fredag 16. januar 2009

Du blir vel med på feiringa?

Det er ikkje utan grunn at eg har lært meg nokre nye fotoredigeringsferdigheiter, og flikka og pussa litt opp på bloggen min siste tida. Det er nemleg jubileum på gong!

For eitt år sidan sat eg i ei januarmørk stove og las bloggen til ei god venninne på Eidsvoll. Ho hadde sendt meg ei tekstmelding med link til ei adresse på nett, og eg sat lenge og beundra den flotte "heimesida" hennar.

Eit lite frø vart sådd, og tanken om å lage ein eigen blogg klarte ikkje å sleppe taket. Eg var heimevèrande med lissjesnuppa vår og hadde behov for ein kreativ arena. Kanskje dette kunne vere noko?

20. januar 2008 såg bloggen min dagens lys. Eg hadde inga formeining om kva det skulle verte av den og korleis eg ville forme innhaldet. Heldigvis kom det av seg sjølv! Eg skreiv små anekdoter, forteljingar og la ut biletar frå kvardagen vår. Det var ikkje så mange som var inne og kommenterte, men alle dei fantastiske attendemeldingane eg fekk frå folk rundt omkring fortalde meg at det var mange som var inne og las det eg skreiv. Dette gav meg energi til å halde fram, og i slutten av juli la eg ein teljar inn på sida mi.

jubileum 

I løpet av året som har gått har eg skrive 298 innlegg, fått 30 ulike utmerkingar, stifta mange nye og fantastiske bekjentskap og sidan juli -08 har eg hatt nesten 50 000 besøk på bloggen min. For ikkje å snakke om all inspirasjonen eg har fått! Det gir meg stor glede når eg tenkjer tilbake på kva bloggåret 2008 har gitt meg.

jubileum2

Eg er glad for å ha fått så mykje tilbake frå blogginga mi. Likevel så er det kanskje håpet om å ha gitt noko til andre, som har halde drivkrafta mi oppe. Kanskje har eg planta nokre tankar hos andre som dei ikkje hadde før? Kanskje har eg fått trøysta, gleda og inspirert andre - for meg er det det største av alt!

No håper eg du vil vere med og feire jubileumet mitt! Bloggen min er ein kvardagsleg og enkel arena, der dei små augeblikka har stått i fokus. Som mange har fått med seg, er eg oppteken av å sjå det store i det små - å kunne glede seg over det enkle. Eg er overtydd om at vi alle får eit rikare liv om vi berre klarer å verte flinkare til å verdsette det enkle!

Alle som legg att kommentar på dette innlegget fram til midnatt 20. januar, vil vere med i trekninga av to flotte premiar! Både bloggarar, blogglause og anonyme kan vere med (dei anonyme må sjølvsagt legge at namnet sitt). Eg hadde vorte ekstra glad om alle dei gode og blogglause vennninnene mine, som eg veit er trufaste lesarar av bloggen min, hadde lagt att ein kommentar (hm, nokon som tek hintet...???)!

Oppgåva er enkel (trur endåtil eg har hatt ei slik oppgåve før...):

Skriv litt om kva slags kvardagsaugeblikk som berikar kvardagen din - så enkelt er det!

Premiane er to bøker som eg trur kan vere med på å utvide mange sin horisont:

jubileum3

Dette er ei rykande fersk bok med dikt og foto av Turid Skjelten frå Brattvåg. Ho har boklansering og sleppfest i dag, og eg ringte henne i dag for å bestille ei bok til utlodning på bloggen min! Tekstene handlar om det som skjer mellom og i mennesker, det som ikkje i første omgang er beviseleg og handfast. Boka er både ei mental og visuell reise i kjensler  og stemningar (både bilete og fakta om boka er hente frå heimesida til Turid, som du kan finne her). Denne har du vel lyst på???

jubileum OyehaugVenteBlinke jubileum4, fotograf magne sandnes

(foto av omslag er henta frå Kolon Forlag, Gunnhild er fotografert av Magne Sandnes)

Denne boka er skriven av Gunnhild Øyehaug som kjem frå heimkommunen min. Dette skriv Kolon Forlag om boka: "Vente, blinke er ein roman med fleire historier. Vi møter den unge og noko forknytte litteraturstudenten Sigrid og hennar skjelsettande møte med forfattaren Kåre, filmregissøren Linnea som skal på locationjakt i København, performancekunstnaren Trine som slit med mjølkespreng, og ikkje minst Viggo, nok ein litteraturstudent, som lengtar inderleg etter å høyre saman med nokon eller noko. Fiskehandlardattera Elida, filmprodusenten Robert og litteraturprofessoren Göran spelar også sine roller i denne bunten av skjelvande og tidvis desperate karakterar.
Gunnhild Øyehaugs roman er både brei og kompleks. Ho er ein leikande og sprelsk forfattar, og Vente, blinke er både humoristisk og djuptloddande. Dette er ein roman om drift og draumar, kvinner og menn, om kjærleik og om kva det vil seie å våge å vere seg sjølv."

Alt du treng å gjere for å vinne ei av desse bøkene er å legge att ein kommentar under dette innlegget. Du må gjerne kopiere ein av jubileumstulipanane mine og legge på din blogg for å gjere andre merksame på jubileumet og dei flotte premiane dei kan vere med på å vinne!

Eg blir sjølvsagt kjempeglad om mange blir med på feiringa!

77 kommentarer:

  1. Kjære Tove!

    GRATULERER med jubileumet :o)Vil SELVFØLGELIG være med og feire deg kjære venn....
    Ønsker deg en fin-fin helg og gleder meg til mange flere engasjerende, inspirerende og vakre innlegg her på bloggen din.Takker for koselige kommentarer fra deg også, setter STOR pris på dem :o)

    KLEM

    SvarSlett
  2. Hei min venn :) I bilen på vei sørover..ja da..ikke jeg som kjører nei.... Da er din blogg TO små dager eldre enn min blogg..HURRA!!! Og inspirerer det har du gjort...og vil gjøre..Takk for at du er til--

    kvardagsgleder...stryke på en fin stein..ta et bad...klemme ungene mine...kaffe med en god venn ;) vkjenne at jeg lever...vakker musikk...vi nevner i fleng..


    Klem ...

    SvarSlett
  3. Hei Tove!
    Selvsagt vil jeg være med på feiringen din!! Gratulerer så mye med 1 års dagen :o)

    Jeg må si du har en blogg som utmerker seg her i blogglandia. Du skriver om ting som rører ved oss, og det er ikke tall på de ganger da jeg har hatt en tåre i øyekroken når jeg har lest innleggene dine. Du er helt fantastisk til å skrive og få frem stemninger, og ikke minst, du får oss til å TENKE!! Selv om jeg ikke alltid legger igjen kommentarer til deg, så er jeg innom deg til stadighet... :o)

    Gratulerer også med fullstendig overhaling på bloggen din - den er blitt kjempeflott!!

