søndag 30. oktober 2011

VIKTIG REPRISE: Kjære mann eller dame, som eg snart kjem til å køyre på.....

Eg har vorte oppfordra av mange av mine lesarar om å re-publisere eit innlegg eg hadde i fjor og året før.  Eg kan ikkje få sagt ofte nok kor viktig det er å bruke refleks, så difor kjem altså innlegget i reprise!

bilulykke

Illustrasjonsfoto: Ronny Hjertås, NRK Rogaland

Dette innlegget skriv eg for å kome med unnskyldninga på førehand. For etter at eg har køyrt på deg kjem eg til å skulde det heile på deg. Overbevise meg sjølv, deg og alle andre om at alt er di skuld.

Eg kjem til å kome køyrande med bilen min, ein tidleg morgon på veg til jobb, eller på veg heim etter ein lang dag med undervisning og møter. Eg held akkurat fartsgrensa og snakkar ikkje i mobiltelefon - det er viktig å ha fullt fokus når vegane er våte og mørke.

Akkurat litt for seint oppdagar eg deg. Bilen min er stor og tung og køyrer rett på deg. Eit høgt dunk fyller bilen, hovudet og tankane mine. Ringjer 113 og prøver å hugse fyrstehjelpskurset eg var med på for 20 år sidan. Skal tru om du har barn? Sit dei heime og lurer på kvifor mamma eller pappa ikkje kjem heim frå jobb snart? Kvalm engstelse fyller meg idèt eg går ut av bilen, redd for synet som snart skal møte meg.

Eg kan sjå at du ligg i ei forvridd stilling på gangfeltet. Eg har køyrt på ein person i eit gangfelt. Eg , den ansvarlege sjåføren med fullt fokus på vegen og trafikkbiletet, har køyrt på eit menneske.

Veska ligg slengt fleire meter lenger borte. Eg bøyer meg ned til personen samstundes som eg prøver å identifisere noko av innhaldet i veska. Tenk om eg ser ein smokk, ei lita leike eller små babylestar, slikt som foreldre dreg med seg. Augene er blinda av tårer, sinne og raseri, eg ser ingenting. Meiner å hugse at eg skal leite etter puls. Famlar med kalde og skjelvande hender. Du har på deg så mykje kle. Det er ikkje råd å finne ei opning inn for å leite etter dei livgivande slaga.

Folk kjem til. Ser bebreidande på meg og lurer på kva som har skjedd, og om eg har ringt ambulanse. Trur eg har gjort det. Veit ingenting for sikkert lenger. Berre at eg har køyrt på ein person. Ei dame med tilgjort roleg stemme tek meg til side og snakkar til meg som om eg var eit barn. "Eg såg ingenting" , er det einaste eg klarer å seie. Alle dei andre orda, dei eg veit eg burde seie, set seg fast i halsen.

Sirener bryt stillheita, det gule lyset lyser opp heile vegen. Profesjonelle hender tek hand om meg og spør vanskelege spørsmål. "Eg såg ingenting". Dei masar meir og har på meg eit varmt teppe. Har nokon sett ein smokk?

Kjenner at vetet kjem tilbake, tankane klarnar. Eg forklarer meg til politiet og skuldar alt på deg. Eg køyrde på deg, du overlevde - og eg skuldar alt på deg. Eg såg ingenting og politiet forstår. Dei seier at eg ikkje skal tenkje meir på det, at det er du som må ta konsekvensane for det som har skjedd.

Kjære mann eller dame; eg kjem snart til å køyre på deg. Det kjem til å vere synd på deg, sjølv om alt er din feil. Håper det kjem til å gå bra med deg og at du ikkje har barn.

