAKK FOR AT DU VAR MED PÅ FEIRINGA! Betre lukke neste gong!

PS! Den strikkeglade dama som driv Garnkroken har eigen blogg, den kan du finne her. Ho har òg gitt ut boka “Mauds hjerte”, som har oppskrifter på 15 ulike sokkar. Boka kan du bestille på bloggen hennar.

image

(Biletet har eg lånt på bloggen hennar)

tirsdag 3. november 2009

Ikkje tving meg, pappa!

Ungar seier dei raraste ting. Av og til er det nesten så ein ikkje kan tru det ein høyrer! For ikkje å snakke om kor ein lurer på kvar dei har det i frå! Her i huset er det den munnrappe 2-åringen som forundrar og forbausar oss mest.

Her ein dag stod vi på kjøkkenet og ordna med frukost og niste før avreise til skule og barnehage. Sina et som regel frukost i barnehagen, men denne morgonen forlangte ho å få ei skive med leverpostei. Eg smurte på ei skive, bretta den i to og gav den til henne. Då korsa ho armane over bringa, såg strengt på meg og sa med makt og mynde: “Eg nektar” . Storesyskena sat ved kjøkkenbordet og himla med augene og visste ikkje om dei skulle le eller gråte! Sjølv vart eg så forundra eg eg mista både munn og mæle! Eg prøvde å rekke henne skiva ein gong til, og det same svaret kom ein gong til: “Eg nektar!”. Denne gongen vart det heile etterfulgt av eit trassig tramp i golvet. Då ho såg kor forferda eg vart, gjekk ho demonstrativt bort til skapet og tok ut ei matboks. “Ligge der”, sa ho. Brødskiva vart putta i matboksa, frøkena blidna og vart avlevert i barnehagen.

013

Nesten same episoden fann stad her ein kveld for litt sidan. Ho sat på stova i campingstolen sin, som forøvrig er den absolutte favorittstolen, og skulle få kose seg med ein youghurt før leggetid. Ho var så oppteken med ei lita bok, at pappa bestemte seg for å hjelpe til litt. Skei etter skei glei ned, før ho til slutt kneip att munnen. Berre ei skei til, lokka pappa, og håpte at ho skulle ete opp alt. Same kor han lokka, var munnen like forsegla. Brått sette ho dei bestemte augene i han: “Ikkje tving meg, pappa!”. I alle dagar! Kvar har den skjønne 2-åringen vår alle desse kraftuttrykka frå????

012

Vi kunne ikkje anna enn å sjå på kvarandre og seie oss ein smule samde. Ein kan faktisk ikkje tvinge denne frøkena til noko som helst! Vi har lenge forstått at vi har med ei bestemt, ung dame å gjere her… Eg seier alltid at det er viktig å ha eigne meiningar og at ein ikkje alltid skal akseptere det andre har sagt. Det er likevel litt tidleg å byrje med slike kraftsalvar??? Eller kanskje ikkje????

No ventar vi berre spent på neste utspel… Kanskje ho skal blande seg inn i storesyskena sine lekser, eller pappa sitt kontorarbeid? Eller kanskje ho har bestemte meinigar om korleis eg rettar elevane sine prøver?

Det er uansett lenge sidan vi konkluderte med at framtida har mykje spennande å by på med denne knetta i hus…

PS! Kan forøvrig legge til at rett etter at dette innlegget var ferdigskrive, sat eg og nynna på ein song i sofaen. Plutseleg sa minstesnuppa: “Ikke syng mamma. Ej fe låkt i øyrene mine!”. Då fekk eg altså passet påskrive… Det lovar mindre bra for koret sine julekonsertar…

søndag 1. november 2009

…om å fange hausten…

Tenk om det var slik at vi kunne plukke med oss litt hauststemning her og der, putte den på glas og skru igjen lokket.

fange haust1

Eit vakkert lauv, lukta av rimfrost, hår som flagrar i haustvinden, lyden av bølger som slår hissig mot land, lyden av vind og raslande lauv – alt dette ville eg ha fanga og gøymt som ein fin skatt.

Eg og dei eldste ungane har vore ute og gått tur i kveld. Medan fønvinden leika med lauva på bakken, gjekk eg og ungane og snakka om alt og ingenting. Hunden var meir oppteken av alle luktene i grøftekanten og rulla seg leikande i lauvet. Vi hadde lyst å rulle i lauv vi òg! Kaste det opp i lufta og sjå det flyge vekk med vinden!

fange haust

Og medan vi gjekk der, så samla vi. Vi samla minner, lukter, kjensler og inntrykk. Vi skriv 1. november i dag, og vi veit aldri kva neste dag vil bringe. Brått er snøen her, og då kan det vere godt å ha slike haustkveldar å tenkje tilbake på.

Dersom vi får fleire slike kveldar, oppmodar eg alle om å samle seg litt haust til vinteren! Ta vare på dei herlege minna!

PS! Konkurransen min som du ser link til i høgre margen, varer ei veke til! Fredag 6. november vert det trekking. Det er så mange som vil vere med på feiringa, at eg kan røpe at det vert trekt fleire premier… Du har framleis sjansen til å vere med, klikk på biletet under, så kjem du rett til konkurransen!

celebration

Dei vakre haustbileta i dette innlegget har eg lånt her og her.

søndag 25. oktober 2009

Gratulerer, jenta mi…

Sju år fulle av gode stunder, varme klemmar og endelause samtaler om alt og ingenting.