    Ønsker deg en herlig helg - kooos deg!!!

    Klem fra Hildegunn

    SvarSlett
  4. Heia!
    Gratulerer så mye. Du har en kjempe nydelig blogg, som jeg ofte er innom, for å se på de fine bildene dine og de lese om små øyeblikk;0)

    Mine hverdagslykke er; telefon fra eldstedattra mi, brev i posten, tegne/male, barnas små gleder, samtaler med tenåringene, yatzi med mannen min,tid med min gamle bestemor.

    Klem fra trøndelag.

    SvarSlett
  5. Først Gratulerer! Du teffer så godt Tove, og det er vel en av grunnene til at vi alle simpelthen elsker bloggen din! etter ett samlivsbrudd er jeg blitt veldig oppmerksom på alt livet har å by på, det hverdagen gir oss som vi alle tar som en selvfølge! der er du ett stort forbilde, iallefall for meg! mange av innleggene dine er så hjerte varme, og uten å fornærme deg - enkle! det enkle er ofte det beste, ikke sant! En klem, ett klapp på skulderen - et lite kort på et beleilig tidspunkt! heia for jubileumet ditt tove, jeg vil være med videre! Stor fredags klem

    SvarSlett
  6. Glemte spørsmålet ditt om hverdagslykke!Her er noen av mine: høre samboeren min si at han elsker meg i det han drar på jobb om morgenen, være sammen med nære venner, blomster, farger, hjemmebakte brød, te,granatepler, kreative prosjekter, musikk, TID og latter :o)

    SvarSlett
  7. Hei skjønne Tove!

    Gratulerer med jubileum.
    Jeg er glad for at din blogg finnes! Jeg er glad for at du finnes. Og jeg tenker at de som bor og lever rundt deg, er rikt velsigna.
    Du er en sånn person som utgjør forskjellen.
    Du skriver så det treffer meg midt i, og akkurat der det skal.

    Håper du blogger i mange, mange år.

    Hverdagene er det flest av, vi "strør glitter" på dem!
    Det er rett og slett en innstilling til livet. Tror vi har den felles, du og jeg. =)


    Stor klem, og gooooooo' helg til deg og dine.

    SvarSlett
  8. Ooo, eg vil vere med på trekninga, og med det same fortelje deg at eg er kjempeglad for at eg oppdaga den kjekke bloggen din! Du inspirerer!

    Gode kvardagsaugeblikk:
    Ein sovande baby i armane mine, ein klem eller eit brev frå dei "store" ungane mine - eller mannen, ei stille stund med Bibelen min, lyden av strikkepinnane mine, ein solstråle som plutseleg varmar stova vår...

    Ynskjer deg ei fortreffeleg helg!

    SvarSlett
  9. Gratulera med ein kjempeflott blogg, då tenkjer eg både på utsjånad og innhald :)

    For meg: Kvardag=lukka :)
    Frå at begge ungane kjem inn i senga vår om morgonen og pratar og pratar og sless eit bel så eg og mannen nesten dett på golvet, til kaffikoppen saman med kollega på jobb, ein tur i hagen før middag. Sy litt og prate med ungane. EIn koseleg telefon, ein middag i lag med vener....eg kan nemne i fleng...men eg trur de ser kvar eg vil hen. Kvar einaste kvardag er reine lukka for meg :)

    Klem
    Britt

    SvarSlett
  10. Gratulerer med jublieum,Tove!!
    Ein koselig blogg med fine bilder og gode innlegg!!
    Keep up the good work!!:):)

    Kvardagslykke for meg er tid med dei som står meg nær,ein god klem,ei god bok,ein tlfsamtale med dei heime,eit funn på loftet til mormor,dufter som gir minner,å sjå knoppane i naturen om våren,vinden om hausten,dei første solstrålane mot kinna osv osv:)

    Ønske dej og dine ei kjempefine helg!!!

    SvarSlett
  11. Gratulerer så mykje, vakre Tove!!
    Så fin bloggen din blei med ny logo!!

    Du er blogg-dronning, eg beundrar deg verkeleg. Du er så utruleg flink til å skrive, og eg kosar meg så ofte med innlegga dine!!!

    du , ditt vakre vesen, og dine evner er til stor inspirasjon til alle rundt deg..

    Gratulerer med 1 år, gleder meg til å følgje deg vidare.

    klem, ma

    SvarSlett
  12. Hei, eg set stor pris på å lesa bloggen din. Du skriv mykje klokt!

    Kvardagslykke for meg er: eld i ovnen, ei god bok i sofakroken, ungane og ungdomane mine glade og fornøgde -og eit glas pepsi-max. Kan sjølvsagt toppast med ein snill mann som lager god mat eller bretter klær, hehe...

    Lykke til med 1-års jubileum.
    Helsing Astrid frå Jæren
    mail: ashodne@start.no

    SvarSlett
  13. Kjære Tove!
    Gratulerer så mye med 1 årsdagen! Håper jeg får gleden av å følge deg lenge, lenge enda for du har i allefall beriket min hverdag med dine flotte innlegg.

    Etter at jeg ble skilt og plutselig skulle stå på egne ben med mine to skjønne barn, er det ett hverdagsøyeblikk som jeg har lært å sette pris på igjen etter at jeg på nytt fant lykken og stiftet bo med en mann; Det er noe så banalt og trivielt å ha en å ringe til og lure på om han kan være så snill å kjøpe med 1l melk hjem! 2 år som enslig lærte meg virkelig hva det ERGENTLIG vil si å ha noen å dele hverdagsøyeblikka med. Det er mye man tar for gitt og mye man finner ut at man savner når det lenger ikke er der....:-)

    Ha en super helg!

    Klme Torunn

    SvarSlett
  14. Gratulerer med kommende ettårsjubileum!

    Jeg er en stor fan av bloggen din, og er stadig innom for å lese. Synes du har mange fine tanker, og du "komponerer" dem sammen med fine bilder og dikt alt ettersom du synes passer.

    Hverdagslykke for meg er enkle greier du, det er de dagene når ungene og jeg klarer å holde roen, den gode stemningen og leiker fint sammen, ler godt av at vi blåser prompelyder på magen til hverandre m.m. Å få så våte kyss i fjeset av mine 15 mnd gamle gutter, så det formelig renner ned på halsen gir også en _helt_ spesiell lykkefølelse.

    Kos deg videre med bloggen!

    SvarSlett
  15. Gratulerer med jubileet! Jeg bare må innom for å lese, du skriver så utrolig bra om kvardaslige ting og saker som engasjerer. Det bildet som du har i headingen din var så fint!

    Kvardagslykke for meg er blant annet: leke med ungene og kose med de, lese en god bok, treffe venner og kjente, eller rett og slett bare ha god tid og nyte øyeblikket uten å ha noe på timeplanen.

