fredag 26. august 2011

Til mamma – frå Sina ♥

Mamma må ein snartur til Oslo igjen, og heller ikkje denne gongen får veslegullet vere med. Men mamma må ha med seg ei teikning når ho reiser. Når mamma har hatt det travelt i Oslo må ho kike på teikninga frå veslegullet og verte glad i heile hjartet.

IMG_2233

Mammahjartet smelta då teikninga vart overlevert. “Men du må ta bilde av den mamma, slik at du kan ta den med deg på telefonen din. For vi må nemleg ha den fine kunsten hengande på veggen her heime!”.

IMG_2231

Så no har mamma blogga om biletet, slik at eg kan opne innlegget på telefonen og kose seg med biletet i tilfelle eg skulle lengte heim… I tilfelle eg vert veldig sliten og lei meg….. I tilfelle eg skulle ynskt at veslegullet faktisk hadde vore med til Oslo…

♥♥♥

Så no kan mamma trygt reise til Oslo…♥

I have to go to Oslo for a few days and my 4 year old made me a drawing of our family to bring along with me to Oslo. Just in case I would miss them… Just in case I was feeling tired and a bit sad… I took a picture of the drawing and made a blog post. This way I can look at the drawing when ever I get a bit home sick! My precious, wonderful 4 year old…

torsdag 25. august 2011

“Ein må aldri slutte å engasjere seg!”

Eg er så heldig at eg har ei farmor. Ho er 94 år. Gjennom eit langt liv har ho opparbeidd seg mykje visdom og mykje lærdom. Alltid engasjert. Alltid vore undrande og nysgjerrig på samfunnsliv og politikk. Alltid oppteken av alt vi har styrt med.  No er ho 94 år. Mykje er annleis. Men i dag gjorde ho borgarplikta si. Ho førehandsstemte til kommunevalet.

gammal

Eg fekk vere med henne til røystelokalet. Vi tusla oss gjennom gangane på sjukeheimen. Småprata om det eine og det andre. Som fyrstemann i køa fekk ho gjere det ho har gjort i alle år. Stemt. Sjølv no, i ein alder av 94 år, måtte ho stemme.

gammal1

Det var lang kø utanfor stemmelokalet då me kom ut. Der stod dei eldre; mange med rullator, nokre med rullestol, medan andre berre trengte ei hand å halde i. Rørande, eigentleg. Både engasjementet blant dei eldre og blant dei tilsette. Engasjement. Eg likar slikt.

Vi sette kursen tilbake til farmor si stove. Vi møtte endå fleire eldre som skulle stemme. Eg sa til farmor at det gjorde meg glad. Ho såg på meg og smilte. Klappa meg på handa mi som kvilt i lag med hennar på rullatoren. Det var stille i gangen. Eg tenkte på kor heldig eg er som har ei farmor. Og så tenkte eg på kor heldig eg var som fekk vere i lag med farmora mi då ho gjennomførte denne handlinga. I ein alder av 94 år. Eg kjende at eg var stolt av farmora mi. Litt kry der eg gjekk, faktisk.

Eg gav henne ein klem og sa at eg var stolt av henne. At ho hadde gjort noko viktig.  Ho tok hendene mine og kika meg inn i augene. “Ein må aldri slutte å engasjere seg”, sa ho.

Eg stoppa i døropninga og vinka til henne. Ho såg meg ikkje. Ho sat oppslukt med lokalavisa og var i andre tankar.

Eg er stolt. Kry. Og utruleg takksam.

Bileta er lånte her og her.

mandag 22. august 2011

Ugler i posen!

Det er visst svært populært med ugler for tida. Etter ein lynkjapp tur til hovudstaden var det svært mange kundar i ymse butikkar som putta ugler, i ei ellar anna form, i handleposen.