Sju år som har gått så altfor fort…

064

Det er ei stor glede å få vere Ida si mamma! Ho er så full av liv, så full av spørsmål og tankar. No har ho vorte stor jente og vart sju år i går. Dagen vart feire på Tarecup i Ålesund, der fotballlaget hennar vann alle tre kampane. Bursdagsfeiringa tok vi i dag, og Ida hadde invitert alle jentene i klassa si!

040

Det er alltid kjekt med liv og røre i huset, og jentene kosa seg med sjølvlaga pizza, smoothies, teikning og synging!

029

Det er ikkje farleg å ha 13 jenter i hus når dei er så flinke og kjekke!

Gratulerer så mykje med overstått dag, Ida mi!

Du er den snillaste, godaste jenta eg veit om!

onsdag 21. oktober 2009

Musikalske vitaminar og lokale heltar.

Eg har hatt nokre utruleg travle dagar i juryen i Lagmannsretten. Då eg kom heim i kveld, full av spørsmål utan svar og tusen tankar som måtte sorterast, fann eg plutseleg denne videoen på nettet. Egil Olsen er kanskje ein kjend artist for enkelte, for andre enno ukjend. Uansett kva kategori du befinn deg i, så bør du sjekke ut denne videoen.

Videoen fekk meg i godt humør og eg kjende skuldrane senke seg. Det artigaste er at alle på videoen er lokale heltar og musikalske personlegheiter her eg bur!

I morgon tidleg ventar nok ein dag i retten, og då skal i allefall denne songen vere med meg i tankane! “Grow a heart” kan nok vere viktige ord å hugse på i ei rettsak….

PS! Konkurransen min er ikkje over enno, klikk linken i høgre marg for å vere med!

søndag 11. oktober 2009

Det er berre så utruleg vakkert…

I dag har vi hatt ein strålande dag på Sunnmøre. Noko av det beste med ein vakker haustdag er solnedgangen om kvelden…

019

Eg rakk heldigvis å ta nokre bileter før det vart for mørkt.

026 

Margot Sandsmark har sagt noko utruleg flott om solnedgangen;

“Solnedgangen er dagens arv til mennesket.”

Når dagen er over, så etterlet den seg ein vakker solnedgang! Det er så fint å tenkje på…

lørdag 10. oktober 2009

Ei aldri så lita feiring – blir du med?

Det er så kjekt med feiringar og jubileum, at eg tenkte det var på tide å drage igong eit lite jubileum her på bloggen!

Eg kunne til dømes ha feira at eg har så utruleg mange koslege lesarar som er innom og legg at koslege og varmande kommentarar til meg. Eller at eg snart nærmar meg 500 innlegg. Eller at eg har blogga i 1 1/2 år og hatt meir enn 130 000 besøkande. Men det er ikkje grunnen til dette jubileumet….

feiring

Men i dag vil eg feire at 100 personar har lagt seg til som følgjarar av bloggen min!

Gåva som skal delast ut i forbindelse med jubileumet er noko som er julerelatert… Eg kan love at den er kjempefin, så her er det berre å hive seg med i konkurransen!

For å vere med i konkurransen, gjer du følgjande:

  • Legg att kommentar på dette innlegget (eitt lodd)
  • Legg att kommentar på innlegget og legg deg til som følgjar (to lodd)
  • Legg att kommentar på innlegget, legg deg til som følgjar og link til bloggen min på bloggen din (tre lodd)

PS! Skriv i kommentaren din kor mange lodd du får, slik at alt går rett for seg!!! Og om du er følgjar frå før, så får du sjølvsagt eit lodd om du gjer meg merksam på det!

feiring1

Du må gjerne bruke biletet eg har lagt ut i høgre margen min dersom du vil linke til bloggen min!

Nyttar med dette høvet til å ynskje alle ei strålande helg!!! Her er det endeleg opphaldsvèr!

 

onsdag 7. oktober 2009

Natural beauty….

Sukk, den som hadde eit grantre med DIGRE kongler i nærleiken… Eg er så glad i å pynte med det naturen har å by på, og konglar er noko som høyrer hausten til.

haustpynt1

I dag vart eg inspirert av BHG, som hadde inspirerande bileter til haustpynting.

haustpynt

Kongler og vintergrønt er så utruleg dekorativt!

haustpynt2

Eg brukar alltid å ha ei lita gran utanfor inngangsdøra når vi nærmar oss jul, og i år skal molda dekkast med kongler.

Så enkelt – så flott!

haustpynt3

Ei korg full av konglar er pynt i seg sjølv.

haustpynt4

haustpynt5

Det enkle er ofte det beste!

haustpynt6

Eg har faktisk nokre slike glaskuler liggande blant all julepynten, kanskje eg må putte prøve dette knepet?

Julepraten er allereie i gang i Blogglandia, sjølv om det nok er i tidlegaste laget for min del. Eg er ein ekte julenostalgikar, men oktober månad høyrer framleis hausten til. Dette kongleinnlegget er difor ein hyllest til hausten, og ikkje ein snikstart på julepyntinga!

Alle bileta er lånte her.

