søndag 30. januar 2011

Snart kan vi vente…

…på dei fyrste vårblomane i små, skitne barnehender. Tida då alt sildrar og renn, fuglane kvitrar og kveldane er lyse. Vi har lov å vente på det no. Ikkje lengte, men vente. Sjå framover. Drøyme. Men ikkje lengte.

kvitveis

Tro ikke frosten

som senker en fred av sne i ditt hår.

Alltid er det på jorden et sted tidlig vår.

Tro ikke mørket

når lyset går ned i skumringens fang.

Alltid er det på jorden et sted

soloppgang.”

Andrè Bjerke

kvitveis1

Vi kan håpe, drøyme og vente på våren. Men ikkje lengte. Vi lengtar etter noko vi trur vi ikkje får. Vi lengtar etter ting som har gått tapt for alltid. Men våren kjem. Like overraskande kjem den kvart år. Like velkomen. Like herleg.

Den her her snart…

lørdag 29. januar 2011

Laurdagsvafler!

På laurdagar skal ein ete vafler. Det har farmor lært meg! Vaffelrøre er som regel noko ein lagar utan oppskrift, og så smakar vaflene godt uansett! I dag har eg derimot nytta meg av ei oppskrift som eg fann på Matmons.net. Ingrediensane var dei same som eg brukar, men framgangsmåten var litt annleis.

vaffel 

Dette treng du:

10 dl kveitemjøl
3-4 ts bakepulver
2 dl sukker
litt vaniljesukker
1/2 ts kardemomme
10 dl mjølk
4 samanvispa egg
300 g smør

vaffel1

Slik gjer du det:

Rør saman kveitemjøl, bakepulver, sukker og kardemomme.
Rør deretter inn mjølka.
Rør godt til røra er jamn og utan klumpar. La den stå ei stund så den kan svelle (15-20 minutt).
Tilsett deretter egg og smelta smør.

vaffel2

Alle konkluderte med at vaflene var særdeles gode! Av og til løner det seg å bruke oppskrift… Eg brukte litt mindre smør enn det som stod i oppskrifta. Dess meir smør du brukar, dess meir sprø vert vaflene. Eg likar dei best når dei er mjuke og gode. Pass på at du ikkje steikjer dei for lenge.

Vi åt vaflene med rømme og rørt bringebærsylte!

GOD LAURDAG!!!

tirsdag 25. januar 2011

Av måneskin gror det ingenting…

…men i skinet frå eit stearinlys kan det vekse så mangt; lærdom, til dømes. Lekser er ikkje ein favorittaktivitet i heimen, sjølv om frøken midtimellom gjer det med litt meir entusiasme enn storebroren. Medan 6. klassingen stort sett ynskjer å gjere leksene i fred og ro på loftet, likar 3. klassingen å sitje ved spisebordet i lag med meg.

Lekse

Inn i mellom alle pliktene nyttar vi den gode stunda til små og store spørsmål om livet. Ho fortel om dagen som har gått, om kva ho har tenkt å gjere i morgon og om kven som har sagt kva på skule. Eg prøvar så godt eg kan å lage ei god atmosfære rundt denne stunda. Tenner stearinlys, legg vekk alle andre aktivitetar og er fullt og heilt tilstades. Ingen lir av å måtte vente litt til på middagen!

Lekse1

Det er ikkje kvar dag vi klarer å ha det slik. Desto meir viktig er det å verkeleg gjere det når ein kan. Der er nok av dagar der alt må gå fort og vi må få unna leksestunda samstundes som at eg lagar middag, underheld minstesnuppa, tømer oppvaskmaskina, legg i hop kle, hjelper eldstemann, luftar hunden og mykje meir. Slike dagar gløymer vi å puste. Alt går i eit forrykande tempo med høg puls og mange jern i elden. Vår familie er sikkert ikkje åleine om å ha det slik.

Lekse2

Sjølv om eg er “lærarmamma” må eg ofte grav djupt i hatten med triks for å klare å motivere for lekser. Å gjere det koseleg på bordet er eit av dei mest effektive triksa. Bøkene fint i stablar, stryke på lekseplanen etter kvart som ein er ferdig, tenne eit stearinlys, ta små rosinpauser med god prat og vise borna at vi fullt og heilt til stades for dei. Det er rart å sjå kor mykje meir positivt innstilt ungane er til leksene når vi får til dette!

