torsdag 28. februar 2013

s k å l

Eg har så lett for å   f o r e l s k e   meg. Når skjønne, små skåler kikar på meg frå butikkhylla klarer eg ikkje å motstå. Eg let meg forelske. Begeistre. Rive med. Og når dei skjønne, små skålene har svært god pris, så kan eg rett og slett ikkje stå i mot!


Har du sett desse skålene før? 


Eg har kjøpt skålene på Kremmerhuset og dei har dei i fleire flotte fargar!


Eg kjøpte nokre til "samlinga" mi og nokre til å gi vekk. Super venninnegåve!


Eg har lovt meg sjølv at eg ikkje treng fleire skåler no. Trur eg. Ikkje på ei god stund, i alle fall.  Men ein kan aldri vite når nye forelskingar slår til!


Dette var vel vakre fargar å møte våren med?

onsdag 20. februar 2013

Verdens finaste strikkagenser!

For nokre år sidan vart eg bitt av strikkebasillen. Det er ikkje så rart, eigentleg, for eg elskar alt som er laga av ull. Eg nyt å gå inn i ein strikkebutikk og sjå alt det fine garnet, alle dei flotte fargane og kjenne på den eineståande kvaliteten. Og så har eg vokse opp med "strikkedamer" over alt kring meg. Eg trudde lenge eg ikkje skulle få det til, men når eg fyrst sett meg ned så losna alt. Og om eg stod fast, var det berre å ringe mamma, google eller sjekke på youtube.com. 
Det starta med heilt enkle plagg, heilt enkelt strikk; halsar, skjerf, rillestrikka genser, babytepper og huer. Interessa for strikk auka og lysta til å prøve meir avansert strikk kom snikande. 

Etter kvart har tida gått og det er mange produkt som har vorte til mellom hendene mine. Sidan november har eg strikka tre genserar - det hadde eg aldri trudd for nokre år sidan! Gensaren du ser på bileta i dette blogginnlegget er min absolutte favoritt. Det er strikka i det nydlegaste garn du kan tenkje deg; Viking Eco Alpaca. 


Eg var eigentleg på strikkebutikken i eit heilt anna ærend og hugsar ikkje om det var garnet eller mønsterboka som fanga merksemda mi fyrst. Eg visste med ein gong kva for gensar eg skulle strikke, den skein i mot meg frå mønsterboka og ba om å verte strikka! Eg har brukt akkurat same fargane som står oppgitt i mønsteret. 


Det er vanskeleg å beskrive kor nydeleg dette garnet er. Eg trur det må vere det mjukaste eg har kjent! Å sitte med garnet i fanget og strikke har vore ei rein fryd! Rett nok loa det ein del undervegs, men no når gensaren er teken i bruk så merkar vi det ikkej så mykje. Det er vel ikkje vanskeleg å sjå at minstemor er glad i gensaren sin?


Om eg skal setje fingeren på noko, så må det vere at delar av mønsteret var litt vanskeleg å forstå. Eg trudde det var mi inkompetanse som gjorde seg gjeldande, men sjølv røynde strikkarar hadde vanskar med å forstå alt i oppskrifta. Det ser også ut til å vere nokre opplysningar som manglar. Eg gjekk meg på ein smell på hovudmønsteret, men då kom heldigvis mamma og berga meg - tusen takk for hjelpa! Eg har forresten gjort ei lita endring på gensaren; i oppskrifta har den hette, men eg er ikkje så begeistra for hette på barnegensarar, så då gjekk vi for den halsen som var på guttegensaren. Eg er svært nøgd med å ha tatt det valet!


I dag hadde minstemor fri frå barnehagen og vi kosa oss i sola på badestranda. 

Fakta om gensaren:

Garnet heiter Viking Eco Alpaca og eg har kjøpt det på Volda Mode i Volda.
Mønster finn du i Viking Design si mønsterbok nr. 1208.
Gensaren er designa av Turid Stapnes og er nr. 1208-14 i mønsterboka.
Der er ein variant for gutar som har litt anna mønster, men akkurat like fin. 
Gensaren er strikka på pinne 4 1/2 og 5. 
Gensaren kan også strikkast i Viking Odin. 
Tråden kjem i hesper og må difor nøstast. 
Du finn gensaren i storleikane 2 år til 10/12 år. 

Om du bur på mine trakter får du kjøpt Viking garn på Volda Mode i Volda. Volda Mode har eiga nettside som du finn her, og du kan også følge dei på Facebook ved å klikke her


lørdag 9. februar 2013

Kake til morsdag?

Skal du bake til morsdag? Sette ungane i sving? Invitere til selskap? "På kjøkkenbenken" har ein aldri så liten kakespesial i dag; ti herlege kakefavorittar som garantert vil falle i smak og ta seg godt ut på kakebordet! 

W A R N I N G : fristelsane i dette innlegget er store....


Klikk her for å gå rett til innlegget. 