    Ønsker deg en kjempefin helg sammen med din familie:)

    SvarSlett
  16. hei på deg:) Vil gjerne være med på feiringen:)...og GRATULERER...Tror kanskje at vi blogging i perioder er mer enn bare til egen glede og oppmuntring....Har fått flere helt spesielle møter in real life- med mennesker jeg har truffet i blogglandia...og det er litt stort:)...

    hverdagslykke for meg er nyvasket sengetøy, jazz-toner i øret og nytrukket kaffe i en kopp, betrakte en mor og jenta hennes som smiler til hverandre på bussen.....tenne stearinlys, skape en oase i mitt eget hjem av loppisfunn og gamle tekstiler....finne trådkurver på salg som jeg har ønsket meg en stund, VÆRE TIL en kald vinterkveld under en stjerneklar himmel, vite at jeg er elsket-uavhengig av hvordan jeg føler meg....Livet er herlig og fullt av små undere....

    Fredagsklem

    SvarSlett
  17. Fyrst av alt Tove.... GRATULERER med 1 års dagen:0)) for deg og bloggen din. Du har spredt mange gode ord og mykje godt lesestoff og satt fokus på ulike tema som er viktige. Så flotte premiar skal ein leite lenge etter, og boka til Turid Skjelten frå Brattvåg er verkeleg noko eg kunne tenkt meg:0)) Så her skal du få høyre kva som er kvardagslykke for meg;

    Eg er eit A-menneske og er derfor oppe saman med dei kvitrande fuglane rundt 6 om morgonene, Huset er stille...... lukta av nytrakta deileg kaffi:0)) Tenner berre stearinlys og nyter ein stille stund til ettertanke .... eg og kaffikoppen min. ..... når det ringer på Pc'n og eg høyrer ei kjent og kjær stemme frå andre sida av Atlanteren; "Hei, mamma'n min" då er dagen fullbragt, eg kan senke skuldrane litt etter praten med Solstråla mi.

    Det er kvardagslykka for meg.... og helgelykka også for den del:0)

    Ha ei strålande god helg ute på Halsane.
    Klem frå Lill

    SvarSlett
  18. Hei og grattis med jubileumet ditt da!

    Likte den nye headingen din forresten- kjempefin altså!

    God helg til deg og dine.

    Klem

    SvarSlett
  19. Gratulerer så mykje med 1-års dagen!
    Det er ein kjempefin blogg du har.

    For meg er kvardagslykke blandt anna å sitte rundt middagsbordet med min kjære og gutane etter ein lang dag på jobben som eg likar så godt. Å stelle blomane mine og få sette meg i sofakroken med eit handarbeid. Å glede andre og ha mulegheit til å reise. Det er så mange gleder i kvardagen at det er vanskeleg å plukke ut nokre få.

    Takkar deg for alt du deler med oss gjennom bloggen din, og ønsker deg ei fin helg:)

    SvarSlett
  20. Gratulerer Tove.

    Du har en kjempefin blogg. Skriver så fint og levende om de nære hverdagslige tingene. Og du gir av deg selv i hvert innlegg.
    Dette liker jeg ved bloggen din Tove.
    Og bloggen din ble kjempefin til jubileumetO=)

    Klemmer

    SvarSlett
  21. Heisann. Gratulerer så mye! Jeg er innom deg hver gang jeg er på bloggrunde, så du gleder meg med dine hverdagstanker. jeg er selv et hverdagsmenneske,men opplever at jeg ikke har nok tid til å skrive så mye. det som vel heller preger bloggen min er bildene mine. man kan få sagt ganske mye med bilder også. jeg er opptatt av de små ting i hverdagen, og de prøver jeg også å fange med kameralinsa mi. Men det som står høyest på lista over hverdagsøyeblikk er når datteren omfavner meg og klemmer meg hardt,og da mener jeg hardt for hun er supersterk(bryter som hun er) ;-]...og når jeg kan stryke over sønnenen myke kinn. Han har verdens mykeste, 16 åringen min....

    SvarSlett
  22. Klart vi er med å feira...
    Har forresten lagt ein liten utfordring til deg på min blogg - ta den om du vil...

    SvarSlett
  23. Gratulerer, kjære Tove!

    Har du virkelig holdt på 1 helt år!?
    365 dager med små og store hendelser.
    Gjennom bilder og tekst har du gitt meg mange opplevelser og mye å tenke over.
    Gleden du viser over de dagligdagse "små ting" er det som rører meg med sida di.
    - En barnehånd som holder en hjertesten
    - En nydelig soloppgang
    - En søndagsfrokost med kakao
    - En rusletur ute med langstøvler på

    Du viser at det verdifulle i livet oftest er det som ikke koster så mye i kroner og øre.

    Du viser også et stort hjerte i all den omsorg du omgir deg med.

    Det er så bra!

    "Der er en lykke i livet, som ikke kan vendes til lede. Det at du gleder en annen. Det er den eneste glede!" (A. Øverland)

    Dette er mitt lille valgspråk, Tove.
    Å kunne glede noen i hverdagen - det gir livet mening!
    Og ofte skal det ikke så mye til.

    Men å vise at en bryr seg og få lov å strekke ut en hånd, DET kan både glede en annen og en selv.

    Ha et fint jubileum!

    Alle gode ønsker fra meg.

    SvarSlett
  24. Aller først må jeg si takk for besøket på bloggen min. Det var hyggelig! Nå MÅTTE jeg jo gå inn her og kommentere, ettersom jeg fikk direkte invitasjon!
    Gratulerer så mye med ett år på blogg! Jeg må innrømme at jeg tyvtittet inn her etter å ha vært hos Lill, men uten å kommentere.
    Men jeg tror ikke "faren" for å vinne er så stor,- det er jo så mange som kommenterer her!
    Du har virkelig et respektabelt besøkstall! Det er jo selvfølgelig fordi du har en blogg som er verd å besøke! Jeg kommer nok igjen her senere også. Jeg synes også det er hyggelig å bli kjent ned nye bloggere.
    Lykke til videre, og ha ei god helg!

    SvarSlett
  25. Hei Tove.
    Så klart eg blir med feiringa.
    Det er så artigt å vera med.
    Hadde gjerne sett at den boka av
    Turid Skjelten frå Brattvågen havnet hjemme hos meg.
    Det er ju mine hjemtrakter hun kjem fra.

    Hverdagsöyeblikk....
    Ja siden eg ikke har barn og heller ikke kan få så er eg veldig oppteken av barn.
    Har to kjempegoe nabounger som er 5 og 2,5 år.
    Når vi har värt sammen og eg skal gå ned til meg og dem kommer löpende etter å vil ha kos.
    Da blir eg lykkelig.
    Det er hverdgslykke for meg.

    Ha nå en fortsatt fin kveld beste Tove.
    Klems fra Digernes.