IMG_1819

Ein og annan ugleeffekt vart med meg heim frå Oslo, og eg må innrømme at eg likar svært godt alle dei skjønne trykka på kle og dei artige smykka. Eg strikkar framleis ugleposar og har framleis oppskrifter å dele ut! Ikkje visste eg kor populært det var med ugler då eg starta, men no når eg veit det, er det endå artigare å strikke desse deilige babyposane!

ugletre_kidsparadise

ugle_kidsparadise (begge bileta over er frå kidsparadise.no) 

Eg må ærleg innrømme at eg er glad i ugler. Det høyrer med til historia at det er ganske mange ugler her eg bur. Vi høyrer dei om kvelden og natta, dei sit på faste plassar og det er utruleg fascinerande å studere dei på nært hald.

Kanskje blir det fleire ugler i posen i tida som kjem….Me like a lot!

ugle

(eg må beklage så mykje til vedkomande som har opphavsrett på dette biletet, men eg har altså ikkje klart å finne ut kven som har tatt det. Fann det på ein blogg som ikkje hadde linka vidare….)

Owls are a vere popular these days! After a short trip to Oslo, I found out that owls were all over the place! You can find them on T-shirts, jewellery, decor on walls, on notebooks and of course; in real life! I am so fortunate to live in an area with a lot of owls. We can hear them at night, they sit at the same place every night and I just love to be able to study them up close. Right now I’m knitting these wonderful cocoons with owl pattern, to keep the baby warm and safe. If you want the pattern, all you have to do is e-mail me or leave a comment.

søndag 21. august 2011

…å spegla ein himmel av…

“Mamma, ser du at himmelen speglar seg i såpeboblene mine?”. Frøken midtimellom bles store såpebobler og undrar seg over kor fint alt speglar seg i dei glinsande boblene.

IMG_1772

På biletet over har kameralinsa klart å fange bobla som speglar fjøsen vår. Sekundet etter sprakk den. Slik er det med mykje her i livet. Sommaren har òg vore litt slik i år. Fint vèr den eine dagen og regn dei fire neste. Eller regn heile dagen, for så å få nydeleg solskin til kvelden.

IMG_1805 copy

Livet er på mange måtar ei såpeboble. Så utruleg vakkert, men samstundes så skjørt. Uforståeleg vakkert og fantastisk. Men så trist og sårbart når bobla sprekk. Eg har fått mange påminningar i sommar om at det er slik livet er. Tankane mine går til alle som har opplevd vonde hendingar i sommar. Til alle dei som har mista nokon. Til alle som har kjempa ein livskamp. Til alle som har vore midt i såpebobledraumen, for så å oppleve den ufattelege sorga når bobla sprekk.

IMG_1825 copy

Eg har lært mykje i sommar. Mest av alt at vi må nyte alle dei små stundene og augneblinka. At vi må vere opptekne av det positive, det som gir livet innhald og verdi, og snu ryggen mot alt som er negativt og som tappar oss for krefter.

IMG_1836

Kvardagen min er som regel fullpakka. Akkurat som med småbarnsforeldre flest. Målet mitt i år er likevel å skrelle vekk alle gjeremål som eg absolutt ikkje må vere med på. Prioritere tida mi på det som er viktigast; familien og alle eg er glad i og som gir livet mitt innhald. Eg trur òg det er viktig å kjenne at det å gjere ingenting er viktig. La ungane få kjenne på at det faktisk er OK å gjere ingenting. At ein ikkje må jage etter aktivitetar eller gjeremål heile tida. At vi faktisk kan kjede oss litt og berre vere stille.

IMG_1838

I dag vart det regn og kaldt. Vi klarer likevel å kose oss. Minste frøken snupp bygg Lego og ser film. Vi andre går omkring og gjer minst mogleg. Akkurat slik ein augustsøndag kan vere.

IMG_1721

Desse rosene frå onkelhagen har stått fine kjempelenge. Dei luktar framleis sommar og minner oss om at det framleis er litt sommar att. Sjølv om det snart er september. Sjølv om kveldane er mørke og hausten bankar på døra. Vi tek vare på sommarminna og varmar oss på dei!

Eg avsluttar blogginnlegget med teksten til salmen “Å leva det er å elska”, skriven av Anders Vassbotn frå Volda i 1893.

Å leva det er å elska
det beste di sjel fekk nå,
å leva det er i arbeid
mot rikare mål å trå.


