tirsdag 1. mars 2011

…om å fylle andre sine sko…

Å fylle andre sine sko er ei umogleg oppgåve. Likevel er det eit uttyrkk som er mykje brukt. Folk som er nye i ein jobb får gjerne høyre at dei har store sko å fylle. Det ligg kanskje litt skjult hersketeknikk i slike utsegn. “Du var god nok til å få jobben, men ikkje så god som den som hadde jobben før”.

store sko

Sysken kan også oppleve å verte samanlikna på denne måten. Eg trur det kan vere øydeleggande å vekse opp i nokon sin skugge eller vere nøydd til å fylle andre sine sko.

store sko1

Vi må aldri undervurdere kvar einskild si evne til å vere unik. Vi kan ikkje fylle andre sine sko. Vi kan halde fram med å gå same vegen, men vi må gå i våre eigne sko og setje våre eigne spor. Korleis kan vi forvente at alle skal gjere ting likt? At vi skal tenkje på same måte og utføre handlingar slik andre har gjort det før?

store sko2

Eg ynskjer at ungane mine skal lære at dei aldri skal trenge å fylle andre sine sko! Å ta eigne val, gå eigne vegar og gjere ting på sin eigen måte er det aller beste. Dei skal aldri måtte kjenne seg kua eller tvinga til å gjere ting dei ikkje vil.

store sko3

Gå inn i det ukjente med dine eigne sko! Ikkje la deg kneble av at andre seier at du har store sko å fylle. Du fyller dine eigne sko – og det er det viktigaste!

Kick up your heels

and let the world feel your magic!!!

9 kommentarer:

  1. Så kjekt det er med ein litt "anleis" blogg, Tove! :-) Ein fin miks, med mykje kloke og viktige tankar og "innspel" i kvardagen :-) eg er fan! Og synst det er ein kjempeviktig verdi du vil læra ungane dine, som du fortel om i dette innlegget.

    Lina

    SvarSlett
  2. Så fint innlegg vennen! :)
    Tusen takk for koselig kommentar. Jeg skal på kurs gjennom jobben, så blir nok ikke mye bloggestoff av den grunn! :) Men kjekt blir det.

    Ha en fin kveld!
    GODKLEM

    SvarSlett
  3. For et fint innlegg!

    SvarSlett
  4. Så viktig!

    God vinterferie!

    klem :-)

    SvarSlett
  5. Det er så sant det du skriver!
    Alle er vi unike og har "nye" sko!

    SvarSlett
  6. Så utrolig riktig og godt sagt! :-) Klem, Turid

    SvarSlett
  7. ~Ikkje undervurder
    deg sjølv gjennom å samanlikne deg med andre. Det er ulikskapane våre som gjer oss unike.~


    Livsmottoet mitt... :)

    SvarSlett
  8. Så kloke ord! Du skriver så det går rett inn i hjertet mitt:)

    Må nok legge meg til som følger...

    Tusen takk for fine ord på bloggen min. Brukte en av de ferdige bloggmalene hos blogspot.

    Ha en fin kveld.

    SvarSlett
  9. Så godt sagt! Kjempefint innlegg!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!