fredag 15. mai 2009

Jordbærdraum...

I kveld måtte eg feire at eg er ferdig med 17. mai-talen eg skal halde, så då har vi tjuvstarta litt på 17. mai-desserten! Oppskrifta er utruleg enkel, men smaken er heilt ubeskriveleg!

009

Du treng ei korg med jordbær som du skyl godt og deler i fire. Legg dei i ei skål.

010

Så treng du ein lime. Den vaskar du godt.

012

Rasp skalet og ha over jordbæra. Deretter pressar du ut safta slik at den marinerer jordbæra.

030

Strø over ei skei med sukker (to skeier om du er redd det blir for surt). Skrap ei vaniljestang og legg til sides frøa, dei skal du bruke i kremen du lagar til slutt. Den utskrapa stanga legg du i ilag med bæra. La stå å trekke i 20 minutt.

034

Den gode kremen til å ha på toppen lagar du slik: ta eit beger seterrømme og ha i ein bolle (det MÅ vere seter-varianten, ja...). Tilsett frøa frå vaniljestanga og ca ei ts-1 ss sukker. Så tek du handmiksaren og piskar til det får same konsistens som piska kremfløte. Tilsett nokre dråpar lime og bland med ei skei.

035 

Fordel litt  på toppen av jordbæra, pynt gjerne med noko grønt om du har. Eg brukte basilikum, som visst nok skal vere det siste hotte på "kva tilbehør passar til jordbær"-fronten. Det funkar sjølvsagt like bra med sitronmelisse, mynte, ein liten fiol, eller andre ting du måtte ha for handa.

040

Til denne desserten passar det godt med litt sprudlande i glaset. I lag med ungar er det sjølvsagt brus i glaset!

041

Vi brukte ein iskald, tysk musserande vin som heiter Saracco (2008) Moscato D`Asti. Den passa perfekt til limesmaken og jordbæra.

Vil absolutt anbefale denne desserten til 17. mai, eller som avslutning på eit deilig grillmåltid!

VELBEKOMME!

8 kommentarer:

  1. Åh...nam...Såg aldeles nydeleg ut!! Spørs om det blir jordbær 17.mai ja :0)

    Klem frå Asbjørg

    SvarSlett
  2. Ja, dt var drøm, ja! Så helt nyydelig ut!!

    Go 17.mai helg;))

    SvarSlett
  3. Jordbær er alltid godt, men likevel kjekt å få tips om serveringsvariasjonar. Lukke til med framføringa av talen, ha ein fin 17. mai.

    SvarSlett
  4. kjenner æ fikk vatn i munn,...vakker denne så ut...å lykke til med dagen den 17

    SvarSlett
  5. Åh, dette både høres og ser utrolig godt ut. *notere, notere*
    Ønsker deg lykke til med 17. mai-talen!
    Pludrehanneklem

    SvarSlett
  6. Godt, godt, godt saa det ut!!
    Seterroemmevarianten har jeg ikke proevd her... Hmm, litt vanskelig aa faa tak i roemme her i Spania. Kanskje LIDL har?
    Mine foreldre kommer i kveld og de har med roemmegroet, vaffeljernet mitt + vaffelmix etc! Saa naa skal det bli 17.mai her og tenker jeg!
    God 17.mai til deg og dine:)

    SvarSlett
  7. Mmmmm. Så kjekt med nye ideer. Takk for den og lykke til med talen i morgen!

    SvarSlett
  8. Guri malla, jeg kommer løpende!!!!!!!

    GRATULERER MED DAGEN, og kos dere masse!!!!
    Molly hilsen fra skogen:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!