lørdag 30. juni 2012

"Sjå oftare mot nord"


Eg kjenner ei dame som tek fantastisk flotte bilete. Med kamera i handa trålar ho det som er for å leite etter dei rette motiva, det beste lyset og dei finaste perlene. 
Vi bur i eit fantastisk land, noko Palma gong etter gong fangar i kameralinsa si. Eit Rolf Jacobsen-dikt kjem ofte fram i tankane mine når eg ser bileta til Palma. Eg er så heldig å ha fått låne nokre av Palma sine bilete slik at eg kan dele dei med alle som er innom! 



Sjå oftare mot nord.
Gå mot vinden, du får raudare kinn.
Finn den ulendte stien. Hald den.
Den er kortare.
Nord er best.




Vinteren sin flammehimmel,
sommernatta sitt solmirakel.
Gå mot vinden. Klyv berg.
Sjå mot nord.
Oftare.
Det er langt dette landet.
Det meste er nord.

Rolf Jakobsen



Det er vel ikkje rart eg har forelska meg i bileta til Palma? 

Alle bileta er tekne av Palma Opsal, Ørsta. Eg har fått løyve til å låne dei. 

søndag 24. juni 2012

Midtsommar ♥

Det er ikkje berre bålet, eller kostyma eller grillmaten som fortel oss at det er midtsommar og jonsok. Dei er dei tindrande barneaugene, alle dei vaksne som med barnleg iver har kledd seg ut og gler seg til lurvetoget. Det er dei gode sommarluktene og synet av markar fulle av blomar. Det er berre akkurat no at det er så mykje markblomar, så mange flotte fargar. Det er berre no at netter er ljose som dagar.
Det er akkurat no at ungane får kle seg ut som det dei vil. Vi er aller mest glade i gamle kjolar og hattar, eller kostymer som ungane har laga sjølv. I år ville 5-åringen vere sommarjente. Med sminke og blome i håret. Ein flagrande og fnugglett kjole gjorde henne til akkurat det; sommarjente. Så yndig og søt som berre ein 5-åring kan vere.
Storejenta vår er ein hardhaus. Tøff og uredd. Ho ville vere rockejente. Svart skinn og skummel sminke. Men trass alt dette mørke og skumle, såg vi likevel glimtet i auga. Ho er både snill og god, denne storejenta vår.
To små søskenbarn. Så glade i kvarandre. Så spent på kva jonsokkvelden skulle bringe. Dei plukka blomar, leika seg og heia på dei store som spelte jonsokfotball. Den gamle kjolen med prikkar på har vore med på jonsok før. Tenk om den kunne prate om alt den har vore med på... Jentene likar godt tanken på at bestemor brukte denne kjolen då ho var lita. At jentene i familien no brukar denne som jonsokkjole trur eg bestemora òg synest er stas...
Kva er vel jonsok utan ein tur på badestranda! Kvart år må vi avslutte jonsokhøgtida der! Ungane bada, sjølv om sola tidvis gøymte seg bak skyene. Dei fann nye vener, fanga krabber, kosa seg med frukt og god drikke. Det gjer ingenting at klokka går. At leggetida er der for lengst. På ein slik kveld må vi gløyme slikt og berre nyte. Nyte 
s o m m a r m a n n e n    m i n    ♥ 
s o m m a r p a p p a e n    m i n    


På veg heim frå badestranda plukka vi markblomar. Dei aller finaste vaks i grøftekanten. Eg fortalte jentene om at ein på jonsokkvelden må plukke ein bukett med sju ulike blomar, legge dei under hovudputa og legge seg til å sove. Om natta vil ein drøyme om kven ein skal gifte seg med når ein blir vaksen! Jentene såg på meg med forundring i blikket. Dei visste ikkje heilt om dei skulle tru meg! 

Nokre skjell fekk òg vere med heim frå stranda. Vi brukar å samle blåskjell og legge dei i fine krukker og Norgesglas. Det er så dekorativt å ha ståande ute om sommaren. 

Jonsokkvelden er over. Det er berre minna att. 
Nok ein gong hadde vi ein fantastisk jonsokkveld - med fantastisk familie, gode vener og nydelege ungar. At sola  skein heile kvelden og at det var lyst heile natta, var berre ein bonus! 


torsdag 21. juni 2012

Er du glad i is?

Eg kjøpte meg ismaskin for litt sidan og har vorte heilt bitt av basillen! Det er utruleg kjekt å kunne lage sin eigen is; du får den smaken du vil , så mange kaloriar du vil og akkurat den konsistensen du vil! 
For å kome i gang kjøpte eg Eyvind Hellstrøm si bok "Iskremfabrikken" (akkurat no er den på tilbod hos haugenbok.no, ikkje gå glipp av sjansen, klikk her).

Den første isen eg prøvde å lage var ein klassisk vaniljeis. Eg tenkte at dersom eg får til den, så kan den antakeleg varierast i det uendelege! Oppskrifta finn du på matbloggen min, "På kjøkkenbenken". Klikk her om du vil sjå korleis eg gjorde det. 


