lørdag 30. mars 2013

Påskestrikk!

Det er mykje å fylle dei gode påskedagane med. Skigåing, aking, nyte sola i fjøresteinane, gå lange turar og nyte synet av snøklokkene sprett opp frå bakken. Eller ein kan lese ei god bok. Lage god mat. Kose seg i lag med gode vener. Eller strikke.

For nokre vekar sidan byrja eg på eit trekantskjerf, eller ein hjartevarmar, som eg kallar det! Eg elskar den klare, turkise fargen. Eg brukte to ulike typar garn, begge deler frå Rauma garn. 


Skjerfet vart strikka ferdig no i  påska og minstemor var snar å legge sin elsk på det! For å bruke opp tråden strikka eg eit panneband òg. Det vart litt knapt med tråd på slutten, så då måtte eg supplere med noko turkis frå Dale Babyull. 


Det er så kjekt å strikke til nokon som vert så glade for det dei får! No er det nytt garn på pinnane og frøken midtimellom skal få seg ein Skappel-liknande gensar. 


Det fine med dette skjerfet er at det vart så stort at det dekkjer bringa til minstemor, slik at ho held seg ekstra god og varm! 

I dag er det påskeafta og framleis er det litt att av påska! Riktig god påske til alle vi kjenner! Bruk tida og dagane godt; anten inne eller ute! 




4 kommentarer:

  1. Strikken ser ganske luftig ut, det er bra fordi det holder så godt på varmen da.

    Fortsatt god påske!

    SvarSlett
  2. Fineste jenta som kler så godt fargen ho mor har strikka til ho:)))

    Fin påske forsatt:))

    SvarSlett
  3. Så flott lue og skjerf! Herlig frisk farge som matcher minstemors fine øyne:)

    SvarSlett
  4. så fint, nydelig farge og kjempesøt fotomodell

    Jorunn

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!