Å leva det er i livet
å finna det største verd,
å leva det er å vinna
til sanning i all si ferd.


Å leva det er å leggja
all urett og lygn i grav,
å leva det er som havet
å spegla ein himmel av.

IMG_1774 copy

fredag 19. august 2011

Peace & quiet ♥

It’s been a busy few days. Starting work, sendig kids off to school, spare time activities at full speed and a short trip to Oslo (which was VERY exciting…will tell you more later…can’t wait…).

IMG_1956 copy

It’s always wonderful to come back home after a long day at work, or when you have been travelling. Fresh flowers adds the little extra…♥

IMG_1957 copy

If you have been a reader of my blog for some time, you might have noticed that I have a wonderful view from where I live. The most relaxing thing I know is to sit in my favourite chair and watch the sun set.

IMG_1960 copy

I just love the Friday-feeling! Tonight I’m just relaxing. Sometimes doing absolutely nothing is the very best thing to do! I might read something, I might knit or watch TV or I’ll go to bed early.

Sinaballerina copy

I just have to show you this picture of my little ballerina! She loves everyting which has to do with ballet! She’s just so sad that she has to wait two more years before she will be accepted at the ballet school! Sorry that the picture is so cloudy and blury, it’s taken with my cell phone….

"Quiet is peace. Tranquility. Quiet is turning down the volume knob on life. Silence is pushing the off button. Shutting it down. All of it.”

- Khaled Hosseini, “The Kite Runner” -

♥♥♥

You might wonder why I’ve all of a sudden started to write in English! The thing is, many of my readers are from various parts of the world and every now and then I want to publish blog posts in English to make it a bit more pleasant and interesting  for them to visit my blog. Google translator is of no use at my blog, because my written language is nynorsk, which is impossible for google to translate.

I wish you all some peace and quiet and a wonderful weekend!

lørdag 13. august 2011

Desse søte, små…

Tett i tett ligg dei to, små hjarta på benken og ser på barne-TV i lag. Av og til kikar dei på kvarandre. Seier ingenting. Berre blikk, eitt og anna smil. Minstehjartet mitt har besøk av søskenbarnet sitt. Lenge sit vi og betraktar dei utan å gi oss til kjenne. Så utruleg skjønne desse ungane er!!!

IMG_1697 copy

Ungane mine er heldige som får vekse opp med syskenbarn, tanter, onklar og besteforeldre i umiddelbar nærleik. Det kjekkaste er at dei også ser på mine tanter og onklar som sine. Storfamilie er eit kjent omgrep og eg er glad som er midt i ein slik gjeng.

IMG_1902 copy

Gode vener og syskenbarn – og alltid med kos på lur! Alltid like glade for å sjå kvarandre! Sjølv om dei av og til kan krangle så fillene fyk og tårene renn i strie straumar, så er dei like fort vener. Heldigvis  ♥

IMG_1906 copy

Det er ikkje sjeldan at sju syskenbarn spring omkring i tunet! Av og til kan ein tru vi bur i Bakkebygrenda, andre gongar er det Bråkmakargata som passar best! Eg håper borna ser tilbake når dei er vaksne og ser kor heldige dei har vore ♥

Heilt til slutt:

Det vart litt vakuum på bloggen etter forrige blogginnlegg. Trur eg brukte all min blogg-energi på å skrive om det så låg meg så inderleg nært, at eg rett og slett hadde behov for å puste litt etterpå… Eg vil få lov til å seie tusen, tusen takk til alle som var innom og kommenterte, til alle som sende meg e-postar og delte liknande historier og til alle som skreiv fine ord på Facebook.  Eg sette stor pris på absolutt alle tilbakemeldignar! Det kan vere skummelt å blottlegge alt på ein så pass offentleg måte, men det var nødvendig og det gjorde godt.

Tusen, tusen takk…♥

tirsdag 9. august 2011

…om englevakt og litt til…♥

Dette vert eit innlegg litt utanom det vanlege. Eg ser tilbake, eg reflekterer, eg minnast, eg sørgjer og eg undrast. Det handlar om englar og englevakt. Det handlar om liv og død. Sånn – no er du advart.