Vaniljeisen vart særdeles vellukka! I helga er planen å eksperimenter med basilikkum og svart pepar. Og ja, det er meininga å putte det i isen, ja! 


Etter at vaniljeisen vart så vellukka, frista det sjølvsagt å utvide repertoaret. "Iskremfabrikken" har mange gode sorbetoppskrifter og vi prøvde den med jordbær. Eg brukte meste jordbær og så litt bringebær og blåbær. Eg har laga sorbet før, men då utan ismaskin. Det var sjølvsagt mykje enklare å gjere det med ismaskin! Oppskrifta på denne sorbeten vin du også på "På kjøkkenbenken"-bloggen min. Klikk her for å kome til innlegget.


Jordbærsorbeten vart pynta med fersk aprikos og blåbær. 

Siste dagane har "På kjøkkenbenken" vore mykje omtalt på ymse nettsider, mellom anna på sol.no. Det er sjølvsagt stas for ein beskjeden sunnmøring og det er kjekt å få så mange nye lesarar. 

"På kjøkkenbenken" er ein av hovudbloggane på matprat.no sine bloggsider, du finn meg i venstre margen og så kan du klikke deg vidare!

Velkomen til nye lesarar av matbloggen min!

søndag 17. juni 2012

Oh, those summer days ♥

Sakte, men sikkert, klarer sommaren å snike seg inn i kvardagen vår. Dagar med litt meir varme enn elles, varme kinn, fargerike blomar, lyse kveldar og netter, vakne til fuglesang og lukta av gras. Eit lite snev av sommar er ofte det vi får. Ikkje langvarig varme eller endelause dagar med sol, men dei små glimta med sommar nyt vi så godt det let seg gjere! 


Planen var å grille go ete ute i dag, men vi vakna til regn...
Vi får heller gjerer det sommarleg inne!



r o s a    a k e l e i e
(av lat. 'vannsamlende'), planteslekt i soleiefamilien med ca. 100 arter. Kronbladene er poseformede og ender i lange honningsporer som stikker opp mellom begerbladene. Den vanligste arten i Norge, A. vulgaris,er fra gammel tid av forvillet fra klosterhager og naturalisert i berg og urer i Sør-Norge. Blomsterfargen er oftest blå, men varierer ellers fra rent hvit til blå og rød. Flere andre arter og hybrider dyrkes også som prydplanter her i landet.
Avkok av akeleie har vært brukt som øyendråper og også mot øreverk. Akeleie-vann har vært nyttet som middel mot epilepsi; et avkok med vin ble drukket ved benbrudd. 



På tunet heime med oss har vi berre blå akeleie. På ein liten rusletur gatelangs i nabokommunen fann vesle frøken snupp rosa akeleier i ein grøftekant. Vi måtte sjølvsagt plukke med oss ein liten bukett!


Peon: slekt i soleiefamilien (av og til plassert i en egen familie, peonfamilien), mest flerårige urter med delte blad og med store, oftest røde blomster. Begeret er svøpaktig, og kronen har fem til åtte store kronblad. Belgkapsler med store frø. 33 arter, de fleste i Asia.
Arter som dyrkes som prydplanter, har gjerne fylte blomster. Bondepeon, P. festiva, som er meterhøy, er en meget gammel hageplante i Norge. Andre arter som dyrkes, er kinapeon, P. albiflora, med rødfargete blad og hvite eller lyserøde blomster, og TRÅDPEONP. tenuifolia, med blad som er delt i trådsmale fliker. Trepeon, P. suffruticosa, er en liten busk med store, praktfulle blomster. Under arten hagepeon, P. cultorum, føres mange storblomstrete sorter, enkle og fylte i forskjellige farger. 



Peonane er nydelege når dei står i vase og faldar seg ut i all si skjønnheit! Men har du sett kor vakre kronblada er? Neste gong du har peonar på stova som er på randen til å takke for seg, plukk då av kronblada og bruk dei som dekor. Du kan t.d. putte dei i eit fint glas eller lykt med eit stearinlys i, eller du legg dei på eit fint fat og set det på bordet, du kan drysse kronblada utover duken på middagsbordet, du kan legge dei i ei skål med vatn og flytelys - og mykje, mykje meir! Dei held seg sjølvsagt ikkje fine lenger enn til neste dag. 


Som ein kuriositet kan eg nemne at frøken fryd kosa seg i går kveld med å plukke kronblad og bruke dei til øyredobbar! Ho klipte smale strimlar med, festa tapen på det skjøre peonbladet og festa det elegant på øyret! Finare øyrepynt gjekk det ikkje an å få, meinte ho! 


torsdag 14. juni 2012

Flower girls

Eg beundrar ungane si evne til å glede seg over småting; ein 5-årsbursdag, gode venninner og syskenbarn, sommarkjolar og barbeinte føter i gras, markblomar i små, skitne hender... 











