Til alle dei som har kjempa og gitt opp. Til alle dei som framleis tek kvar dag som ei gåve. Til dei som framleis må vakne kvar einaste morgon og vite at kroppen ikkje er frisk.
Til alle som har mista ein av sine kjære; ei mamma, ei bestemor, ei venninne, ei syster, ei tante, ein nabo, ein kjærast og ektemake…
…og til dei som kjempa og VANN…
H Å P
Ta med dig karta
och kompass,
när du går genom skogen.
Den är mörk och snårig,
full av hinder.
Små och stora,
som får dig att stanna upp.
Men var inte rädd,
vid din sida går jag.
Tro inte att jag lämnar dig,
sätter krokben för dig
och springer iväg.
Jag ska kalla fram stjärnorna
så du ser vägen,
solen så du inte fryser.
Jag ska ta ner månen,
så du kan bära den med mig,
och känna att du inte är ensam.
Dette nydelege diktet veit eg ikkje kven som har skrive. Eg har fått det av ei FB-venninne som heller ikkje visste det. Etter å ha googla det fann eg ein stad underskrive med “Ylva”. Dersom du veit kven som er opphavet så vil eg veldig gjerne vite det.
Smykket er det skjønne Stine med denne bloggen som har laga. Dei kosta kr. 250,-, der kr. 150,- gjekk direkte til Rosa sløyfe-aksjonen.
Kjøpte refleks og ei sløyfe i fjor - lite viste eg då at det vart min tur under eit år etter. Så i år har eg kjøpt ullgenser, pin og nokre armband - så jau i år har eg støtta opp og det kjem eg til å gjere framover også.
SvarSlettFlott at du også tek opp temaet i din blogg:-))
jannetove
Så utruleg vakkert innlegg, finaste Tove! ♥ Du er herleg og ÆRLEG. Det likar eg. Eg veit korleis det kjennest, noko av det du skriv i byrjinga, og eg har støtta aksjonen både i fjor og i år. Nydeleg smykke! onsdagsklem til deg ♥
SvarSlettSå vakker eit smykke og dikt!
SvarSlettMista mamma, kreft på to plassar for 11år sidan..
Tenkjer på at eg må passe meg..
Har brukt det rosa armbandet eg kjøpte i fjor.
God natt!
Vakkert!
SvarSlettTakk for at du hjalp meg og hjelpe!
Jeg er kjempe glad for at du likte smykket :)
klem