tirsdag 28. februar 2012

Augekvild…♥

Er det ikkje rart kor humøret og sinnsstemninga avgjer kva ein likar og ikkje. Eg sit småsjuk i sofaen medan hybelkaninene kranglar om plassen på stovegolvet, det er rot både her og der og eg blir meir og meir oppgitt. Ein surfetur i interiørverda berga likevel det heile.

augekvild8

Når eg er sjuk har eg behov for kvite overflater, rette linjer, orden og system. Då er det rein medisin å vitje sida til SOJORNER! Om SOJORNER er ei flaske medisin, er det dette som står på etiketten bak på flaska: “It is fascinating to see how each space can be beautified and defined with one’s character and personality. This is the world of SOJORNER where inspiring spaces can intrigue you and hopefully inspires you to rest and stay for awhile.”

augekvild4

Eg blir inspirert av slike bilete. Ja, det er nesten så eg kjenner meg litt frisk, her eg sit. Hadde dette vore heime hos meg, hadde det sjølvsagt vore rotete ganske så med ein gong, men det er lov å drøyme…

augekvild3

Drøyme er noko eg gjer ganske ofte for tida. Når vi er garanterte at det ikkje kjem meir snø og frost, skal vi setje i gang med påbygg og ombygg. Då drøymer eg om mykje lys, større flater, praktisk og funksjonelt kontor. Kanskje endåtil ei skrivestove. Eg drøymer om meir tid til å vere kreativ. Men når eg skal vere kreativ, må eg ha det kvitt, enkelt, beint og firkanta rundt meg. Rart, eigentleg. Det er akkurat som om tankane fungerer betre når det ikkje er noko som uroar meg.

augekvild5

Og så likar eg så godt kontrastar. For mellom kontrastane er det rom for alt. Alle fargar, alle tankar, alle meiningar. Det er ikkje berre kontrasten mellom svart og kvit, men også mellom hardt og mjukt, gamalt og nytt, stort og lite, og så vidare.

Ein ting er i alle fall sikkert; eg hadde ikkje klart å vere kreativ i romet på bilete under. Der hadde hjernen hatt alt for mykje å konsentrere seg om. Det er ikkje det at eg ikkje synest det er fint, men eg treng meir minimalisme og struktur. Simplicity er kanskje eit endå betre ord enn minimalisme! Er det ein stil, kanskje??? Røynde interiørbloggar får svare meg på dette!

augekvild9

Stilen kan nok vere både koseleg og sjarmerande, men den er ikkje heilt for meg. Server meg ein god kopp te og litt sitronkake i dette romet, og eg hadde kosa meg. Litt god venninneprat og eit strikk mellom hendene, og eg hadde sikkert aldri gått heim. Men om eg skulle bu der eller jobbe kreativt der, då hadde eg møtt på problem. Er det ikkje rart kor sansane våre virkar?

 

augekvild copy

Og så har vi ein gammal låve som vi skal pusse opp på sikt. Vi har tidlegare brukt den til festlokale (sjå her og her), og eg ser nok for meg at vi kan bruke den til det også i framtida. Kanskje let vi oss inspirere av biletet over?

Då har hybelkaninene tatt kvelden, ungane har lagt seg og sjuklingen skal kroe seg i sofaen og sjå på fruene i Wisteria Lane.

Alle dei “kvite bileta” er lånte her og “shabby chic”-biletet er lånt her.

søndag 26. februar 2012

Rockejenta mi!

I går var frøken midtimellom på bursdagskarneval! Ei gammal skinnjakke var alt som skulle til for å rocke opp imaget til den kjekke, skjønne jenta mi!

idarock

 

Har du sett så kul ho vart???

idarock2

Dersom du vil sjå fleire bilete, kan du ta turen innom bloggen hennar; “Gøy på landet”. Ho blir kjempeglad om du tek turen innom (og spesielt glad om du legg att ein kommentar…)!

Litt rart når ungane blir så store at dei kler seg ut som rockarar, men ho vart jammen meg bra stilig!!!

lørdag 25. februar 2012

A touch of spring…

I dag fekk vi ein liten forsmak på vår.

tulipan

Butikkane var fulle av blomar i alle fargar, skylaget sprakk opp og sola kika fram, ungane sprang rundt ute med lite kle og vi kjende at våren er rundt hjørnet…

tulipan2

 

A   t o u c h   o f   s p r i n g

 

tulipan1

 

Er det vår der du er?

fredag 24. februar 2012

Lyst på noko godt til middag?