Eg sat i sofaen med ein 19 dagar gamal gut i hendene. Det var seint på kveld og eg gjorde meg klar til å gi han mat for siste gong før vi la oss. Han var så varm og så god. Så liten og vever, men likevel størst av alt. Brått var det ekstra nyheitssending på TV. Det var 26. november 1999 og Sleipner, ein hurtigbåt full av passasjerar, grunnstøtte ved Ryvarden fyr i Sveio kommune. Vi vart sitjande å følge med. Dødstala steig og eg heldt den vesle bylten så godt eg berre kunne. Nokon hadde mista sine næraste og kjæraste. Andre jubla av lukke etterkvart som overlevande kom i tryggleik.

Eg kan hugse at eg gret. Så mange som fekk liva sine endevende. Så mange som aldri meir skulle få heim sine kjære. 16 omkom. 69 vart redda.

Englevakt1

(biletet er lånt her)

Ein roleg kveld, litt meir enn ein månad seinare, sat eg i same sofaen. Var lukkeleg og glad for at vi hadde hatt ei fantastisk jul- og nyttårsfeiring i lag med alle familien. Også denne kvelden hadde eg guten vår i armane. Eg kan hugse at det snødde ute og at vi hadde stearinlys på bordet. Veslegut hadde akkurat fått mat og var klar til å legge seg i vogga. Så kom det ei ekstra nyheitssending. Eg hugsar flammar, nyheitsopplesarar som snakka om mange døde og reportarar som med skrekkfulle andlet fortalde om det grusomme som hadde skjedd. Eit tog frå Trondheim hadde kollidert med eit lokaltog frå Hamar. Åsta-ulukka kalla dei det. Vi sat klistra til skjermen og trudde knapt det vi såg. Alle som vart intervjua snakka om kor uverkeleg det var. Kor redde dei hadde vore. At dei såg folk sitt fast i vrakrestane av toget. 19 omkom. 67 overlevde.

Det var så kort tid mellom dei to ulukkene. Det var tema i alle media. Det gjekk inn på oss alle. Eg hugsar det så godt. Kanskje fordi eg var nybakt mamma og audmjuk over å få lov til å vere beskyttar av eit lite liv. Kanskjer fordi eg året før opplevde å miste eit barn. Ein fullboren, liten gut fekk aldri kjenne livet. Eg fekk oppleve lukka av å bære fram eit liv, men ikkje gleda av å sjå det vekse opp. Kjenslene mine låg tjukt utanpå. Hjartet mitt gret for alle som hadde mista sine, samstundes som eg skulle sjonglere alt som skjedde i mitt eige liv; å miste eit barn og få eit nytt berre eit år etterpå.

Englevakt2

(biletet er lånt her)

Eg tenkte mykje på kor urettferdig livet kunne vere. At vi som menneske ikkje kunne kontrollere alt. At vi ikkje kunne verne våre kjære mot alt. Utan at vi kunne gjere noko til eller frå, kunne livet brått ta ein ny sving. Det kunne gå bra eller det kunne gå gale. Og vi hadde ingen ting vi skulle ha sagt.

Så las eg i eit blad om ei mor som hadde mista sonen sin i Åsta-ulukka. Ho snakka om englevakt. Vi har alle lese overskrifter som fortel om menneske som har overlevd dramatiske ulukker og sagt at dei hadde englevakt. Vi har sett bilete av bilvrak, brannruinar og hardt skadde menneske som seier at dei må ha hatt englevakt som overlevde ulukka. Mora som hadde mista sonen sin hadde gripe tak i alt dette med “englevakt”. Ho hadde sett seg lei aviser som viste overlevande frå desse to ulukkene som stod fram og sa at dei ikkje hadde overlevd om dei ikkje hadde englevakt. “Hadde ikkje guten min englevakt?”, spurte mor til denne guten. “Var ikkje livet hans like mykje verd som alle andre sitt? Fekk ikkje han overleve fordi han ikkje hadde gjort seg fortent til englevakt?”

