lørdag 18. april 2009

"En sjømann elsker havets våg..."

 Det starta ein dag i påska.

Eit par pallar, litt isopor, nokre fjøler og ein snill pappa som sa at dei skulle få bruke det dei fann.

To kameratar starta å byggje ein båt.

Det gjekk ikkje mange dagane før båten var ferdig og sjøsettinga var eit faktum.

022

029 031

Båten måtte fraktast 100 høgdemeter ned til sjøen, og papsen stilte sjølvsagt traktoren til disposisjon!

037 040

042

Den stolte skipper og redar var spent på om farkosten kom til å flyte... Det var berre å gå ombord, halde seg fast og krysse fingrane!

044

Jau visst flaut den!!! Med ei blåse på dekk, ei åre i armane og tau i baugen, var det berre å ta ein prøvetur.

054

Er det ein laks som sprett, skal tru???

063 064

068

Den fyrste ferda gjekk mot sin slutt, og skipperen måtte stødig styre skuta mot land. Det var med stort vemod han gjekk i land, men trøysta seg med at det sikkert ikkje vart lenge til neste tur!

066

Medan andre var mest opptekne av fortøyningar og utfar, kosa Sina og bestemor seg ved naustveggen. Ei fortruleg stund...

073

Så mykje rart ein kan finne og undre seg over i fjøra... Bestemor er flink å finne skattar!

052

"Sjømannen ber ikke om medvind.

Han lærer seg å seile."

- Gustav Lindborg -

Likar så godt dette siste biletet.... Store, flinke guten min! Ser du kor kry han er? Ser du kor han nyt stunda? Tenk å kunne segle på sjøen med ein farkost som han faktisk har laga sjølv! Tenk å vere skipper på eiga skute!!! Det må gi ei utruleg god kjensle! No gjenstår det berre å sy eit segl, så skulle skuta vere klar for sommaren!

PS! Til dei som tenkjer at eg må vere fullstendig uansvaleg: han var aldri langt frå land, vi hadde tau i baugen slik at vi kunne drage han inn, guten er sjødyktig og fjøra krydde av redningsvestar og vaksne som stod parat til å kaste seg ut i bølgene om det skulle verte naudsynt med redningsaksjon. Han hadde ikkje på seg redningsvest, for dei som var i naustet var altfor store. Den passelege låg att heime! Eg er ein stor forfektar av sikkerheit til sjøs - berre slik at det er sagt!

12 kommentarer:

  1. Herleg! Var sjølv ei pingle når dei eldste borna var små, men har slappa meir av med åra, veit at det er forholdsvis trygt langsmed land, særleg når det er vaksne til stades. Og hugsar den store fridommen eg og vennene mine fekk nyte nede i fjøresteinane i min barndom. Flotte bilete, fin skute og ein staseleg skipper!

    SvarSlett
  2. Flink og flott båtbygger. det var bra du hadde emd etterskrifta om sikkerhet for der var en "skogsmatros" fra innlandet nesten på hugget til å skrive en skarp kommentar ;)

    God helg til skipper'n og de gode hjelpere.

    SvarSlett
  3. Det var litt av ein ingeniør! Tenkte medan eg las, at dette var ikkje likt Tove, å sende guten ut på tur utan redningsvest....så eg vart sterkt nedroa då eg las slutten :-)

    God seglas vidare! Neste gong får vi vel sjå deg på prøvetur ;-D

    SvarSlett
  4. Smilte godt til Ps ditt:) kjempekoselig historie og bilder som taler for seg..skikkelig flink han gutten, kan du hilse fra nord å si...go helg du

    SvarSlett
  5. Så flott båt han he laga...
    Kan tru han var stolt.
    Er enig med deg om at det siste bildet er så fint.
    Kan nesten se hvad han tenker.
    Eg tenkte nok at det var sån som du skreiv. At han ikke var alene. Og en for stor reddningsvest er heller ikkje bra. Du tek godt vare på barna dine Tove. Det er godt å vite.
    Ha nå en flott lördagskveld.
    Klems Synne.

    SvarSlett
  6. For ein båtbyggar! Sjølvsagt er dette stort, og eg tippar båten kjem til å vere populær framover.

    Og så er eg glad for ditt PS ;) Eg sat òg med ei kjensle av at dette ikkje var heilt "deg", hihi.

    Nydelege bilder av Sina og bestemor òg. Kjekt når dei små finn roa i andre fang.

    God laurdagskveld!

    SvarSlett
  7. Den gutten er stolt, det er lett å se. Og jamen kjenne rjeg hvor gøy det kunne vært og sittet sammen med han på den fine farkosten.
    Man må lære seg å glede seg over å lage ting sjøl! Klart dte betyr noe for en unge, det gjør det for oss alle.....
    Og han har vel ingen fare, kjenner jeg mamman hans rett....
    God helg, Tove!

    SvarSlett
  8. For en fantastisk farkost! Skjønner godt at både du og han var stolte:-)

    SvarSlett
  9. Så koselig historie og så flotte bilder av gutten din, ser tydelig hvor stolt og fornøyd han er.
    Alltid like fornøyelig og følge bloggingen din Tove,en gledstund!!
    Fortsatt god helg til deg!!!

    SvarSlett
  10. For en herlig kar!! Stolt skipper ser jeg. Utrolig morro da!

    SvarSlett
  11. Å så fantastisk å få lage en sånn båt. Ikke rart han er stolt og fornøyd. Flotte bilder fra noe som ser ut som en god dag

    SvarSlett
  12. Jeg har stor sans for barn som er kreative og lager gull av gråstein:)
    Heldig du som ha en så flink gutt.... jeg har selv en liten Petter Smart, og jeg kommer aldri til å slutte å undre meg iver hvor de får idèene fra!!
    Skikkelig herlig det siste bildet i serien.....stolt skipper på egen skute.

    Inger

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!