 

tirsdag 6. oktober 2009

Ta godt vare på pusen din…

Det har brått vorte kaldt rundt om kring, og då er det viktig å ta godt vare på dyra. Særleg tenkjer eg på små, uskuldige kattungar som berre blir sende ut på eiga hand. Kanskje med eit håp om at dei aldri kjem tilbake. Kanskje som eit misforstått forsøk på å lære dei å verte sjølvstendige. Dersom du ikkje vil ha kattepusen din, eller alle kattungane, så må du gjere det einaste rette: ta livet av dei på ein human måte. Dersom du ikkje får gitt vekk alle kattungane dine, så må du i allefall ikkje berre sleppe dei ut på eiga hand!!!

tiasarablogspot.com1 

I helga hadde ein kollega av meg funne ein ihelfrosen og utmagra kattunge på trappa si. Ho tok sjølvsagt inn pusen og gav han mat. Kva anna kan ein gjere???

Dagens vesle bøn er difor å ta godt vare på dyra no når gradestokken kryp nedover og snøen kjem lavare og lavare!

Pusane på biletet har det i alle fall “godt som katten”! Biletet har eg funne på “We heart it”, og det er Sara Berntsen med bloggen “The Point of Pointless” som har teke biletet.

Ta godt vare på dyra dine – og andre sine!

Det hadde vore kjekt om denne bodskapen kunne gå som ein farsott i Blogglandia i dag! Skriv gjerne om det same på bloggen din og link til innlegget mitt!!!

mandag 5. oktober 2009

Verdens beste land!

For sjuande år på rad vart Noreg kåra til Noregs beste land å bu i! Mykje er nok bra, og mykje kan verte betre! Men kanskje må vi verte flinkare til å faktisk sjå det som er bra! Eller er vi meir som Ola Dunk på biletet under?

Bilettekst: "Nå er jeg så mett at jeg begynner å bli alvorlig irritert!"

Har du tenkt å over kva som gjer Noreg til eit godt land å bu i for deg? Legg gjerne att kommentar og det mest positive med å vere nordmann med oss andre!

Her er nokre få av mine favorittar:

  • Morspermisjon: tenk å få vere heime eit heilt år med løn!
  • Helsetenestene: Noreg sikrar god helseteneste til alle (her er det sjølvsagt framleis ein jobb å gjere for å verte betre, men samanlikna med andre land har vi det SVÆRT bra!
  • Klima: Ja, du las heilt rett! Sjølv om vi stort sett regnar vekk for tida, så er vi i allefall ikkje utsette for tyfonar, jordskjelv og andre naturkatastrofer av alvorleg karakter.
  • Demokrati: Noreg har eit velfungerande demokrati, og det er ikkje så sjølvsagt!

Lista mi er sjølvsagt mykje lenger enn dette, men no er eg spent på å sjå kva andre kan bidra med!

Kvifor er Noreg verdens beste land å bu i?

søndag 4. oktober 2009

Lat, men produktiv søndag!

I dag har regnet fossa ned. Det har ikkje vore eit einaste opplett øyeblikk!

018

Det har vore mange kosestunder i sofakroken i dag!

Regnet la likevel ikkje dempar på kreativiteten, så eldsteborna var i snikkarbuda og laga seg kvar sin smørkniv (!), og husfrua sjølv har strikka. Dei som har lese bloggen min ei stund, har nok fått med seg at eg brått har fått ein enorm interesse for strikking! Det er framleis på eit lite avansert stadie, men det betyr ingenting! Dei gir ei utruleg kjensle å vite at eg har skapt noko! Og så er det utruleg stas å høyre ungane seie til andre at det er mamma som har strikka det dei har på seg!

025 

For tida har eg to strikk på gong, og i dag leggvarmarar til Ida eg har strikka på. Det rosa, skjønne babyteppet har fått seg ei pause.

Og så må eg få skryte av storeungane mine på 7 og 10 som har laga seg smørknivar i dag. Pappaen har saga ut to emner, men alt det andre har dei gjort sjølve!

029 

Etter at kniven vart pussa silkemjuk og fin, fekk dei svi inn namna sine. Dei var ned i verkstaden til onkelen min og lånte sviapparatet hans, og det var stor stas å få setje merket sitt på eige produkt! No står nok sviapparat høgt på ønskelista til jul…

028

No skal knivane oljast før vi kan ta dei i bruk.

008

 013

Medan vi andre pusla rundt med våre ting, tilbrakte Sina mykje tid i campingstolen sin og las bok!

Som du sikkert forstår, har vi hatt ein herleg søndag!

 

Dream with open eyes!

Dette utruleg vakre biletet med den kloke teksten fann eg her i dag, og måtte berre dele det med blogglesarane mine!

dream-with-open-eyes_55688880_large

For det er vel det alt handlar om? Å drøyme med opne auge gjer at vi tek draumen med inn i kvardagen vår. Då er det lettare å leve ut draumane sine og sjå at kvardagane ikkje er så aller verst likevel!

Dagens utfordring: bruk dagen i dag til å gjere noko du alltid har drøymt om!

Og hugs; dei små draumane er like viktige som dei store!

fredag 2. oktober 2009

Touched by an angel…

“Mamma, ser du denne gropa her?”.

Eldstemann står framfor spegelen og studerer seg sjølv.

“Men sjå då, mamma! Sjå på gropa vi har under nasen. Den mellom munnen og nasen, veit du!”

Vi set oss ned så pass eg får studert underverket.

 Johan

“Veit du kvifor vi har den, mamma?”

