tirsdag 30. juni 2009

Pause.

I kveld måtte eg ta meg ei pause. Sortere litt tankar. Kome meg til hektene igjen.

001

Har vore litt tusp siste dagane, med både øyrebetennelse og augebetennelse. Trudde ikkje eg skulle bli så slått ut. Så tappa for energi. I dag fekk eg heldigvis medisin for både det eine og det andre, så no kryssar eg fingrar for snarleg betring.

003

Det har vore ein varm og deilig dag. I kveld sprakk skylaget og sola kika fram. Måtte ta med meg litt kveldskos ut på altanen og nyte den vakre kveldshimmelen. Rart å tenke på kor annleis vèret var i går, med flammande lyn over himmelen og  kraftige tordenskrall.

007 

Vi fekk kanskje ei påminning om at vi må ta ein dag om gongen. Ikkje vente på morgondagen og håpe at den vil bringe med seg gode ting. Kanskje vi heller skal ha fokus på å fylle dagen i dag med alt det gode vi ynskjer. Ei tragedie rysta nok ein gong Ørstasamfunnet, og mange menneske sit att i djup sorg og lengt. Hjartet mitt blør for dei. Fire flotte ungdomar som ikkje skulle få ein morgondag. Ein pappa, som ikkje skulle få stå opp ilag med borna sine neste dag. Det er så opprivande, så vondt og så meiningslaust. Eg vonar dei som sit att kjenner alle dei gode tankane og all varmen vi sender dei.

019

Eg har lenge hatt ei flaske Arizona-te i kjøleskapet, og kjende at i kveld var kvelden for å unne seg den. Den nydelege, søte smaken av plomme passa så godt inn i sommarkvelden min.

022

Endåtil husbonden måtte ut og kjøle eg ned litt med ei forfriskande glas te! Godt å ha nokon å dele kveldsstunda med.

011

Det har vore ein underleg, men god kveld. Ein kveld med mange kjensler, tankar og stemningar. Tankane mine går til dei som har mista sine nære og kjære. Dei som kjempar for å få kvardagen til å gå rundt.

Denne flotte bloggdama snakkar så varmt om å strø glitter på kvardagen. La oss håpe at dei som har opplevt store tap, også får oppleve å kunne strø glitter på kvardagen sin igjen.

mandag 29. juni 2009

Berre ei, lita rute til???

Ei lita rute må du vel kunne ta? Det er ikkje sikkert du blir oppdaga. Ho har framleis 23 ruter med deilig melkesjokolade. Det er vel ingen bestemødre i verden som treng slike mengder sjokolade? Med mindre det kjem telefon frå nokon som vil besøke henne, og ho bestemmer seg for å bake den fantastiske sjokoladekaka med hemmeleg oppskrift. Men ho har jo besøk no, og det står inga kake på benken. Det seier seg sjølv at ho ikkje kan bake kake kvar einaste gong folk dumpar innom.

sjokolade5

Då er det vel greit om du smakar, medan ho framleis er ute etter posten? Så dreg du ut skuffa der sjokoladen ligg uopna, og opnar den. Knekk av ei lita rute, puttar den i munnen og let den sakte smelte på tunga. Men du får lyst på ein bit til. Ei lita rute blir raskt til ei rad. Ja, til og med to. Men så får det halde.

Og i det ho kjem inn døra rekk du akkurat å tørke deg rundt munnen og skjule sjokoladefingrane i lomma. Ho ser på deg, smiler med heile andletet og seier: "La oss finne fram bestemor si hemmelege oppskrift og bake sjokoladekake!"

sjokolade8

Eg skulle eigentleg skrive eit innlegg om ei stille stund på terrassen i kveld. Eg skulle kose meg med iste, nye blad og sjå sola gå ned i havet. Slik vart det ikkje. Eg vart overraska av lyn og torevèr, så då var det berre å trekke innomhus. Medan eg sat i sofaen og las, kom eg over ei strålande reklame for Freia selskapssjokolade. Måtte berre dele den med dykk, det er sikkert fleire enn meg som får assosiasjonar til gode dagar med ei mormor eller ei farmor.