Og om du skulle lese innlegget mitt i kveld før du legg deg, eller i morgon tidleg før du køyrer på jobb, så kan du kanskje unngå at eg køyrer på deg. Så slepp eg å måtte forklare meg til politiet og seie at "Eg såg ingenting".

refleks3

Du er nokon si mor, far, kjærast, nabo, kollega og besteven.Eg vil ikkje køyre på deg, men om du held fram med å gå langs mørke vegar og krysse gangfelt utan refleks, kan eg ikkje love noko. No er du advart.

BRUK VETET -

BRUK REFLEKS!

NOKON ER GLAD I DEG!

Dersom du skulle lure, eg har ikkje køyrt på nokon. Eg har heller ikkje vorte påkøyrd. Men mi store frykt er å på ein eller annan måte verte involvert i ei "brukte ikkje refleks"-ulukke. Då dette innlegget vart publisert sist, kom det også på trykk i fleire aviser, og eg fekk telefonar og e-post frå heile landet frå folk som ville nytte innlegget i ymse samanhengar. Det synest eg er kjempeflott! Denne bodskapen kan ikkje uttrykkast sterkt nok! Eg vart også kontakta av mange som på ein eller annan måte har vore part i slike ulukker. Eg gret nokre tårer då eg hadde desse samtalene....

Du må gjerne linke til dette innlegget for å dele historia med andre!

fredag 28. oktober 2011

D I Y – smykke!

I mangel på anna å gjere tok eldstemann seg ein tur i papsen si brakke. Kreativ som han er, kom han sjølvsagt tilbake til huset med eit smykke han hadde laga sjølv. Smykket var av det røffe slaget og passar nok fint til rockarar og andre med lidenskap for piggar og stål!

IMG_4039

Det er kanskje ikkje eit smykke av det praktiske slaget og det er ikkje håp om at det går gjennom mamsen sin smykkesensur! Men kreativt er det i alle fall!

IMG_4040

torsdag 27. oktober 2011

Thanksgiving...

Eg har så lyst å feire Thanksgiving i år. God mat, god stemning, nydeleg vèr ute og masse familie samla kring bordet. Skulle så gjerne ha lært mykje om mattradisjonane kring denne jordnære høgtida. Samla meg nokre oppskrifter og prøvt dei ut.


Kanskje eg må undersøke litt rundt om kring. Ta kontakt med kjende "over there" og få tips og idèar. Kanskje kunne blogglesarane mine kome med tips til gode "Thanksgiving"-sider, spekkfulle av inspirasjon??? Send meg gjerne tips på oppskrifter etc.

Eg prøvde meg på amerikansk Thanksgiving for nokre år tilbake og eg meiner å hugse at det var populært i heimen. Kanskje får eg ånda over meg i år?

mandag 24. oktober 2011

Bursdagskalas!

Eg er så absolutt ikkje ein “åh, så kjekt det er å pynte kaker”-person.  Heller ikkje ein “oj, så flink eg er til å pynte og lage supersøte, små, kaker og muffins”-person. Men då frøken midtimellom hadde bursdagsselskap måtte eg lage litt søtmat likevel.

Med hektiske dagar må ein køyre litt safe. Mi erfaring er at det sjeldan er populært å prøve seg på nye og “rare” kakeslag som 9-åringen har panikk for at ingen skal like. I går hadde ho stort jenteselskap og frøken Ida hadde bestilt brownies. Då laga eg ei svært enkel brownie (som du finn oppskrifta på her), strødde på hakke daim før steiking og pynta med Hummingbird Bakery sin frosting (oppskrifta på du i lenkja over).

IMG_3978

Når ein er 9 år er ein nesten  ferdig med “alt må vere rosa”-perioden alt vart pynta med turkis og sølv! Eg skulle heilt sikkert ha servert cakepops og andre superpopulære bakverk, men eg hadde verken tid eller ferdigheit til å eksperimentere!