Eg tenkte sjølvsagt altfor avansert, og leita etter ei naturvitskapleg forklaring som sikkert ville imponere lærarane hans på skulen.

“Veit du det ikkje, mamma?”

Eg måtte berre innrømme at eg mangla ei brukbar forklaring.

“Det er englane som har laga den, mamma. Då eg var fødd, stod der ein engel og venta på meg. Engelen tok peikefingeren sin og sette eit avtrykk på meg. Det gjorde han for at han skulle kjenne meg att. Engelen er der alltid og passar på meg.” 

015

Ei vakker forklaring på eit av livets store mysterier. Og sjølvsagt var det ein 10-åring som gav meg den.

Og du har heilt rett, Johan:

Engelen din er der og passar på deg!

onsdag 30. september 2009

Dei vakraste blomane…

Eg kjenner så mange som har så vakre hagar. Dei bestiller blomar og frø, plantar og sår, haustar og nyt. Sjølv har eg ingen hage enno. Ein vakker dag skal det verte til noko, då skal det bløme hos meg òg!

Men eg kan ikkje gå å vente på alt dette vakre. Eg kan ikkje bruke tid på ergre meg over hagen eg ikkje har. Eg må leite etter det vakre andre stadar. Eg må finne alternativ.

012

Ugras som krøkjer seg over ein stein kan kanskje vere rotete og upassande i andre sine auge. Eg synest det er vakkert! Dei skjøre, små blomane som slyngjer seg gjennom steinrøyser, veks opp av ingenting og held ut til trass for at vi går kaldare tider i møte.

013

Ugras, seier enkelte. Vakkert, seier eg. Sjå berre dei vakre knoppane, forma som små spyd!

015

Det at eg ikkje har ein vakker hage, har fått meg til å glede meg over blomeprakta som er overalt rundt oss. Berre vi opnar augene våre, ser vi at grøftekanten er full av vakre blomar! Og eg set pris på kvar og ein av dei…

søndag 27. september 2009

Krabbefest!

I dag har storeguten vår sikra krabbekjøt til kveldsmaten! Han var med onkelen min og sette teiner for nokre dagar sidan, og dei måtte dragast i dag. Fangsten var ikkje så stor, berre to krabber hadde lete seg lure.

004

Johan handterte krabbene som ein røynd sjøulk. Eit godt grep om klørne, og så kan dei levande krabbene vere med på det meste!

005

Ei åme måtte tole å verte leika med av krabbeklørne!

007

Flinke guten min! Det var stor stas å kome heim med sjølvfanga krabber!

025

Etter kokinga fekk minstesnuppa leike seg litt med klørne. Det var med skrekkblanda fryd ho utforska denne fascinerande skapnaden!

Tusen takk for matauken, Johan!!!

lørdag 26. september 2009

På rømmen….

Det er ikkje berre i Sverige dei jaktar på rømlingar, for å seie det slik! Her i huset har vi også nokre eksemplar av den arten, og det er særleg minstefrøkena som finn stor glede i å stikke av.

på rømmen

Så om du nokon gong skulle kome over ei lita frøken kledd i strømpebukse (ikkje alltid), støvlar (alltid!!!), med skitten gensar eller body, ei altfor stor hue og verdens luraste smil om munnen (alltid!)– så veit du kven du kan kontakte!

Dusør: ein god latter og springmarsjen som er påkrevd for å fange henne!

tirsdag 22. september 2009

Til eit barn av slekta

Eg vil legge meg ned att på jorda og krype saman med deg.

Eg vil reise meg på kne og gripe etter solstrålane, prøve å fange dei saman med deg.

007 

Eg vil tru at den første snøen om hausten er sukker,

slik du kjem til å tru når du ser alt det kvite.

Eg vil heise meg opp etter ein stol eller ei grind saman med deg, og stå som for første gong.

003

Eg vil gråte når eg er svolten, skrike etter mat, drikke mjølk og ete kalvelever saman med deg, om vi bur der mjølk kan finnast.

Eg vil falle og reise meg att, falle og reise meg at, som du kjem til å gjere.

004

Eg misunner deg ditt nye liv!

Ein dag spring du frå meg med lynrappe føter.

Eg står att, blir tvinga ned på jorda

for siste gong.

* Marie Takvam *

såpebobler

(foto: Wink Nixone)

Diktet “Til eit barn av slekta II” er skrive av ei sterk, vakker og flott kvinne. Ho døde for nokre år sidan, men dikta henner lever vidare for all tid.

For mindre enn ei veke sidan vart eg tante til ein nydeleg, vakker og skjønn liten gut. Å verte tante er omtrent like mykje stas som å verte mor, så eg er litt tussete for tida. Eg har strikka pledd til lissjegullet, som han fekk i lag med eit Lexington-sengesett. No skal eg til å strikke eit nytt pledd, for det er ikkje meir enn to månadar til eg vert tante igjen…

Eg har prøvt å plassere bloggen min på Bloggkartet, veit ikkje heilt om eg fekk det til…

søndag 20. september 2009

Ein engels veng…

For nokre år sidan kom vesle Ida springande inn i stova og måtte ha meg med ut. Ho reiv og sleit i gensaren min, og meinte eg måtte få opp farta. Då eg spurte kvifor det hasta slik, sa ho at vi fekk besøk. Ute på trappa peika ho opp mot himmelen og sa: “Sjå, mamma! Det er Gud og englane som kjem på besøk!”.