    SvarSlett
  26. Gratulerer så mye med jubileum. Klart jeg vil være med å feire. Bloggen din var en av det første jeg oppdaget, og jeg titter som regel innom selv om jeg ikke blogger selv lenger. Hverdaglykke er en klem fra barnebarna, gaver som ivrige små hender har laget til meg. Vårens første hestehov, en sildrende bekk, eller klapp på skuldra. Ha en fin helg !

    SvarSlett
  27. Kjære Tove, klart jeg vil feire deg!! Du har en unik blogg, dype, rause og oppegående tanker og så er den jo en kjengjerning at lærere er bra folk,hi hi!! Så fin siden din har litt foressten, tror jeg må sette meg inn i Picasa jeg og..

    Ting i hverdagen jeg setter pris på:
    *At mannen min allid lager kaffe til meg på morgenen, i helgen får jeg den på sengen med en liten sjokoladebit.
    *Små gode guttekropper som trenger mamma'n sin fra alt til å finne frem fotballstrømper, pugge gloser og høre leselekser til å synge nattasang og trøste.
    * Elevene mine og foreldre som stadig gir gode pg varme tilbakemeldinger, følelsen av å være viktig for småfolk som ikke alltid blir sett andre steder...
    *Søsteren min som er verdens beste venn og tante og også står min mann veldig nær!
    Sikkert mange andre ting, er vel som deg, de små hverdagstingene betyr aller mest!
    Jeg skal reklamere for deg jeg og GRATULERER med ettårsdagen!!
    Varm klem fra Anette

    SvarSlett
  28. Hei Tove. Følte meg litt truffet av hintet ditt ja... Du veit eg er innom og sjekkar kvar dag :-) Har prøvd å legge igjen nokre kommentarar, men noko har gått gale. Prøvd å legge meg til som fast følge, men fekk ikkje til det heller. Har fått meg ny maskin, og der får eg ikkje til å lese innlegga dine. Så eg låner Kristoffer si maskin til slikt kosetidsfordriv...
    Er det verkeleg 1 år sidan? Utruleg kor fort tida går...men det ser vi no på ungane.
    Kvardagslykke....kan no ikkje ramse opp alt. Men akkurat no er det fantastisk kjekt når Ingeborg kjem og tek meg i handa for å leie meg dit ho vil at eg skal hjelpe henne med noko. Eller når Sigurd står i senga om morgonen og ropar på mamma...og når eg supertrøtt i trynet kjem inn og blir møtt av eit kjempesmil og gledesrop, gjerne etterfulgt av ein god klem.
    Gratulerer med jubileet kjære venn! Er så kjekt å følge med på dokke, når ikkje vi treffast så ofte. Glad i deg, Tove.
    Klem frå Selje

    SvarSlett
  29. Tenk at du har blogga i eit år allereie, Bloggen din har inspirert meg og gitt meg mykje - både av tankar og kjensler. Håper at du fortset med å skrive så godt og varmt som du har gjort dette året.

    Gratulerer med 1-årsdagen. HIPP HURRA!!!

    ein forblåst klem frå Cecilie

    SvarSlett
  30. Det er vel kanskje på tide at sjølvast husbonden legg igjen ein kommentar... Det har vore eit år med lettvinte middagar, kleshaugar som aldri vert lagt på plass, ungar som aldri lagde, leiker som aldri vert rydda, for ikkje å snakke om all tida ho prioriterer på anna enn meg!!! Neida, det meste at dette er sjølvsagt berre tull og tøys. Det er så artig så sjå kor kry ho vert når ho opnar maskina og ser alle kommentarane ho har fått! Og så er eg ikkje så reint lite stolt av henne. Vil sjølvsagt få gratulere med jubileumet. Kyss og klem, husbonden din......

    SvarSlett
  31. Kjære venn!!!
    Gratulerer med jubeliumet!! Det er fantastisk å lese kor flott din blogg har utvikla seg. Eg huskar ennå mailen eg fekk frå deg og kor glad eg vart. Det var skikkelig kjekt!
    Setter pris på deg Tove, og håpar vi rekk oss ein kaffikopp snart. Det vil eg så gjerne.

    Her kjem noko av det eg set pris på i min vesle kvardag er så klart å få vere saman med barna mine. Sjå dei vokse og utvikle seg.
    Eg set pris på når mannen min kjem og gir meg en klem, eller når eg får høre stemmen til mamma`n min og pappa på Island. Eller når sola skin inn kjøkkenvinduet mitt i januar og når ein venn kjem på ein kopp kaffi og ein prat.... Det er det små som gjer alt så stort. Og dei orda som du likte så godt om at barna gir meg minner og fyller albumet mitt kvar dag. Det er nok det aller største.

    Sender en stor jubileumsklem til deg.
    Ha ei riktig fin helg min venn.
    Klem

    SvarSlett
  32. Heia! Så koselig å høre fra deg! Jeg skal legge deg til listen min så kommer jeg oftere!!
    Gratulere så masse med jubileet!! Blir med å feire jeg også!
    Ha ei strålende helg Tove!!

    SvarSlett
  33. Oi! Her haglar det med kommentarar allereie, og til og med ein frå husbonden!!! Den var flott :-)

    Kvardagsgleder? Eit glimt av sola i fjella, eit smil frå ein ukjend i forbifarta, varme barneklemmar, fredagskveld med reint hus (sjå innlegg), ein rosande kommentar, vere ute i ruskevêr når ein er godt kledd.....

    Du har absolutt gleda meg med bloggen din! Det var vel du som gav meg det siste sparket ut i bloggeverda.
    Du har ein unik og vakker måte å meddele meiningar, tankar og kjensler. Små ting vert store under dine fingrar som fer over tastaturet. Bileta dine talar eit eige språk og gir ei eiga stemning.

    Gratulerer med den komande eittårsdagen, kjære deg :-) Eg ser fram til meir....

    Stor og god klem!

    SvarSlett
  34. Gratulerer med jubileum. Kjempefin blogg du har.
    Ting som gjør hverdagen rikere kan være så mangt,for det er jo uhorvelig masse å glede seg over: En knuseklem fra mitt barnebarn,en bukett tulipaner,de første spirene i hagen om våren,lukten av rent sengetøy tørket på klessnora ute.
    Dette er noe av det som gleder meg.
    Ha ei fin helg.

    SvarSlett
  35. Hei og gratulerer hjertligst med jubileumet!!! Godt jobba, keep up the good work! Bloggen din er svært innholdsrik og mettende, med det så mener jeg at den er fantastisk på alle måter og at det er en ren glede å besøke deg!

    Det jeg syntes er viktig i hverdagen er små gode ord, latter, klem, blikk en treffende kommentar og alltid si at man er glad i hverandre store og små før man tar god natt om kvelden!

    Nyt helgen!

