mandag 28. februar 2011

Fullstendig stillstand…

“Den som har begge beina på jorda, står stille” , sa Tor Åge Bringsværd ein gong. Bloggmessig har det verkeleg vore stille siste veka. Det har vore møter, konsertar og knallhard jobbing heile veka. Eg har i aller høgste grad hatt begge beina plassert på jorda, og då er det vel slik at bloggen seglar litt sin eigen sjø.

ørken

For å vere heilt ærleg har det vore litt godt… Eg er ikkje lei av blogging, misforstå meg rett, men det gjorde faktisk godt med ei lita pause. Eg sette meg ned ei stund i dag og kika gjennom bloggar som eg har på blogglista mi, og kom fram til at  eg er litt lei av “sjå kva eg kjøpte i helga”-innlegg, lysestakar, ryddige stovebord og skjenkar med vakre stilleben, rosa effektar og andre typiske bloggsaker. Eg veit det er ironisk, for med jamne mellomrom er eg òg ein slik bloggar! Men når det går ei stund mellom kvar gong ein er innom og kikar på bloggar, så ser eg det heile frå eit litt anna perspektiv.

ørken1

Heime i stova mi er det absolutt ikkje noko nytt for tida. Det står ein gjeng med passe visna tulipanar på skjenken og i vindauget heng nokre roser med hovudet. Eg burde absolutt ha vaska gangen og badet treng så sårt litt omsorg. Kanskje eg tek meg på tak no når eg har “vinteravspasering”? Kanskje blir det litt meir blogging?

ørken2

Uansett kva som skjer, så skal eg danse meg gjennom bloggtørken og gjere nett det eg vil! I dag har eg baka flettakrans, skillingsbollar, brød, det blir heimelaga kjøtkaker til middag og vi skal ete kvelds i fjøresteinane! 

Smått om senn skal bloggen også få litt omsorg, men ikkje før eg bestemmer meg for det!

Nyt soldagen – kvar du enn befinn deg!

søndag 20. februar 2011

“Mamma, no må du absolutt stå opp…”

“…Morgonen er rosa og vi kan ikkje kaste den vekk!", sa den overivrige 3-åringen.

søndagsmorgon

Ho hadde absolutt rett i det!

♥♥♥

Det er søndag, det er sol – og vi har ikkje eit sekund å kaste vekk!

lørdag 19. februar 2011

Glorious day!!!

Å vakne til blå himmel er alltid godt. Ungane var blide og glade og ville raskt ut. Særleg minstesnuppa. Ho er ikkje så glad i snø og dårleg vèr. Men når sola skin går ho ut så fort ho kan. Sjølv om det er snø. Sjølv om det er kaldt.

vintersina

Aller helst skulle ho ha sprunge rundt berrføtt i sommarkjole. Ho likar ikkje alle desse laga med vinterkle. Men etter å ha tenkt seg om er det OK likevel!

vintersina1

I dag var det leikarhytta som skulle få smake på vårreingjeringa. Eg fekk ikkje lov å kome inn før ho var ferdig. Kanskje eg måtte vente heilt til neste år, sa ho…

vintersina2

Lenger enn dette kom eg altså ikkje! Mødre hadde ikkje adgang før til neste år!

vintersina3

Ho har i alle fall orden på “gangen” sin! Støvlane  stod så fint plassert ved døra. Ho hadde endåtil lagt granbar under; “…for sånn gjorde vi det då det var jul, og det var så koseleg…”.

vintersina4

Så medan ho puslar på i sin vesle heim, kosar eg meg med husmorsyslar i min heim! Lukka på jord er å få henge ut alle dyner og få lufta heile huset! Og til kvelden skal alle få krype ned i reine sengkle som har fått tørka ute i februarsol...♥

♥♥♥

Ynskjer alle ein strålande laurdag!

fredag 18. februar 2011

Friminutt...♥

Tusen takk for alle kjekke meldingar, e-postar og kommentarar eg fekk på "Focus on You"-innlegget mitt!!! Trur mange har det som meg, at vi ikkje er flinke nok til å bruke tid på oss sjølve.

Vi treng alle å ta oss velfortente friminutt. Små pauser frå den elles så pulserande kvardagen. For nokre er friminutt den vesle stunda du har heilt for deg sjølv. For andre kan det å vere i lag med andre vere eit friminutt.

Når det gjeld kva som gir oss pustepauser i kvardagen, er det nok like mange meiningar som der er kvinner. Mine gode lesarar har blant anna gitt meg desse innspela:
Å setje seg i skuggen av eit tre med ei god bok, er utan tvil eit friminutt. Eg elskar å ta med meg ei god bok i fjøra. Det er så godt å sitje på ein stein i fjørekanten og kjenne dei svalande sommarbølgene plaske over føtene. Å fordjupe seg i ei bok gir rom for draumar og håp, etterlengta svar eller ubesvarte spørsmål.


