mandag 28. mars 2011

Marte spesial – gode “greier”!!!

Dette innlegget skulle eigentleg vere posta på matbloggen min, men sidan eg vurderer det eg har laga i kveld som så utruleg godt at eg vil mange skal få vite om det, så blir det altså på denne bloggen. Får heller ta ei reprise på matbloggen min seinare.

IMG_7333

Det heile byrja med at koret mitt arrangerte korkafè i går. Alle songarar veit at maten er vel så viktig som maten, og gårsdagens kakebord var både raust og overdådig! Men der, blant søte kaker og lekre bakverk, låg der nokre små, søte “greier” med ost på.

IMG_7337

Skjønne Marte i koret hadde laga desse gode “greiene”, og dei var så utruleg gode at eg ikkje fekk nok av dei gode smakane! Marte påstod at det var superenkelt å lage, så når alle ingrediensane låg og venta på meg i kveld, måtte eg rett og slett prøve! Eg trur eg har litt fleire ingrediensar enn Marthe, men godt blir det, uansett! Slik gjer du det – step by step:

1. Skjær ein baguett i små skiver. Legg skivene på eit steikebrett og risle litt god olivenolje over. Set dei i ovnen på 200 grader i omlag 5 minutt, berre for å skjerpe dei litt.

2. Medan dei er i omnen kuttar du opp tomatar i passe tjukke skiver. La dei ligge på tørkepapir til du skal bruke dei. Finhakk kvitlauk og skjær ost i skiver.

IMG_7338

3. Ta ut dei små skivene og legg på tomatane. Strø over litt Maldonsalt og litt finhakka kvitlauk på kvar skive. Eg raspa over parmesan, for det passar så godt med kvitlauken og tomatane. Det gjer ingenting om det kjem litt på steikeplata, det smeltar og blir nydeleg å ete etterpå!

IMG_7339

4. Legg over kvitosten, men pass på at skivene ikkje er for store. Eg brukte vanleg Norvegia, men dersom du er meir vågal i ostevegen kan det nok hende at ein litt kraftigare ost hadde gjort det til ei litt større smaksoppleving!

IMG_7340

Set dei tilbake i omnen på 200 grader i 7-8 minutt. Pass på så dei ikkje vert mørke. Dei er best når osten er akkurat passe smelta og parmesanen i botnet er gyllen.

Sidan eg ikkje fekk eit namn på denne gode retten, har eg like godt kalla den “Marte spesial”!

Tusen takk for at du sette meg på sporet av dette, Marte!!!

søndag 27. mars 2011

Medan eg ommøblerar…

…sit veslemor i glaskarmen på kjøkkenet og nyt den varme vårsola som steikjer gjennom vindauget!

IMG_7274

Litt popcorn gjer susen og held henne i ande ei ganske lang stund!

IMG_7282

Veslemor meinte at det var heilt naudsynt å ha på seg sommarkjole, sidan det var så varmt der ho sat!

♥♥♥

Så var det denne ommøbleringa… Vi har hatt eit gamalt, handlaga kjøkkenbord som har stått bort på låven. Eg har lenge hatt lyst til å prøve det på kjøkkenet! Husbonden bar som ein helt og det fekk seg ein god skrubb.

IMG_7330

Skal vise litt meir av bordet i eit seinare innlegg, må berre få ordne litt meir med det fyrst!

♥♥♥

God søndag til alle!

Dear readers from all over the world…

I am always surprised when I see that I have readers from all over the world – even though I don`t write anything in English!!! The red dots and hearts on my blog map tells me that my blog is read by people from all continents.

Picnik collage

I am so thankful that you choose to follow a blog from a country far north, which is written in a language far from your mother tongue.

Who are you?

tumblr_lcm9t41mH51qc7svso1_500_large

(I found the picture here)

I am so interested to know who you are, where you are from, why you follow my blog from time to time and do you have your own blog, perhaps?

It would be wonderful if you, dear stranger, left me a short comment to let me know who you are!

Do I know you?