IMG_3967

Og så laga vi risbollar. Eg har faktisk aldri laga det før, men 9-åringen meinte at alle likte det og at vi så absolutt måtte servere det! Grunnen til at eg aldri har laga dette før er at eg har eggeallergikarar i hus og er difor skeptisk til all mat som har ubehandla egg i seg (når egget verken er steikt eller kokt)  og fordi eg ikkje er så stor tilhengjar av Delfiafeitt. Risbollane fekk i alle fall bein å gå på, så dei var heilt sikkert gode nok! Som de ser nyttar eg ikkje ikkje ein gong muffinsformer med fancy papir! Her går det i basic white frå Kiwi!

IMG_3956

Nokre av browniebitane vart pynta med seigemenn. Denne gongen vart kaka akkurat så seig og klissete som den skal vere! Eg likar godt å skjære slike søtbomber opp i små serveringsbitar og så pyntar eg kvar bit til slutt. Det er mykje meir delikat å servere kake slik, synest eg!

IMG_3962

Kanskje eg er litt pysete som køyrer så safe som dette. Problemet er berre at eg etter kvart kjenner så utruleg mange fantastiske kakebakarar, t.d. Anne Brith i Villa Perlesukker. Ein kan nesten få prestasjonsangst når ein ser kor mange gode kaker dei klarer å trylle fram! Men eg har lovt meg sjølv å prøve, for det skal visst ikkje vere så vanskeleg. Anne Brith er i alle fall superflink å forklare, så då kan det hende eg dristar meg til når eg berre får tenkt meg litt om… Kanksje skal 4-åringen få cakepops når ho blir fem neste år ein gong. Eller kanskje er det noko anna som er “in” på bursdagsmat-fronten då? Enn så lenge så får det halde med det eg taklar bra og som eg veit ungane likar.

No har vi feira den flotte, snille og gode 9-åringen vår i to dagar til ende. I går var det venninneselskap med god mat, søte kaker og disco på låven. I dag var det familie og gode vener. Vi åt sjølvsagt restar frå i går, men så hadde eg laga sveler i tillegg. Eg trur sveler må vere ein av sunnmøre sine nasjonalrettar. Kven har vel ikkje høyrt om MRF-svela? Eg har ei fortid som svelesteikjar på ei ekte sunnmørsferge, så når det vert laga sveler her i huset er det sjølvsagt den oppskrifta eg brukar! Dersom du har lyst til å prøve deg på sveler, kjem det sveleoppskrift på matbloggen min i morgon!

søndag 23. oktober 2011

Verdens beste Ida…

Tenk at den store, kjekke jenta vår fyller ni år i morgon, måndag. Ingen er så snill og god som henne. Alltid positiv, alltid hjelpsam og alltid med eit smil på lur.

IMG_3988 Gratulerer så mykje med 9-års dagen, kjære Ida vår! Vi er så utruleg glade i deg ♥

fredag 21. oktober 2011

I just love that Friday feeling ♥

Fredag er den absolutt beste dagen i heile veka! Det er nysnø i fjella, varmt i stova og “Vaffelhjarte” på barne-TV.

IMG_3913 copy

Så godt å slappe av etter barnehagen med favorittprogram på TV ♥

IMG_3915

Det er kanskje ei stund til jul, men då eg såg dei lyserosa julestjernene på blomsterbutikken i går klarte eg ikkje å gå forbi! Glad i jula som eg er, går det vel an å tjuvstarte litt!!!

IMG_3952

Godaste storejenta mi kosar seg framfor vedomnen… På måndag fyller ho 9 år og eg veit ikkje kvar alle åra har vorte av ♥

 

God og varm helg til alle!

onsdag 19. oktober 2011

Haustfargejakt!

Det er så fristande å vere ute og nyte den lave haustsola, særleg når ein heller burde ha vore inne og gjort husarbeid og laga middag.

IMG_3826

Det går slettes ikkje an å kaste vekk fine haustdagar (vi har ikkje hatt for mange av dei…), tenkte eg og Sina, så vi gjekk like godt ut og leitte etter haustfargar!

IMG_3814

Ei grå og værbitt korg med vintergrøn busk og skjønne, kvite steinar. Frøken snupp pynta så fint med ein hestesko.

