Vi mødre likar å ha det meste under kontroll. Når heile familien skal avgarde, har vi det med å ha lange lister inn i hovudet vårt over alt som må gjerast, i kva rekkjefølge det skal utførast og til kva klokkeslett dei ulike gjeremåla må vere ferdig utført. Eg er litt den typen, og tek det som ei sjølvfølge at husbonden har fullt innblikk i planane mine.
Då kan mykje gå gale. Som i går, då vi skulle gjere oss klare til konfirmasjonsselskap.
Vi skulle vere i selskapet klokka fem, så eg hadde planlagt at husbonden og ungane skulle gå på badet klokka fire. Dei skulle så smått byrje å gjere seg klare, medan eg ordna med gåver og kort til konfirmanten. Klokka kvart over fire gjekk eg opp på badet, og forventa å sjå at alle stod reine og fine - klar til å få på seg finstasen (det er sjølvsagt mor som må ordne med slikt, så pass kjolen blir rett veg, skjorta er fint stappa ned i buksa og at alle knappar vert knappa rett).
Så slo kaoset i mot meg.
Husbonden og eldstemann stod midt i ein heller komplisert hårklipp, alle kle låg strødd utover golvet og dei to snuppene låg fornøgde og padla rundt i badekaret. "Herlighet!!! Er du klar over at....."-talen runga over heile badet. Ingen andre enn meg såg problemet! Vi hadde jo god tid, heile tre kvarter til vår disposisjon!!!! Husbonden tenkte tydelegvis ikkje på at det også tek tid å pakke bilen med ungar, gåver og kaker, lufte hunden og ikkje minst at husfrua sjølv skulle ordne seg... Her var det berre å brett opp armane og sette i gong med hardt og effektivt arbeid!
Småsnuppene vart raskt sjamponerte og innsåpa, eldstemann måtte tvangsdusje seg får å fjerne alle små hår, husbonden sprang rundt som ein gal og leita etter kleda (som skulle ha vore oppleitt det fyrste kvarteret før eg kom på badet...), medan eg sjølv sjonglerte alt det andre.
Rett før vi sprang ut gjennom dørene rakk eg å hoppe ut av joggebukse og ullskjorte, inn i finstasen, drog litt paste gjennom håret og sminka meg så fort eg berre kunne (takk og lov for eit Oprahshow som ein gong delte ut råd om korleis ein kan sminke seg pent på under et minutt!).
Korleis vi klarte å gjere entrè presis klokka fem i selskapet, er framleis eit under!!! Men der stod vi altså, tre reine og fine ungar, ein blid og uanfekta husbond og husfrua med raude roser i kinna og ei kake i kvar hand. UTRULEG!!!
Stressa???? Nei, langt ifrå!!!! Berre litt småsvett, hektisk og med puls langt over det anbefalte!
PS! Dei beroligande bileta er sjølvsagt tekne med av heilt opplagte grunnar....
(klikk på bileta så ser du kvar eg har lånt dei)
hahahaha...I KNOW;) Synes jeg ser dere i døråpningen...hahaha:)
SvarSlettEt lite tips til stress inne hos meg, for oss som har hunder...
Fantastisk lesning!
SvarSlettJeg ler og kjenner meg sååå igjen. Det vil jo helst gå godt da... Men når det er som mest hekstisk er iallefall ikke jeg sjarmerende.
Høres ut som oss....og det morsomste er at etter alle mine tirader og sure toner, så står alle fem smilende og åpner døren rett etterpå. Fasaden vet....
SvarSlettEg ser nesten føre meg "virrvarret" i heimen desse minutta. Kan ikkje anna enn å le. Du er nok ikkje åleine om å ha det slik:-)
SvarSlettDette var kjente "toner" Måtte le litt for meg selv, gitt.
SvarSlettWow, hadde du også det slik i går? Kven trur du kom sist ut gjennom døra etter å ha fått på seg bunad i rekettfart? Typisk oss kvinnfolk. Utruleg at det gjekk bra :-) Og kaka kom også på plass utan skade.
SvarSlettHa ein avstressande søndag!
mvh sig
hahahaha.... det høres ut akkurat som oss...
SvarSlettbortsett fra at vi klarer ALDRI å komme presis... ;-)
Så dere fortjener applaus
Veldig morsom lesning!
