søndag 19. februar 2012

Lunt og kosleg jenterom

Begge jentene våre deler framleis rom. Når ein har plassmangel må ein prøve å gjere så godt ein kan! Storesyster held til i eine enden og veslesyster i den andre enden.

ida rom

Ida er ferdig med den sukkersøte rosa-perioden og likar litt meir lune og gode fargar. Ida har ho ordna romet sitt, så då måtte eg sjølvsagt forevige hendinga (lurer på kva snitt-tida for ryddig rom er…).

ida rom2

Koseleg med jordfargar og raudt.

ida rom5

Midt i all ryddinga i dag fann jentene litt påskepynt. Den skulle få lov til å stå framme, for dei lyse, lilla egga var så fine!

ida rom1

Er ho vel ikkje heldig som vaknar til dette kvar morgon???

ida rom4

Måtte ha med eit bilete av sjefen på jenteromet! Ho er eigentleg ikkje så veldig sjefete, men derimot snill og god som let veslesyster på styre som ho vil på romet!

No er det vinterferie og vi skal ha vårreingjering på romet! Kanskje blir det eit nytt teppe og litt anna som må ordnast med!

4 kommentarer:

  1. kjempe koselig at du bruker rødt, og ikkje berre rosa, fint jenterom til ei flott jente! :)
    Må berre sei at den headeren din er nydeleg!! :)
    -Diana-

    SvarSlett
  2. Dei lærer masse med å dele rom :-)

    For ei utsikt å vakne til!!

    God vinterferie!!

    SvarSlett
  3. Like dej dinna storejenta di!

    SvarSlett
  4. Hei :)

    For en flott utsikt i fra soveromsvinduet..

    Fint soveromm de har .. lunt å godt.. rødt e fin farge det...

    Hvordan gikk vaskinga da , ble det noen forandringer kansje ?

    Skal straks stikke på jobb jeg nå.. de søte små har ikke ferie så her må man bare stå på.

    Ha en fin dag :)

    Klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!