onsdag 30. september 2009

Dei vakraste blomane…

Eg kjenner så mange som har så vakre hagar. Dei bestiller blomar og frø, plantar og sår, haustar og nyt. Sjølv har eg ingen hage enno. Ein vakker dag skal det verte til noko, då skal det bløme hos meg òg!

Men eg kan ikkje gå å vente på alt dette vakre. Eg kan ikkje bruke tid på ergre meg over hagen eg ikkje har. Eg må leite etter det vakre andre stadar. Eg må finne alternativ.

012

Ugras som krøkjer seg over ein stein kan kanskje vere rotete og upassande i andre sine auge. Eg synest det er vakkert! Dei skjøre, små blomane som slyngjer seg gjennom steinrøyser, veks opp av ingenting og held ut til trass for at vi går kaldare tider i møte.

013

Ugras, seier enkelte. Vakkert, seier eg. Sjå berre dei vakre knoppane, forma som små spyd!

015

Det at eg ikkje har ein vakker hage, har fått meg til å glede meg over blomeprakta som er overalt rundt oss. Berre vi opnar augene våre, ser vi at grøftekanten er full av vakre blomar! Og eg set pris på kvar og ein av dei…

søndag 27. september 2009

Krabbefest!

I dag har storeguten vår sikra krabbekjøt til kveldsmaten! Han var med onkelen min og sette teiner for nokre dagar sidan, og dei måtte dragast i dag. Fangsten var ikkje så stor, berre to krabber hadde lete seg lure.

004

Johan handterte krabbene som ein røynd sjøulk. Eit godt grep om klørne, og så kan dei levande krabbene vere med på det meste!

005

Ei åme måtte tole å verte leika med av krabbeklørne!

007

Flinke guten min! Det var stor stas å kome heim med sjølvfanga krabber!

025

Etter kokinga fekk minstesnuppa leike seg litt med klørne. Det var med skrekkblanda fryd ho utforska denne fascinerande skapnaden!

Tusen takk for matauken, Johan!!!

lørdag 26. september 2009

På rømmen….

Det er ikkje berre i Sverige dei jaktar på rømlingar, for å seie det slik! Her i huset har vi også nokre eksemplar av den arten, og det er særleg minstefrøkena som finn stor glede i å stikke av.

på rømmen

Så om du nokon gong skulle kome over ei lita frøken kledd i strømpebukse (ikkje alltid), støvlar (alltid!!!), med skitten gensar eller body, ei altfor stor hue og verdens luraste smil om munnen (alltid!)– så veit du kven du kan kontakte!

Dusør: ein god latter og springmarsjen som er påkrevd for å fange henne!

tirsdag 22. september 2009

Til eit barn av slekta

Eg vil legge meg ned att på jorda og krype saman med deg.

Eg vil reise meg på kne og gripe etter solstrålane, prøve å fange dei saman med deg.

007 

Eg vil tru at den første snøen om hausten er sukker,

slik du kjem til å tru når du ser alt det kvite.

Eg vil heise meg opp etter ein stol eller ei grind saman med deg, og stå som for første gong.

003

Eg vil gråte når eg er svolten, skrike etter mat, drikke mjølk og ete kalvelever saman med deg, om vi bur der mjølk kan finnast.

Eg vil falle og reise meg att, falle og reise meg at, som du kjem til å gjere.

004

Eg misunner deg ditt nye liv!

Ein dag spring du frå meg med lynrappe føter.

Eg står att, blir tvinga ned på jorda

for siste gong.

* Marie Takvam *

såpebobler

(foto: Wink Nixone)

Diktet “Til eit barn av slekta II” er skrive av ei sterk, vakker og flott kvinne. Ho døde for nokre år sidan, men dikta henner lever vidare for all tid.