Lekse3

I går hadde vi ei slik god stund. Det blir kanksje ei stund til neste gong vi har så god tid, så desse varme og gode augneblinka skal eg ta godt vare på. Dobbeltkonsonantane og reknestykka gjekk unna som berre det og rosinpausene var djupe og interessante!

Det er godt når leksestundene er slik; utan konflikter, konfrontasjonar, leie ungar og oppgitte sukk kring bordet. Det er godt at ein kan sitje i lag i skinet frå stearinlyset og småprate om stort og smått.

Vi avslutta leksestunda med å snakke om Alice i Wonderland og eit av mine favorittsitat der;

“- Kanskje det ikke er noe å lære, dristet Alice seg til å si.
- Hysj, hysj, lille venn, sa hertuginnen, - vi kan lære noe av alt, hvis vi bare tenker oss om.”

Kva “triks” har du for å gjere leksestunda så god som råd???

Gåsehud og kortreist kultur!

Nokre artistar har den evne at dei klarer å røre ved det inste i oss og gi oss gåsehud. Her eg bur er vi så heldig å ha ei svært så talentfull, ung dame som syng utruleg vakkert. Ho har vore “skapsongar” i mange år, men no trålar ho distriktet rundt og gleder mange med songen sin. Tenk å ha slike artistar i nærmiljøet!

Venche Vartdal Leite heldt romjulskonsert i Vartdal kyrkje siste dagen før nyttår, i lag med mannen sin Levi Leite som spelte bass og fantastiske Marie Austrheim på piano. Eg har sjeldan hatt det så godt og varmt på ein konsert! Songen nådde heilt inn i sjela mi og den store stemma til 3-barnsmamma Venche rørte meg til tårer…. Då ho song ein av favorittsongane mine, “In the arms of an Angel”, vart konserten komplett!

Dersom du bur i Ålesundsområdet har du sjansen til å høyre denne fantastiske trioen i lokala til “Steinomnen”, fredag 18. mars! Eg skal i allefall vere der!!!

Klikk på lenkja og høyr den vakre songen!

mandag 24. januar 2011

Om ikkje så lenge…

…er det vår. Midt i ei verd av blankis, regn, sludd og snø har eg ikkje tenkt så mykje på det. Heller ikkje tillete meg å kjenne på lengten . Men i dag var alt annleis…

vår

Eg må runde eit nes når eg køyrer heim får jobb. Derifrå ser eg rett utover til den vakre bygda vår, der sola skin heile året og der vårteikna kjem aller fyrst. Då er runda neset i dag vart eg overraska av synet. Eg såg grøne marker……

vår1

Brått og umerkeleg har alt regnet smelta all snøen. Ungane sette store auge då dei såg kva som hadde skjedd. Og då må eg innrømme at vårkjensla kom snikande… Ikkje så mykje, men nok til at eg vart litt lettare til sinns – sjølv om det pøsregnar og sjølv om det er meldt snø til helga! Det skal ikkje meir til for å tine eit forfrose Sunnmørshjarte…

Ingen vinter varer evig,

ingen vår hopper over

sin tur.”

* Hal Borland *

Bileta har eg lånt her og her.

søndag 23. januar 2011

Balletdraum….

Det er ikkje så lett å forstå at det framleis er tre år til ho kan byrje på ballettskulen. Ballerinadrakta er klar. Jenta er klar. Rosa tåspissko ligg og ventar.

ballett

Ho kastar lengselsfulle blikk kvar gong vi køyrer forbi ballettskulen. Ho ser dei små jentene som dansar bak dei store vindauga. “Mamma, er det lenge til eg kan danse ballett no?”. Eg veit ikkje kor mange gongar eg har fått det spørsmålet, og kor mange gongar eg har skuffa henne med svaret…

ballett1

Vi får heller danse heime, trøstar eg henne med. Og det gjer ho! Frå tidleg morgon til seine kveld trippar ho rundt i balletdrakta si med tyll som står som ei rosa sky rundt henne. Så lita og lett, så stødige og vante rørsler. Du ser at det ikkje er fyrste gong ho gjer dette. Du ser gleda, håpet og draumen…

ballett2 Det er to og eit halvt år att til draumen kan realiserast. Enn så lenge så får vi smugkike i glasa på ballettskulen, halde danseshow heime i stova og takke alle kjekke folk som kjem inn dørene og ikkje har noko i mot å vere publikum.

ballett4

♥♥♥

Tusen takk, lille gullet vårt,

for at du gjer kvar dag til ei glede…

Bileta har eg lånt her, her og her og gitt dei ein liten “make-over”!

lørdag 22. januar 2011

torsdag 20. januar 2011

Fullmånepoesi….