025

Eit glimt av sol tvinga seg gjennom dei dramatiske kveldsskyene, og lysstrålane spegla seg i fjorden.

038

Det var ikkje rart ho trudde det var celebert besøk! Slike naturfenomen fyller oss med undring og fengslar oss.

I går ettermiddag hadde vi slik himmel igjen, og bileta i innlegget var tekne då.

042

Det var nesten så eg kunne kjenne englevengane stryke meg over kinnet

 

“…men Gud er Gud.

Difor har han englar,

berre for å innbille meg -

eller vara meg.

Og eg kjenner den svale luftinga

av ein engels veng

stryka meg over kinnet.”

- Tor Obrestad -

045

Takk igjen, lille Ida mi, for at du gir meg så mykje å tenkje på. For at du opnar opp sinnet mitt og utfordrar den logiske vaksentenkinga…

Takk for at du viser meg englane!!!

 

onsdag 16. september 2009

Haust med store kontrastar…

Eg og bofsen gjekk oss ein lang morgontur i dag. Regnfulle skyer låg og lurte, men eg var mest fokusert på dei små gløtta med sol. Den kalde og klare haustlufta er så ubeskriveleg god. Så rein og forfriskande.

006

Ein bukett rognebær måtte få vere med heim. Det var ikkje så lett å få tak i dei, for dei hang så høgt i treet. Etter litt klatring stod eg nøgd på bakken med ein bunt rognebær i handa, og små vevekjerringar kravlande over heile jakka mi. Kva gjer ein ikkje får å få med seg hasuten heim i stova…

012

Det vert sagt at når det er mykje rognebær på trea, så vert det ein vinter med lite snø. Grunnen er sjølvsagt at det stakkars rognebærtreet ikkje klarer å bære så tungt to gongar. I år bugnar trea av rognebær, og eg trur nok at det vert lite snø. Er du klar over kor tunge rognebærklasar er???? Eg er nyfiken av natur, og måtte sjølvsagt sjekke kor tunge dei tre, små rognebærkvastane mine var. Dei vog 120 gram!!!! Tre små rognebærklasar, nesten utan greiner og heilt utan blad, vog alstå 120 gram! Eg hadde ikkje trudd det!

Eg tok med meg rognebæra og rusla meg vidare, og kjende at hausten fylte heile meg. Det var difor rart å stoppe i veggrøfta og plukke blåklokker, løvetann og andre markblomar. Dei høyrer på eit vis med til våren òg!

 025

Eit vakkert blomehjarte med blåklokke! Er det ikkje vakkert???

026

Vi bur i eit land med alle slags kontrastar. Så folkens; dette er òg ein haustbukett!

027

Eg og bofsen forlet heimen i dag tidleg i solskin og kom heim i øsande, pøsande regnvèr. Vi var våte til skinnet både eg og han, men då er det godt å finne trøyst i vakre blomar, plukka i ein grøftekant!

016

Kanskje eg må plukke meir rognebær i helga… Eg har håp om å få litt hjortekjøt i hus, og då hadde det vore spennande å kunne freiste med heimelaga rognebærgele…. Gode oppskrifter vert forresten mottekne med takk!

søndag 13. september 2009

Wear sunscreen!

Kven hugsar vel ikkje denne songen frå 90-åra??? Eg hugsar den som ein song full av gode råd og tips for korleis leve eit verdifullt liv!

Høyr på denne folkens, og få ei påminning om kva som er viktig i livet!

Viktig bodskap får vi aldri nok av!

fredag 11. september 2009

Kjære mann eller dame, som eg snart kjem til å køyre på…

Eg har vorte oppfordra av mange av mine lesarar om å re-publisere eit innlegg eg hadde i fjor. Eg kan ikkje få sagt ofte nok kor viktig det er å bruke refleks, så difor kjem altså innlegget i reprise! Ei viktig reprise!!!

Dette innlegget skriv eg for å kome med unnskyldninga på førehand. For etter at eg har køyrt på deg kjem eg til å skulde det heile på deg. Overbevise meg sjølv, deg og alle andre om at alt er di skuld.

Eg kjem til å kome køyrande med bilen min, ein tidleg morgon på veg til jobb, eller på veg heim etter ein lang dag med undervisning og møter. Eg held akkurat fartsgrensa og snakkar ikkje i mobiltelefon - det er viktig å ha fullt fokus når vegane er våte og mørke.

Akkurat litt for seint oppdagar eg deg. Bilen min er stor og tung og køyrer rett på deg. Eit høgt dunk fyller bilen, hovudet og tankane mine. Ringjer 113 og prøver å hugse fyrstehjelpskurset eg var med på for 20 år sidan. Skal tru om du har barn? Sit dei heime og lurer på kvifor mamma eller pappa ikkje kjem heim frå jobb snart? Kvalm engstelse fyller meg idèt eg går ut av bilen, redd for synet som snart skal møte meg.

Eg kan sjå at du ligg i ei forvridd stilling på gangfeltet. Eg har køyrt på ein person i eit gangfelt. Eg , den ansvarlege sjåføren med fullt fokus på vegen og trafikkbiletet, har køyrt på eit menneske.

