mandag 2. februar 2009

Favorittar på kjøkkenet!

Eg fått ei utfordring frå Line, om som den hobbykokk eg er, så var denne heilt etter mitt hjarte! Ho inviterte meg til å vise favorittane mine på kjøkkenet. Nokre av desse bileta har vore vist på bloggen min tidlegare, men det taklar de nok!

015

Det heile byrjar her! Det må seiast at dette berre er ein brøkdel av alle kokebøkene eg har, resten står i andre bokhyller eller i "biblioteket" på låven (jada, du las rett!!!).  Innhaldet i hylla vert bytta ut alt etter årstid og humør!

007

Ein kjem ikkje langt utan ein god slikkepott! Denne velkjende blå er eit absolutt "must" i utstyrsskuffa. Eg har prøvt andre sortar òg, men denne er og blir best.

017

Denne "mjølkeausa" er arvegods. Den vart brukt til å skumme fløyta frå mjølka. Eg har sansen for ting som har sport etter levd liv, og denne har verkeleg det!

022

Den gode, gamle ballongvispen er ikkje til å kome utanom. Eg har mange andre vispar i skuffa, men dei er ikkje så dugandes som denne; "det enkle er ofte det beste...".

028

Lille frøken "teikne med tusj over alt", laga denne krusa til oss i barnehagen, og så fekk vi den til jul. Utruleg sjarmerande....

034

Denne sukkerskåla kjøpte eg i sommar for kr. 10,- på Europris. Den kan brukast til alt!

011

Det er rart kor mykje kjekkare det er å lage mat når ein har gode reiskapar. Dette litermålet er eineståande!

017

Den emaljerte sitruspressa kosta meg kr. 10,- på Kremmerhuset. Utruleg genial oppfinning! All saft blir pressa ut, og ikkje ein einaste stein blir med!

041

Med ei god sautèpanne kan du lage all slags mat. Dei høge kantane gir stort handlingsrom med maten! Den grøne klypa mi er super, for ikkje å snakke om matpinsett; dei klarer meg meg rett og slett ikkje utan!

006

Av ein eller annan merkeleg grunn smakar vatn best når eg drikk det av desse glasa! Det  må vere dei kjølige fargane og det artige mønsteret som gjer det så freistande. Dei vart kjøpt på Til Bords for nokre år tilbake.

Det var kanskje ikkje så spennande med synfaring i kjøkkenskapa mine, men ei utfordring er ei utfordring!

Du må gjerne ta med deg  utfordringa til bloggen din, om du ikkje har tatt den før!

8 kommentarer:

  1. Takk for at du tok utfodringa, Tove:0)
    Likte den mjølkesusa, og gode tips om slikkepottar er heller ikkje å forakte!!
    Klem

    SvarSlett
  2. Eh, mjølkeause var det vel det skulle stå;9)

    SvarSlett
  3. Maj Britt2/2/09 23:03

    Hei igjen Tove, tenkte eg skulle driste meg til ein kommentar :-) Er så artig å lese bloggen din. Iallefall dette innlegget. Ellers så kan ein vel kalle den både tankevekkande og tåredryppande, eg har opplevt begge deler. Men sei meg, må ein vere bloggar for å legge seg til som trufast lesar...? Eg får det iallefall ikkje til. Så eg får vel heller fortsette å vere ein anonym lesar. Set umåteleg stor pris på bloggen din. Då får eg følgje med, og det virkar ikkje så fjernt når vi ein gong snakkast på telefon. Som forøvrig skjer altfor sjeldent!
    Ein stor klem frå meg skal du iallefall få.
    KLEM!!!

    SvarSlett
  4. Godmorgen.
    Det var en spennende tur i dine skap.
    Merkeligt det der, at man har ting man faktiskt ikkje klarer seg uten.
    Har noen slike her og.

    Håper du har det varmt og godt ute.
    Her er det kaldt!
    11 minus nå og det skal bli kjöligere. Ned mot 20 minus er det sagt.
    Håper ikkje det da..
    Men blir det slik takler eg det og.
    Men nå skal eg ha meg en god kopp te, tende ett lys og kose meg litt för det lyssner ute.
    Ha nå en fortryllende dag.
    Klems Synne.

    SvarSlett
  5. Hei min venn,
    vil takke for dine koselige kommentarer:o)
    Veldig kjekt at du ble fristet av paien min.
    Høres veldig godt ut me plommer i!
    Kjempegøy å få en sniktitt på kjøkkenet ditt!
    Er selv veldig glad i å lage mat,så dette var gøy å lese :o)
    Er kjempefan av Nigella og har veldig lyst på de to bøkene av henne jeg ikke har fått i samlingen ennå.
    Ser henne innimellom på BBC Lifestyle,Nigella express,hærlig!
    Har make favorittslikkepott som deg,skulle helst hatt to...
    Selger de sånne sitruspresser på Kremmerhuset enda?
    Er helt enig i at i noen glass smaker drikken bedre enn i andre.
    Gubbeluremannen min fikk et hærlig krus fra Storebroremann for to juler siden.
    Det var malt på med fine farger.
    Han bruker det hver dag :o)
    Og du for en deilig søndag dere hadde!
    Bildet av jenta som titter gj.kristtornen,hadde jeg hengt opp på veggen...var veldig gøy!
    Elsker snøklokker!
    Tror det blir et innlegg om det i dag...
    Go Kjerstiklem

    SvarSlett
  6. Hei hei. Ja det er godt med gode redskaper, det er halve "jobben" det.

    Og for et herlig bilde det småjenta står med lubne hender og de første blomstene! Nydelig!

    Ha en fin dag videre.

    SvarSlett
  7. Hei på deg Tove.

    Ut i fra bildene så ser det ut til at VÅREN er kommet til dere? Stemmer det? I så fall har du en forfrossen nordmøring snart på døra di med et ønske om å få se sola. Her har den vært helt borte siden oktober,men den 22. februar får vi hele 2 minutter med sol inn stuevinduet hvis været er på vår side den dagen:-). DA danser vi soldansen og spiser solboller.
    Jeg setter stor pris på bloggen din og leser den med glede hver eneste dag. Derfor ligger det en utmerkelse til deg på bloggen min.
    Ha en fin dag Tove.

    SvarSlett
  8. For ein flott blogg du har! Du skriv kjempebra! (Men som den pirkaren ej e, så må ej sei at den vispen e en spiralvisp, ikkje en ballongvisp:p)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!