Ta gjerne turen innom kjøkkenbenk-bloggen min og få oppskrift på ei enkel, men SVÆRT god potetsuppe!

potetsuppe

Oppskrifta finn på matbloggen min; “På kjøkkenbenken”.

bon appetit

torsdag 23. februar 2012

Dagmar

N å d e l a u s t

dagmar

E n o r m e   k r e f t e r

IMG_7161

S t o r e   ø y d e l e g g i n g a r

IMG_7219

K r e v a n d e   o p p r y d d i n g

dagmar1

S t o r e   t a p

Å gå i fotefara etter Dagmar er både trist og skremande. Det er som om ein kjempe har traska gjennom skogen og lagt flatt alt i sin veg. Eg tenkjer på alle som vart råka av orkanen. Alle som mista noko eller nokon dei var glad i. Alle som må bruke tid på opprydding og reparasjonar.

Det er fyrst når ein går slik og kikar at ein forstår dei enorme kreftene som har vore i sving.

Naturen er overveldande. På alle måtar.

tirsdag 21. februar 2012

Galanthus nivalis

Ja visst er den galant, der den står, snøklokka! Rank, flott og skinande kvit !

{ g a l a n t h u s   n i v a l i s }

snøklokke

Det beste med vinterferien er å få vere heime på dagtid og få sjå alt som spirer og gror under snøen. I dag forsvann snøen og då var vi raskt ute og plukka vårblomar for å pynte med inne.

snøklokke1

 

v  å  r  t  e  i  k  n

snøklokke2

Håper du ser nokre vårteikn der du er og at du har tid til å nyte dei!

søndag 19. februar 2012

Lunt og kosleg jenterom

Begge jentene våre deler framleis rom. Når ein har plassmangel må ein prøve å gjere så godt ein kan! Storesyster held til i eine enden og veslesyster i den andre enden.

ida rom

Ida er ferdig med den sukkersøte rosa-perioden og likar litt meir lune og gode fargar. Ida har ho ordna romet sitt, så då måtte eg sjølvsagt forevige hendinga (lurer på kva snitt-tida for ryddig rom er…).

ida rom2

Koseleg med jordfargar og raudt.

ida rom5

Midt i all ryddinga i dag fann jentene litt påskepynt. Den skulle få lov til å stå framme, for dei lyse, lilla egga var så fine!

ida rom1

Er ho vel ikkje heldig som vaknar til dette kvar morgon???

ida rom4

Måtte ha med eit bilete av sjefen på jenteromet! Ho er eigentleg ikkje så veldig sjefete, men derimot snill og god som let veslesyster på styre som ho vil på romet!

No er det vinterferie og vi skal ha vårreingjering på romet! Kanskje blir det eit nytt teppe og litt anna som må ordnast med!

På ein slik søndag…

…gjer vi slettes ingenting! Det er sol mellom snøbygene og vi nyt livet! Snart står bollane i omnen, jentene har laga seg båt, hunden ligg og kosar seg i sola og ho mor sjølv stullar og steller.

utsikt

G o d   f a s t e l a v e n   t i l   a l l e !

lørdag 18. februar 2012

Bruktfunn ♥

Eg blir alltid glad når eg finn noko fint som eg har ønska meg lenge. Eller som eg aldri har sett før, men som berre ropar til meg frå butikkhylla. Det treng ikkje alltid vere så dyrt. Faktisk kan det vere VELDIG billeg…

høganes

Vi har ein flott bruktbutikk her eg bur. Damene som jobbar der er smilande blide og kan hjelpe deg med kva det måtte vere. Om du vil gå i fred å kike, så er du velkomen til det. Om du må guidast gjennom hyllene, så har dei full kontroll på kvar alt er.

høganes3

I dag var eg eigentleg på jakt etter fat i ymse variantar, som eg skal bruke når eg tek bilete av mat eg lagar. Men så fann eg sjølvsagt så mykje meir. Eg er veldig målretta når eg går rundt og kikar. Det fyrste eg gjer er å snu koppen, fatet eller skålene opp/ned og sjå kvar dei er laga. Gleda var difor stor då eg fann fire, blå Höganäs-skåler. Nydeleg blå var dei!

høganes2

Eg kika gjennom ganske mange hyllemeter med dukar. Dukar i alle fargar, alle kvalitetar og alle storleikar. Midt på ei hylle kom eg over ein nydeleg linduk i ein forsiktig, grøn farge. Duken såg svært lite brukt ut og eg er no den heldige eigar!

høganes4

Til slutt eit lite bileta av kjøkkenskrivaren min, som gleda seg stort over alle bruktfunna mine i dag! Det høyrer med til historia at eg ikkje betalte meir enn kr. 15,- per skål!!!

Eg har fleire perler i kjøkkenskapet som eg skal vise seinare!

Kva slags bruktfunn er du på jakt etter?

It’s Oh, So Quiet…

Det har vore så stille på bloggen i det siste… Ikkje så rart, kanskje, for eg har omtrent ikkje vore heime på to veker. Fotokurs i Oslo, ei veke i Barcelona og ei veke full av kurs og kveldsmøte har gjort at bloggen rett og slett ikkje har vorte prioritert. Men no blir det andre tider! Det er nemleg vinterferie og vi skal vere heime og kose oss! Då kan eg pusle litt i heimen og ta bilete i dagslys.