IMG_3818

Så fann ho ei gammal, grå kasse med lilla røsslyng og konkluderte fort med at dette heilt klart var haustfargar! Vi har fleire slike kasser her på garden og så sant dei er i rimeleg bra stand, får dei opptre som prydobjekt med jamne mellomrom.

IMG_3820

Den lave haustsola varma godt, og minstesnuppa brukte like godt lua til å samle hyllebær. Varme og gode fargar…

IMG_3844

Hyllebæra vart med inn og fekk vere pynt på toppen av ei grå boks!

IMG_3859 copy

Til slutt kosa vi oss med å lage flotte bileter av fargerik tape!!! Frøken snupp meinte det var haustfargar der òg!

Vi hadde ein kjempekjekk ettermiddag på haustfargejakt! Husarbeidet gjekk ikkje sin veg og vi fekk ekstra påfyll til å klare å få det unna!

Det er altså grått og lilla som er haustfargane her hos oss.

Kva er din favorittfarge i haust?

søndag 16. oktober 2011

Så priviligert eg er…

Vesle Louise vart båren til dåpen i dag. Det minste gullet av i alt ni tanteborn. Og eg hadde verdens mest priviligerte oppgåve; eg var gudmor…

IMG_3765

Det er noko ekstra å få vere gudmor. Å få ta med seg det vesle nurket fram til døypefonten, halde henne tett inntil og kjenne at ein får vere med på noko stort.

IMG_3766 copy

Ikkje berre sjølve dåpshandlinga, men alt det som er ramma rundt ein dåp; finstas, god mat, familier som møtest, forventingsfulle sysken og syskenbarn, god mat og god stemning.

IMG_3783 copy

Har du sett noko skjønnare?

Vesle Louise sov i armane mine under heile gudstenesta. Så varm og mjuk og god… Ingenting er meir herleg enn å sitje med eit slikt nurk i armane og kjenne på at ho er litt mi òg!

IMG_3789 copy

Tusen takk for ein flott

 

fest, kjære dåpsfamilie!

lørdag 15. oktober 2011

…om å danse smilet fram…

På lette bein trippar du så fint over dansegolvet. Kikar deg litt rundt og ser om der er andre som skal danse. Det er ikkje det. Du har golvet heilt for deg sjølv.

IMG_2790 copy

Musikken startar og ingenting kan halde deg tilbake. Du tek fleire runder på dansegolvet. Framleis heilt åleine. Av og til må pappa danse litt med deg. “Pappa er den beste i verden”, ropar du medan han snurrar deg rundt i lufta!

IMG_2805 copy

Det er dette alt dreiar seg om: DANS. I kvart vakne sekund av dagen dansar du. Leitar fram dei finaste kjolane og glittersko, og så dansar du. Tenk å ha eit heilt dansegolv for seg sjølv!

IMG_2834 copy

Det lakkar og lir mot kveld, men du ser ikkje ut til å merke det. Brått er du ikkje åleine lenger. No er det dei vaksne sin tur å danse. Bandet startar med ein roleg melodi og du set deg til rette midt på dansegolvet. Alle dei vaksne føtene dansar kring deg, medan du beundrar dei som syng på scena.

IMG_2847 copy

Pappa løftar deg forsiktig opp. Dansar nokre steg med deg, men no er du trøytt. Du held han så godt kring halsen, snusar inn pappalukta og kviler hovudet på skuldra hans.

“Verdens beste pappa”, seier du.

…og så sovnar du…

PS! Desse bileta var tekne då vi var på Hotel Alexandra i Loen. Vesle frøken snupp dnasa heile helga til ende… Hennar største draum er å få byrje på ballett. Men det er enno to år til ho er stor nok til det. Enn så lenge lyt stovegolvet vere godt nok og pappa må duge som dansepartnar ♥

dance-like-no-one-is-watching

fredag 14. oktober 2011

Har du lyst på noko søtt i helga?