Have I met you

on one of my travels?

tumblr_ligpzjU6GM1qd73kao1_500_large

(I found the picture here)

You will definitely make my day if you leave a comment!

Thank you so much for spending valuable moments at my blog!

lørdag 26. mars 2011

På jakt etter vårteikn ♥

Eg vert stadig like overraska kvar gong det kjem eit snøfall. Ein burde sjølvsagt forvente det i slutten av mars, men no er eg så klar for vår og grøne markar! Det er ikkje lenge sidan vi tusla rundt i vårgraset og kjende sola varme. Vi plukka inn vårblomar og tok ut litt hagemøblar. Men så kom altså snøen nok ein gong…

IMG_7284

 

“Blir du med ut og finn våren, mamma?”

Klart mamma er med ut for å leite etter våren! Veslemor med ballerinadrakt, dunjakke og støvlar og eg med fotoapparat. Finn vi att vårteikna, skal tru???

IMG_7292

Korga vi kjøpte på Kid i fjor har hengt på veggen i heile år. Den stadig meir vèrbitte utsjånaden er utruleg vakker! Det er nesten skammeleg å ikkje betale meir enn ein 20-kronar for noko slikt! No står små påskeliljer og ventar på meir varme. Veslemor vil veldig gjerne at dei skal sprette ut snart…

IMG_7298

 

“Vi må gå bort på rabarbraplassen, mamma!”

Det var eigentleg snøklokkene ho ville leite etter der, men så fann vi noko som var endå meir spennande! Nokre små, raude blad lyste mot oss frå den kalde, kvite snøen. Dei er i grunnen eit fantastisk verk, desse rabarbrablada. Snø og kulde er ikkje til hinder for å spire! Slike optimistar likar vi ♥

IMG_7299

Heldigvis fann vi snøklokkene òg. Dei låg som små, grøne tuer midt i alt det kvite. Veslemor meinte vi måtte ta dei med inn i varmen og passe godt på dei. No står nyplukka snøklokkar og ventar på å få vere fyrste gjest på det nye kjøkkenbordet vårt!

 

Har du funne våren i

dag?

Når dei søv…

Alle er born når dei søv.
Då er det ikkje krig i dei.
Dei opnar hendene
og pustar
i den stille rytma som himmelen har gitt
menneska.
Draum Stjernene står vakt då og det 
ligg ein dis over jorda,
nokre timar då ingen
skal gjere kvarandre vondt.
Kunne vi berre tale til kvarandre då
når hjarta er som halvt opne blomar.
Ord som gylne bier
skulle trengje inn der:
- Gud, lær meg søvnen sitt språk…

(ei omskriving av Rolf Jacobsen sitt dikt “Når de sover”)

søndag 20. mars 2011

Ut på tur må ein uansett!

Ungane hadde bestilt fjøretur i dag og måtte sjølvsagt få det, sjølv om sola og finevèret glimra med sitt fråvær!

Fjøretur

Vi sette i gong med litt gjærbakst som vi kunne ha med oss på tur. I dag vart det kanelbollar med solskin!

Fjøretur1

Det bles friskt i fjøra, men du verden så deilig!!! Vi var godt kledde alle mann, så det var slettes ikkje kaldt! Naustdøra stod open slik at vi kunne søkje ly, men ikkje ein gong hunden ville vere der. Det er godt å kjenne vinden ruske!

Fjøretur2

Medan eg sette i gong med bål, var ungane opptekne av å finne krabber, skjell og tang til “akvariet” dei skulle lage.

Fjøremenyen i dag bestod av pinnebrød! Vi laga deigen heime og så fekk ho godgjere seg i ein plastpose til bålet var klart. Deigen vart rulla til lange strimlar som vi la i sin pose med sukker og kanel. Så var det berre å surre dei rundt pinnen og steikje dei over bålet.

Fjøretur3

Dei rykande ferske kanelbollane med solskin fekk også bein å gå på! Og det var jammen bra at vi hadde litt medbragt solskin, for regnet overraska oss til slutt!

