Det er godt å vere menneske når vi har slike dagar som i går. Sola varma, ungane fryda seg og middagen måtte sjølvsagt inntakast utandørs!
"Godt å vera menneske"
Godt å ha noko å venta på.
Vårblomar,
fugletrekk
og lyse netter,
men ingenting er som eit anna menneske
med utstrakt hand.
Godt
å vera venta òg.
Vera våren
som alle fuglane lengtar etter,
vera fuglar
som finn reirplassane sine att
frå året før,
men ingenting som å vera menneske
og finne ei open dør
som før var stengt.
- Alf A. Sæter -
Ingenting smakar betre enn årets fyrste pølse, grilla på bål!
Vi fekk besøk av bror min med familie og kosa oss bål i grua ved gapahuken. Det vart ei aning kaldt då sola gjekk ned, så då benka vi oss rundt bålet og heldt varmen.
Varm kaffi, ferske kanelbollar og søte marshmellows gjekk ned på høgkant.
Rett før barne-TV pakka vi bilen og sette kursen heimover. To vaksne, fire ungar (vi hadde ein ekstra "på lån"), tre syklar, ein hund og masse piknikkutstyr vart stua inn i bilen - takk og lov for store bilar!
Når heile huset luktar bål, ungane sit raudkinna framfor barne-TV med sot og ketchuprestar rundt munnen og to vaksne krøllar seg godt ihop i kvar sin stol - då kan ein konkludere med at det er godt å vere menneske!
Ikkje rart eg trengte Alf A. Sæter sitt dikt for å sette prikken over i`en!
PS! Neste innlegget vert av meir interiøraktig karakter - eg lovar (har nemleg ei utfordring å svare på)! Men når sola leikar kring hushjørna er det sjølvsagt viktigast og bry seg om eksteriøret!
Så koselig - vi har også vert ute i heile dag - bål og masssssse kos :-)
SvarSlettBilder kommer vel etterkvart tenker eg - no er det fjøs som venter - og ei travel veke
med 2 byturer og mange møter
Godt å ha noe å strikke på
klemma
Så herleg at dokke nyt livet!
SvarSlettFlotte bilete og herleg dikt. Takk for at du deler med oss.
mvh sig
Dette må være en perfekt dag,. Nydelige bilder og vakre ord. Ønskser deg en din uke Klem Kerstin
SvarSlettSå herleg! Vi har vore på svømmestevne på Moa heile helga vi... Ikkje noko særleg når sola skin utanfor...Men, det blir nok fleire slike dagar:)
SvarSlettSå deilig å få nyte dagene ute så tidlig på året! Kan ikke huske at det har vært sånn før jeg! Deilig!
SvarSlettKos deg videre. Og ha ei strålende fin uke!
Klem!
Sku gjerne vært med å grilla...koselig det tove...du har så gode dikt å historier å dele med oss....klem fra nord
SvarSlettÅ, dette ser ut som ei perfekt helg! Mmmmmm!
SvarSlettDu, har du fått noko i posten? Er lit nervøs for at det ikkje er komen fram.. Vonar det!
God helg til deg og dine- og det ser ut til at finaværet fyl oss i dagane som kjem- alt som minnar om vår er så godt!:)
Ja, diktet var prikken over i-en. Så tøffe dere er som allerede har grillet. Vi pleier også å være tidlige, men dette slår alt. Så fint at du viser våren vei hit også. Takk for det.
SvarSlettHa ei fin uke.
Der rett ved siden av dere vi bålet hadde eg kunna tenkt meg sitte sammen med dokke.
SvarSlettNygrilla pölse fra bål og ei kopp varm kaffi. Kan ikkje bli stort bedre.
Men hvordan i all verlden fikk dere plass i bilen allesaman?
Nei eg trur jammen eg må ha meg en sunnmörstur så snart som muligt.
Akkurat her nå viser gradestokken på snaue 13 minus....
Ikkje noe kosligt å vere ute i det nei.
Men eg sitt inne og koser meg i sofan, under ei pledd.
