lørdag 26. juli 2008

Fjøreliv...

I dag har vi prisa sommaren for alt det er verdt! Det kan vere langt mellom slike varme dagar, så kvart augeblikk må takast vare på og kvar solstråle må nytast. I dag har vi vore i fjøra attmed onkel, tante og syskebarn. Vi kosa oss heile dagen i fjøresteinane og ingen ville heim! Slike dagar skulle vare evig...
Ida har vorte kjempeflink til å både symje og hoppe. Det er sjølvsagt trygt og godt med storebror i nærleiken. Klar - ferdig - hopp!


Onkel held "brennmanèt"-vakt og passar på Ida!


Johan og Frida (fremst i biletet) leitar etter krabber, medan Ida får gode råd på hoppe-fronten med onkel. Denne knetta er jammen modig!

Ida fekk mønstre på som lettmatros ombord i onkel sin båt.


Tante hadde kald, leskande drikke på termos - Ida hadde ei lita badepause og fekk litt påfyll.

Ida og onkel i fortruleg samtale.

Dyrebare augeblikk som dette må takast vare på.

3 kommentarer:

  1. å det ser deilig ut ved sjøen :)
    her har vi sammen varmen - og i dag synes eg det var litt for varmt - så det vart berre ein biltur til Geiranger og spise is
    men ungene har bada her etterpå - og så grilla vi - kos det og
    No begynner sydentaknane å komme - og Ja eg gleda meg, selv om eg synes det er litt feil årstid å reise på no
    Fortsatt go helg
    Smil fra monika

    SvarSlett
  2. Fantastiske bilder!!! Og nydelig fjøre, temperert sjø, strålande sol, snill onkel og skjønne ungar. Kan det bli betre?
    (Kanskje når tanta kjem...:) heheh

    SvarSlett
  3. Dette er sommarglede på sitt beste! Og så er du så flink å "dokumentere":)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!