For mindre enn ei veke sidan vart eg tante til ein nydeleg, vakker og skjønn liten gut. Å verte tante er omtrent like mykje stas som å verte mor, så eg er litt tussete for tida. Eg har strikka pledd til lissjegullet, som han fekk i lag med eit Lexington-sengesett. No skal eg til å strikke eit nytt pledd, for det er ikkje meir enn to månadar til eg vert tante igjen…

Eg har prøvt å plassere bloggen min på Bloggkartet, veit ikkje heilt om eg fekk det til…

søndag 20. september 2009

Ein engels veng…

For nokre år sidan kom vesle Ida springande inn i stova og måtte ha meg med ut. Ho reiv og sleit i gensaren min, og meinte eg måtte få opp farta. Då eg spurte kvifor det hasta slik, sa ho at vi fekk besøk. Ute på trappa peika ho opp mot himmelen og sa: “Sjå, mamma! Det er Gud og englane som kjem på besøk!”.

025

Eit glimt av sol tvinga seg gjennom dei dramatiske kveldsskyene, og lysstrålane spegla seg i fjorden.

038

Det var ikkje rart ho trudde det var celebert besøk! Slike naturfenomen fyller oss med undring og fengslar oss.

I går ettermiddag hadde vi slik himmel igjen, og bileta i innlegget var tekne då.

042

Det var nesten så eg kunne kjenne englevengane stryke meg over kinnet

 

“…men Gud er Gud.

Difor har han englar,

berre for å innbille meg -

eller vara meg.

Og eg kjenner den svale luftinga

av ein engels veng

stryka meg over kinnet.”

- Tor Obrestad -

045

Takk igjen, lille Ida mi, for at du gir meg så mykje å tenkje på. For at du opnar opp sinnet mitt og utfordrar den logiske vaksentenkinga…

Takk for at du viser meg englane!!!

 

onsdag 16. september 2009

Haust med store kontrastar…

Eg og bofsen gjekk oss ein lang morgontur i dag. Regnfulle skyer låg og lurte, men eg var mest fokusert på dei små gløtta med sol. Den kalde og klare haustlufta er så ubeskriveleg god. Så rein og forfriskande.

006

Ein bukett rognebær måtte få vere med heim. Det var ikkje så lett å få tak i dei, for dei hang så høgt i treet. Etter litt klatring stod eg nøgd på bakken med ein bunt rognebær i handa, og små vevekjerringar kravlande over heile jakka mi. Kva gjer ein ikkje får å få med seg hasuten heim i stova…

012

Det vert sagt at når det er mykje rognebær på trea, så vert det ein vinter med lite snø. Grunnen er sjølvsagt at det stakkars rognebærtreet ikkje klarer å bære så tungt to gongar. I år bugnar trea av rognebær, og eg trur nok at det vert lite snø. Er du klar over kor tunge rognebærklasar er???? Eg er nyfiken av natur, og måtte sjølvsagt sjekke kor tunge dei tre, små rognebærkvastane mine var. Dei vog 120 gram!!!! Tre små rognebærklasar, nesten utan greiner og heilt utan blad, vog alstå 120 gram! Eg hadde ikkje trudd det!

Eg tok med meg rognebæra og rusla meg vidare, og kjende at hausten fylte heile meg. Det var difor rart å stoppe i veggrøfta og plukke blåklokker, løvetann og andre markblomar. Dei høyrer på eit vis med til våren òg!

 025

Eit vakkert blomehjarte med blåklokke! Er det ikkje vakkert???

026

Vi bur i eit land med alle slags kontrastar. Så folkens; dette er òg ein haustbukett!

027

Eg og bofsen forlet heimen i dag tidleg i solskin og kom heim i øsande, pøsande regnvèr. Vi var våte til skinnet både eg og han, men då er det godt å finne trøyst i vakre blomar, plukka i ein grøftekant!

016

Kanskje eg må plukke meir rognebær i helga… Eg har håp om å få litt hjortekjøt i hus, og då hadde det vore spennande å kunne freiste med heimelaga rognebærgele…. Gode oppskrifter vert forresten mottekne med takk!

søndag 13. september 2009

Wear sunscreen!

Kven hugsar vel ikkje denne songen frå 90-åra??? Eg hugsar den som ein song full av gode råd og tips for korleis leve eit verdifullt liv!

Høyr på denne folkens, og få ei påminning om kva som er viktig i livet!