“Fullmånen kikar inn glaset og lurer på om eg verkeleg har tenkt å sove. "Neida", seier eg. Han gliser lurt og stryk meg over håret idét eg sovnar og vert vekk for verda. Den kvite natta seglar sin eigen sjø og eg er blindpassasjer ombord.”

♥♥♥

Ukjent, trøtt poet.

fullmåne

Kanskje lyser fullmånen på deg i natt??? I så fall må du trekke i frå gardinene og sleppe han inn!!!

Biletet har eg lånt her.

mandag 17. januar 2011

Mest estetiske mammablogg!

I kveld vil eg presenter ein annan bloggfavoritt i Foreldremanualen si kåring av mammabloggar. Heidi, eller betre kjent som Fru Fly, er også ei jente eg har vorte kjend med som “5 om dagen”-ambassadør. Det er alltid litt skummelt å treffe heilt nye folk. men då eg traff Heidi var det som om vi alltid hadde kjent kvarandre! Så raus, så hjarteleg, så til stades! Den gode kjensla eg fekk i hennar nærvær er akkurat same kjensla eg får kvar gong eg er innom bloggen hennar.

stue4[1]

Dei rolege fargane, dei reine linjene og dei gjennomtenkte løysingane appellerer til meg!

bildevegg3[1]

Eg mistenkjer at Heidi er ein genuin estetikar med sans for detaljar! Eg fekk mange gode tips til korleis ein best kan dandere bileter i ulike storleikar då eg såg biletet over.

stue5[1] stue[1]

I tillegg til å ha ein vakker blogg er ho også dyktig til å ta bileter!  For nokre dagar sidan la ho ut fototips på NIB! Eg likar så godt dei sarte fargane på bileta hennar…

sunset8[1]

Skjønne Heidi er mamma’n til Marie og her er eit nydeleg bilete knipsa av dei to!

Dersom du vil stemme på Fru Fly og bloggen hennar, kan du gjere det her! Du kan stemme heilt til 29. januar! For å verte betre kjend med henne kan du kike innom bloggen hennar her.

♥♥♥

Tusen takk for at eg har fått verte kjend med deg, Heidi!!! Eg heiar på deg som den mest estetiske mammabloggen! Der er fleire andre bloggar som eg likar i den kategorien, men det er Heidi sin blogg som beste representerer den stilen eg likar!

PS! Heidi har gitt meg løyve til å låne bileta frå bloggen hennar!

One of those days…

Minstesnuppa er ikkje heilt i form i dag…

kos

Ho var litt slapp og ute av seg i heile går og har sove dårleg i natt. Mammahjartet vart uroleg og forstod nok kva som var på gong… I dag vakna ho med stygg hoste og rennande nase.

kos1

Då var det berre å innta sofaen, smokken og kosedokka. Vi får halde oss innandørs eg og ho i dag. Ta det med ro og lese bøker, sjå på barne-TV og ta att tapt søvn frå i natt.

kos2

Ho skulle mykje hellar ha vore i barnehagen og eg skulle helst ha vore på jobb, men vi måtte prioriter annleis i dag.

kos3

Precious child

♥♥♥

You are a wonderful creation,

special in every way.

You make our life

happy and meaningful.

We are so blessed to have you

in our lives…..

søndag 16. januar 2011

Inspirerande mammablogg!!!

Kvart år har Foreldremanualen kåring av dei beste mammabloggane! I fjor var eg så heldig å vinne kategorien for årets mest velskrivne mammablogg, og det var sjølvsagt kjempestas!!! No er det klart for ny kåring “Mammablogg Awards 2010”.

I kategorien mest inspirerande mammablogg har eg ein soleklar favoritt!

