onsdag 28. april 2010

Gi meg gjerne rosebukettar…

… eller prangande peonar, men ingenting rører meg meir enn ein bukett med vårens blomar i ein skiten, liten neve.

IMG_1438

Det gjer ingenting at dei møkkete støvlane trampar inn over nyvaska golv. Ein gløymer slikt når treåringen smiler breiddt og seier at ho har plukka blomane “heilt sjølv åleine”!

♥♥♥

IMG_1436

Når storesyster kjem trampande hakk i hæl, med endå meir blomar, er det berre å setje seg ende ned og ta heilhjarta imot! Ho er stor jente og kan ordne med vase, seier ho.

IMG_1444 

I staden for å gå inn på stova og finne ein av vasane i “fineskapet”, strekk ho handa rett opp i kjøkkenskapet og tek ned eit mjølkeglas! Sjølvsagt tek ho eit mjølkeglas! Ho kunne ikkje ha funne noko finare! Det enkle er ofte det beste…

IMG_1437

Det er nesten ingenting som er enklare ein vakker vårdag i slutten av april, enn kvitveis og hestehov. Dei er overalt og i massevis! Så enkelt – og så utruleg vakkert!

♥♥♥

Tusen takk, jentene mine, for å glede mammahjartet så inderleg!

Med ein overdose Ronja Røverdatter….

…og misforstått bruk av sminke, endar ein gjerne opp slik:

Bilde 268

Dette er vel det ein kan kalle eit ekte sjarmtroll???

Bilde 267 

Denne laurdagen hadde minstesnuppa lurt seg vekk med sminkesakene til frøken midtimellom, og då ho kom lurande framatt såg ho altså slik ut…. Papsen hadde ein stri tørn på badet for å få fjerna herlegheita, noko som sjølvsagt vart oppfatta av den observante sminkedokka: “Mamma, pappa er slettes ikkje flink med jåleri! Eg trur det er best eg gjer det sjølv!”.

No trur eg Ronja Røvardatter og jålesaker  må gøymast bakerst i skapet ei stund – så for vi kose oss med bileta til neste gong!!!

lørdag 24. april 2010

Medan halve landet kosa seg på påskefjellet…

… tilbrakte vi så mykje tid som råd i påskefjøra!

Bilde 084

Med hua på snei kosa minstesnuppa seg i fjøresteinane og sanden!

Bilde 085

Vi har aldri hatt tradisjon for å reise vekk på påskeferie. Det kan sjølvsagt vere fordi vi bur midt i eit slikt “ferieområde”, med fjell, skibakkar og vakker natur rundt oss på alle kantar.

Påska er ei stadfesting på at våren er komen, og den prisar vi så godt vi kan! Og ingen stad er vakrare enn fjøra og badestranda!

Bilde 087

Eldstemann låg rett ut på ein diger stein og kika på yrande fiskeliv og fine skjell…

Bilde 082 … medan frøken midtimellom nytta høvet il å sikre seg årets fyrste bad! Eg kan love lesarane at ho vassa lenger ut enn dette, og at både jenta og kleda måtte tørkast etterpå! Tøff jente, dette!!!

Bilde 092

Pølsene måtte vike til fordel for våte lestar! Heldigvis hadde onkel Bjørnar laga bål slik at vi alle fekk varme oss og kose oss med “bålmat”. Tante Linda er av den kreative typen og hadde med seg mykje spennande i piknikk-korga som vi tilberedte på bålet!

Bilde 076

… og slik gjekk dei herlege påskedagane!

 

fredag 23. april 2010

Kven treng vel Bach….

… Grieg eller Mendelssohn når naturen sjølv byr på flotte og dramatiske symfoniar?

Bilde 230

Når snøbygene kjem sigande innover fjordane og dekkjer alt land, er det lite dramatikk som kan måle seg med det.

Bilde 231

Og når lyset brått endrar seg og alt ligg i eit blått og kaldt mørke, er vi mållause av beundring! Ingen profesjonelle lysmeistrar kan trylle med lys slik som dette!

Bilde 235 Alt er i konstant endring; lyset endrar seg, lufta endrar seg og lydane endrar seg! Sjølv om det er midt på dagen står vi der med ei kjensle av å vere ute midt i ei blendande vakker vinternatt!

Berre nokre minutt seinare overmanna snøbyga oss og vi måtte flukte innandørs. Vel vitande om at det fascinerande vèret ville vere over like fort som det kom!

Vi må aldri slutte å la oss forundre over naturen!

NB! Bileta er på ingen måte retusjerte eller fiksa på!

onsdag 21. april 2010

Sneak peak…

Ein liten,  kald fot måtte prøve storesyster sin tjukkelest som nesten var ferdig!

Bilde 228

Ho var litt småsjuk i helga og sat stort sett i sofaen i lag med meg medan eg strikka.

Bilde 225

Dette er fyrste gong eg har strikka noko som helst med fem pinnar, og det var faktisk lettare enn eg trudde! Eg grudde meg mest til den berykta hælen, som mange seier er så vanskeleg å få til.  Eg har strikka ein lest frå Ellinor Kvammen si bok “Mauds hjerte”.  Mønsteret eg brukte var svært lett å forstå, endåtil korleis eg skulle lage hæl!

Bilde 227 

Ikkje verst, hæ????

Biletet av den ferdige lesten kjem seinare….

søndag 18. april 2010

Eg er ikkje så innbilsk...

... at eg trur mine medbloggarar har sakna meg her inne, eller at dei gret sine modige tårer og trur at eg har lagt bloggen død. Både bloggen og blogge-lysta lever i beste velgåande, men datamaskina mi har vore "død" i snart tre veker. Som standhaftig bloggar har eg kjent på både sakn og fortviling, kanskje endåtil eit snev av abstinens...


No har ein datakyndig mann fiksa maskina mi, men det er ikkje alt som er rosenraudt likevel... Absolutt alle program som eg hadde lasta ned er sjølvsagt vekk! Eg har ikkje eingong fått til å laste ned Windows Live Writer, som eg absolutt berre MÅ ha når eg bloggar! Einaste eg får opp er at det er noko eg manglar for å kunne laste det ned, og eg forstår sjølvsagt ikkje kva det er eg manglar...
Enn så lenge må eg skrive innlegga mine direkte på blogger, så får eg håpe datakyndige slektningar forbarmar seg over meg og bidreg med hjelp.
Eg har mange prosjekt og bileter eg gjerne vil vise fram, men det får verte ein annan dag!
God søndagskveld til alle!
Biletet har eg lånt her.