torsdag 31. juli 2008

Tenk å vere så heldig!!!

Av og til treng ein litt oppmuntring og påfyll. Veka mi har vore prega av sorg og sakn. Ein gut i 10.kl.-kullet mitt i fjor omkom i ei tragisk mopedulukke, og det har prega oss alle.
Og som lyn frå klar himmel kjem det ein pakke til meg i posten! Kva kunne dette vere??? Det er enno nokre veker til bursdagen min, og eg har slettes ikkje vunne noko! Ungane var like ivrige og nysgjerrige som meg, så her var det berre å opne konvolutten...
Eit hjarte!!!!!! Nokon visste at eg liker hjarter! Nokon visste at eg trengte litt oppmuntring! Nokon visste at eg ville verte uendeleg glad og rørt! "Lykkeligst er det hjerte som banker for andre", stod det på kortet! Så sant, så sant....
Tusen takk til Monica i Monica`s liv, som tenkte litt ekstra på meg når eg trengte det som mest! Det gjer meg så uendeleg glad å vite at der er slike sjeler der ute!
Ei takksam, rørt og glad Tove! Hmmmm, trur det må vere fyrste bilete av meg på bloggen min! Rart.... Høver dette seg då??? Vel, vel, no er det i allefall gjort!
TUSEN TAKK IGJEN, MONICA!

When you love with all your heart and soul, it`s so hard to let it go...

Det har vore ei stille veke. Ei veke til ettertanke, refleksjon, mykje gråt og uendeleg med sorg. Ei mor og ein far har mista ein son, brødre har mista ein bror, slekta har mista ein stor skatt og vener har mista ein dei sette utruleg pris på.

Gravferd i dag. Så tungt å ta farvel, vanskeleg å forsone seg med at ein aldri meir skal få sjå det vinnande smilet, høyre den gode latteren og alle dei artige historiene. Så ufatteleg, så trist, så urettferdig. Tankane våre går til foreldra og syskena, til slekta og alle som David hadde sneke seg inn i hjartet på. No tek vi vare på minna. Du vert aldri gløymt.


Stå ikke ved min grav og gråt.
Jeg er ikke der, jeg sover ikke.
Jeg er vinden som blåser.
Jeg er diamanter som glitrer i snøen.
Jeg er solskinnet på det modne korn.
Jeg er det milde høstregn.
Når du våkner i morgengryet,
er jeg der som fuglenes sirklende flukt.
Jeg er de funklende stjerner som skinner om natten.
Stå ikke ved min grav og gråt.
Jeg er ikke der.
Jeg døde ikke.

- Til minne om David -

tirsdag 29. juli 2008

Kom og bli med på 5000-feiringa!

Eg er relativt fersk i Blogglandia, så det å runde 5000 besøkande er faktisk ganske stas! Er så utruleg glad for alle som har vore innom bloggen for å lese det eg skriv og kanskje endåtil legge att ein kommentar! Eg set utruleg stor pris på alle kommentarane!
Nokre av dei kan eg lese mange gongar, fordi dei er så hjartevarme, inspirerande eller humoristiske.

No er det på tide å gi noko tilbake!

Eg har så lyst å ha ei god, gamaldags loddtrekning (har sett at det er ganske populært rundt om kring i bloggverda!). Gåva er allereie tenkt ut! Kan ikkje seie så mykje sjølvsagt, men eg trur den heldige vinnar vil finne at gåva både er augekvild og velvære, med eit snev av nostalgi. Høyrest dette spennande ut? Det einaste du treng å gjere er som følger: legg att ein liten kommentar til meg på dette innlegget og du er automatisk med på trekninga! Enkelt, hæ? Det vert trekking når besøkstala har passert 5000.
Dette er det vel kjekt å vere med på? Kanskje det endåtil kan gi eit lite spark bak til alle mine gode venninner, slektningar og andre som eg veit er trufast lesarar, men som ikkje legg att spor etter seg! Gåva er retteleg flott, så her er det berre å hive seg rundt og legge att ein kommentar! Dersom du er usikker på korles du skal gjere det for å legge att kommentar, finn du ei brukarrettleiing i høgre marg.
Kjenner at eg gler meg til dette! Så får vi sjå kor lang tid det går før eg rundar det magiske talet!