Dersom du er ein skikkeleg søtmons og har lyst på ei skikkeleg kaloribombe til laurdagskaffien, då kan du stikke innom matbloggen min og sjekke ut ei super oppskrift på Snickerskake! Klikk her for å besøke kjøkkenbenk-bloggen min!

IMG_3588 copy

Velbekomme!

torsdag 13. oktober 2011

“…fra jord til himlen opp…”

Eg hugsar dagen som om det var i går. Det er 13 år sidan i dag, men eg hugsar alt eg sa, alt eg tenkte og alt eg gjorde. I detalj. Kva eg hadde på meg, kva bil eg køyrde, kva musikk som stod i CD-spelaren og kva eg åt på vegen frå legen til sjukehuset. Eit lite hjarte hadde slutta å slå. Eit lite hjarte i min mage. Mammamagen min.

20090221224708

Kroppen fylte seg med raseri. Sorg. Fortviling. Og redsle. Voldsom redsle. Tusen spørsmål som ingen hadde svar på. Kvifor. Korleis. Kva. Slikt skulle ikkje skje. Små hjarte i mammamagar skulle ikkje slutte å slå. I allefall ikkje når vi hadde komt til termin. I allefall ikkje når dei var så venta og så elska. Eg hugsar akkurat korleis romet eg kom inn i såg ut. Kven som tok i mot meg. Dei lurte på om eg ville ha saft. Om eg ville ringe til nokon. Om det var noko eg trengte. Eg trengte berre ein ting; kjærasten min.

3275810478_15fc8aac1a_large

Dei varme, gode armane som heldt meg fast. Pusten hans i øyret mitt. Trøystande ord om at vi skulle klare dette. I lag. Og alle tårene. Dei rann i strie straumer. Legar. Jordmødre. Familie. Alle gret. For kvar tåre som rann klarte eg å hente litt styrke. Litt etter litt klarte eg å tenkje.

Baby%2cfeet%2chands%2cphotography-ae3bcb9f5dd5a88cde306865ca021603_i_large

Ein velskapt gut såg dagens lys, men hjartet hadde slutta å slå. Vi fekk aldri høyre han skrike. Eller kjenne dei små nevane klemme hardt om fingrane våre. Men han var varm ei lita stund. Eg kan framleis kjenne den varmen. Akkurat den varmen. Han fekk aldri kjenne livet. Sjå lyset. Vi fekk aldri verte kjende med han. Men likevel kjente vi han så godt. Alle dei små sparka og romstreringane i magen. Alle dei gode stundene vi hadde i lag, med babymagen som det store midtpunkt. Alle draumane vi hadde. Alt du skulle få oppleve. Vi levde gjennom deg den tida du var i magen. Vi kjende deg. Visste akkurat når du brukte å kvile og når du var aktiv. Vi visste kvar foten din var og vi kjende omrisset av den. Kitla den. Vi song til deg og fortalte deg kor glade vi var i deg.

Tumblr_lsyqst8t2u1qjnnu9o1_400_large

Vi fekk aldri bli kjende med deg, men vi kjende deg. Du fekk aldri sett oss, men vi såg deg. Du fekk aldri livet, men lever vidare likevel. T A K K ♥

“Det stod en stige stillet, fra jord til himlen opp.

Der klatret vesle Andreas med englene til topps”.

(inskripsjon på gravsteinen)

Dei nydelege babybileta er lånte her, her, her og her.

PS! Det sat langt inne å publisere dette innlegget. Det er skummelt å vere så open om noko som er så trist. Så personleg og så fullt av kjensler. Takk for at du behandla innlegg mitt og minna mine på ein fin måte…♥

onsdag 12. oktober 2011

R O S A oktober.

Til alle dei som har kjempa og gitt opp. Til alle dei som framleis tek kvar dag som ei gåve. Til dei som framleis må vakne kvar einaste morgon og vite at kroppen ikkje er frisk.