Tenk så deilig å ha tid til å tappe seg eit varmt og godt bad, med gode oljar og tente stearinlys. Det er rein luksus å kunne okkupere badet så lenge ein treng, kanskje med eit god bok og masse forfriskande drikke.

Å setje seg ned med ein god kopp te, eit blad og lytte til god musikk gir kroppen ro og sjela fred. Finn deg ein stille plass og bestem deg for å bruke t.d. 30 minutt som er berre dine. Dersom ein har mange små born i hus kan det vere vanskeleg å finne denne staden, men få dei stor ungane til å passe dei små eller la kjærasten ta dei med ut og leike.

Kva planar har du for friminutta dine denne helga???

søndag 13. februar 2011

Glimt frå ein morsdag…

Dette: å være i livet,
open for alt ikring,
bunden med sterke røter
til menneske og til ting,
gi både hjarte og hender
i omsorg som aldri svik,
var det som gav meining til ferda di
og let deg få kjenne deg rik.

morsdag

Og den som er rik vil ha seg
eit hus som er såleis bygt
at alle som høyrer til huset 
kjenner det godt og trygt,
og såleis at framande gjerne
kjem innom dørene der
og auker den rikdom som finst der før
med alt det dei sjølve er.

morsdag1

Fattig var du om aldri
i livet du kjenne fekk
at mellom deg og dei andre
levande straumar gjekk
av tillit og varme som styrkte 
kvart band som til livet deg batt,
og lar deg få kjenne, når alt blir
gjort opp,
at meir enn du gav, fekk du att.
-Halldis M. Vessas-

morsdag2 

På sjølvaste morsdagen kan det vere godt å reflektere litt over liv og levnad. Halldis Moren Vesaas seier at vi må gi både hjartet og hendene våre i omsorg som aldri svik. Å gi omsorg er ei dei store oppgåvene ei mor har. Å få lov til å ha nokon å ta hand om, nokon å glede seg over, bekymre seg for og ofre seg for – det er eit stort privilegie å få vere nokon si mamma.

morsdag3

Og ikkje minst; å vere nokon si mamma er ein stor og viktig jobb. Tenk om vi ikkje gjer jobben vår godt nok? Om vi gløymer nokre av dei viktige tinga? Om vi ikkje er tilstades så mykje som vi bør? Borna våre er resultat av vårt arbeid. Vi set våre avtrykk på dei og kallar dei våre – uansett!

morsdag4

Det viktigaste vi kan gi dei er tid. Tid til å leike. Tid til samtaler. Tid til gode klemmar. Og vi må gi dei kjærleik. Kjærleik utan betinging. Uendeleg kjærleik - uansett.

For utan kjærleik er vi ingenting. Utan kjærleik vert ingen trygg. Utan kjærleik er vi ikkje fullverdige menneske.

…og meir enn du gav, fekk du att….

lørdag 12. februar 2011

Vakker ingrediens!

Ikkje berre er den vakker å sjå på – den er også god på smak! Og for ikkje å snakke om den gode lukta når du opnar posen…  Stjerneanis er estetisk vakker å sjå på, og dersom du vil lage ei herleg kake der stjerneanis spelar ei av hovudrollene, må du ta turen innom matbloggen min i dag!

sitroniskake

Stjerneanis set nydeleg smak på all mat den får lov å vere ein del av! Og så er den fin å pynte med! Tenk så fint å ha flytande stjerneanis som bordpynt! Særleg fin er den når den ligg i sukkerlake, for då blir den så skinande blank!

Det er mange matvarer som fint kan vere ein del av interiøret! Kva er din interiørfavoritt på matfronten?

Ein av dei amerikanske favorittbloggarane mine er svært flink å bruke mat som interiør! Sjå berre kor lekkert små appelsiner kan pynte opp på kjøkkenbenken:

humble pai

(biletet er lånt frå bloggen hennar, du finn den her)

Ynskjer alle mine lesarar

ein nydeleg laurdag!

fredag 11. februar 2011

Så godt å kome heim…

Eg har vore vekk i fire dagar. Åleine på eit hotellrom, med berre eit strikk og gode bøker til å halde meg med lag. Det er rart kor ein lengtar etter det kjæraste ein har når ein må vere vekk så lenge… Lengtar etter dei klissete, små hendene som raust deler klemmar og klappar på kinn… Dei gode samtalene med storeungane og den gode armkroken til husbonden…

Det beste med å vere vekk er å kome heim. Så godt å ha dei alle rundt meg igjen. Høgdepunktet var likevel då eg la minstesnuppa i kveld. Ho var nydusja og god, raud i kinna og ekstra kosete.

sovende-barn

Eg la henne ned i den gode senga, pakka dyna godt rundt henne. La over kosepleddet og plasserte favorittkosen på puta. Ho heldt meg godt fast då eg song godnattsongane. Dei same godnattsongane eg har sunge sidan ho var fødd, i akkurat same rekkefølgje som dei alltid skal vere. Etter mange gode klemmar sløkte eg lyset og sa god natt til henne. Ho sov nesten. Augeloka var tunge og pusten roleg. Akkurat då eg listar meg over dørstokken høyrer eg stille frå senga;

“Åhh, så masse eg elskar mammaen min…”

♥♥♥

Eg vart ståande heilt stille på gangen og kjenne at hjartet vart stort og varmt. Så godt å vere sakna, så godt å vere heime, så godt å ha born

Nydelege, lissje gullet mitt….