Fleire av desse kakene har vore på Lesernes VG og eg har fått mange tilbakemeldingar frå godt nøgde kakemomsar! 

tirsdag 5. februar 2013

Strikkagenser til minstemor!

Farfar si gamle reisekiste er full av tråd. I alle fargar. I alle variantar og kvalitetar. For to veker sidan var eg og minstemor på oppdagingsferd i alt restegarnet og fann litt tråd vi kunne strikke ein genser av.

 Vi fann litt Dalegarn; Dale Babyull, i 100 % merinoull. Til bråt hadde eg nokre restar av Sisu. Frøkena var heilt klar på kva fargar ho ville ha - og slik vart det! Eg er ingen storstrikkar (dvs ikkje særleg dyktig, ikkje særleg rask, ikkje særleg kreativ), så eg fann ut at det måtte verte ein genser i rillestrikk. Ei målsetting var at gensaren skulle verte ferdig fort!


Minstemor er sjuk og heime frå barnehagen i dag. Gleda var stor då ho stod opp i dag tidleg og såg at eg hadde montert ferdig gensaren slik at ho kunne bruke den! Det er godt å kose seg med varme ullkle når ein er forkjøla og frys... 

Lukka er å få sitje på bordet og   d i n g l e   m e d   b e i n a  i ullsokkar som bestemor har strikka! Dei er eigentleg storesyster sine, men no passar dei endeleg til minstmor! 

I dag får verden berre passere. Eg og minstemor sit krølla under eit pledd i sofaen og ser "Verdens beste SFO". Då er alt så bra som det kan vere!



søndag 3. februar 2013

Feed the birds ♥

Når snøen dalar og det kalde vintervèret slår til for fullt, må vi tenkje på småfuglane. Ein kan kjøpe meisebollar eller lage dei sjølv. I går laga eg og jentene litt fuglemat som vi hengte ut i dag. 

Å lage sine eigne meisebollar er eigentleg ganske enkelt. Du treng: 

mjølkekartongar, delt i to (eg brukar berre botnen)
Delfiafett (smelt forsiktig i ei panne)
solsikkefrø
sesamfrø
linfrø
kokos
rosiner

Du kan sjølvsagt bruke det du måtte ha tilgjengeleg av frø. Ha frøblandinga i mjølkekartongane og slå det smelta feittet over. Vi treng også noko som kan brukast til å henge opp meisebollane. Eg brukar greiner som eg knekk av i passe lengd, set dei ned i blandinga og set mjølkekartongane slik at greinene får støtte seg og held seg beine. La blandinga stå i kartongane natta over, knyt i tråd, riv eller skjær opp kartongen og heng dei ut til småfuglane. 

No heng den heimelaga fuglematen i ei gran på tunet og vi sit i glaset og ser etter småfuglane! 


Passar du godt på småfuglane?

lørdag 2. februar 2013

Matblogg på flyttefot!

Nokre som les bloggen min veit kanskje at eg skriv matblogg i tillegg til "Tankar frå ein kvardag"-bloggen min. Det kan vere vanskeleg å disponere ledig tid mellom dei to bloggane, og i det siste har matbloggen vorte prioritert.



Eg er nemleg så heldig at eg får vere ein del av matprat.no-familien. Vi er ein gjeng matbloggarar som er med iver og lyst bloggar om mat i alle ulike variantar. No skal matprat.no legge om bloggplattforma si og i den forbindelse har bloggen min flytta ut av matprat.no-kollektivet og inn på eit webhotell der eg skal styre bloggen min sjølv. Eg og dei andre matbloggarane skal framleis vere ein del av matprat.no, men no på litt meir sjølvstendige bein. Dette gjer det lettare for meg å designe og tilpasse bloggen slik det passar best for meg. 

Mykje vil vere det same. Noko vil vere nytt. Blant anna har eg fått ny adresse. Den nye adressa mi er paakjokkenbenken.com. Heldigvis blir alle som klikkar inn på den "gamle" adressa omdirigert til den nye. Alle er hjarteleg velkomne til å besøke matbloggen min! Rett før helga var eg m.a. på Lesernes VG med ei vannbakkelsoppskrift og dette gav sjølvsagt rekordbesøk! 

Bloggportalen til matprat.no skal også endrast. Måndag 4. februar vil portalen framstå i ny drakt og det gler eg meg til! Det er så dyktige folk som jobbar i matprat.no, at eg har stor tru på at den nye bloggportlen blir super! 

Vil du hjelpe meg å fortelje folk om bloggen min? 

I ein overgangsperiode vil eg trenge litt hjelp for å nå ut til nye lesarar. Eg blir kjempeglad om du vil hjelpe meg med dette! Du kan fritt låne dei to bileta i dette innlegget og poste anten på facebook, Twitter, blogg, instagram eller andre sosiale media! Det er sjølvsagt motiverande for meg å sjå at eg har gode besøkstal på den "nye" matbloggen min! 

Ynskjer alle ein flott laurdagskveld!