Viktig bodskap får vi aldri nok av!

fredag 11. september 2009

Kjære mann eller dame, som eg snart kjem til å køyre på…

Eg har vorte oppfordra av mange av mine lesarar om å re-publisere eit innlegg eg hadde i fjor. Eg kan ikkje få sagt ofte nok kor viktig det er å bruke refleks, så difor kjem altså innlegget i reprise! Ei viktig reprise!!!

Dette innlegget skriv eg for å kome med unnskyldninga på førehand. For etter at eg har køyrt på deg kjem eg til å skulde det heile på deg. Overbevise meg sjølv, deg og alle andre om at alt er di skuld.

Eg kjem til å kome køyrande med bilen min, ein tidleg morgon på veg til jobb, eller på veg heim etter ein lang dag med undervisning og møter. Eg held akkurat fartsgrensa og snakkar ikkje i mobiltelefon - det er viktig å ha fullt fokus når vegane er våte og mørke.

Akkurat litt for seint oppdagar eg deg. Bilen min er stor og tung og køyrer rett på deg. Eit høgt dunk fyller bilen, hovudet og tankane mine. Ringjer 113 og prøver å hugse fyrstehjelpskurset eg var med på for 20 år sidan. Skal tru om du har barn? Sit dei heime og lurer på kvifor mamma eller pappa ikkje kjem heim frå jobb snart? Kvalm engstelse fyller meg idèt eg går ut av bilen, redd for synet som snart skal møte meg.

Eg kan sjå at du ligg i ei forvridd stilling på gangfeltet. Eg har køyrt på ein person i eit gangfelt. Eg , den ansvarlege sjåføren med fullt fokus på vegen og trafikkbiletet, har køyrt på eit menneske.

Veska ligg slengt fleire meter lenger borte. Eg bøyer meg ned til personen samstundes som eg prøver å identifisere noko av innhaldet i veska. Tenk om eg ser ein smokk, ei lita leike eller små babylestar, slikt som foreldre dreg med seg. Augene er blinda av tårer, sinne og raseri, eg ser ingenting. Meiner å hugse at eg skal leite etter puls. Famlar med kalde og skjelvande hender. Du har på deg så mykje kle. Det er ikkje råd å finne ei opning inn for å leite etter dei livgivande slaga.

Folk kjem til. Ser bebreidande på meg og lurer på kva som har skjedd, og om eg har ringt ambulanse. Trur eg har gjort det. Veit ingenting for sikkert lenger. Berre at eg har køyrt på ein person. Ei dame med tilgjort roleg stemme tek meg til side og snakkar til meg som om eg var eit barn. "Eg såg ingenting" , er det einaste eg klarer å seie. Alle dei andre orda, dei eg veit eg burde seie, set seg fast i halsen.

Sirener bryt stillheita, det gule lyset lyser opp heile vegen. Profesjonelle hender tek hand om meg og spør vanskelege spørsmål. "Eg såg ingenting". Dei masar meir og har på meg eit varmt teppe. Har nokon sett ein smokk?

Kjenner at vetet kjem tilbake, tankane klarnar. Eg forklarer meg til politiet og skuldar alt på deg. Eg køyrde på deg, du overlevde - og eg skuldar alt på deg. Eg såg ingenting og politiet forstår. Dei seier at eg ikkje skal tenkje meir på det, at det er du som må ta konsekvensane for det som har skjedd.

Kjære mann eller dame; eg kjem snart til å køyre på deg. Det kjem til å vere synd på deg, sjølv om alt er din feil. Håper det kjem til å gå bra med deg og at du ikkje har barn.

Og om du skulle lese innlegget mitt i kveld før du legg deg, eller i morgon tidleg før du køyrer på jobb, så kan du kanskje unngå at eg køyrer på deg. Så slepp eg å måtte forklare meg til politiet og seie at "Eg såg ingenting".

refleks3

Du er nokon si mor, far, kjærast, nabo, kollega og besteven.Eg vil ikkje køyre på deg, men om du held fram med å gå langs mørke vegar og krysse gangfelt utan refleks, kan eg ikkje love noko. No er du advart.

BRUK VETET -

BRUK REFLEKS!

NOKON ER GLAD I DEG!