Alt dette fekk meg til å tenkje. Eg hadde mista eit lite, uskuldig barn. Hadde ikkje han heller englevakt då livet gjekk i frå han? Er det slik at nokre har englevakt, medan andre må klare seg utan? Kven er det som eventuelt bestemmer kven som skal få vaktande englar og ikkje?

Tilbake til denne sterke mora som hadde mot til å stå fram i bladet. Ho var ikkje bitter eller sint. Ho var berre full av sorg over å ha mista eit barn. Full av spørsmål som ho aldri fekk svar på. Men likevel sikker på at sonen hennar ikkje var mindre verd enn dei som overlevde ulukka. Han hadde òg ein engel som vakta over han. Ho meinte det var feil å bruke ordet englevakt når ein hadde overlevd ei ulukke der andre ikkje var så heldige. Pårørande til dei som mista livet kunne kanskje ta det ille opp og tenkje at deira barn, forelder eller ven ikkje hadde med seg ein engel då ulukka skjedde. Berre ein som sjølv sørgjer kan forstå kor viktig det er å ha ei kjensle av at “nokon” var der i lag med den forulukka då livet sakte, men sikkert ebba ut. At dei ikkje var åleine. At englane var der sjølv om livet ikkje stod til å redde. Berre ein som har mista nokon veit at tanken på at ein engel var der og passa på, kan gjere sorga lettare å bære. Kan gjere det lettare å akseptere at det ikkje er alt som let seg forklare og at ein heile livet må leve utan å få svar på alle spørsmål. Livet har lært meg dette.

Englevakt3

(biletet er lånt her)

Nokon kallar det flaks. Andre kallar det føleri, humbug eller flukt frå verkelegheita. Og nokre kallar det englevakt. Uansett kva ein kallar det, så må kvar og ein få lov til å tru på det som gjer sorga lettare å bære. Eg likar å tru på englar. Eg har hatt behov for det, for eg har fått merke at livet ikkje berre har gode dagar.

Ei ny ulukke lamma det norske folk. Eit nytt, lite barn låg i armane mine. Denne gongen eit lite tantegull, berre tre dagar gammal. Aldri har kontrasten mellom liv og død vore større. Nok ein gong vart vi sjokkerte vitne til at dødstala steig og at antal skadde var meir enn ein kunne telje og ha kontroll på. 77 døde. Ei av dei frå mi kommune. Eg veit ikkje kor mange skadde. Eg trur alle dei omkomne hadde englevakt. Nokon passa på dei då galskapen slo til. Dei var ikkje åleine. Hjartet mitt blør for alle dei pårørande som sit att i sakn og djup sorg. Ord kan ikkje uttrykkje kor sterkt vi føler med dei.

utøya

(foto: NRK.no)

Mi djupaste medkjensle i sorga til alle som har mista ein av sine nære og kjære.

Tekst, utøya

Dette vart ein lang tekst om liv og død. Om englevakt. Eg har vore privat og ærleg, skrive om noko som aldri har vore eit tema på bloggen min før. Av og til kjem kjensler som bølger. Noko eller nokon set det heile i gong. Denne gongen var det ei grusom tragedie som ramma eit heilt folk. Eg fekk den same kvalmande kjensla som eg hugsar så godt frå då livet mitt vart fylt av sorg over tapet av eit lite barn. Dei er rare slik, kjenslene. Vi har ikkje kontroll på dei heller. Veit ikkje kva dei gjer med oss eller kva dei lokkar fram.

Kanskje klarte du ikkje å lese innlegget fordi tankane og kjenslene kom hulter til bulter. Kanksje meiner du eg vart for privat. Men eg trengte å skrive om det. Trengte å dvele litt over ordet “englevakt”. Kanskje kunne mykje ha vore usagt og kanskje er der viktige ting eg har gløymt.

Tusen takk til dei av dykk som har lese dette med opne hjarte og som ser at det var viktig for meg å skrive desse tankane.