Veska ligg slengt fleire meter lenger borte. Eg bøyer meg ned til personen samstundes som eg prøver å identifisere noko av innhaldet i veska. Tenk om eg ser ein smokk, ei lita leike eller små babylestar, slikt som foreldre dreg med seg. Augene er blinda av tårer, sinne og raseri, eg ser ingenting. Meiner å hugse at eg skal leite etter puls. Famlar med kalde og skjelvande hender. Du har på deg så mykje kle. Det er ikkje råd å finne ei opning inn for å leite etter dei livgivande slaga.

Folk kjem til. Ser bebreidande på meg og lurer på kva som har skjedd, og om eg har ringt ambulanse. Trur eg har gjort det. Veit ingenting for sikkert lenger. Berre at eg har køyrt på ein person. Ei dame med tilgjort roleg stemme tek meg til side og snakkar til meg som om eg var eit barn. "Eg såg ingenting" , er det einaste eg klarer å seie. Alle dei andre orda, dei eg veit eg burde seie, set seg fast i halsen.

Sirener bryt stillheita, det gule lyset lyser opp heile vegen. Profesjonelle hender tek hand om meg og spør vanskelege spørsmål. "Eg såg ingenting". Dei masar meir og har på meg eit varmt teppe. Har nokon sett ein smokk?

Kjenner at vetet kjem tilbake, tankane klarnar. Eg forklarer meg til politiet og skuldar alt på deg. Eg køyrde på deg, du overlevde - og eg skuldar alt på deg. Eg såg ingenting og politiet forstår. Dei seier at eg ikkje skal tenkje meir på det, at det er du som må ta konsekvensane for det som har skjedd.

Kjære mann eller dame; eg kjem snart til å køyre på deg. Det kjem til å vere synd på deg, sjølv om alt er din feil. Håper det kjem til å gå bra med deg og at du ikkje har barn.

Og om du skulle lese innlegget mitt i kveld før du legg deg, eller i morgon tidleg før du køyrer på jobb, så kan du kanskje unngå at eg køyrer på deg. Så slepp eg å måtte forklare meg til politiet og seie at "Eg såg ingenting".

refleks3

Du er nokon si mor, far, kjærast, nabo, kollega og besteven.Eg vil ikkje køyre på deg, men om du held fram med å gå langs mørke vegar og krysse gangfelt utan refleks, kan eg ikkje love noko. No er du advart.

BRUK VETET -

BRUK REFLEKS!

NOKON ER GLAD I DEG!

Dersom du skulle lure, eg har ikkje køyrt på nokon. Eg har heller ikkje vorte påkøyrd. Men mi store frykt er å på ein eller annan måte verte involvert i ei "brukte ikkje refleks"-ulukke. Då dette innlegget vart publisert sist, kom det også på trykk i fleire aviser, og eg fekk telefonar og e-post frå heile landet frå folk som ville nytte innlegget i ymse samanhengar. Det synest eg er kjempeflott! Denne bodskapen kan ikkje uttrykkast sterkt nok! Eg vart også kontakta av mange som på ein eller annan måte har vore part i slike ulukker. Eg gret nokre tårer då eg hadde desse samtalene....

torsdag 10. september 2009

Store kontrastar.

Forrige veke tok vi med oss heimelaga pizza og sveler til badestranda. Sola skein og sommarkjensla sitra i kroppen. Akkurat ei veke etterpå er det striregn og storm i kasta. Då gjer det godt å trøyste seg med bileta vi tok….

015

Vi kosa oss i den varme fønvinden. Ungane kasta steinar i sjøen, vassa litt, rulla seg i graset og segla med heimelaga båtar.

011

Mat smakar så absolutt best når ein et ute! Eg har aldri sett ungane ete så mykje pizza på så kort tid!

012

Det var ikkje så farleg om ein grisa litt heller. Bofsen var raskt på plass og åt småbitane som datt ned, og fingrane kunne ein berre tørke av i graset.

033

Rare skapningar vart nøye studert….

042

…. soppar vart lukta på, tatt på og advart mot….

044

… eller rett og slett berre beundra gjennom ei kameralinse.

036

Vi var endåtil så heldige å finne ei marihøne!

059

Medan mamma og pappa slappa av på benken under bjørka, leitte ungane etter skjell i fjøresteinane.

063 

Skjønne, rosa støvlar i fjøresteinane….

069

Er det rart eg er glad i heimbygda mi? Garden vår ligg ein liten centimeter til høgre for den kvite steinen.

049

Slike dagar skal det bli godt å varme seg på når hausten set inn for alvor…

 

søndag 6. september 2009

Little Miss Catwalk!

Eg måtte flire høgt for meg sjølv i går. Minstesnuppa og eg skulle ein liten tur på handel, og ho fekk på seg nokre kle ho ikkje hadde brukt på ei stund. Ho brukte lang tid på å beundre seg sjølv i spegelen på soverommet vårt, og då vi kom ned i stova stilte ho seg opp på golvet og sa: “Ta bilde, mamma!”

010

Ho såg rett i kamera, gjorde seg litt til, snudde seg litt rundt og var alltid merksam på kvar mamma og kameraet var.

007

Denne nydlege strikkajakka kjøpte eg på supertilbod på ein nettbutikk for lenge sidan. Tunikaen under høyrer til ein kjole ho har fått låne med Maren-venninna si.

014

Må sjekke kva som er under, ja…. Eg likte så utruleg godt denne tunikaen, eller underkjolen, som det eigentleg er!