Dersom du skulle lure, eg har ikkje køyrt på nokon. Eg har heller ikkje vorte påkøyrd. Men mi store frykt er å på ein eller annan måte verte involvert i ei "brukte ikkje refleks"-ulukke. Då dette innlegget vart publisert sist, kom det også på trykk i fleire aviser, og eg fekk telefonar og e-post frå heile landet frå folk som ville nytte innlegget i ymse samanhengar. Det synest eg er kjempeflott! Denne bodskapen kan ikkje uttrykkast sterkt nok! Eg vart også kontakta av mange som på ein eller annan måte har vore part i slike ulukker. Eg gret nokre tårer då eg hadde desse samtalene....

torsdag 10. september 2009

Store kontrastar.

Forrige veke tok vi med oss heimelaga pizza og sveler til badestranda. Sola skein og sommarkjensla sitra i kroppen. Akkurat ei veke etterpå er det striregn og storm i kasta. Då gjer det godt å trøyste seg med bileta vi tok….

015

Vi kosa oss i den varme fønvinden. Ungane kasta steinar i sjøen, vassa litt, rulla seg i graset og segla med heimelaga båtar.

011

Mat smakar så absolutt best når ein et ute! Eg har aldri sett ungane ete så mykje pizza på så kort tid!

012

Det var ikkje så farleg om ein grisa litt heller. Bofsen var raskt på plass og åt småbitane som datt ned, og fingrane kunne ein berre tørke av i graset.

033

Rare skapningar vart nøye studert….

042

…. soppar vart lukta på, tatt på og advart mot….

044

… eller rett og slett berre beundra gjennom ei kameralinse.

036

Vi var endåtil så heldige å finne ei marihøne!

059

Medan mamma og pappa slappa av på benken under bjørka, leitte ungane etter skjell i fjøresteinane.

063 

Skjønne, rosa støvlar i fjøresteinane….

069

Er det rart eg er glad i heimbygda mi? Garden vår ligg ein liten centimeter til høgre for den kvite steinen.

049

Slike dagar skal det bli godt å varme seg på når hausten set inn for alvor…

 

søndag 6. september 2009

Little Miss Catwalk!

Eg måtte flire høgt for meg sjølv i går. Minstesnuppa og eg skulle ein liten tur på handel, og ho fekk på seg nokre kle ho ikkje hadde brukt på ei stund. Ho brukte lang tid på å beundre seg sjølv i spegelen på soverommet vårt, og då vi kom ned i stova stilte ho seg opp på golvet og sa: “Ta bilde, mamma!”

010

Ho såg rett i kamera, gjorde seg litt til, snudde seg litt rundt og var alltid merksam på kvar mamma og kameraet var.

007

Denne nydlege strikkajakka kjøpte eg på supertilbod på ein nettbutikk for lenge sidan. Tunikaen under høyrer til ein kjole ho har fått låne med Maren-venninna si.

014

Må sjekke kva som er under, ja…. Eg likte så utruleg godt denne tunikaen, eller underkjolen, som det eigentleg er!

016

Skjønne fargar….

015

På slutten av fotoshooten måtte ho også sjonglere litt med smokken sin! Sjekk “attitude”-blikket! Etter dette biletet var det nok, for då sprang ho til ytterdøra og ville ut i bilen! Lissje gullet mitt…

Vil også nytte dette innlegget til å takke så mykje til alle dei gode, hjartevarme og herlege attendemeldingane på innlegget mitt om det store spørsmålet om livet! Har lenge gått med eit ynskje om å gi ut ei barnebok, og har allereie eit manus liggande. Kanskje denne samtalen mellom meg og Ida-mi kunne vere eit godt utgangspunkt til ei bok???? Vi får sjå….

lørdag 5. september 2009

Velkomne til gards, godtfolk!!!

Det har vore ein stor dag i dag. Endeleg køyrde gravemaskina gjennom tunet og bort på marka vår for å grave ut tomta til bror min med familie. 

042

Aldri har eg vore så glad for å sjå ei gravemaskin i arbeid! Dette som vi har håpa på og lengta etter skal endeleg skje! Alle papira er i orden, husleverandør står klar og dei komande huseigarane er nok både spent, glade og utolmodige!

040

Aldri har lukta av rå jord vore så god…. Eg tok med ein kveldstur bort på marka og inspiserte, og var berre så utruleg glad!