Til alle som har mista ein av sine kjære; ei mamma, ei bestemor, ei venninne, ei syster, ei tante, ein nabo, ein kjærast og ektemake…

…og til dei som kjempa og VANN…

IMG_3607 copy

H Å P

Ta med dig karta
och kompass,
när du går genom skogen.
Den är mörk och snårig,
full av hinder.
Små och stora,
som får dig att stanna upp.
Men var inte rädd,
vid din sida går jag.
Tro inte att jag lämnar dig,
sätter krokben för dig
och springer iväg.
Jag ska kalla fram stjärnorna
så du ser vägen,
solen så du inte fryser.
Jag ska ta ner månen,
så du kan bära den med mig,
och känna att du inte är ensam.

Dette nydelege diktet veit eg ikkje kven som har skrive. Eg har fått det av ei FB-venninne som heller ikkje visste det. Etter å ha googla det fann eg ein stad underskrive med “Ylva”. Dersom du veit kven som er opphavet så vil eg veldig gjerne vite det.

Smykket er det skjønne Stine med denne bloggen som har laga. Dei kosta kr. 250,-, der kr. 150,- gjekk direkte til Rosa sløyfe-aksjonen.

Støttar DU Rosa sløyfe-aksjonen?

søndag 9. oktober 2011

Minner om giveaway…

Minner om at skjønne Anne Brith med bloggen “Villa Perlesukker” har bursdagsfeiring og giveaway!

villaperlesukker copy

Det er superenkelt å vere med! Kik innom matbloggen min, “På kjøkkenbenken” og dette innlegget for sjå kva du må gjere for å vere med! Eg trekkjer ein heldig vinnar kl. 20.00 i kveld!

lørdag 8. oktober 2011

Eg er trøytt og går til ro…

Det er rart kor fort ferieveka har gått. No sit eg her og kjenner at det jammen hadde vore godt å hatt ei veke til. Det er likevel ugjenkalleleg slutt og laurdagskvelden vert brukt til absolutt kvile og kos.

IMG_3506 copy

Storeungane puslar rundt meg og gjer klart til kortspel. Litt brus i glaset og godt i skåla. Dei vil at vi skal spele “Vri  8’ar” så ho mor må sjå om ho klarer å rive seg ut av godstolen og legge frå seg datamaskin og strikketøy.

IMG_3520 copy

Legg merke til den rosa tape-biten bak stolen… Minste frøken snupp er svært oppteken av kunst for tida og heng difor opp sin eigen kunst på dei merklegaste stadar. Sjølvsagt med washi-tape.

Eg ynskjer alle ein varm og god laurdagskveld. Her er det nysnø i fjella og gradestokken kryp nedover. Må nok kle meg godt når eg skal på rusletur med hunden etterpå, men så er det rett tilbake til godstolen…♥

fredag 7. oktober 2011

Har du lyst å lage slike kaker???

Siste månadane har eg vore så heldig å verte kjend med skjønne Anne Brith med bloggen “Villa Perlesukker”. I dag har bloggen hennar 1-årsjubileum og i den forbindelse deler ho ut gåver med raus hand!

villaperlesukker copy

rund utstikkarform copy Eg har vore så heldig at eg har fått ei gåve som skal trekkast på matbloggen min, “På kjøkkenbenken” . Du kan vinne runde utstikkarformer som du m.a. brukar for å lage dei flotte kakene på biletet ovanfor.

Den heldige vinnaren vert trekt søndag kl. 20.00. Heilt til då kan du gå inn på matbloggen min og legge att ein kommentar der – superenkelt!

Gå inn her for å vere med på trekkinga og gå inn her for å besøke “Villa Perlesukker”!

Boblande glede ♥

For to veker sidan kosa vi oss som berre det på Hotel Alexandra i Loen. Husbonden skulle på ei messe og vi andre var med for moro skuld. Så medan papsen kika på gravemaskiner kosa vi oss i det fantastiske badeanlegget!

