søndag 27. november 2011

Dryssa stjerner…♥

snø

Når ei solstråle ligg att og brenn i oss.

Når ein heilt vanleg gråversdag har stjerner over seg.

Når nokon har sett at vi er til.

Kanskje var det berre i forbifarten. I travelheten.

Ein uventa smil, ein open varme.

Kanskje var det ein omfamnelse,

kanskje var det eit sekunds stogg.

Nokon som hugsa noko godt, og takka.

Nokon som rørte ved oss, kanskje ubevisst.

Vi kjende oss famna inn, kjende oss overdryssa av varme.

Våga sleppa gleda eit ørlite steg lenger fram.

Våga sjølv dryssa stjerner, dela ut varme, gje smil, røra ved...

Måtte vi nøra elden i kvarandre!

Bente Bratlund

snø1

Det er fyrste søndag i advent i dag. Du kan drysse stjerner over nokon, glede nokon, røre ved nokon. Gjer dagen fin for nokon.

Gjer adventstida fin for fleire enn deg og dine ♥

Bileta er lånte her og her.

fredag 25. november 2011

Medan “Berit” herjar…

…kosar vi oss inne med fyr i omnen og “Gullrekka”.

IMG_4119

Det ruskar godt ute, men vi kjenner oss trygge og bur i eit hus som har stått gjennom mang ein storm.

IMG_4509 copy

Eg har krølla meg saman i sofaen med strikk medan eg puggar tekster til julekonserten i morgon!

Håper alle har det godt og trygt i uvèret!

søndag 20. november 2011

Rehearsal dinner ♥

I USA har dei “rehearsal dinner” i forkant av sjølve bryllaupsdagen for å sikre seg at vener og familie får møte kvarandre før sjølve bryllaupsmiddagen. Det er òg ein test på om brud og brudgom klarer brasene og at alt sit som det skal.

IMG_4314 copy

I år skal eg ha gjestar på julaftan og då må eg sjølvsagt “øve” meg litt før den store dagen. Sidan det er syster mi med familie som kjem på julemiddag, var det berre rett og rimeleg at det var bror min med familie som skulle kome på “rehearsal dinner”. På menyen stod det pinnekjøt med alt mogleg tilbehør.

IMG_4290 copy

Sjølv om det var i starten av november var det ein nydeleg haustdag med mildvèr og sol frå blå himmel. Bordpynten måtte sjølvsagt reflektere det.

IMG_4303 copy

Det kostar ikkje alltid så mykje å lage eit skikkeleg festbord. Eg har juksa litt og kjøpt falske blad, men det aller koslegaste er å plukke fargerike blad ute i naturen! Så er det sjølvsagt viktig med lys på bordet. Eg brukar gamle Norgesglas med kubbelys og skjønne, kvite “lysballar” som eg kjøpte på supersalg på Nille. Trur ikkje eg betalte meir enn 3-4 kroner per lykt.

IMG_4298 copy

Wedgewood-serviset og Finn-glasa er gåver vi fekk i bryllaupet vårt. Alt er mykje brukt, fordi eg meiner det er for gale å stue det vekk i skap og berre bruke det til “best”.

IMG_4310

 

Enkelt – men fint!

 

IMG_4329 copy

Etter at sola hadde gått ned og mørkret hadde senka seg, så var det på tide med dessert. Mi kjekke svigerinne hadde med seg ei Oreo-iskake! Den smakte fantastisk godt! Må innrømme at eg likte denne betre enn den vanlege Oreokaka.

IMG_4336

Både små og store sat lenge til bords denne søndagen. Vi kosa oss både vel og lenge med all den gode maten. Sjølv om sola skein under store delar av middagen, var det ikkje fritt for at julekjensla kom snikande… Eg konkluderer i alle fall med at årets julemiddag heilt sikkert kjem til å gå som smurt ♥

torsdag 17. november 2011

Snart er vi der...


Av ein eller annan grunn kom julekjensla snikande i dag. Desse bileta er i alle fall med på å forsterke kjensla... Er du i gang med planlegging?

Bileta er lånt hos lexingtonshop.com

tirsdag 15. november 2011

Det er nesten så ein ikkje kan tru det…

…men det er faktisk november. Sjølv om det vart litt kjøligare i dag, så har vi hatt fantastiske veker på Sunnmøre!