Nå önsker eg dere ein flott söndagskveld.
Klems Synne.
Det så virkelig deilig ut! :o) Elsker å sitte rundt bålet med pølser.. Ha en fin uke! Klem fra Linda:)
SvarSlettDet er helt uvirkelilg med den "våren" dere har for tida. Her er det masse snø og iskaldt.
SvarSlettPass på de fine dagene, slike piknik-turer er bare så stas.
Ha ei fin uke
For ein herleg dag Tove!
SvarSlettSlike fridagar er det verdt å ta vare på..Og eg ser at dykk er flinke til å utnytte det fantastiske veiret vi har hatt dei siste dagane..
Vi har brukt dagen på skitrekket på Hjelmelandsdalen idag, Nora deltok i eit alpinrenn..Stor stas:)
Vi gløymte desverre kameraet i alt kaoset idagtidleg når vi for ut dørene..Hadde laga ein liten "repotasje" i bloggen hadde eg hatt nokre fine bilder frå Alpin esset vårt..hehe.. :)
Men det kjem nok fleire renn..Då skal eg ivertfall hugse kameraet!
Ha ein fin kveld!
Aldeles nydelig innlegg Tove. Du er så flink til dette. Vi har kosa oss vi i fine været vi også. Men i dag vart det litt gråare ja.
SvarSlettMen dagane vert lysare det merkast :) Heldigvis.
Ha ei fin ny veke som kjem
Klem
Du trenger ikke hjelp av en dikter. Om du ikke hadde ett ord, bare bilder, så var vi likvel med...
SvarSlettOg DINE ord er like gode, som hvilken dikter som helst..
Den som hadde kunnet være med i gapahuken denne søndagen :))
Gode tanker for neste uke, fra Nunne.
Så enig så enig!! For ein koselig dag dokke har hatt! :-)
SvarSlettMonica
Tusen takk for støtten, kjære Tove!
SvarSlettOg du, du tar slettes ikke mye plass!!!! ;o)
Det var ikke ett lett innlegg å poste, men jeg orker ikke mer magevondt pga dette... Husker selv hvor jublende glad jeg bel når jeg fikk den første. Nesten som å få kongens fortjenestemedalje! Og det er som du sier, noen sitter godt plassert nær hjertet og betyr ekstra, ekstra mye.
Men mye ble for mye så det måtte bli slik.
Det er uansett den triveligste hobbyen man kan ha denne bloggen, så jeg er evig glad allikevel! Takk!
Søndagskos!
Du gjer deg slik i flid med innlegga dine. Vakre tekstar og flotte bileter hand i hand.
SvarSlettVedr. awarder. Noko av grunnen til at eg ikkje gir awardar eller publiserer dei, er at det er blitt så allmennt. Eg likar å ha ein blogg som er berre meg... I tillegg til det andre som eg skreiv på bloggen. Innrømmer at eg ikkje opnar bloggar med overskrift "award", det har eigentleg ikkje interesse for andre enn dei som mottar eller gir utmerkinga... (er eg kjip no?):-/
Herlege bilder av blomer og born og snadder for slikkemunner - som eg. Heldig som har SOL!!!! "VÅR" sol forsvann i starten på november... og eg vil sjå ho ei lita stund 20. februar dersom veret er bra. Nesten 4 mnd utan sol tek på.... særleg når eg tittar ut stoveglaset og ser over fjorden der heile lida badar i sol... Men her stirrer vi på og held ut 3 veker til:0)
SvarSlettGratis med premie... den boka ser kjempeflott ut:0) Skulle vel ha trengt den nokon og einkvar tenkjer eg... mykje som kan nyttast... ikkje berre ligge i skap og skuffer..
ha ein fin måndagskveld.
Stort smil frå meg
Hei
SvarSlettVeit ikkje om at du fekk med deg at eg har oppretta ein blogg eg også. Må gjere som kollegaene veit du.
Kunne nesten kjenne bållukta gjennom skjermen her. Trur eg må ta med gromguten og lage bål snart.