Medan du ventar på nye krumspring og anekdoter frå kvardagsheimen, må du gjerne kose deg med fantastiske Bjôrk!!!

søndag 12. februar 2012

Up and away ♥

Det gjorde godt med ein luftetur. Det beste med å vere på reise er likevel å kome heim.

fly

Det gjorde godt å krype opp i sofaen med alle godingane mine rundt meg. Ein trøblete fot fekk kvile seg, noko som gjorde svært godt… Etter å ha vore på reise, same kvar, så tek det tid å fordøye inntrykk. Eg har byrja, men det går sakte. Heldigvis. Så får eg dvele ved alt eg har opplevd og alt eg har lært. Eg skal nok dele meir med dykk, men har så altfor mange bilete å kike gjennom først. Kan røpe at den vesle stripa av land, om lag midt i biletet over, er ein stad mellom Frankrike og Spania…

fly3

Det var mest som ein draum å sitje i flyvindauget og kike ut på fantastisk himmelen, som skifta i eit utal blåfargar. Uendeleg vakkert, uendeleg spennande og uendeleg underleg…

søndag 5. februar 2012

Fotokurs og inspirasjonshelg i Oslo!

Det er 17 minusgrader i Oslo. Eg sit på eit hotellrom etter ein lang spasertur gjennom Oslogatene. Er iskald frå innerst til ytters. Men likevel varm. Varm fordi eg har hatt ei fantastisk helg. Varm fordi eg er så heldig å ha fått lære å kjenne så mange fantastiske folk. Varm fordi eg framleis er full av inspirasjon etter å ha vore på fotokurs med makelause Mari. Det er natt, men eg må berre dele nokre bilete med alle lesarane mine.

IMG_6049

Slike bilete skal strengt tatt berre vere på matbloggen min, men i dag gjer eg eit unntak!

IMG_6185

Eg lærte mange viktgie ting i dag, men aller kjekkast var det å lære om lys og om korleis svært enkle hjelpemiddel kan gjere den store forskjellen.

IMG_6200

Eigentleg likar eg ikkje å legge ut bilete før eg har fått jobba litt med dei, men dei du ser her no er ikkje redigerte eller på anna måte endra på. Det einaste eg har gjort er å legge på ei ramme rundt. Eg har brukt det eg lærte om lyssetting og prøvt etter beste evne å komponere eit brukbart bilete.

IMG_6228

Desse bileta vart tatt litt seint på ettermiddagen og lysforholda var utfordrande. Men eg likte godt det kalde og vinteraktige lyset. Likar dei blå-grå fargetonane som går over i lilla.

IMG_6235

No skal eg krølle meg under to dyner og prøve å tine opp ein vinterfrosen kropp, medan tankane og draumane tek over for å bearbeide alle dein nye inntrykka! Tusen takk til matprat.no for inspirerande dagar!!!

onsdag 1. februar 2012

My people…♥

Eg vert alltid litt tankefull før eg skal ut og reise. Gleda over å få oppleve noko nytt går hand i hand med blanda kjensler fordi eg må reise i frå alle heime. Det er ikkje det at eg skal vere vekk så lenge. Eller at dei ikkje kjem til å klare seg utan meg. For det gjer dei.

Flø1 

Det er berre det at eg har så mykje å sakne. Lengte etter. Alle dei varme klemmane… Den mjuke, varme 4-åringen som kjem opp i senga til meg om morgonen… Dei late kosestundene i sofaen…

Flø5

  I   l o v e   m y   p e o p l e 

Flø3

Likevel så gler eg meg til å reise på tur. Gler meg til å treffe kjekke folk, lære nye ting og verte rik på opplevingar. Ungane og kjærasten er her når eg kjem heim. Ventar og lengtar. Gler seg. Det er godt for mammahjertet å vite det…♥

Flø4

m y   o n e   a n d   o n l y

Flø8

 

Det er godt å ha nokon å  l e n g t e  til…

 

Flø7

Mamma sin minste skatt vil gjerne vere med på tur. “Viss eg kikar langt ut over havet, ser eg dit du er då, mamma?” Mamma nikkar og viser henne kvar ho må sjå. Og så er alt i orden. Mamma kan berre reise. Ho skal vinke til meg kvar kveld.

Flø10 copy

“Det beste og skjønneste ved en reise opplever man hjemme: dels før, dels etter.”

Sigmund Graff

Når eg skal ut og reise er det godt å ha eit blogginnlegg med bilete av alle mine aller næraste og kjæraste! Når lengten blir for stor kan eg leite fram bloggen og kike på dei herlege bileta vi tok på Flø sist søndag!