onsdag 20. februar 2013

Verdens finaste strikkagenser!

For nokre år sidan vart eg bitt av strikkebasillen. Det er ikkje så rart, eigentleg, for eg elskar alt som er laga av ull. Eg nyt å gå inn i ein strikkebutikk og sjå alt det fine garnet, alle dei flotte fargane og kjenne på den eineståande kvaliteten. Og så har eg vokse opp med "strikkedamer" over alt kring meg. Eg trudde lenge eg ikkje skulle få det til, men når eg fyrst sett meg ned så losna alt. Og om eg stod fast, var det berre å ringe mamma, google eller sjekke på youtube.com. 
Det starta med heilt enkle plagg, heilt enkelt strikk; halsar, skjerf, rillestrikka genser, babytepper og huer. Interessa for strikk auka og lysta til å prøve meir avansert strikk kom snikande. 

Etter kvart har tida gått og det er mange produkt som har vorte til mellom hendene mine. Sidan november har eg strikka tre genserar - det hadde eg aldri trudd for nokre år sidan! Gensaren du ser på bileta i dette blogginnlegget er min absolutte favoritt. Det er strikka i det nydlegaste garn du kan tenkje deg; Viking Eco Alpaca. 


Eg var eigentleg på strikkebutikken i eit heilt anna ærend og hugsar ikkje om det var garnet eller mønsterboka som fanga merksemda mi fyrst. Eg visste med ein gong kva for gensar eg skulle strikke, den skein i mot meg frå mønsterboka og ba om å verte strikka! Eg har brukt akkurat same fargane som står oppgitt i mønsteret. 


Det er vanskeleg å beskrive kor nydeleg dette garnet er. Eg trur det må vere det mjukaste eg har kjent! Å sitte med garnet i fanget og strikke har vore ei rein fryd! Rett nok loa det ein del undervegs, men no når gensaren er teken i bruk så merkar vi det ikkej så mykje. Det er vel ikkje vanskeleg å sjå at minstemor er glad i gensaren sin?


Om eg skal setje fingeren på noko, så må det vere at delar av mønsteret var litt vanskeleg å forstå. Eg trudde det var mi inkompetanse som gjorde seg gjeldande, men sjølv røynde strikkarar hadde vanskar med å forstå alt i oppskrifta. Det ser også ut til å vere nokre opplysningar som manglar. Eg gjekk meg på ein smell på hovudmønsteret, men då kom heldigvis mamma og berga meg - tusen takk for hjelpa! Eg har forresten gjort ei lita endring på gensaren; i oppskrifta har den hette, men eg er ikkje så begeistra for hette på barnegensarar, så då gjekk vi for den halsen som var på guttegensaren. Eg er svært nøgd med å ha tatt det valet!


I dag hadde minstemor fri frå barnehagen og vi kosa oss i sola på badestranda. 

Fakta om gensaren:

Garnet heiter Viking Eco Alpaca og eg har kjøpt det på Volda Mode i Volda.
Mønster finn du i Viking Design si mønsterbok nr. 1208.
Gensaren er designa av Turid Stapnes og er nr. 1208-14 i mønsterboka.
Der er ein variant for gutar som har litt anna mønster, men akkurat like fin. 
Gensaren er strikka på pinne 4 1/2 og 5. 
Gensaren kan også strikkast i Viking Odin. 
Tråden kjem i hesper og må difor nøstast. 
Du finn gensaren i storleikane 2 år til 10/12 år. 

Om du bur på mine trakter får du kjøpt Viking garn på Volda Mode i Volda. Volda Mode har eiga nettside som du finn her, og du kan også følge dei på Facebook ved å klikke her


9 kommentarer:

  1. So fin genser og nydelig jenta :-)

    SvarSlett
  2. Så fin genser og flott hals på den. Har ikke strikket av det garnet ennå, men det ser bra ut :-) Det er kjekt å kunne produsere egne ting, ingen tvil om det.Ha en fin kveld !

    SvarSlett
  3. Flott genser på den nydelige prinsessa! Ekstra fint er det selvfølgelig at genseren er god og myk.

    Ønsker deg ei fortsatt fin uke!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  4. Kjempefin genser. Og enda finare jente:)

    SvarSlett
  5. Så flott genser og nydelig jente!:):)

    SvarSlett
  6. Kjempefin genser og vakker modell!
    Ha en fin dag :)

    SvarSlett
  7. For ein nydeleg genser, og for ikkje å snakke om nydeleg modell for han :) eg skulle ønske eg hadde blitt bitt av strikkebasillen. Eg har prøvd. Søstera og mora mi er bitt av han, og har vore det i årevis. Dei har lura på kvifor eg ikkje har blitt det. Men eg har tydelegvis ikkje dei same strikkegena som dei. Eg KAN strikke, det er ikkje det. Men det blir med pannebånd, eit par votter og kanskje ein nisse i ny og ne. Det går så sakte, og eg har ikkje tålmod til å sitje og bli ordentleg flink. Men det er du! Heilt herlig mønster og fargar på genseren til snuppa di. Ha ein god fredag! Klem.

    SvarSlett
  8. Nydelig genser!
    Skjønner godt at denne er en favoritt :)
    Herlige farger og mønster!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!