058

Som du ser på bileta er det ganske bratt terreng, men når den røynde og dyktige husbonden min er bak gravemaskinspakane er det ingenting å frykte!

047

Klarare bevis kan ein vel ikkje få, Frode og Lisbeth! Her er det ultimate bevis på at de er innbyggjarar og tomteeigarar i Ørsta kommune! Ei bytestikke i solnedgang vart forøvrig eit artig bilete!

050 

Eg vil berre påpeike at dette ikkje er ei “hit, men ikkje lenger”-grense. Hos oss skal dokke få trakke ned dørstokkane alt dokke ønskar!

026

Ein kan vel ikkje klage på denne utsikta?????

034

…. eller denne??????

018

Dei nye naboane mine kan sjå fram til mange slike solnedgangar!

PS! Dette vart eit litt uvanleg blogginnlegg frå mi side, men det hjartet er fullt av, renn munnen over med!

torsdag 3. september 2009

Fortel meg litt om livet, mamma.

Kveldsmørket listar seg gjennom huset. Frøken midtimellom er nybada og trøytt, og dei vakre, tankefulle augene ser rett i mine.

Fortel meg litt om livet, mamma.

Som om eg har alle svar. Som om eg veit alt om livet.

 052

Livet er ei gåve, lille venn. Men ikkje som alle andre gåver, der du riv av papiret og ser kva du får. Når du opnar livet si gåve, er der ei tom boks. Ei fin, tom boks.

Men kvifor er boksa tom, mamma?

Boksa er tom fordi du sjølv skal fylle den med skattar. Ikkje slike skattar som du kan kjøpe på butikken. Du skal fylle den med latter, glede, tårer, forventningar, opplevingar og mykje mykje meir.

053 

Du skal opne opp boksa og fylle den med kjærleik, jenta mi. Med mykje kjærleik. Kjærleik til alt som veks og gror, kjærleik til alle kjende og kjære, kjærleik nok til å dele med dei som ikkje har nok av det frå før.

Men mamma? Får nokre utdelt større bokser enn andre? Eg trur Olai si boks var veldig lita. Men eg trur den var stappfull av rampestrekar, latter og masse kjærleik frå alle som var glade i han. Ida får tårer i augene når ho snakkar om Olai, klassekameraten som døde av kreft så altfor, altfor tidleg. Ja, Ida, eg trur boksa til Olai var full av alt dette, og så trur eg heilt sikkert at du også fekk vere med på å fylle den. Eit lite, forsiktig smil når dei tårefylte augene.

055

Men er det det livet handlar om mamma? Å fylle opp denne boksa?

Ja, det er det jenta mi. Men der er eit lite hemmeleg triks for at du skal klare å gjere det rett. Trikset er nemleg å fylle opp boksa utan at du merkar at du gjer det. Alt dette herleg som er der kjem smygande og lurer seg under lokket, og for kvar dag som går fyllest boksa opp. Utan at du merkar det. Utan at du kan styre det. Og utan at du får lov til å kike oppi for å sjå kor lenge det er igjen til det er fullt.

050

Men korleis kan eg vite at boksa er full, mamma, når eg ikkje får løfte av lokket for å sjå?

Ingen ska l vite kva tid boksa er full, lille venn. Då trur eg vi alle hadde brukt masse krefter og energi på å fylle den opp så fort som råd, med fare for å putte oppi ting som ikkje er så viktige. Med fare for å få mindre plass til kjærleik og glede.

Men kva skjer når boksa er full, mamma? Får vi ei ny?

057

Nei, lille venn. Vi får inga ny boks. Då kjem nokon og knyt ei vakker sløyfe rundt boksa, og så får vi med oss alle dei fantastiske tinga våre inn i evigheita.

Men du mamma, då er det om å gjere å fylle boksa med masse, masse kjærleik og andre kjekke ting, for evigheita varer faktisk ganske lenge!

Ja, lille venn, det gjer den. Faktisk ganske lenge….

Eg veit ikkje om det var eit slikt svar du hadde venta deg, Ida, men eg trur du forstod kva eg meinte. Tusen takk for alle dine tusen spørsmål, lille venn…