IMG_7230[1]

Jorid med den skjønne bloggen “Noe på hjertet ♥” er  berre 22 år. Ho og sambuaren har skjønne Thea Marie i lag. Jorid bloggar om mammalivet, om hus og heim, kjem med tips og idèar, viser nydelege bileter og inspirerer mange med det ho skriv.

Eg er så heldig at eg har lære henne å kjenne gjennom bloggen, men også i det “verkelege” liv. Vi er begge to “5 om  dagen”-ambassadørar og har vore ei helg i Oslo i lag. Jorid er akkurat så skjønn som ho ser ut! Ho snakkar reflektert og engasjert om små og store ting i livet og eg vart imponert over hennar vinnande vesen!

IMG_7317[1]

Ta deg ein tur innom bloggen hennar og sjå kor kosleg det er i heimen hennar og sjå bileter av skjønne Thea Marie som nettopp har vorte eitt år.

Dersom du vil stemme Jorid sin blogg fram som den mest inspirerande mammabloggen, så gjer du det her. Du finn henne under kategorien “Mest inspirerende mammablogg”. Du kan stemme til 29. januar.

Vil du kike innom bloggen hennar og kose deg ei stund, gjer du du her.

Heia Jorid – du har stemma mi ♥ !!!

PS! Bileta i dette innlegget er det Jorid som har teke, og ho har gitt  meg løyve til å bruke dei på bloggen min!

I morgon skal eg presentere ein annan favoritt i ein annan kategori!

lørdag 15. januar 2011

Det er ikkje blekkbokser alt som skramlar…

Ei enkel blekkboks kan godt verte den finaste vase for blomar! Ein beskjeden tulipanbukett takkar slettes ikkje nei til å få stå på stas i noko som tidlegare har vore bustad for hermetiske tomatar!

tulipan

Det er kjekt å kunne resirkulere og bruke om att!

tulipan2

Det er så fargerikt i butikkane for tida! Det er for øvrig eit paradoks at det er meir tulipanar og blomar på daglegvarebutikken enn på blomsterbutikken! Både eg og minstesnuppa var samde i at vi måtte ha rosa tulipanar til helga! Desse kjøpte eg i går, og då hadde dei stått tørre i butikken. Då la eg dei i kjøleskapet for oppbevaring til i dag! Pakkar du dei inn i litt avispapir kan dei faktisk ligge i kjøleskapet i mange dagar og halde seg akkurat like fine!

tulipan3

Ta ting og tang du har i skapet og bruk det til noko anna enn det eigentleg er tenkt til! Det er meiningsfylt å bruke om att!!!  Hermetikkbokser kan brukast til alt mogleg, og så er dei så dekorative!!!

tulipan5

Den flotte Ittala-vasen min måtte vike plass for tulipanane i dag og gi plass til favorittane mine! Det står kylling på menyen i kveld, og då må eg ha sitron og lime i store mengder!!! Deilige kyllingoppskrifter vert lagt ut matbloggen min i løpet av helga!

fredag 14. januar 2011

Endeleg helg…

Sjeldan har ei helg vorte ynskt meir velkomen enn denne… Akkurat når vi trengte den! Akkurat så full av blanke ark som vi ville ha den! Akkurat så god som vi likar den!

helg

Så då er det berre å ta på seg ballerinadrakta og danse seg inn i helga!

♥♥♥

God helg til alle mine lesarar!!!

søndag 9. januar 2011

Vinterinteriør…

Når jula med alle sine varme fargar har forlatt stova, vert der ein slags stillstand. Noko må erstatte jula, og her i huset er det dei kalde og vinterlege fargane som får prege stova.

vinterinteriør

Klar blåfrgar som speglar den flotte vinteren ute.

vinterinteriør2

Ei lita frøken som står i glaset og drøymer om å få springe ut med den rosa sommarkjolen sin…

vinterinteriør1

Hunden var med meg overalt under fotoseansen i dag, og måtte sjølvsagt få vere med på eit bilete!

vinterinteriør3

Eg likar godt dei kalde fargane i kontrast mot det naturlege.

vinterinteriør4

Denne flotte lykta vart endeleg mi… Den lyser så fint opp i dei kalde vinterkveldane.