Fjøretur4

Så langt har vi hatt ein super søndag! No kosar vi oss inne varmen medan regnet piskar på ruta ute. Men det gjer ingenting, for no har vi hatt vårkos i fjøra og på bordet står snøklokker og lyser opp!

Ingen vinter varer evig,

ingen vår hopper over sin tur.

lørdag 19. mars 2011

Altfor lenge sidan sist…

Eg har hatt skikkeleg datatrøbbel i det siste. Favorittmaskina mi har vorte angripen av virus og det ser ut til å vere uråd å få det fjerna…

vaffel

No brukar eg ei reservemaskin som ikkje har hatt alt eg treng for å blogge, i tillegg til at alle bileta mine har forsvunne – igjen… I tillegg har det vore meir travelt enn eg set pris på. All energi har gått med til å få dei mest nødvendige hjula til å gå rundt. ♥-leg tusen takk til alle som likevel har vore innom meg, sjølv om her ikkje har vore så mykje nytt!

vaffel1

No håper eg bloggelysta kjem for fullt! Eg har nemleg ei knakande god historie eg vil dele med dykk! Planen er å legge den ut ein av dei næraste dagane.

vaffel2

I dag har Sunnmøre vist seg frå si beste side. Til trass for at vinden har vore litt kald, har sola pryda ein knallblå himmel! Ungane nyt å kunne tusle rundt i vårgraset og plukke snøklokker. Kan forresten ikkje hugse sist snøen låg så lenge. Eg har vore van med å kunne plukke inn vårblomar  i slutten av januar.

vaffel4

I dag har vi hatt  besøk av tantegull, vi har laga vafler og dei tre kampfiskane våre har fått vårreingjering i bollane sine! Vi var også på rømmen ei stund i dag, for gravemaskinpapsen grov av nokre vegar og ruska litt for mykje rundt huset. Då var det tryggast å halde seg unna… Traktor+gravemaskin+ungar på tunet er ikkje ein god kombinasjon!

vaffel3

No har ungane laga seg hytte på loftet og kosar seg med bøker og spel. Eg og husbonden slappar av i kvar vår sofa og ventar på kyllingen som godgjer seg i omnen!

♥♥♥

Eg ynskjer alle mine lesarar ein god laurdagskveld!

lørdag 12. mars 2011

Ufatteleg…

japan

絶望   想像を絶する 

悲劇  同情  不公平  すべての私達の思考が日本に住んでいる。

mandag 7. mars 2011

Ein må kose seg litt…

Når regnet plaskar ned og vinden uler rundt hushjørna, må ein gjere det ein kan for å få dagen til å smile!

perler

Perler har vore den aller beste sysselen denne helga. Ungane har perla og laga den flottaste kunst.  Sjekk den flotte T-skjorta frøken midtimellom har! Den kan du kjøpe her!

perler1

Sjølv vi vaksne let oss rive med av nabbyperler i flotte fargar! I går vart det sjølvsagt produsert mange norske flagg medan Petter Northug gjekk 5-mila!

perler2

Minstesnuppa er glad i rosa, så då vart det rosa perlesukker på kanelsnurrane! Oppskrifta på desse gode bollane finn du her.

I morgon er det meldt orkan…. Huff då, det er berre å surre seg fast!

søndag 6. mars 2011

Fastelavenskos…

Sina

Sina1

Det er ein draum å få lage sitt eige fastelavensris. Dei mjuke, gode fjøra kilar så herleg i andletet… Så fine fargar… Dei tynne bjørkegreinene med små knoppar som syng om vår…

Vi på “Utsikten gard” ynskjer alle ein god fastelavenssøndag!

torsdag 3. mars 2011

Fjøredraum…

To gode venninner åleine på ei badestrand. Ikkje meir enn fire år, men fulle av tankar om livet. Kven har laga alle desse rare mønstera trur du, mamma? Korleis klarer blåskjella å halde pusten heilt til det blir flo igjen? Kvifor er sjøen salt, eigentleg?

fjøre1

Det gjorde ingenting at vinden beit dei i kinna. Augene deira lyste av glede og dei jubla i kvart vindkast!