    Klem fra det hvite ♥

    SvarSlett
  36. Gratulerer med jubileumet! Jeg har mista deg av lista mi - det skjønner jeg ikke. hmmmm! Legger deg inn igjen nå iallefall. Kos deg i helgen og den vente,blinke kunne jeg mer enn gjerne tenke meg. Har bestilt den på biblioteket ;) blinke, blinke - vente, vente på trekning ;) Stor jubileumsklem Hanne

    SvarSlett
  37. Jeg vil så klart være med å feire deg, TOVE:
    Kor mange gång ha ikkje du gitt meg en god kveld med inleggene dine!
    Du er en fantastsik forfatter, Tove!
    Gratulere med jubileum. Tenk at du har holdt på noen dager MINDRE enn meg.. jeg begynte rett over nyttår..
    God helg og klem fra meg, Nunne.

    SvarSlett
  38. ja, kjære deg- det er klart jeg vil være med å feire en slik en fantastisk blogg! Det er ikke så veldig lenge siden jeg oppdaget bloggen din, men du hvor mye jeg fått fra den! Rørende dikt, hjertevarme innlegg og tankene dine som du så gjerne deler med oss, og som maner til ettertanke! Tusen tusen takk for alt du deler, og for alt du gir!

    Kjærlig hilsen Fru Petersen

    SvarSlett
  39. JA, også hverdagslykke ja! Ååå, det er så mye! Det er når mannen min skriver små gode beskjeder via messenger når han er bortreist, det er eldstedatteren min som sier"jeg vil savne deg mens jeg er på skolen", det er minstemor sitt forsøk på å sette en spenne i sitt eget hår, det er når 5 åringen kommer med en tegning hvor han har tegnet at han er prins og jeg er prinsessa..Og det er når jeg ser alle 4 barna mine sitter heeelt inntil hverandre og ser barnetv..gjerne en med hodet på skulder til den andre, og 4 åringen sin hånd i storesøsterens fordi Kaptein Sabeltann er så innmari skummel!!

    SvarSlett
  40. Hverdagslykke:
    - Harmoniskebarn, familiemiddager og friske snittblomster.

    Grautlerer så mye med jubileumet.

    SvarSlett
  41. Hei hei.
    Gratulerer med 1 år dagen.
    Du har en fantastisk blogg!

    Og er så enig i at en skal se det store i det små, har så mye å være takknemlig for!

    Smilte litt da jeg såg kommentaren fra din mann.... hehe det går litt tid her i denne verden, men du så koselig, så mange positive folk som en slett ikke kjenner, men som setter pris på det en skriver, positive, ja det er utrolig kjekt, og så mange gode klemmer da!

    Ha en fin helg Tove!

    SvarSlett
  42. Gratulere med jubileet! :)Ein fin blogg eg kikar innom me jamne mellomrom:)
    Eg veldig enig med deg at kvardagsliv er undervurdert... Ein bør ha ein kvardag ein trivast med... det er jo flest av dei:)
    For meg er godt kvardagsliv ei naturoppleving... mellom anna høyre vinden ule utom husnova, bylgjene slår, måsane syng sin vårsong, ei appelsin i solveggen, kjenne sanden mellom tærne, kjenne lukta av mose... med og får eg desse opplevingane saman med dei familien eller vener er det optimal kvardagslukke:)
    Gode helsingar frå Elisabeth utta øyane

    elijon1@online.no

    SvarSlett
  43. Hei du - meg igjen... glemte jo å kommentere faceliften på siden din. Den er superfin. Klem

    SvarSlett
  44. Hei min bloggevenn,
    så kult at du digger bloggen min da!
    Digger din også jeg :0)
    Må bare si at det gjorde sterkt inntrykk å lese innlegget der du skrev om Arne Næss!
    Fantastisk fin og viktig setning han kom med der!
    Fantastisk hverdagsøyeblikk:
    Når jeg møter blikkene til mine tre skjønne barn,og jeg kjenner kjærligheten fra de strømme til meg!
    Et annet hærlig hverdagsøyeblikk er å være sammen med min snille,trygge og gode Gubbeluremann:0)
    Ønsker deg ei deilig helg!
    Kjerstiklem

    SvarSlett
  45. ...glemte å si at det med kaffen er ekstra koselig fordi min kjære ikke drikker kaffe selv...Smil og klem

    SvarSlett
  46. God morgen.
    Det var så koseleg å lese om bloggen din i avisa i dag. Benedicte peika på Sina og sa Siiia. Kjempeartig.

    Ha ei fortsatt fin helg.

    klem

    SvarSlett
  47. Jeg tror jammen meg at jeg aldri har vært her hos deg før. For en flott blogg du har.

    Hverdagsøyeblikk; Å sykle bak sjuåringen min. Å se henne balansere på sykkelen full av pågangsmot ut i den store verden. Da kjenner mammaen en slik deilig følelse i hjertet.

    Ha ei flott helg!

    SvarSlett
  48. Hei Tove!

    Grattis med 1 år! Imponert over alle innleggene du har klart å lage.., og allt tilbakemeldinger! Tyder på at du har skrevet mye fint..

    Hverdagslykke for meg er å ha en hverdag..hverdager er undervurderte. Etter å ha lagt på sykehus i ett år uten å få være mamma, var det utrolig godt å komme hjem og bare få lov til å ha en hverdag..

    - Få lov til å vekke ungene om morgenen
    -Lage nistepakke som jeg egentlig innerst inne synes er kjedelig
    -Skynde oss ut av døren om morgenen
    -Hente dem fra skolen, og hjelpe til med lekser
    -Kose med ungene og få høre deres tanker om hva de har gjort den dagen..
    -Spise middag alle fire og være skikkelig familie
    -Kjøre dem til fotballtrening, ha huset fullt av kameratene
    -rydde opp rotet etter dem, og mase på de at de skal rydde selv
    -Se på Tv sammen..faste ting som 71 grader nord..
    -Fredagskvelder med ungene..Taco, Nytt på Nytt, Senkveld og godteri..
    -Lørdags morgen, eller formiddag (B-mennesker hele gjengen) når ungene kommer inn og vekker oss..)
    -Når hunden min kommer med snuten og vil ha kos
    -Når jeg kan legge ungene hver kveld hvis jeg har lyst, og kose og klemme de og fortelle hvor glad jeg er i de :o)

    Det er hverdagslykke for meg!

    Lykke til med nytt år som blogger Tove! Klem fra Linda :)

    SvarSlett
  49. Hallo frue.....

    Gratulerer så mykje med jubileet og gratulerer med flott intervju i avisa.....det er så godt å sjå at nokon tørr å stille opp.
    Astrid var også i Møre!

    Ønskjer deg og familien ein superflott laurdag:)

    Klem

    SvarSlett
  50. Hei Tove!
    Klart jeg vil være med på feiringa! for inspirerer DET gjør DU!
    - også så flotte premier du deler ut...den første virker spesielt spennende!