Hmmmmm.....

006

Måtte berre teste biletfunksjonen på dette nyegreiene eg har installert...  Berre å beklage dersom det vert litt mykje rot og rare greier på bloggen min for tida, burde kanskje sette på et "ANLEGGSOMRÅDE - ADGANG FORBUDT"- skilt! Eller så lyt de berre tole det for eit stund.  Dette biletet er vel ei lita augekvild?

Eit nytt heidersmerke har sett dagens lys!

Eg var inne på bloggen Dans på roser i går, og såg til mi store glede at Kathrin  faktisk har designa eit nytt heidersmerke! Dette er ein pris som kan sendast til tre bloggar ein vert inspirert av! Eg vart   så inspirert av sjølve prisen at eg herved tillet meg å reklamere litt for den på bloggen min. Kan hende eg endåtil tillet meg å gi denne prisen til meg sjølv, berre fordi eg synest den er så fin og vil ha den på sida mi! Så gir eg den vidare til tre andre bloggarar, det er:

Award2

 Desse tre vert no utfordra til å sende denne vakre utmerkinga vidare til tre andre! Tusen takk til Dans på roser som har designa denne vakre prisen!

mandag 28. juli 2008

Tomt batteri - kven kjem og laddar meg?

001

Det er varmt ute. Utruleg varmt. Eg går rundt som i ein døs. Litt inne, litt ute. Aldri lenge stille på ein stad. Ungane held meg for så vidt i ande. Krev meg, masar på meg, vil leike med meg og kose med meg. Det er endå varmare i varmen når små kroppar kryp opp på fanget og knugar seg fast. Det er ikkje det at eg syt og klagar, for eg set stor pris på dette vedunderlege vèret. Men eg vert så tappa for krefter, giddalaus - rett og slett tom for batteri.

002

Kastar eit blikk bort på haugen av laddarar som eg rydda av benken i går. Trur snart vi har 15-16 ulike laddarar som alle tenar ulike føremål: tre ulike telefonar, Nintendo, to ulike fotoapparat, videokamera, datamaskin, radiostyrte bilar og dinosaurar (tenk det, ja!), babycall, barbermaskiner og endåtil ein Tivoli-radio. Trur faktisk ikkje eg har nemnt alt eingong! Men viktigaste laddaren ligg ikkje på bordet. Den laddaren som ein treng ein gong i ny og ne, når det viktigaste maskineriet i huset ikkje har meir energi att. Kva for ein laddar skal ladde meg? Tenk om det hadde vore så lett at vi berre kunne seie: "Sorry, folkens - eg har ikkje meir batteri att. No skal eg ligge rett ut, stille og heilt i fred. Må til ladding, skjønar du!. Kan du ta den ledninga som ligg på bordet, og så pluggar du meg i? Takk skal du ha!" . Slik er det nok ikkje - dessverre... Tvilar vel eigentleg på om teknologien nokon gong kjem så langt. Då er det berre å gjere som ein alltid har gjort: finne energien andre stadar. Av og til er ein liten sjokoladebit nok, eller ein klem, eller å gå seg ein forfriskande tur i regnet. Kanskje kan ein endåtil snike seg til ein liten halvtime på sofaen? Ikkje for å sove, bevares, men berre kvile augene... Beste laddinga i dag trur eg er å halde seg mest mogleg innandørs og i skuggen. Bading og fjøreliv tek vi til kvelds. Det er olsok i dag, og då er det fast tradisjon med pølser i fjøra når kvelden kjem. Ikkje tennvæskepølser på eingongsgrill, men spidda pølser på bål. Betre kan det ikkje vere! Då vert det nok liv i batteria skal du sjå! Eg ynskjer alle ei flott olsokfeiring! Måtte alle batteri laddast til bristepunktet i dag!

 

Skulle det verkeleg vere så lett???

For ca 10 minutt sidan sat eg på ein annan blogg og kosa meg. Brått las eg om eit nytt program ein kunne blogge ifrå.

