torsdag 30. april 2009

Det er vel ingen som orkar...

... å vere inne og lage middag,

029 

... når sola steikjer,

065

... eldstejenta plukkar dei vakraste blomar,

032

... minstesnuppa plukkar stein,

043

... som ho puttar i skoen sin!

012

Ein stein...

022

... fleire steinar...

031

... alle steinane!

027 

Det blir sikkert middag til kvelds i dag! Desse dyrebare solstrålane må vi nyte så lenge vi kan, så får vi heller ta oss eit eple i handa så lenge!

onsdag 29. april 2009

I denne vakre kvelden...

...sit eg innandørs med ein bunke sakspapir.

007

Det skulle berre mangle om eg ikkje skulle ha noko godt i glaset å kose meg med!

005

Arizona-te med mandarin, appelsin og ginseng er akkurat det eg treng for å halde konsentrasjonen!

009

Så i kveld skal eg kose meg med teen min - og sakspapira! Flaska skal få stå på pynt og glede meg i lang tid framover!

tirsdag 28. april 2009

Med skråblikk på Den Norske Opera.

Vel heime etter nokre hektiske dagar i Oslo, er det på tide å sortere inntrykk. Noko av det kulturelle som imponerte meg mest var sjølvsagt omvisinga på Operaen.  Det var mange detaljar å  legge merke til, og det var kanskje dei litt sære fotomoglegheitene som fanga blikket mitt.

001 

Eg let meg imponere over den fantastiske arkitekturen. Den er ikkje alle sin smak, men eg vart mektig imponert!

026 

30 000 stein gjekk med til å dekkje heilt taket. Steinen vart lagt i eit nøye planlagt mønster og etter eit nøye planlagt system.

027 

Snøhetta hadde ein visjon om at bygget skulle reflektere ein isbre. Det er ikkje langt unna brevandring dette!

010 

Baren i restauranten. Champagneglas møter islandsk kunst.

014

Ein kunstnar frå Island fekk i oppdrag å designe veggane i restaurantområdet.

015

Designet skal gi assosiasjonar til is i ein bre som gjennom tusenvis av år har vorte komprimert. Bak veggane er det fargespel som endrar farge og intensitet.

017

Kaffi må ein ha - også i Operaen!

011

Imponerande glaskonstruksjon! Dette er eine endeveggen som peikar ned mot sjøen.

021 

Det er nesten så ein kan lure på om ein er ute eller inne...

013

Mingleområdet i Operaen. Einaste som manglar er damer og herrar i sin finaste skrud, med sprudlande champagne i glaset!

022 

Svarte stålkonstruksjonar utgjer små "stasjonar" der ein kan slå av ein prat medan ein ventar.

020

No gjenstår det berre å sjå om eg får overbevist husbonden om ein kulturell weekend i Oslo. Då skal det verte både opera, ballett og bobler i glaset!

028 

Til slutt må eg berre få vise dette sjarmerande biletet. På toppen av taket stod denne sjarmerande løvetannfamilien og skein omkapp med sola! Ein sluk med minimale veksttilhøve var meir enn nok for desse iherdige sjelene! Fast bustad på toppen av operataket kan vel ikkje vere å forakte!

...staying there...

"You don´t drown

by falling

in the water;

 

you drown by

staying there."

Meir vakker kunst kan du sjå  her.

fredag 24. april 2009

Kjærleik ved fyrste blikk!!!

Du kjenner heilt sikkert kjensla av å forelske deg hovudstups. Så inderleg, så intenst og så vakkert at du ikkje kan tenkje deg livet utan. Slik var det for meg i dag. Eg skal ein svipptur til Oslo og måtte handle litt nye kle. Eg skal trass alt på Stortinget og helse på viktige folk, så innhaldet i kofferten må vere nøye uttenkt!

Femina var fyrste stoppestad - og siste!

ilse

(foto: Ilse Jacobsen)

Midt i mot meg lyste ein vakker kreasjon, i kvitt med florlette sommarfuglar på. Eg var fullstendig overraska over å sjå Ilse Jacobsen-kle på ein butikk i Ørsta - men WOW kor artig! Denne dama kan å lage kle til normale, skandinaviske damer! Den nydlege blusen måtte prøvast, og det var kjærleik ved fyrste blikk... Dei fleste tenkjer kanskje på støvlar når dei høyrer namnet Ilse Jacobsen. Rart igrunnen, at støvlane aldri har appellert til meg. Har prøvt dei fleire gongar, men passar rett og slett ikkje til meg. Litt for tunge og breie, eg må ha noko "nettare"! Difor er det ekstra kjekt å finne klesplagga henner, for dei appellerer definitivt!

(Er eg einaste bloggedama UTAN Ilse-støvlar, kanskje???)

005

Du forstår sikkert at dette plagget MÅTTE vere med meg heim i dag??? Sjølvsagt vart det fleire klesplagg med  i posen, men i frykt for at husbonden les bloggen i løpet av helga må eg spare dei bileta til ein annan gong...

006

Eg er heilt sikker på at denne blusen kjem til å slå an på Stortinget, trur ikkje du??? Søtt og yndigt kan vel ikkje skade der heller...

007

Kanskje kan eg heller bruke den i teateret på laurdag, eller i Operaen på søndag???

017

Som du sikkert forstår skal eg nyte deilige dagar i Oslo - igjen! Mi gode kusine Kristin byd på frukost i morgon tidleg, deretter går det slag i slag med alle slags aktivitetar.