016

Skjønne fargar….

015

På slutten av fotoshooten måtte ho også sjonglere litt med smokken sin! Sjekk “attitude”-blikket! Etter dette biletet var det nok, for då sprang ho til ytterdøra og ville ut i bilen! Lissje gullet mitt…

Vil også nytte dette innlegget til å takke så mykje til alle dei gode, hjartevarme og herlege attendemeldingane på innlegget mitt om det store spørsmålet om livet! Har lenge gått med eit ynskje om å gi ut ei barnebok, og har allereie eit manus liggande. Kanskje denne samtalen mellom meg og Ida-mi kunne vere eit godt utgangspunkt til ei bok???? Vi får sjå….

lørdag 5. september 2009

Velkomne til gards, godtfolk!!!

Det har vore ein stor dag i dag. Endeleg køyrde gravemaskina gjennom tunet og bort på marka vår for å grave ut tomta til bror min med familie. 

042

Aldri har eg vore så glad for å sjå ei gravemaskin i arbeid! Dette som vi har håpa på og lengta etter skal endeleg skje! Alle papira er i orden, husleverandør står klar og dei komande huseigarane er nok både spent, glade og utolmodige!

040

Aldri har lukta av rå jord vore så god…. Eg tok med ein kveldstur bort på marka og inspiserte, og var berre så utruleg glad!

058

Som du ser på bileta er det ganske bratt terreng, men når den røynde og dyktige husbonden min er bak gravemaskinspakane er det ingenting å frykte!

047

Klarare bevis kan ein vel ikkje få, Frode og Lisbeth! Her er det ultimate bevis på at de er innbyggjarar og tomteeigarar i Ørsta kommune! Ei bytestikke i solnedgang vart forøvrig eit artig bilete!

050 

Eg vil berre påpeike at dette ikkje er ei “hit, men ikkje lenger”-grense. Hos oss skal dokke få trakke ned dørstokkane alt dokke ønskar!

026

Ein kan vel ikkje klage på denne utsikta?????

034

…. eller denne??????

018

Dei nye naboane mine kan sjå fram til mange slike solnedgangar!

PS! Dette vart eit litt uvanleg blogginnlegg frå mi side, men det hjartet er fullt av, renn munnen over med!

torsdag 3. september 2009

Fortel meg litt om livet, mamma.

Kveldsmørket listar seg gjennom huset. Frøken midtimellom er nybada og trøytt, og dei vakre, tankefulle augene ser rett i mine.

Fortel meg litt om livet, mamma.

Som om eg har alle svar. Som om eg veit alt om livet.

 052

Livet er ei gåve, lille venn. Men ikkje som alle andre gåver, der du riv av papiret og ser kva du får. Når du opnar livet si gåve, er der ei tom boks. Ei fin, tom boks.

Men kvifor er boksa tom, mamma?

Boksa er tom fordi du sjølv skal fylle den med skattar. Ikkje slike skattar som du kan kjøpe på butikken. Du skal fylle den med latter, glede, tårer, forventningar, opplevingar og mykje mykje meir.

053 

Du skal opne opp boksa og fylle den med kjærleik, jenta mi. Med mykje kjærleik. Kjærleik til alt som veks og gror, kjærleik til alle kjende og kjære, kjærleik nok til å dele med dei som ikkje har nok av det frå før.

Men mamma? Får nokre utdelt større bokser enn andre? Eg trur Olai si boks var veldig lita. Men eg trur den var stappfull av rampestrekar, latter og masse kjærleik frå alle som var glade i han. Ida får tårer i augene når ho snakkar om Olai, klassekameraten som døde av kreft så altfor, altfor tidleg. Ja, Ida, eg trur boksa til Olai var full av alt dette, og så trur eg heilt sikkert at du også fekk vere med på å fylle den. Eit lite, forsiktig smil når dei tårefylte augene.

055

Men er det det livet handlar om mamma? Å fylle opp denne boksa?

Ja, det er det jenta mi. Men der er eit lite hemmeleg triks for at du skal klare å gjere det rett. Trikset er nemleg å fylle opp boksa utan at du merkar at du gjer det. Alt dette herleg som er der kjem smygande og lurer seg under lokket, og for kvar dag som går fyllest boksa opp. Utan at du merkar det. Utan at du kan styre det. Og utan at du får lov til å kike oppi for å sjå kor lenge det er igjen til det er fullt.

050

Men korleis kan eg vite at boksa er full, mamma, når eg ikkje får løfte av lokket for å sjå?

Ingen ska l vite kva tid boksa er full, lille venn. Då trur eg vi alle hadde brukt masse krefter og energi på å fylle den opp så fort som råd, med fare for å putte oppi ting som ikkje er så viktige. Med fare for å få mindre plass til kjærleik og glede.

Men kva skjer når boksa er full, mamma? Får vi ei ny?

057

Nei, lille venn. Vi får inga ny boks. Då kjem nokon og knyt ei vakker sløyfe rundt boksa, og så får vi med oss alle dei fantastiske tinga våre inn i evigheita.

Men du mamma, då er det om å gjere å fylle boksa med masse, masse kjærleik og andre kjekke ting, for evigheita varer faktisk ganske lenge!

Ja, lille venn, det gjer den. Faktisk ganske lenge….