Fjøre

Dei vaksne mammatankane var ikkje interessante for dei. Er dokke ikkje kalde no? Frys fingrane? Skal vi setje oss i bilen og køyre heim? Luktar det ikkje rart av den krabben? Pass for all del på å ikkje gå i vatn til over støvlane!

fjøre2

Orda mine drukna i vinden. Dei brydde seg ikkje. Eg måtte berre legge dei vaksne bekymringane i frå meg og gå i dei undrande fotspora deira. Gjennom augene deira såg eg det mest utrulege. Eg såg ein bjørn som sov på ein stein, eg såg eit smykke i sanden, eg såg ein hai og eg såg alle dei rare tunnelane i sanden som det sikkert bur små makkar i!

fjøre3

Men mest av alt såg eg glede. Og kor flinke ungar er til å sjå det store i det små ♥. Og eg lærte. Eg lærte at det ikkje gjer noko å verte litt skitten på fingrane, og at det er bølgene som lagar dei rare stripene i sanden. For etter å ha studert bølgene lenge nok, fann dei nemleg svar på det spørsmålet.

fjøre5

Vi treng slettes ikkje reise så langt for å finne lukke. Som oftast ligg den rett framføre oss. I dag var lukka vind i håret, ei krabbeklo, fine skjell og ei god venninnehand å halde i.

fjøre3

Eg fortalde jentene om då eg var lita, og at vi samla skjell, krabber og tang og laga akvarium i dei små vasspyttane på skjæret. Tenk at mamma var her då ho var lita! Tenk at mamma likte det same som oss! Dei fekk mykje å tenkje på denne vakre vårkvelden…

fjøre4

Før vi reiste heim måtte eg forevige den vakre bygda der eg har vakse opp og der eg er så heldig å få bu i dag. Garden vår ligg langt opp i bakkane, eit stykke over ordet “Lat” på biletet. Under foten av Liadalsnipa har små gardar og tun klora seg fast i mange mannsaldrar. No ser det heldigvis ut til at det nye bustadfeltet rett nedom oss er klart. Eg blir ikkje overraska om det blir kø av folk som vil byggje der!

På veg heim sat dei to syskenbarna og berre kika på kvarandre. Litt trøtte i augene og fulle av ei god ro. Den eine heldt på ei stor krabbeklo og den andre på ei bøtte full av skjell.

Men eigentleg handla ikkje dette om verken krabbeklør eller skjell. Det handla om lukke.

fjøre6 ♥♥♥

…og snart kjem våren….

tirsdag 1. mars 2011

…om å fylle andre sine sko…

Å fylle andre sine sko er ei umogleg oppgåve. Likevel er det eit uttyrkk som er mykje brukt. Folk som er nye i ein jobb får gjerne høyre at dei har store sko å fylle. Det ligg kanskje litt skjult hersketeknikk i slike utsegn. “Du var god nok til å få jobben, men ikkje så god som den som hadde jobben før”.

store sko

Sysken kan også oppleve å verte samanlikna på denne måten. Eg trur det kan vere øydeleggande å vekse opp i nokon sin skugge eller vere nøydd til å fylle andre sine sko.

store sko1

Vi må aldri undervurdere kvar einskild si evne til å vere unik. Vi kan ikkje fylle andre sine sko. Vi kan halde fram med å gå same vegen, men vi må gå i våre eigne sko og setje våre eigne spor. Korleis kan vi forvente at alle skal gjere ting likt? At vi skal tenkje på same måte og utføre handlingar slik andre har gjort det før?

store sko2

Eg ynskjer at ungane mine skal lære at dei aldri skal trenge å fylle andre sine sko! Å ta eigne val, gå eigne vegar og gjere ting på sin eigen måte er det aller beste. Dei skal aldri måtte kjenne seg kua eller tvinga til å gjere ting dei ikkje vil.

store sko3

Gå inn i det ukjente med dine eigne sko! Ikkje la deg kneble av at andre seier at du har store sko å fylle. Du fyller dine eigne sko – og det er det viktigaste!

Kick up your heels

and let the world feel your magic!!!