SvarSlettNå er mine jenter så store at hver tar ansvar for seg sjøl, men jeg husker denne tiden... Mange ganger var mitt antrekk og hårsveis på halv tolv, og jeg måtte bare puffe de nystrigla jentene foran meg og håpe at ingen la merke til meg...
Ønsker deg ei flott uke uten altfor mange stress-stunder som den du beskriver her.
Pludrehanneklem
Tihi! Måtte verkeleg flire når eg las dette! Skulle tru det var her i huset du hadde vore og spionert, sett bort i frå eit barn mindre. Godt jobba Tove!! ;)
SvarSlettSom jeg kjenner meg igjen Tove!!!
SvarSlettHar mange ganger sagt at jeg skal stille meg i bakgrunnen og beskue kaoset som hadde oppstått om mannen skal få barn og seg selv klar til 17. mai eller en annen festlig begivenhet!! Men jeg klarer ikke la være å legge føringer.....kan jo hende det hadde gått bra, men jeg lar tvilen råde til det motsatte er bevist jeg;)
Ha ei strålende uke du flinke blogger...
Klem fra "Byfrua"
Siden vi fikk vår sønn trur eg tida som eg har brukt på å pynte meg før liknande anledningar er ca 20 min - totalt... det er heilt avgjerande å ha tenkt igjennom ka som skal kastast uttapå kroppen sånn at det ikkje tek tid frå alt det andre. Når vi endeleg sit i bilen så slepper eg skuldrane litt ned og pustar nesten heilt ned i magen og finn fram sminken - er blitt god på å bruke speilet i bilen til det...
SvarSlettveldig godt innlegg :-)
Ha ei god veke...
Artig og gjenkjennede historie det du beskriver her Tove.
SvarSlettHåper dere fikk en trivelig konfirmasjons feiring alle fem.
Ha en fortsatt fin søndagskveld og ei god uke!!
Flere som kjenner seg igjen her... "ler"..
SvarSlettGodt dere kom fram i tide da! :o)
Kjenner meg igjen der ja!! Har en mann som er evig tidsoptimist...
SvarSlettDet byr paa utfordringer av og til:)
Moro aa lese om, ble nesten svett selv jeg;)
Ha, ha, ha!
SvarSlettJeg ler høyt og godt og kjenner meg smertelig igjen.
At menn ikke er utstyrt med tankelesing egenskaper i slike situasjoner må rett og slett være produksjonsfeil!
Ha ei fortryllende uke, Tove!
Klem
Gjenkjenning heile vegen, ser på alle kommentarane at du verkeg har truffe spikaren på hovudet med framstellinga di. Kjekt å lese! Slik hadde eg det også i den mest hektiske perioden, no er den tida over, men det var kjekt å få ei påminning om farne tider.
SvarSlettHOHOHO!
SvarSlettEg synest å drage kjensel på noko her:D Bortsett frå at vi sjeldan rekk å verte presise då;) Som regel kjem vi halsande etter alle andre...
Takk for kommentaren på innlegget mitt, reknar med det var du og ikkje husbonden som var på vitjing:) Eg var nettopp innom bloggen hans -og du kor flink han er med muring! Skulle gjerne lånt han til eit par oppdrag fram i Bjørdalen, må berre feite opp lommeboka først;)
Ha ei fortreffeleg veke Tove! :)
å verte... jaja.. :/
SvarSlettKun EN time til klargjøring av hele familien....? Det kunne jeg aldri tatt sjansen på her... :-/
SvarSlettHi hi hi!!! Ditta e omtrent som om å lese om sej sjølv.
SvarSlettEn time? Ingen problem:-) hehe.
Ha ei fin veke. Snart e d tid for bunad..igjen.. ;-)
Klem frå Asbjørg.
E'kje et typisk??
SvarSlettmen det går som regel bra!
Monica
Tusen takk for koselig kommentar :) SÅ hyggelig at du sprer herlighet i luften til folk :D Vi jobber nå med å få til en netthandel, så da vil det kanskje være en mulighet?=) Du har en veldig koselig blogg, legger deg til på listen vår, håper det er greit :)
SvarSlettHa en HERLIG dag :D