torsdag 3. mars 2011

Fjøredraum…

To gode venninner åleine på ei badestrand. Ikkje meir enn fire år, men fulle av tankar om livet. Kven har laga alle desse rare mønstera trur du, mamma? Korleis klarer blåskjella å halde pusten heilt til det blir flo igjen? Kvifor er sjøen salt, eigentleg?

fjøre1

Det gjorde ingenting at vinden beit dei i kinna. Augene deira lyste av glede og dei jubla i kvart vindkast!

Fjøre

Dei vaksne mammatankane var ikkje interessante for dei. Er dokke ikkje kalde no? Frys fingrane? Skal vi setje oss i bilen og køyre heim? Luktar det ikkje rart av den krabben? Pass for all del på å ikkje gå i vatn til over støvlane!

fjøre2

Orda mine drukna i vinden. Dei brydde seg ikkje. Eg måtte berre legge dei vaksne bekymringane i frå meg og gå i dei undrande fotspora deira. Gjennom augene deira såg eg det mest utrulege. Eg såg ein bjørn som sov på ein stein, eg såg eit smykke i sanden, eg såg ein hai og eg såg alle dei rare tunnelane i sanden som det sikkert bur små makkar i!

fjøre3

Men mest av alt såg eg glede. Og kor flinke ungar er til å sjå det store i det små ♥. Og eg lærte. Eg lærte at det ikkje gjer noko å verte litt skitten på fingrane, og at det er bølgene som lagar dei rare stripene i sanden. For etter å ha studert bølgene lenge nok, fann dei nemleg svar på det spørsmålet.

fjøre5

Vi treng slettes ikkje reise så langt for å finne lukke. Som oftast ligg den rett framføre oss. I dag var lukka vind i håret, ei krabbeklo, fine skjell og ei god venninnehand å halde i.

fjøre3

Eg fortalde jentene om då eg var lita, og at vi samla skjell, krabber og tang og laga akvarium i dei små vasspyttane på skjæret. Tenk at mamma var her då ho var lita! Tenk at mamma likte det same som oss! Dei fekk mykje å tenkje på denne vakre vårkvelden…

fjøre4

Før vi reiste heim måtte eg forevige den vakre bygda der eg har vakse opp og der eg er så heldig å få bu i dag. Garden vår ligg langt opp i bakkane, eit stykke over ordet “Lat” på biletet. Under foten av Liadalsnipa har små gardar og tun klora seg fast i mange mannsaldrar. No ser det heldigvis ut til at det nye bustadfeltet rett nedom oss er klart. Eg blir ikkje overraska om det blir kø av folk som vil byggje der!

På veg heim sat dei to syskenbarna og berre kika på kvarandre. Litt trøtte i augene og fulle av ei god ro. Den eine heldt på ei stor krabbeklo og den andre på ei bøtte full av skjell.

Men eigentleg handla ikkje dette om verken krabbeklør eller skjell. Det handla om lukke.

fjøre6 ♥♥♥

…og snart kjem våren….

12 kommentarer:

  1. Takker for den herlige turen i fjörå med deg og di to skjönne jentene. Föltes nesten som om eg hvar der hos dere.
    Kunne kjenne lukta av saltvannet...
    Höre de små bårene når dem spyla opp på stein og over sand. Den lille fresinga når vannet forsvannt ner i sanden og ut i det store blå igjen...
    Kjente igjen fölelsen av lykke når eg såg eg den store krabbekloka... Slik var det når eg var lita og.

    Håper dere får oppleve mange slike dager i den flotte bygda di.
    Klem Synnöve.

    SvarSlett
  2. Fint å få vere med å skape barndomsminna deira:-)))

    jannetove

    SvarSlett
  3. Hurra for krabbeklør, fine skjell, bårer, sand, vind og VÅR! Hurra for borna som minner oss om det som er viktig! :)


    Ha ein finfin fredag!

    SvarSlett
  4. For et utrolig fint innlegg!
    Klem Fredrikke

    SvarSlett
  5. snart kjem våren - vi snusa litt på den i london ;)
    deilig
    og deilig var det å se dei flotte bilda - eg og lenkta etter salt sjø og fjøre
    klemma

    SvarSlett
  6. Sjønne herlege ungar på oppdagelsesferd! Fantastiske bilder Tove!
    Har tatt meg ei aldri så lita bloggrunde i kveld. Det er sjelden eg gjer.
    Ha ei god helg min venn
    Klem Anna Lisa

    SvarSlett
  7. Vi likar vår! Så søte jenter på tur i fjøra, mykje spanande som finst der :)

    Vedr skrift. Trur ikkje eg har noko oppgradert opplegg, anar ikkje, men skrifta finn du slik. Utforming - malutforming - avansert. Skroll deg ned til du finn SKRIFT. Velg den skrifta du vil ha. Lykke til :)

    SvarSlett
  8. Hei :) for et fint og flott innlegg:):)

    Ja man kan undres av og til.. og er man med på tur på barnas premisser så kan man få mange fine og koselige opplevesler... gøy å gå ned på deres stadie og undre seg sammen med de..

    Ha en flott helg og fredag :)

    SvarSlett
  9. ..smelt..så nydelig innlegg!!
    Takk for hytteskryt,Tove! Vi er storfornøyd med den store peisen, liker det røffe og ujevne uttrykket. Også digger jeg at steinen er kjøpt på finn og ga oss en mye rimeligere peis enn først antatt!!
    Nyt fredagskvelden!
    klem♥

    SvarSlett
  10. Et nydelig innlegg.
    Tanker om min egen strand og mine undringer over livet der da jeg var på samme alder kom over meg nå :-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!