lørdag 8. januar 2011

Har du sett flottare sjarmør???

Eg er så heldig å ha mange små tantegull! Midt i flokken av jenter er skjønne, gode Felix. Etter å ha strikka stort sett rosa og lilla, bestemte eg meg for å strikke ein gensar til tantegullet mitt.

tantegull1

Gensaren har raglanfelling og er strikka i nydeleg alpakka frå “Du store alpakka”. Prosjektet var ei tolmodigheitsprøve for ein amatør som meg, for tråden var tynn og pinnane var tynne!

tantegull2

Eg må berre innrømme først som sist at det var den strikkekyndige mor mi som tok seg av siste delen av raglanfellinga og halsen. Det var godt å få litt avlastning, for det var krevjande å strikke med så mørk tråd!

tantegull

Det var så kjekt å sjå at gensaren passa, for eg var heilt sikker på at den skulle vere for liten… Felix hadde villeg på seg gensaren og sprada rundt i stova til bestemor med stolt mine!!!

Har du sett noko skjønnare???

6 kommentarer:

  1. Fin genser og fin gut - Du store alpakka har mykje fint garn. På strikkekafeen som eg går på på Garnboden i Brandbu svergar dei fleste til garnet Sterk frå same leverandør. Eg har ikke prøvd å strikke av det enda så eg veit ikkje heilt. Elles så ligg lageret og hovedbutikken til Du store Alpakka rett bort i åsen her - ein flott butikk med litt anna enn garn:-))

    jannetove

    SvarSlett
  2. Kjempefin.
    Har masse flotte plagg i alpakkagarn - for min mamma er stor fan av du store alpakka... eg også, men har lite tolmodighet til å strikke større ting :-)
    Du har jo skikkelig teken...
    Nydelig genser og nydeleg gut

    God helg!

    SvarSlett
  3. Nahhhhhhhh så skjønn :)

    Flinkeste TOVE!

    God helg til deg & dine :)
    Super varm klem

    SvarSlett
  4. En skikkelig godgutt! *smelt*
    Flott genser i et garn som ser aldeles herlig ut.

    Ønsker deg god helg!

    Pludrehanneklem

    SvarSlett
  5. Ååååå så skjønn gutt :)
    Veit berre om eitpar små som er ein liten tanke skjønnare, hehe. Det er dette med at blod er tjukkare enn vatn veit du :)))

    God helg :)

    SvarSlett
  6. Så flott genser til en flott gutt:o) Enig med Janne Tove, du store alpakka har mye flott garn. Jeg har strikka av garnet Sterk, og det er å anbefale:o) Mykt og godt. Nyt søndagen.
    Strikkesmil fra Lill

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!