(biletet har eg lånt her)

tirsdag 8. februar 2011

Focus on you!

I ein periode framover har eg lyst å ha eit litt anna fokus på bloggen min. Vi er alle kvardagsmenneske og har ulike knep og triks som gjer at vi taklar kvardagane på ulike måtar. I løpet av ein kvardag skal vi vere mamma, livspartner, kokk, reinhaldar, leksehjelp, dugnadshjelp, organisator, nokon si glede, nokon si trøyst, nokon sin store frustrasjon og vi tek maaange avgjerder. Midt i eit slikt hav av logistikkarbeid kan vi ofte gløyme oss sjølve. Vi har fokus på at alt rundt oss skal gå rundt og at alle skal ha det bra, men når har vi fokus på oss sjølve? Korleis fyller vi batteria våre? Kva inspirerer oss?





Tema på bloggen denne perioden vert difor "Focus on You!". Eg blir kjempeglad om lesarane mine kan bidra i form av kommentarar eller e-postar. Fyrste spørsmål eg har til lesarane mine er: KVA GJER DU FOR Å HA "FOCUS ON YOU"? Har du eit tips til korleis ein kan snike seg til ei stille stund midt i kvardagskaoset? Bidraga som kjem inn vil i stor grad verte brukt i innlegga mine framover. Eg blir veldig glad om eg kan klare å engasjerer lesarane mine!!!

Inspirert helsing frå Tove, som for tida sit på eit hotell i Ålesund og prøver å overbevise meg sjølv om at "dette er kjekt" og "dette har eg godt av"! Sanninga er at eg saknar alle mine gode som er heime... MEN, det er då eg må ta meg kraftig i nakken og seie til meg sjølv at eg må gjerer det beste ut av det!


lørdag 5. februar 2011

Innekos i sola…

Minstesnuppa er litt småforkjøla i dag og då må vi finne på koslege inne-ting. Ho er litt slappare enn elles og har kosa seg i tur og orden i alle stolar og sofaer i stova.

Kos

Det vart så fint vèr i dag, men trur likevel det er best å vere inne med lissjegullet mitt.

Kos1

Humøret er heldigvis på topp! Litt seinare skal vi på laurdagshandel.  Ungane har bestilt sjokoladekake og då må vi ha meir egg!

Kos2

Er sola komen der du bur? Det er utruleg kor godt det gjer når sola strøymer inn stoveglaset! Her vi bur er vi heldige og har sol året rundt, men no gler vi oss over at ho er her lenger og lenger.

Kos3

Eg har forresten vore så lenge på jakt etter dei rette lampane i vindaugskarmen på stova. Forrige laurdag fann eg to Herstal- lampar på Gåvebua, ein fantastisk butikk i Gågata i Ørsta. Det var mykje meir enn lampane eg hadde lyst på, blant anna har dei masse herlege ullkle frå “Du store alpakka”.

Eg og minstesnuppa ynskjer alle ein strålande laurdag!

LITT AV EIT KUPP!!!

Eg rydda skapet til minstesnuppa og fann ut at ho veks altfor fort. Halvparten av kleda måtte pakkast vekk… Eg sukka tungt og tenkte at her er det berre å ta seg ein tur på kleshandel.

Cubus

Heilt tilfeldig stakk eg innom Cubus på veg heim frå jobb i går og tenkte at eg i allefall måtte finne ei ny bukse eller to, og kanskje ein god gensar. Der var det tilbod så langt auget kunne sjå! Overalt hang der plakatar med 19,- og 29,-! Det var berre å plukke med seg så mykje armane kunne bære!

Cubus1

Det var svært artig å summere ordinærpris og tilbodspris då eg kom heim. Eg hadde altså handla for kr 2078,- til full pris, men betalte berre kr 446,-

Så no har minstesnuppa fått heilt ny garderobe med alt ein 3-åring kan ynskje seg! Må innrømme at det gjer godt å handle litt på tilbod av og til…

LØP OG KJØP!

fredag 4. februar 2011

…an olive a day…

Oliven er favorittsnackset til minstesnuppa. Ein oliven-etande 3-åring med bestemte meiningar om kva slag oliven det er verdt å ete. Dei skal ligge i olje og vere med stein. Dei skal etast rett frå boksa og ein må gnage skikkeleg av steinen.

kjøtdeig3

Det er ikkje rart ho likar å vere med meg på Olivìer & Co eller i delikatessedisken på Mega! Ho får sjølvsagt ikkje ete uante mengder! Sjølv om oliven inneheld sunne oljar, har dei også høgt saltinnhald – difor er det viktig å passe på når dei små et oliven! Men i moderate mengder og berre av og til er heilt supert!