IMG_2889 copy

Minste frøken snupp syntest det var litt rart å bade i utebassenget medan det regna…

IMG_2895 copy

Det er rart å ligge slik på bassengkanten å berre kjenne kor boblene kitlar og sjå regndråpane danse på vassflata.

IMG_2903 copy

Heldigvis har eg ungar som likar å bade. Hotel Alexandra er eit eldorado for slike ungar. Der er basseng både inne og ute, vannsklie, boblebad og spa-avdeling.

IMG_2933 copy

Artig bilete av eldstemann!

IMG_2940 copy

Ho mor sjølv gjekk rundt på kanten og knipsa bilete! Heile laurdagen bada eg i lag med ungane, men søndag måtte papsen rive seg laus frå gravemaskinene og nyte dei varme bassenga. Det gav meg ei flott moglegheit til å knipse bilete i vilden sky! Og jammen klarte eg å snike meg med på eitt av bilete, hi, hi!

I neste innlegg kjem nokre bilete frå barnediscoet om kvelden. Minste frøken snupp var sjølvsagt i storform og svinga seg villeg i dansen! More to follow….

mandag 3. oktober 2011

Hipp hurra for den “nye” kjøkkenbenk-bloggen min!

Då er mange veker med venting og spenning over! I dag lanserte matprat.no eit heilt nytt konsept som du finn her. Eg er ein av dei få som har vore så heldig å få vere med på dette! I morgon skal eg skrive litt om korleis du òg kan verte ein matbloggar på matprat.no!

framside, på kjøkkenbenken

Dei som kjenner bloggen min frå før vil legge merke til at mykje er nytt. Med god hjelp frå matprat.no har eg gått over til Wordpress. Dette er eit nytt bloggsystem for meg, så det vil sikkert gå litt tid før alt blir heilt som eg vil…

Uansett; du er hjarteleg velkomen på kjøkkenbenken min! I dag har eg laga supergode pannekaker. Oppskrifta ligg sjølvsagt på bloggen! Klikk på denne lenkja for å kome deg inn til meg. Legg meg gjerne til i blogglista di slik at du finn tilbake til meg. Du som har lagra meg frå før må lagre den nye adressa. Kanskje dukkar det opp ein giveaway snart???

 

Velkomen!

søndag 2. oktober 2011

Så vakker kan hausten vere….

Sakte, men sikkert, går det opp for meg at eg har haustferie. Ei veke i lag med ungane, med all verdens tid til å gjere det vi har lyst til. Vi skal nyte haustdagane ute og gjere naudsynte syslar inne. Dersom vèret skal vere like flott som no, så vert vi nok mest ute.

autumn copy

Eg har alltid vore eit haustmenneske. Før trudde eg at det var fordi eg var fødd på den tid av året. Og kanskje er det slik. Det er noko særskilt med desse mørke kveldane når det ruskar litt ute. Det forsiktige suset når vinden dreg gjennom skogen og leikar med haustlauva, eller den heftige stormen som virvlar opp alt rundt oss.

IMG_6399

Den herlege roa det er å ha beitande sauer på nabomarka. Den forsiktitge brekinga når vi nærmar oss. Ungar som forsiktig klappar den mjuke ulla og gir dei litt godt å tygge på.

IMG_6411 copy

Eg likar at naturen går i dvale. Alt vert pakka inn og skal kvile. Men enn så lenge kan vi plukke haustblomar og strå, pynte med fargerike lauv, sette naken greiner i vase, leite etter drivved som rek i land etter hauststormane… Nyte den klare lufta og det underlege lyset. Litt blast, litt mjukt og litt varmt.

IMG_2986

Ynskjer alle ein fnatastisk haustsøndag! Vi skal nyte dei varme solstrålane og gle oss over at vi skal kjenne på kvilepulsen i ei heil veke ♥♥♥