fredag 18. januar 2013

Mine fargar

Naturlege fargar går aldri av moten. Shades of grey er ei kjent begrep i desse dagar, men eg er like glad i alle dei ulike nyansane av brunt og kvitt. Dei høyrer på mange måtar vinteren og våren til.
Og blant alt dette duse er det sjølvsagt innslag av grønt, som ei påminning om at våren kjem om litt. At naturen snart skal falde seg ut i all sin prakt! 


Nøttene vi hadde att frå jul får vere pynt på bordet. Både fargane, teksturen og forma appellerer til meg. 


Som matbloggar finn eg sjølvsagt desse fargane i maten òg! Her har eg laga ei nydeleg fikenkake. Den er berre heilt utruleg nydeleg... Om du vil ha oppskrifta kan du kike innom matbloggen min, "På kjøkkenbenken". Trykk her for å kome til oppskrifta. 



God helg til alle lesareane mine! 





lørdag 12. januar 2013

Nakne greiner

Eg kunne ha kjøpt meg eit tre og planta det i eigen hage. Det skulle vere ein vrihassel; Corylus Avellana Contorta. Men vrihasselen veks så seint. Eg har ikkje tid til å vente. Eg vil ha greiner inn i hus heile året. Då er det fint at ein kan kjøpe seg slike greiner i butikken. Dei nakne, vridde greinene er så dekorative. Litt underlege og spennande. 


I dag kasta eg siste rest av juleplantene. Litt synd, kanskje, for dei var både vitale og fine. Men det er ei tid for alt. Og akkurat no er det tid for det lyse. Det luftige. Det som lokkar fram våren og sola og varmen.

Eg hadde i grunnen pålagt meg sjølv kjøpestopp ei stund framover, men desse flotte urnene stod og ropte på meg på Kid i dag. Raud lapp og halv pris er gjorde det sjølvsagt litt lettare å ta dei med seg bort til den hyggelege dama bak disken! 


Sjølv om eg lengtar etter vår, så veit eg så inderleg godt at det framleis er vinter. Vi skal framleis gjennom perioder med mykje snø og nedbør. Det skal framleis vere kaldt. Då ventar eg litt med å leite fram vårfargar og pastellar. Hos meg er dei naturlege fargane som får råde ei stund til. 


Og når det kveldast ute, tenner vi stearinlys og gler oss over den gode og varme stemninga. 


Korleis førbur du deg til vår og lysare tider?

God laurdagskveld til alle!