    Hverdagsgleder: en kopp god kaffe, en venninne som ringer, en katt som smyger seg inntil og maler, en varm dusj, en dundyne...et smil, en nyutsprunget blomst...

    SvarSlett
  51. Heisan toe
    Jo vist vil vi vere med å feire - feire ein flotte blogg - ei flotte blogg dame som eg håper eg kan bli litt bedre kjent med i 2009

    Kvardagsaugeblikka er jo så mange - det er jo berre å stoppe opp, så finner ein dei - overalt

    Men for meg er det å se at dyra våre har det bra, at vi er friske og har det bra.
    Men ein tur med kamera, gode veninner eller litt kos på syrommet.

    Ein klem fra guttongen, ein telefon fra noen du er glad i eller ein klem fra mannen

    Smil fra monika
    ps - noen av mine kvardagsaugeblikk ligger no på min blogg :-)

    SvarSlett
  52. Hei, og jøss!! For en fin måte å feire jubileum på! Eg hiv meg med....
    Kvardagsøyeblikk i fra i dag:

    Minstemann er ikke så veldig å dele ut klemmer i hytt og pine, men da eg spurte han i dag om eg kunne være så snill å få en klem, svarte 6-åringen....: Mamma, eg har ingen igjen akkurat no, men det betyr ikkje at eg ikkje er glad i deg. Eg er faktisk ganske fornøyd med foreldrene mine eg!.....bedre klem kunne ikkje eg få, bedre kvardagsøyeblikk skal i alle fall eg leite lenge etter!!
    God lørdagskveld!
    klemklem

    Ps: lurer på om ho Øyehaug er i slekt med ein eg kjenner....Mine gamle naboer ber same navn!!

    SvarSlett
  53. Hei Tove.
    Jeg fant deg via en annen blogg og kikket innom. Har også sett deg rundtomkring i diverse kommentarfelt. :)
    Først og fremst vil jeg gratulere deg med jubileumet!
    Har kikket gjennom deler av bloggen din nå.
    Du har en flott blogg med mange fine tanker, og ja, nettopp - mange hverdagsgleder.
    Har kost meg med runden her.
    Jeg linker deg og kommer med glede innom deg igjen.
    Håper at det er greit.
    Ønsker deg fine dager med mange gode bloggstunde, kreativ utfoldelse og ellers alt godt som livet har å by på.

    Hverdagsgleder for meg er:
    - Å kjenne lukta av nytrekt kaffe om morgenen
    - Å vekke jentene mine med ett kyss
    - Samtalen rundt middagsbordet
    - Å skrelle en mandarin
    - Å høre kattene male når jeg stryker dem
    - Å høre jentene mine le
    - Å lytte til fin musikk
    - En telefonsamtale med mannen min (som er sjømann og befinner seg i Spania for øyeblikket)
    - Å blogge
    - Tenne levende lys
    - Ett varmt bad
    - Grønnsåpelukt i ett rent hus
    - Å fotografere
    Osv. osv. osv.

    Mvh.
    Ida

    SvarSlett
  54. Gratulerer med jubileum og overhaling! Du har ein heilt spesiell blogg:)

    Kvardagslykke for meg er f.eks., minstejenta som gir meg ein klem og seier at eg er verdas beste mamma (det seier ho nemleg ofte:)), når ungane ivrig fortel meg noko, gode samtalar eller ein klem, ein fin blomst, ei stille stund for meg sjølv, når eg tek bilete av den fantastiske naturen vi har rundt oss, når eg kan pusle i hagen osv.

    Mykje av dette er ting eg ikkje tenkte spesielt over før eg byrja å blogge..., og å lese bl.a. din blogg:) Kvardagslykke er viktig, men veldig lett å oversjå i ein stressa kvardag.

    Ha ein fn laurdagskveld, Tove! Klem

    SvarSlett
  55. Sluttar meg til feiringa her, gratulerer så mykje Tove med eit år med blogging...og for eit år det vart....Har lest meg eindel tilbake etter eg fann bloggen din, du byr på det meste av alle sortar, og ikkje minst på deg sjølv...har sagt det før, men du har ein utruleg kjempeflott blogg, ser superlativa haglar på deg om dagen, og det fortjenar du! Du er ei stor kjelde til inspirasjon, tenkjer ofte .."kvar tek ho det frå..?"

    Mine kvardagsgleder...mange av dei...ein roleg føremiddag fri ilag med mine kjære, nylaga kaffi, ei stille stund i gostolen, når gutongen synest noko er ekstra morsomt og ler som berre eit barn kan...kunne nevnt i fleng..

    Fortsatt god feiring ;))

    SvarSlett
  56. WoW bukker her jeg nå, for så fint innlegg måtte lese det to ganger for å være sikker på at jeg fikk med meg alt:)

    Gratulere så masse og selvfølgelig vil jeg være med på dette!!!!!!!!!!!

    Hurra hurra hurra

    klem fra Gamlå

    PS bloggen din har blitt kjempe fin!!

    SvarSlett
  57. Gratulerer så mye! Jeg synes bloggen din er nydelig:) klem fra silje.

    SvarSlett
  58. Gratulerer så mykje med jubielumet ditt! Eg håper det blir mange fleire jubileum også, for bloggen din er kjempekosleg å besøke kvar gong!

    Kvardagsgleder er så mykje - alle dei små gode glimta i kvardagen, eit godt ord, ein god klem, ein uventa artig kommentar, eit nytt innlegg på ein kjekk blogg, ein kosleg kommentar, når sola tittar fram i Brandal etter vinterdvalen sin, når katten kjem deg i møte, hesten humrar... Eg kan nemne i fleng...

    Ynskjer dokke ei god helg!

    SvarSlett
  59. Gratulerer så mykje med jubielumet ditt! Eg håper det blir mange fleire jubileum også, for bloggen din er kjempekosleg å besøke kvar gong!

    Kvardagsgleder er så mykje - alle dei små gode glimta i kvardagen, eit godt ord, ein god klem, ein uventa artig kommentar, eit nytt innlegg på ein kjekk blogg, ein kosleg kommentar, når sola tittar fram i Brandal etter vinterdvalen sin, når katten kjem deg i møte, hesten humrar... Eg kan nemne i fleng...

    Ynskjer dokke ei god helg!

    SvarSlett
  60. oi, sorry, først ville ikkje det publisere, så kom det dobbelt...

    SvarSlett
  61. Gratulerer!
    Hverdagslykke for meg kan være en stille stund en søndagsmorgen, med kaffekoppen, ingen tv eller radio på, bare nyte stillheten.