Sånn – då var det sagt ♥

(no må eg trykke på “publiser” før eg angrar…)

mandag 8. august 2011

Tusen, tusen takk ♥

Det har vore så mange ting å takke for i helga; gode dagar i lag med alle mine, fantastisk besøk av slekt eg ikkje har sett på altfor lenge, fint sommarvèr og mykje, mykje meir.

Tusen takk2

(bilete lånt her)

Og så må eg få takke alle mine blogglesarar og FB-vener for å ha stemt fram mi fiskeoppskrift til vinnar i Matbloggsentralen si uformelle konkurranse! Og tusen takk til alle som kom med gode råd då eg spurte kvar eg best og billegast kunne bestille to utanlandske bøker. No er bøkene bestilt gjennom capris.no til ein svært billeg penge!

blogglesarar

søndag 7. august 2011

Den som ventar på noko godt…

…må ha all verdens tolmod!

IMG_1658 copy

Ferdig kledd, ferdig pynta og klar for selskap. Men enno må dei vente litt… Enno er det ein time att… Og sommarfuglane dansar i magen…

IMG_1674 copy

For å vere invitert i barnebursdag er noko av det kjekkaste på jord!

Sitat, vente 

lørdag 6. august 2011

Vil du stemme på fisken min???

Matbloggsentralen har ein konkurranse på gang, der dei skal kåre beste fiskeoppskrifta. Eg har sjølvsagt meldt meg på med brask og bram og det hadde vore superkjekt å få nokre stemmer…

IMG_0125

Dersom du vil stemme på meg så er det berre å klikke på denne lenkja og stemme på oppskrift nr. 13. Du kan stemme heilt fram til søndag kveld kl. 21.00. Der er for øvrig mange andre supre oppskrifter òg!!!

Etter at du har stemt kan du sjølvsagt bruke tid til å kike på alle dei flotte matbloggane, eller du kan lage fiskeretten min og imponere familien med ein fantastisk middag!

Klikk her og stem på nr. 13!!!

(Huff, nesten litt ekkelt å vere så frampå og tigge om stemmer…)

Tusen takk…

Nokon som kan hjelpe meg med utanlandshandel på nett???

Eg har fått boktips av ein amerikansk medbloggar. Ho meinte bøkene måtte vere “right up my alley”, og det har ho sjølvsagt heilt rett i! Det er berre det at bøkene ikkje er å få tak i her til lands. Då må eg altså handle bøker på nett frå utlandet. Og då må eg altså ha hjelp.

Cold-Tangerines-by-Shauna-Niequist

Den eine boka heiter “Cold Tangerines” og handlar om dei unike kvardagane". I forordet skriv forfattaren m.a.:

“The world is alive, blinking and clicking, winking at us, inviting us to get up and dance to the music that’s been playing since the beginning of time, if you bend all the way down and put your ear to the ground to listen for it”.

Det er klart eg må ha denne boka!

One thousand gifts

Den andre boka handlar delvis om det same. Forfattaren utfordrar oss til å gjere det beste ut av kvardagane og sjå at kvardagane har tusenvis av gåver til oss. Det er klart at denne boka òg må inn i biblioteket mitt!!!

Det eg då lurer på er:

  • Kva for nettstad er best om ein vil handle bøker frå utlandet?

Eg blir umåteleg glad om nokon kan tipse meg litt her….

God laurdag til alle!

(for min del blir det ein roleg laurdag, då ein betennelse i foten har blussa opp… ÆSJ…)

fredag 5. august 2011

{ s t a y c a t i o n – del 2 }

“Om eg hadde visst kor fort livet gjekk, så skulle eg ha brukt meir tid til å leve i kvardagane og sett at det var der livet eigentleg var”.

IMG_1572 copy

Årets staycation har gitt rom for å kjenne på akkurat dette. Å leve i kvardagane. Ikkje bry seg om at “alle andre er på ferie” eller tru at alle andre har hatt det så mykje kjekkaren enn oss.