Det måtte sjølvsagt prøvast, så no sit eg her og bloggar på nytt vis. Dette er sjølvsagt ein test, og det er ikkje sikket at eg kjem til å gjere den på denne måten i framtida! Men alt nytt ein lærer må prøvast! Kanskje eit bilete òg???

tid til å tenke

Sjå der ja! Slik kan det gjerast!

DU STORE MI TID!


Tenk at så mange er inne og kikar på bloggen min! Er ikkje så reint lite stolt over slike besøkstal. Kan sjølvsagt ikkje måle seg med slike som har femsifra tal å vise fram, men eg er like fullt stolt og glad! Har lenge tenkt at eg må ha ei lita overrasking i form av gåve el. liknande når eg passerer 5000, no ser det ut til at eg kanskje må raske på med planlegginga av den...



TUSEN TAKK TIL ALLE SOM TITT OG OFTE KIKAR INNOM BLOGGEN MIN! EI SÆRLEG TAKK TIL ALLE SOM LEGG IGJEN KOSLEGE HELSINGAR!


søndag 27. juli 2008

Ny award!



Medan eg sat og surfa i Blogglandia i går kveld, tikka der plutseleg inn ein award frå Monica`s liv. Tusen takk, Monica! Er så kjekt å vite at bloggen min vert sett pris på av andre! Reglane er som fylgjer: eg må gi denne prisen vidare til minst sju andre. Det er ikkje så lette å velje når ein har så mange fantastiske bloggvener, men eg har bestemt meg for å gi ein ekstra honnør til dei ferskaste bloggvenene mine. Blåbærpai , Rosa Univers og NoraLill får prisen fordi dei så raust deler kvardagsglede og gylne augeblikk med oss. Tante Mimmi fortener prisen fordi ho er ei stor inspirasjonskjelde som set fokus på gjenbruk. Gry i Her er vi lagar verdens finaste vesker, og Dagny i Heim finn bruk for det meste og er utruleg kreativ med hus og hage - difor får dei ein pris! Astrid i Frå eit A4-liv er ny i bloggverda, men ei fantastisk jente som sjonglerer ein heil haug med born, hus, heim, jobb og vidareutdanning med stø og trygg hand! Ho har ei eiga evne til å uttrykkje seg med ord - bloggen hennar er absolutt verdt eit besøk!
Eg vonar alle de som fekk prisen har lyst til å ta imot den! Alle prisvinnarane vert no utfordra til å gi den vidare til minst sju bloggar som fortener ei utmerking! Du høgreklikker på biletet av prisen, og lagrar det på datamaskina di. Deretter limer du det inn i bloggen.
Alle som ikkje fekk pris denne gongen heller, får sjølvsagt ei nydeleg rose med meg!

...om SAL og godt SAMVIT...


Eg er så i kle som er annleis. Kle som har ei meining og som kan vere med på å gjere verda til ein betre stad for fleire enn berre oss sjølve.


Phister & Philina har slike kle. Dei er med på å drive ein barneheim for jenter i Arni, Sør-India. Her får fattige og foreldrelause jenter eit nytt liv, ein heim, ei ny familie og ikkje minst: utdanning.


Når ein kjøper desse kleda, får ein vere med på å oppdra og utdanne desse jentene. Det gir ei god kjensle og godt samvit. Denne gongen var eg heldig og fann kleda på sal, altså vart det litt meir i posen enn fyrst tenkt...

Ida sette i allefall stor pris på dei nye kleda! Det gjorde mora òg...

Så vakre fargar, så nydeleg snitt, så god kvalitet.

Så mange detaljar og artige påfunn!
Sina ville vere med på fotoseansen ho òg, og kraup opp på Ida sitt fang. Fin kjole ho òg!

ROSA DRAUM...