IMG_4392 copy

Tenk å kunne gå ute i midten av november med sommarkjole og plukke sommarblomar!

IMG_4385 copy

Vi bur heldigvis slik at vi har sol heile året, og det er utruleg kor dei lave og litt duse solstrålane varmar.

IMG_4427 copy

Med sjølvplukka sommarblomar på bordet vert vinteren litt kortare!

Har du hatt ein fin vinter der du bur?

Bilete tatt med mobilkamera i ettermiddag.

Og når utsikta frå middagsbordet i dag såg slik ut, så er ikkje livet så aller verst!

søndag 13. november 2011

Skjønn vase…

Når ein har små hender i hus kan ein aldri få nok blomstervasar. Der er alltid noko som kan plukkast inn og overrekkast til ei svært takksam mamma.

IMG_4435

Ein kjapp tur på bruktbutikken var alt som skulle til for at to slike vasar skulle verte mine! Tjue kroner fattigare og mange, framtidige blomebukettar rikare!

IMG_4429 copy

Nokre nakne greiner med snøbær passa så fint i vasane på den isblå duken. No skal dei få stå på bordet og minne oss på at vinteren sikkert kjem – om enn ikkje så brått"!

torsdag 10. november 2011

Tidsfordriv…♥

Tidsfordriv er å rusle langs ei steinete strand. Finne hemmelege skattar som ingen har sett før. Tre jenter med oppdagartrang og eventyrlyst. Det er ikkje grenser for kor mykje spennande dei finn.

IMG_4263 copy

Det er ikkje akkurat sommar, men den varme haustsola varmar likevel. Høyrer at dei småpratar om sommardagar med bading. Og så vert det brått veldig fristande å teste badetemperaturane. Rett nok med støvlar og regnkle, men det er det næraste ein kjem bading så lenge kalendaren seier det er november!

IMG_4260 copy

Det er aldri kjekt å måtte reise heim frå stranda slike dagar. Hand i hand og med mange gode minne let dei seg likevel overtale. Lommene er fulle av stein og skjell, som skal få pynte opp når dei kjem heim.

Så godt med slike haustdagar…♥

lørdag 5. november 2011

Akkurat passe gamaldags!

Eg hugsar så godt glaskarmane heime hos mormor. Fulle av planter som ho stelte og tok vare på. Planter som var mange år gamle og som ho aldri kvitta seg med.

IMG_4250

Ei av plantene ho i mormor sin glaskarm var pengetreet. Nokre av dei var så gamle at det nesten såg ut som om dei hadde stamme. No har eg fått meg ei slik plante. Tenk om eg klarer å ha den like lenge som mormor hadde sine! Det er kanskje litt gamaldags å ha slike planter i våre dagar. Aller helst skulle det vel ha vore corokia eller olivnetre som pryda stova, men desse gode, gamle betyr så mykje for meg!

IMG_4251 copy

Krukka som planten står i er gammal og prega av det. Den fann vi her på garden då vi tok over. Dei passar i lag som hand i hanske og står på spisebordet og får tankane mine tilbake til svunne tider.

Kva stoveplante lokkar fram nostalgien hos deg?

tirsdag 1. november 2011

Alt kviler. Ein hyllest til november.

ALT KVILER.

Det er noko med

lyset.

Det dunkle, litt kalde lyset som

aldri heilt byrjar

og som aldri tek heilt slutt.

Dagar utan ende.

[november[4].jpg]

Og lydane.

Dei lune, gode lydane.

Små føter som raslar i lauv,

vind som ular og

regn som dansar på ruta.

Det er som om

naturen har pakka oss inn,

vernar om oss.

Lagt oss under eit teppe

av mose og lauv

og ber oss om å spare krefter.

Eitt og anna lett snøfall.

Naturen har gått i dvale.

Alt kviler.

Dette er tida for å stresse ned.

Tenne lys og vere i lag.

Sjelene opnar seg.

Kroppen kviler.

Alt kviler.

[november2[4].jpg]

Det er noko med lyset.

Det er noko med lydane.

Det er noko med november

som gjer at det er

godt å vere til.

Tove Halse Digernes, november 2010