019

Det blir stille frå denne kanten nokre dagar. No skal det lærast, nytast, inspirerast og påverkast!

025

Tusen takk Ilse - du er ein engel! Tenk å lage så vakre kle, og tenk at dei er å finne i Ørsta!

mandag 20. april 2009

Slike må vi ha fleire av, mamma....

... sa Johan,

037

... då han kjende lukta av geraniumane mine i vindaugskarmen.

041

Vi må ha minst ei slik plante i kvart rom, mamma!!!

049

Eg fortalte at lukta minte meg om mormor. Om overnattingsbesøk der eg sovna og vakna til lukta av geranium. Om kor ekstra sterkt dei lukta då mormor opna døra inn til bestestova for å sleppe inn varme.

030

Vi studerte dei flotte knoppane. Så fulle av liv. Så fulle av håp.

044

Det er rart, eigentleg, at noko så lite skal utvikle seg til dei vakrast blomar. Ein kan aldri stoppe å undre seg over naturen!

028

Det kjem nok fleire geranium etter kvart. Eg er glad i dei sarte, rosa geraniumane. Det er likevel dei raude som har størst plass hos meg. Mest av alt fordi dei gir meg så mange gode minner... Samstundes skal eg gi plass til dei andre fargane òg  -

...for å lage nye minner!

søndag 19. april 2009

Kan ein fargekonsulent ta turen innom bloggen min, takk?

Eg har planar om å ta fatt på nokre maleprosjekt. Det er ein del møblement som har samla seg opp i "desse møblande skal snart malast"-kroken på låven. Noko er gamalt, noko er av nyare dato. Og noko må renoverast fullstendig, blant anna eit gamalt kvadratisk bord og eit lintøyskap.

fargevalg

Problemet er sjølvsagt kva farge eg skal velje. Fellesnemnaren er at alt skal vere lyst. Ikkje drivkvitt, trur eg, men lyst.

fargevalg1

Men himmel og hav så mange fargar det er å velje blant!!!

fargevalg2

Eg er glad i naturlege fargar. Ton i ton.

fargevalg3

fargevalg4

fargevalg5

Eg let meg gjerne inspirere av bileta over...

fargevalg6

fargevalg7

... eller desse.

Alle desse bileta har eg lånt på Fargerike.no - tusen takk for lånet!

Forstår du kvar eg vil??? Eg er fullstendig rådlaus når det gjeld kva farge eg skal velje. Har sett så mange fine fargar på oppussingsprosjekt på bloggar rundt omkring, men gløymer sjølvsagt kva fargane heiter. Kanskje du har nokre råd til meg??? Om eg er ekstra heldig er det kanskje nokon som har andre tips og råd til meg òg, særleg når det gjeld kva som må til før ein svingar malarkosten. Som du skjønar er eg ein nybyrjar i malarfaget...

fargevalg8

(foto: Country Living)

Slenger med ein flik av eit draumekjøkken, vert sjølvsagt inspirert av fargane her òg...

Ha ein strålande søndag!

lørdag 18. april 2009

"En sjømann elsker havets våg..."

 Det starta ein dag i påska.

Eit par pallar, litt isopor, nokre fjøler og ein snill pappa som sa at dei skulle få bruke det dei fann.

To kameratar starta å byggje ein båt.

Det gjekk ikkje mange dagane før båten var ferdig og sjøsettinga var eit faktum.

022

029 031

Båten måtte fraktast 100 høgdemeter ned til sjøen, og papsen stilte sjølvsagt traktoren til disposisjon!

037 040

042

Den stolte skipper og redar var spent på om farkosten kom til å flyte... Det var berre å gå ombord, halde seg fast og krysse fingrane!

044

Jau visst flaut den!!! Med ei blåse på dekk, ei åre i armane og tau i baugen, var det berre å ta ein prøvetur.

054

Er det ein laks som sprett, skal tru???

063 064

068

Den fyrste ferda gjekk mot sin slutt, og skipperen måtte stødig styre skuta mot land. Det var med stort vemod han gjekk i land, men trøysta seg med at det sikkert ikkje vart lenge til neste tur!

066

Medan andre var mest opptekne av fortøyningar og utfar, kosa Sina og bestemor seg ved naustveggen. Ei fortruleg stund...

073

Så mykje rart ein kan finne og undre seg over i fjøra... Bestemor er flink å finne skattar!

052

"Sjømannen ber ikke om medvind.

Han lærer seg å seile."

- Gustav Lindborg -

Likar så godt dette siste biletet.... Store, flinke guten min! Ser du kor kry han er? Ser du kor han nyt stunda? Tenk å kunne segle på sjøen med ein farkost som han faktisk har laga sjølv! Tenk å vere skipper på eiga skute!!! Det må gi ei utruleg god kjensle! No gjenstår det berre å sy eit segl, så skulle skuta vere klar for sommaren!

PS! Til dei som tenkjer at eg må vere fullstendig uansvaleg: han var aldri langt frå land, vi hadde tau i baugen slik at vi kunne drage han inn, guten er sjødyktig og fjøra krydde av redningsvestar og vaksne som stod parat til å kaste seg ut i bølgene om det skulle verte naudsynt med redningsaksjon. Han hadde ikkje på seg redningsvest, for dei som var i naustet var altfor store. Den passelege låg att heime! Eg er ein stor forfektar av sikkerheit til sjøs - berre slik at det er sagt!