I dag har storeguten vår sikra krabbekjøt til kveldsmaten! Han var med onkelen min og sette teiner for nokre dagar sidan, og dei måtte dragast i dag. Fangsten var ikkje så stor, berre to krabber hadde lete seg lure.
Johan handterte krabbene som ein røynd sjøulk. Eit godt grep om klørne, og så kan dei levande krabbene vere med på det meste!
Ei åme måtte tole å verte leika med av krabbeklørne!
Flinke guten min! Det var stor stas å kome heim med sjølvfanga krabber!
Etter kokinga fekk minstesnuppa leike seg litt med klørne. Det var med skrekkblanda fryd ho utforska denne fascinerande skapnaden!
Tusen takk for matauken, Johan!!!
Heeeeerlige bilder!
SvarSlettKlem fra Helen
Modig kar som våger seg til å handtere slike store beist! Bra at dei var kokte før veslesyster fekk tak i klørne:) Stilege bilete.
SvarSlettFor noen kjemp herlige bilde.. og så stor stas de må være å få spise egenfiska krabbe. Og kjekt å leke litt med klørne. Spennende :)
SvarSlettHa en flott uke :)
Oj for en flink kjekk gutt! Jammen tenker jeg at mamman er stolt ja - med god grunn!! Vesle jenta er jo også så skjønn at man kan spise henne opp! Fint at du deler livet ditt med oss, alle hverdagene som jeg skriver om i mitt siste innlegg! Vært der?? tror DU er en av disse jentene! Nyt dagen. klem
SvarSlettHei Tove:0)
SvarSlettSå artige bilder:0) Og kva er vel betre enn nykokt krabbe Mmmm.... Flott teppe du har gjort ferdig, og eit nytt er under arbeid har eg forstått:0) Driftig dame. Ha ein flott dag.
Smil frå Lill
Fine bilder! :)
SvarSlett