    Ønsker deg en fin feiring, håper du skal blogge i mange år fremover:)

    SvarSlett
  62. OJ!! 60 kommentarar!! Her snakkar vi verkeleg om respons, Tove!!
    Gratulerer på det varmaste med eittårsjubileumet, kjære du, måtte det bli det første av mange, mange år:0)
    Kvardagslykke ja...Når ungane kryp halvsøvnige og sovevarme under dyna di ein tidleg morgon og erklærar at dei elskar deg*smelt*,
    å glede seg over framgangen til ungane, ingenting slår lukta av nyvaska kle som har fått henge ute på snora, og årets første(som eg tok inn i går) er det aller aller beste...
    Kunna sikkert ha ramsa opp i det uendelege Tove, men det eg vil fram til er at det er dei små, enkle augeblikka som er mest uvurderlege og verdsette!!
    Ynskjer deg og dine ein uvurderleg flott søndag!!
    Varm klem
    Varm klem

    SvarSlett
  63. Gratulerer Tove! Du har vært en stor inspirasjon til hverdagsgleden det siste halve året som jeg har fulgt bloggen din. Jeg erimponert over dine evne til å ordlegge deg og ditt mot til å skrive om ting som engasjerer deg. Jeg er en FAN av deg Tove. Du er min hverdagsheltinne!!Jeg gleder meg over at det er gått 1 år allerede og håper på mange flere!!


    Min største hverdagsglede er å spise frokost med ungene. Da tenner vi lys for dagen som kommer, dekker bordet og starter dagen rolig og mykt. Dette har vært et privilegium siden jeg ikke har vært i jobb, og jeg setter stor pris på å få denne tiden sammen med dem.
    Nå spiser vi middag sammen hele familien hver dag, men det er nå starten på dagen som er mest verdifull for meg.

    SvarSlett
  64. Gratulerer så mye med bloggens 1-årsdag! Selvfølgelig blir jeg med på feiringa!
    Jeg har akkurat funnet bloggen din, og liker den veldig godt, så kommer helt sikkert tilbake hit :)
    Det er viktig å ta vare på de små gode tingene i hverdagen, og det er mye som gleder meg.
    Et varmt smil, en god klem fra en som bryr seg, lukten av nytraktet kaffe, en bukett med vakre blomster, naturens stillhet, hyggelige kommentarer på bloggen min, en koselig kveld med venner....

    SvarSlett
  65. Heisann!
    Jeg havnet her etter å ha vært inne hos Monica S. Du har en nydelig blogg! Og gratulerer SÅ mye med 1 års jubileet!

    Hverdagslykke for meg:
    Når barnebarnet roper -momo eller gir meg en god klem, en SMS fra en av ungene med -gla i deg og, en god klem av mannen hvis jeg er lei meg, et lite slikk på hånden av hunden, kosekveld med venner, god mat, en koselig film, en vakker utsikt, en spesiell sang og mye mye mer!

    Lykke til med videre blogging! Jeg kommer tilbake, hver sikker!
    Hilsen fra Turid;)

    SvarSlett
  66. Utopia e funne!

    For ei kjekk nettverd du har laga deg, Tove. Eg har for nokre minutt sidan opna min aller første blogg, og det er nok eit lite steg for menneskeheita, men eit i nr 45 for meg...

    Det var ei flott sak Roy Arne hadde skrive om deg og dine i Møre-Nytt. Artig å lese om lokale kjendisar. No har eg lagt meg sjølv til som følgjar av bloggen din, så kan du kanskje gje meg nokre gode praktiske tips.

    Lukke til vidare med Verdsvevarbeidet. No har eg funne den smale stien til Utopia!!!

    mvh Hjørdis

    SvarSlett
  67. Liker så godt bloggen din:) Du skriver så fint, og du minner meg på hvor nydelig nynorsk egentlig er:)
    Kvardagsøyeblikk... Det er så mange av dei synes jeg:)
    Men det beste er vel all den tid jeg har sammen med dattera mi:) Spesielt når ho kikker meg dypt inn i øynene og smiler det herligeste smilet:)
    Et annet fint kvardagsøyeblikk er det øyeblikket jeg setter meg ned i sofaen etter en slitsom og travel dag. Bare det å slappe skikkelig av og ha litt tid for meg selv:)

    Gratulerer så mye med jubeleum:)
    klem fra Jenny

    SvarSlett
  68. Jøye meg, vert eg kommentar nr. 68?? Snakk om publik, kjære syster!
    Men dei gode lesartala har ein årsak. Høyr her:
    Du brenn, nemleg. For alt. For livet, borna, mannen din, oss andre, politikken, jobben, bygda, koret, venninnene, deira liv, veiret, fyrste blomen om våren og alt anna som pustar, veks, gror, spirer, og dryp. Og no brenn du for blogglesarane dine. Derfor gir du av deg sjølv, gong på gong, og rører ved alle som les orda du tryllar fram. Og lesarane kjem derfor tilbake. (Og tilbake og tilbake). Inkludert meg sjølv.
    Ei dame lenger oppe i kommentarfeltet skreiv at dine næraste er heldige som har deg. Og det er vi! Kva hadde vel livet vore utan deg. Du er den som alltid stiller opp, om det så gjeld henting, køyring, matlaging, vasking, trøyst, tips, råd, kunnskap, utlån, fiksing, miksing og triksing.
    Men dette gjeld ikkje berre for dine næraste.
    Du er læraren som er så flink og engasjert at foreldra til elevane dine, stoppar syster di i butikken, for å fortelje kor flink og engasjert du er.
    Du er eit ressursmenneske av dimensjonar. Eit sterkt, klokt, varmt og godt menneske. Du fortener kvart einaste gode ord som vert fortalt om deg på denne bloggen.
    Noko som er viktig for meg i kvardagen? Lista er lang. Så eg skal vere kjapp; For eksempel at vi to har korta ned bu-avstanden med om lag 59 mil siste året ;)
    Det er godt å ha flytta heim.
    Vinn eg no?

    SvarSlett
  69. :D
    Har nettopp lese kommentaren frå di kjære syster, litt av ein CV! Eg trur på kvart einaste ord:)

    Så over til nokre kvardagsaugeblikk som berikar kvardagen min:

    *lyden av små føter som tuslar over soveromet våra, etterfylgt av eit kviskrande spørsmål: "Mamma, kan ej få litt sovevarme med dej?"
    *frukost på senga -noko eg er så heldig å få både titt og ofte! Då sit heile familien oppi senga; smular og majones finn vegen rundtomkring i sengekleda, koppen med kakao og krem går på rundgang til alle saman. Dette vert ofte opptakta til ein positiv rydde- og vaskedag:)
    *kosestunda i sofaen med Linnea i armkroken etter at ho har vakna frå middagskvilda si. Ein varm liten smilande bylt som får eit morshjarte til å fløyme over av kjærleik!
    *ettermiddagane når mann og barn kjem heim frå jobb, barnehage og skule; eit høglytt kor som ropar "Mamma!" med det same dei kjem inn døra, ofte etterfylgt av høgtideleg overrekking av gåver/teikningar som dei har laga i barnehagen.
    *kveldskosen på senga til alle mine små skattar; fortruelege samtalar, song og små historier frå kvardagen som skal delast, gode ord og kjærleikserklæringar, avslutta med gode nattaklemmar.