Eg veit ikkje om det var eit slikt svar du hadde venta deg, Ida, men eg trur du forstod kva eg meinte. Tusen takk for alle dine tusen spørsmål, lille venn…

onsdag 2. september 2009

Babyblått og bursdagsliljer!

Huff, no er det lenge sidan eg har posta innlegg på bloggen…. Dei siste dagane har eg hatt meir enn nok med å sjonglere alle gjeremål og aktivitetar! No er det heldigvis ei litt roligare periode, og då kan eg slappe av og kose meg litt.

038

I dag har eg fridag og kosar meg heime ilag med eldstemann. Han fauk opp i feber i går ettermiddag, men har heldigvis hatt ei feberfri natt. Er mykje betre i dag, og det både gledar og beroligar mammahjertet…

039

Eg har vore litt effektiv på formiddag i dag, slik at resten av dagen kan brukast til hyggjelege ting! Eg er så heldig å skal verte tante igjen om nokre veker, så eg er i full gang med å strikke babyteppe! Det er vel ikkje ei stor overrasking at det blir ein liten prins….

042

Teppet er svært enkelt å strikke, men det tek litt tid. Målet er å verte ferdig til tantegullet kjem til verda, men om det blir litt forseinka så blir eg nok tilgidd… Det er så kjekt å sitte med eit strikk i fanget og vite at det aller skjønnaste på jord snart skal verte tulla inn i teppet!

043

Om teppet er enkelt og lite originalt, så veg garnet opp for alt det! Eg forelska meg fullstendig i dette garnet då eg kom over det på strikkebutikken! Det er blanding av babyalpakka og silke, og er så mjukt og godt at det nesten ikkje er til å tru!

 046 

Så medan Johan kosar seg med teiknefilmar på TV, skal eg sitte i sofaen og strikke til tantegullet! Når dette teppet er ferdig, skal eg rett til Volda og kjøpe meir garn. Denne gangen i sarte, skjønne rosafargar – til endå eit tantegull som kjem om nokre få månadar!

049

…og tusen takk til mamma som lyste opp dagen min med ein nydeleg liljebukett!!!

051

Det er så kjekt å vere bursdagsjente når ein vert hugsa på av kjende og kjære!

Ha ein fin dag, alle! Her regnar det trollkjerringar, men det kan faktisk sjå ut til at sola kanskje slår til med sitt nærvær i løpet av dagen!

 

onsdag 26. august 2009

Ikkje heilt basic med Basix…

Det kriblar i magen, stemmebanda slår krøll på seg og hovudet jobbar kontinuerleg med å pugge tekst. Fredag brakar det nemleg laust, den eineståande vokalgruppa Basix skal halde seminar i Ålesund, og damekoret eg syng i skal vere på scena ilag med dei og ta instruksjon på ein av songane deira. Vi syng nemleg Australien Spring i koret vårt, ein song dei deltok med i Grand Prix for nokre år tilbake. Gruppa Basix er på ingen måte “basic singing”, dette er avansert vokalsong!

Desse seks flotte karane skal alstå pirke på oss, sjå oss inn i augene og lokke fram dei flottaste tonar! Gjett om eg gler meg!!! Kor i alle dagar vi skal klare å konsentrere oss om instruksjonen og songen er ei HEILT anna sak… Songen vi skal synge er den du ser på videoen over!

Nyt!

mandag 24. august 2009

Hausten sig på….

Den gode og varme haustkjensla kom over meg i dag. Den lune og varme dagen gjekk til ro med kalde drag i lufta. Framleis blå himmel ute. Framleis ikkje heilt mørkt.

Men likevel med eit drag av noko anna. Noko eg ikkje heilt klarer å setje fingeren på, men som er så kjent og så kjært. Og som gir meg ei fullstendig ro, sjølv om dagen har vore lang og hektisk.

   011

Så i kveld krølla eg meg ihop i sofaen. Blomane frå forrige helg pynta opp bordet ilag med levande lys.

009

Eg burde heilt sikkert ha gjort noko fornuftig. Vaska eit golv eller lagt ihop ein haug med kle. Flytta litt rundt på nokre planter kanskje, eller tømt oppvaskmaskina. Men akkurat i kveld vil eg heller strikke. Den vesle tantebabyen som kjem om kort tid vil heilt sikkert meine det er fornuftig disponering av tid. Stakkaren kan ikkje kome pleddlaus inn i verda!

012 

Det lilla pleddet ventar på meg. Når haustkveldane set inn for alvor, må eg ha gode pledd i sofaen. Det er golvkaldt i gamle hus, og eg likar ikkje å fryse.

Du skal få eit lite haustdikt med deg inn i denne vakre kvelden:

Kvar vart det taa alle dei Fuglar,
       som song
i Sumar so vænt millom Greino?
       Sidan eg høyrde deim
       ender og Gong;
og so vart det Stilla i eino.
— Han tagnar, Fuglen, mot Hausten.
Kvar vart det taa alle dei Blomar,
       som stod
og nikka i Ljos og i Ange?
       Eg ser yver Bøen,
       men er inkje god
faa Auga paa ein av dei mange.
       — Han visnar, Blomen, mot Hausten.

***  Per Sivle  ***

018

Medan eg kosar meg med te og strikking, håper eg du nyt kvelden der du er!

Og hugs; hausten er ikkje slutten på ein herleg sommar!

Det er byrjinga på eit nytt og vakkert eventyr!