Gjett om frøken 5-år hadde ein fin bursdag forrige helg!!! Vi kosa oss ute absolutt heile dagen!

Eg ynskjer meg mange barbeint-dagar i sommar!!!

Reminds me of summer...

Sometimes we need to remind ourselves that it`s summer. Sometimes a ray of sunshine is enough, or a beautiful flower, or playful children. 


I just love the colors of grey and purple


My sweet five year old




Purple lupine and grey stones - beautiful...


Fresh flowers brings summer to your home


I have a lot of things reminding me it`s summer! Right now a cute two year old wants to go outside to play and eat ice cream, that`s a summer reminder for sure!

Wishing you a beautiful day!

fredag 8. juni 2012

Fem og fantastisk ♥

For akkurat fem år sidan låg eg og heldt ein liten bylt i armane. Ho var varm, mjuk og mi. Ei lita jente hadde sett dagens lys og vi var så stolte, så stolte... Eg hugsar alt som det var i dag; det var så utruleg varmt den dagen. Vi var to nybakte mammaer på eit pittelite rom. Eg hugsar den gode babylukta, fargen på gardinene, smaken av den iskalde og gode safta, dei varme og omsorgsfulle hendene som hjelpte til som best dei kunne i varmen. Eg hugsar at vår vesle skatt hadde det svært travelt med å kome til verda. Vi rakk så vidt sjukehuset, vi rakk så vidt å få oss ei seng. Klokka halv tre om natta hadde eg nok ein gong fått oppleve den fantastiske gåva det er å få verte mamma. Nok ein gong kjende eg på den grenselause kjærleiken som fylte heile meg. I dag er den vesle skatten vår fem år.


Kjære Sina vår 
Så full av liv og energi, gode kommentarar, raus med kjærleik og med kreative evner. Så full av ablegøyer, entusiasme og påfunn at ein kan verte sveitt av mindre! 
Du dansar, syng, "går modell", tek storesyster sine kle og fiksar litt på dei slik at du kan bruke dei, trippar rundt i sko med glitter og høge hælar.
Det er ikkje ein ting du ikkje kan. Du har vore mamma sin vesle hjelpar på kjøkkenbenken frå den dagen du klarte å sitje sjølv. Har full kontroll på oppskrifter, god kjennskap til spesielle ingrediensar og godt utvikla smaksløkar. Du veit korleis maten skal smake, du seier i frå om der er ein smak som manglar. Når du får ei kokebok i hendene så kan du sitje lenge og drøyme deg vekk. Eller om du ser Helstrøm lage mat på TV. "Helstrøm er helten min", brukar du å seie.

I dag skal du få danse alt du vil. Vi skal feire deg både i dag og i morgon. Sola skin for deg og alle dei små gjestane dine. Kaker og meny har du planlagt for lengst, det er berre for mamma å få tid til å lage alt. 

Gratulerer så mykje med dagen, skjønne gullet vårt!

Og etter at eg hadde skrive dette innlegget, fekk vi vite at ho har fått plass på ballettskulen frå hausten av!!! Tidlegare i dag kika ho på biletet i innlegget her, av seg sjølv som dansar ballett, og sa "Mamma, tenk om eg er så heldig å få kome inn på ballettskulen..."! Bursdagsjenta sov då eg fekk beskjeden i kveld, men gjett om ho får seg ei overrasking i morgon tidleg! Dette er stort for henne!

I ♥ instagram!

Eg har vorte heilt hekta på Instagram, den kjekke foto-appen som gjer det enkelt å ta bilete av kvardagsaugeblikk og dele med vener og kjende! Siste dagane har vore fine, gode og spennande. Slike dagar er supre å feste på film! Her er nokre av instagram-bileta mine siste dagane:

Ein tidleg morgon på badet...


...litt godis ein dag etter barnehagen...


...ein sein kveld og ingen ville legge seg...


...sommarfest på Svendsengarden i Ørsta...



...ei korøving i Aasentunet ein vakker sommarkveld...


"Strenge dagar må koma, men etterpå kjem dei milde".


"Nei, vesle Vitet det rekk ikkje til,
Ei tru må stydja opp-under".


"D`er seint å stengja buret når fuglen er flogen"


"Heimen er både vond og god;
det skiftar med sut og gaman.
Hæv er den som med same mod
kan taka mot alt i saman"



"Heime var eg so vida kjend
og slapp inn, kvar eg vilde,
i kvart hus i den heile grend
um endå folket kvilde.
Der var kjenningar i kvar ei krå,
og når eg ukjend folk fekk sjå,
spurd eg radt, kvar dei var ifrå,
og dei var lika milde."


"Ven er den vide jord i vårdags liten,
då alt som kryr av nyvakt liv er fullt". 

Det er så kjekt å kunne dokumentere kvardagane sine på denne måten!

Er du bitt av Instagram-basillen???

PS! Alle bileta er tekne med Iphonen min.