    Flotte premiar du har forresten! Boka til Gunnhild har eg på lista over bøker som skal lesast:)

    SvarSlett
  70. Kjære Tove..
    Tusen Takk for at DU ER DU. Tusen Takk for at eg får vere venen din. Eg set stor pris på ditt vennskap og håper det varer livet ut. Du har ein flott familie og du tek vare på den på alle moglege måtar. Fortsett med å vere den du er, det er slik vi vil ha deg:)

    Så: Gratulerer med 1 års dagen for bloggen din. Eg er imponert over alt du får til, samtidig er det ingenting som overraskar meg når det gjeld deg Tove. Du har mange jarn i ilden og ikkje eit einaste eit får brenne ut og bli kaldt.

    Så til mine kvardagsaugeblikk:
    * Kjensla av små,varme og gode barnehender som lukker seg om dine store kalde eller som heng seg fast rundt halsen din. Varme kviskrande ord i øyra som: "Eg er så glad i deg mamma".
    Borna er der kvar dag og utan dei hadde ikkje ein einaste dag vore kvardag.
    * Gleda eg føler når Rivhard kjem heim etter ein laaang arbeidsdag.
    * Smila og takknemlegheita eg får etter å ha besøkt mine gamle gode vener i løpet av ein dag på jobben. Eg synes det er ein berikelse å få jobbe innan det yrket eg har valt, og set pris på kvar dag eg får love til å hjelpe.
    * Kjøttmeisene utanfor kjøkkenvindauget mitt. Det er så kjekt å sjå kor dei virrar rundt omkring før dei endeleg finn roa og set seg til å ete. Nydelege små fuglar som kvitrar opp kvardagen.
    * Møre Nytt og ein kaffikopp, samt utforske nyhende i blogglandia.

    Då takkar eg for meg for denne gang. Eg er veldig glad i deg og dine Tove. Varm klem frå Laila:)

    SvarSlett
  71. Hei Tove! Gratulerer så mykje med feiringa! Glad for at eg oppdaga bloggen din, det har vore kjekt å fylje med! Masse inspirasjon!Mulig eg er veldig egoistisk, men det som slo meg først når det gjeld kvardagsglede, er å kunne sette seg godt ned i sofaen, å nyte ei heil plata firkløver ÅLEINE!Stå på :-) -Eva, Lauvstad.-

    SvarSlett
  72. Som ein av dei blogglause, anonyme som vanlegvis ikkje legg att spor vil eg gratulere så mykje med jubileet! Bloggen din har blitt ein fast plass eg må innom, den er god å lese. Gratulerer så mykje med den flotte reportasjen i MøreNytt!

    Klem
    Gry - utflytta ørsting
    gry@orsta.org

    SvarSlett
  73. Kjære gode, snille Tove!
    Gratulerer med jubileumet! Eg tek sjølvsagt hintet sidan eg er ein fast lesar av bloggen din, og beundrar alt du får til. Du er så flink med ord og stemningar.
    Du er eit fantastisk menneske. Eg har, så lenge vi har kjent kvarandre, og spesielt siste tida, nytt godt av at du bryr deg. Eg setter umåteleg stor pris på deg både som venn og kollega.
    - DU gjer kvardagen min rikare!
    I tillegg er gode ord noko eg set stor pris på. Elles blir eg glad når gravemaskina til Aarskog maskin står i hagen min! At ungane mine kvar dag stråler når dei blir henta, lukta av god, nytrekt kaffi, SOL, varme klemmar og kildesortering!
    Ha ein uforgløymeleg kveld!
    Klem

    SvarSlett
  74. FOR en flott blogg!!!! Sitter jo bare å smiler når jeg leser den;o) Du er kjempeflink til å skrive - en sann inspirasjon.

    Hverdagsgleder for meg er en kopp kakao m/krem, et "blinkskudd" når jeg tar bilder, kjenne lukta av parfymen jeg fikk til bursdagen min, lukta av axe når mannen min har dusja, at barna mine gjør noe spontant for "bare" å glede meg (det gjør de ganske ofte).......

    Dette var litt da.

    Ha ei fortsatt fin uke.

    Anita

    SvarSlett
  75. Gratulerer med jubileet. Du har ein kjempeflott blogg:)

    Kvardagslukke - Når ungane legg armene rundt halsen min, eller når dei kjem springane mot meg i barnehagen og gledestrålande ropar MAMMA!!!! EIn kopp kaffi med ein god sjokoladebete attåt. Ei god bok. Ein telefon frå ei venninne som ør om me kal ta ein kopp kaffi. Ein uventa blom frå husbonden. Når ein berre tenker etter kan lista bli laaaaaang:0)

    Ha ei flott veke.
    Klem:0)

    SvarSlett
  76. Jeg drister meg til en beskjeden melding her inne ettersom jeg nettopp har oppdaget den flotte bloggen din.

    Det startet med at jeg i farta ved en tilfeldighet havnet på denne bloggen. Jeg kikket raskt gjennom før jeg såvidt begynte å lese. Og så ble jeg tvunget til å stoppe opp for innholdet krevde det. Jeg tillot det også fordi det grep meg. Dermed havnet du på lista over blogger jeg gjerne vil lese.

    Mine hverdagsgleder har blitt så mange flere etter at jeg begynte å blogge nettopp fordi jeg er bevisst at de finnes. Det er de små tingene som varmer meg når jeg er åpen for det. Og det er jeg blitt flinkere til. Små ting som
    - en enkel sokk (?) på kjøkkenbenken
    - en øyeskygge med kloremerker i
    - det å ikke finne noenting fordi tingene av en eller annen grunn beveger seg her i huset
    - barnas tilstedeværelse i hele mitt liv og horisont, deres ett og alt
    Og så gleder det meg med noen solstreif, noen spirer i hagen, noen gode kopper kaffe og en god blogg.

    SvarSlett
  77. Kjære Tove!

    Gratulerer med 1-års-dagen! Kjekt at du har fått til ei så populær side! Som en kollega sa: å kome inn på bloggen til Tove var som å stige inn i eit spa...

    Du spør etter gode kvardagsaugeblikk. Vel der er mange, men no har eg delt kontor med frua frå Halsane( der ingen skulle tru at nokon kunne bu....)nokre år, og det er noko eg ser fram til med glede kvar dag. Takk og lov for at du ikkje er i permisjon lenger - endeleg kan eg få litt rettleiing i tastaturbruk og anna datasnacks, korleis bruke gasspedalen i bilen, for ikkje å snakke om korleis vi reknar med prosent! Uvurderlige tips, MANGE gode kommentarar og godt vennskap som eg set pris på!

    Lykke til vidare med bloggen din, eg beundrar det du har fått til!

    Stor klem frå Ann Helen

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!