lørdag 5. februar 2011

LITT AV EIT KUPP!!!

Eg rydda skapet til minstesnuppa og fann ut at ho veks altfor fort. Halvparten av kleda måtte pakkast vekk… Eg sukka tungt og tenkte at her er det berre å ta seg ein tur på kleshandel.

Cubus

Heilt tilfeldig stakk eg innom Cubus på veg heim frå jobb i går og tenkte at eg i allefall måtte finne ei ny bukse eller to, og kanskje ein god gensar. Der var det tilbod så langt auget kunne sjå! Overalt hang der plakatar med 19,- og 29,-! Det var berre å plukke med seg så mykje armane kunne bære!

Cubus1

Det var svært artig å summere ordinærpris og tilbodspris då eg kom heim. Eg hadde altså handla for kr 2078,- til full pris, men betalte berre kr 446,-

Så no har minstesnuppa fått heilt ny garderobe med alt ein 3-åring kan ynskje seg! Må innrømme at det gjer godt å handle litt på tilbod av og til…

LØP OG KJØP!

4 kommentarer:

  1. wow!
    ikke verst! :D
    Ønsker deg en fin lørdag
    /myr

    SvarSlett
  2. Ååååå nå ble jeg nesten litt misunnelig her ja....har ingen Cubus på øya vår!! Heldig er du, og gratulere med ett skikkelig kupp!!=) Ha ei god helg videre!! Klem fra Linda!!=)

    SvarSlett
  3. Ja skal tru kva dei tjener på kleda når dei sel dei til full pris....Kan ikkje vere mykje dei betalar i innkjøp når dei kan køyre prisane så lågt...
    Men du verden kor flott for småbarnsfamilier å kome over slike kupp:-))

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!