Når største draumen er ein rosa sykkel......
...er lukka fullkomen....
...når pappa kjem heim...
...og har ein nyyyyydeleg, rosa sykkel i baggasjeromet!
Lukke på jord er ikkje å få alt ein har drøymt om, men å få noko av det ein har drøymt om - ...lenge! Det er lett for ein pappa å oppfylle rosa draumar til rosa prinsesser.

lørdag 26. juli 2008

I dag har heldigvis vèr og vindretning tillete ein roleg, avslappande og kosleg kveld på altanen. Lysa blafra så fint og den vakre kveldshimmelen sette ei flott ramme rundt stunda vår. Eg vonar at kvelden har vore like fin for alle dykk som er innom bloggen min.


DEI BESTE YNSKJE OM EI SOLRIK OG GOD HELG TIL ALLE!


På oppdagingsferd i fjøra.

I dag var eg heldig og fekk ei stund for meg sjølv i fjøresteinane. Eldstemann vart med tante og Frida på spasertur, midt-i-frøkena vart med onkel på ei båtrunde og minstefrøkena var heime og sov. Så då nytta mor stunda til å oppdage skattar i fjøra. Og dei er det mange av, berre ein ser dei...

Å kunne kvile på ein gamal stol i fjøra, omkransa av sommarblomar og strå. Å kunne sitje her og høyre bølgene, fuglane og oppdage at livet har ein eigen puls.

Vèrsliten og godt brukt, slik gode stolar skal vere. Den ventar nok på oss neste sommar òg, om berre vinterstormane let den stå i fred.

Nokon har leika seg i fjøra. Funne rekved og laga eit monument. Kanskje eit jonsokbål som ikkje vart brent? Eg synest det skal få stå akkurat slik, som eit minne om glade sommardagar.

Tre steinar låg kunstferdig midt i monumentet. Kanskje for tru, håp og kjærleik...?


Dette er sommar for meg.

Raudøyholmen, Raudøya og Eika kunne vel ikkje ha fått ei flottare ramme.
Mitt eige Soria Moria....

Toppen av monumentet. Ser du dei parallelle linjene...? Det var nok meint å skulle vere slik...

Lurer på kven eg kan takke for dette flotte kunstverket?



På veg heim frå fjøra går turen gjennom eit tun. Same tunet der vi trakka våre barnesko, på veg til og frå fjøra. Alltid hjarterom, alltid god prat, alltid fullt av minner. Det vart prat i dag òg. Tok bilete av dei vakre rosene som omkransa inngangspartiet. Veit ikkje kva dei heiter, berre at dei er vakre. Og det er vel eigentleg nok!

Frida - ei frydefull frøken full av liv!

Tenk så heldig eg er som får vere tante til ei jente så full av liv og løye som Frida!
Det er ikkje så lett å fote seg på glatte steinar. Frida har stort sett full kontroll på det meste, men akkurat her gjekk det gale! Veit ikkje kva som var verst; å dette og verte våt i det kalde vatnet, eller at det ikkje heilt gjekk slik som ho hadde tenkt...!

"Hmmm, no er det ingen som er meg... Skal eg smake litt på sanden? Full fart no, så er det ingen som merkar det! Ja men tante då, du skulle ikkje sjå meg akkurat no - og i allefall ikkje ta bilete av meg! Lov meg å ikkje fortelje det til mamma, vær så snill...?"

Fjøreliv...

I dag har vi prisa sommaren for alt det er verdt! Det kan vere langt mellom slike varme dagar, så kvart augeblikk må takast vare på og kvar solstråle må nytast. I dag har vi vore i fjøra attmed onkel, tante og syskebarn. Vi kosa oss heile dagen i fjøresteinane og ingen ville heim! Slike dagar skulle vare evig...
Ida har vorte kjempeflink til å både symje og hoppe. Det er sjølvsagt trygt og godt med storebror i nærleiken. Klar - ferdig - hopp!


Onkel held "brennmanèt"-vakt og passar på Ida!


Johan og Frida (fremst i biletet) leitar etter krabber, medan Ida får gode råd på hoppe-fronten med onkel. Denne knetta er jammen modig!

Ida fekk mønstre på som lettmatros ombord i onkel sin båt.


Tante hadde kald, leskande drikke på termos - Ida hadde ei lita badepause og fekk litt påfyll.

Ida og onkel i fortruleg samtale.

Dyrebare augeblikk som dette må takast vare på.