IMG_1577 copy

Det har vore godt å la humle suse og kjenne at vi ikkje har hatt noko å stresse for. Ungane har kosa seg i lag med syskenbarna og sprunge gard-i-mellom, vi har gått turar på kjende stiar og oppdaga mange nye. Eg har vorte tante igjen og det er herleg å sjå kor den vesle tulla i nabohuset berikar kvardagen til alle rundt seg!

IMG_1582 copy

Då papsen endeleg kunne ta seg to fridagar stakk vi av ein liten tur til lånt campingvogn på Dønfoss. Der kosa vi oss med skikkeleg sommarvarme i tre dagar! Vi var sjølvsagt til Lom for å handle med Schakenda og frøken snupp var særs nøgd med å ha fått helse på sin store bakehelt! 4-åringen takla å stå i kø i ein halvtime utan det minste problem – ho ofra ALT for å få sjå Schakenda!

IMG_1587 copy

Sjølv om det var deilig med innland, høgfjell og brusande elvar, så er det alltid godt å kome heim til fjøresteinar og saltvatn. Å plukke blåskjell og putte i fine Norges-glas (eller andre glas) er eit godt pyntetips til uterommet, forresten.

IMG_1571 copy

Ho mor sjølv har hatt tid til å blogge litt og svippe innom favorittbloggar i inn og utland – utan å ha dårleg samvit for at eg ikkje har gjort meir vettuge ting…

IMG_1599 copy

…vi har vore på hyppige besøk med naboane…

IMG_1601

…og frøken midtimellom har sikkert sykla fleire mil på gardsvegen!

IMG_1595 copy

Når eg ser tilbake så har det ikkje vore så verst å vere heime i sommar. Eg trivast eigentleg veldig godt i mitt vesle hjørne av verda. Der har eg alt eg er glad i og alle eg er glad i!

Håper ferien din har vore god, anten du har vore heime eller på tur!

God helg til alle!

 

torsdag 4. august 2011

{ S t a y c a t i o n – del 1 }

A staycation (also spelled stay-cation, stacation, or staykation) is a neologism for a period of time in which an individual or family stays and relaxes at home, possibly taking day trips to area attractions.

(kjelde: wikipedia.com)

IMG_1574 copy

Eg var lenge irritert over at det ikkje vart ferie på oss i år. Unødig mykje energi gjekk med til meir eller mindre skjult surmuling, misunning og “stakkars meg”-tenking.

IMG_1570 copy

Mannen i mitt liv skulle ikkje ha ferie i det heile, men så vart det nokre fridagar likevel, som eigentleg ikkje var fridagar fordi det var så mykje som måtte mekkast og fiksast av maskiner, bilar og utstyr.

IMG_1597 copy

Men han var trass alt heime. Han kom trass alt om eg eller ungane ropte. Vi åt frukost og middag i lag. Og han kom med jamne mellomrom og ruska meg i håret eller heldt meg med lag over ein kopp kaffi.

IMG_1598 copy

Sjølv om han, i følge meg, brukte altfor mykje tid i containeren sin, så var han heime. Vi høyrde han og såg han. Og dermed kom feriekjensla snikande likevel.

IMG_1609 copy

Staycation er i grunnen ikkje så verst. Vi har hatt mykje å styre med og dagene har gått som ein vind. Mange gjeremål er vi i rute med, medan rydding av alt som befinn seg bak dørene på biletet må vente litt til. Ordning & reda i huset først, deretter fjøsen!

IMG_1589 copy

Vi har vore på korte og lange turar i nærmiljøet og besøkt nabokommunene. Vi har bada ved kvart eit høve vi har hatt (dvs. ungane har bada…) og det er ikkje måte på kor seine frukostar vi har hatt og kor seine kveldane har vorte.

IMG_1078 copy

Så når all surmulinga og har lagt seg og sola endeleg er framme med jamne mellomrom, så er vi godt nøgde med årets staycation!

IMG_1318

Ferieslutt nærmar seg for kvar dag, men det bryr vi oss ikkje så mykje om! Det er framleis sommar, det er av og til sol, og der er framleis uoppdaga stadar som vi skal finne!

Er det fleire som har hatt staycation i år???

Framhald i neste innlegg.