vinterinteriør6

Eføy er ei vårleg plante som pyntar fint opp i vintermørket.

vinterinteriør7

Turkise og blå puter i sofaen. Eg likar godt fargespelet her. Og i motsetnad til mange interiørbloggar har eg altså brun sofa – og er godt nøgd med det!!!

vinterinteriør8

Dei kvite julestjernene skal få stå litt til. Dei er nesten finare no enni jula og eg har ikkje hjarte til å kaste dei ut!

vinterinteriør9

På skjenken har vi tre kampfiskar som stadig underheld oss på sitt underfundige og sære vis!

vinterinteriør11

Midt i alle desse kalde fargane unner eg meg ein kopp god, varm te. Teen heiter “Perfectly Pear” og er frå nettbutikken Happy Heart.

No kosar eg meg med levande lys og “Downton Abbey” på NRK…

Vårleg strikk!

Medan eg kosar meg inne i vinterkveldane, er det kjekt å ha eit strikk å styre med! Eg er nettopp ferdig med gensaren til tantegullet (den kan du sjå her), og er no i gong med ein tunika som minstesnuppa kan trippe rundt i til våren!

strikk

Det litt vanskelege vinterlyset gir ikkje heilt rett inntrykk av fargane. Tunikaen er stripete i fargane lyseblått, lysegrønt, rosa og brunt. Eg synest det er motiverande å strikke stripemønster, for det blir det litt variasjon!

strikk1

Tunikaen er strikka i “Tynn alpakka” frå “Du store alpakka”. Eg har strikka med denne tråden før, og det er ei fryd å sitje med så mjukt og godt garn mellom hendene! Som du ser er det litt snø på nøstet, og det er fordi ei vindkule kom og tok med seg strikket! Det fekk seg ein liten flygetur før det landa i ei skråning litt lenger nede! Sånn kan det gå når ein absolutt skal fotografere utandørs, hi, hi!!!

strikk2

Då eg kjøpte strikkeboka tenkte eg at eg aldri i verden skulle klare å strikke dette flettemønsteret, men etter heftig pulsvarmarproduksjon før jul erfarte eg at det slettes ikkje var så vanskeleg! Pulsvarmarane eg strikka ser du her.

strikk3

Slik skal det endelege resultatet verte! Denne strikkeboka frå Sandnes garn har utruleg mange flotte oppskrifter! Eg kunne ha tenkt meg å strikke alle!!!

No skal vi ut og nyte den vakre vinterdagen! Det er fem plussgrader, lettskya og tidvis glimt av sol!

Slikt likar vi…

♥♥♥

God søndag til alle!!!

lørdag 8. januar 2011

Naudløysing!

Eg skulle eigentleg vise fram det strikket eg har byrja på, men det vart aldri godt nok dagslys til å ta bilete i dag. Planen var også å vise litt småtteri frå stova etter at jula er rydda vekk. Men med skyming heile dagen er det ikkje godt å få tatt interiørbileter.

Ida

Då lyt eg ty til ei naudløysing og vise fram eit bilete av frøken midtimellom som har vorte stor jente… Tida går så altfor fort når ein ser kor ungane veks til!

Får håpe på klarvèr og opplett i morgon, slik at eg får tatt dei bileta eg har tenkt!

God laurdagskveld til alle!!!

Har du sett flottare sjarmør???

Eg er så heldig å ha mange små tantegull! Midt i flokken av jenter er skjønne, gode Felix. Etter å ha strikka stort sett rosa og lilla, bestemte eg meg for å strikke ein gensar til tantegullet mitt.

tantegull1

Gensaren har raglanfelling og er strikka i nydeleg alpakka frå “Du store alpakka”. Prosjektet var ei tolmodigheitsprøve for ein amatør som meg, for tråden var tynn og pinnane var tynne!

tantegull2

Eg må berre innrømme først som sist at det var den strikkekyndige mor mi som tok seg av siste delen av raglanfellinga og halsen. Det var godt å få litt avlastning, for det var krevjande å strikke med så mørk tråd!

tantegull

Det var så kjekt å sjå at gensaren passa, for eg var heilt sikker på at den skulle vere for liten… Felix hadde villeg på seg gensaren og sprada rundt i stova til bestemor med stolt mine!!!

Har du sett noko skjønnare???