Kik gjerne på denne reklamen òg! Du finn fleire slike snuttar om du sjekkar denne lenkja. Dette er ein av fire reklamefilmar for Freia sjokolade.

Trur jammen eg må lage sjokoladekake i morgon....

lørdag 27. juni 2009

Rosèvin, raud radio og romantisk tonefylgje...

Medan himmelen og utsikta såg slik ut,

110

... sat eg og husbonden og kosa oss med rosèvin. Er så lenge sidan vi sist sat ute og prisa sommaren, at i kveld gjorde vi det til gagns.

076

Radioen innstilt på P4, mykje stemningsfull musikk i den vakre laurdagskvelden.

082

Eg er ikkje så godt kjend med rosèvin, så det er sjølvsagt litt spennande å gjere seg klar til fyrste dråpen.

090

Deilig, kald og leskande rosèvin...

085

Desse flotte glasa frå Haldeland fekk Terje med ein arbeidsgivar ein gong.

105

Så deilig å drikke av lang stett.

093 

Medan sola fargar himmelen raudare og raudare, skålar vi for alt godt som har vore og alt godt som skal bli. Det er fantastisk med slike kveldar...

fredag 26. juni 2009

Bileter seier meir enn tusen ord...

... det  Tara ein dei aller flinkaste til å vise oss. Ho er ikkje fotograf av yrke, men tek dei vakraste bileta eg veit om. No har ho starta eigen fotoblogg, der ho legg ut bileter  frå ymse photo shoots ho har hatt.

happy

Sjå den flotte stemninga ho formidlar...

happy3

... så enkelt, men likevel så fullt av uttrykk.

happy1

Ein tenksam liten kar...

happy4

... som Tara så vakkert har klart å formidle til oss.

happy2

Tara har vore ein av mine bloggfavorittar heilt sidan eg starta å blogge. Trur alle som les bloggen til Tara vert verande for godt. Ho skriv så varmt og godt om små og store ting i kvardagen. Kik gjerne innom Tara sin personlege blogg og fotobloggen hennar.

onsdag 24. juni 2009

"...mens jeg stille erkjenner at sommeren er her."

 027

028

For ikke å bryte stillheten
prøver jeg å svømme lydløst
gjennom det blikkstille vannet.

035

037

Det hender at skuldrene mine
kommer for høyt og lager lette
krusninger i overflaten.

050

Lyden svinner hen og jeg svømmer
videre mens jeg stille erkjenner
at sommeren er her.

030

040

Nok ein nydeleg dag er over. Minstesnuppa har bada i sjøen for aller fyrste gong i år. Bileta i innelgget fortel ei historie om glade born, deilig sommarsjø og sol. Vakkert.

Rett og slett vakkert.

070

Tusen takk for dagen i dag....

(diktet har eg brukt på bloggen min i eit innlegg frå i fjor. Diktaren er ukjend for meg, men kallar seg "Night")

tirsdag 23. juni 2009

Om å gå til ro.

Det er så stille i huset. Frøken midtimellom og minstesnuppa har for lengst gått til ro, medan eldstemann får vere oppe og kose seg ilag med oss vaksne ei stund til. Det er jonsok. Midtsommar. Feriestart. Og endeleg sol...

jonsok

Han kunne ikkje sitje inne. Måtte ut og sjå sola gå ned bak fjella. Studere båtane som hadde ankra opp i Holmesundet. Sjå på alle jonsokbåla i fjørene rundt omkring. Kjenne den gode bållukta. Mett og god på pølser og inntrykk. Har vore mykje latter og leik. Store og små har kosa seg ilag. Det er det som er så godt med små bygder; ingen er for store, ingen er for små.

009

Kjenne feriekjensla krible i magen. Glede seg til tre dagar med fotballskule i lag med gode kameratar. Kvardagane får brått så mykje å by på når det er ferie. Heile ferien er som ein enorm adventskalender, med små, overraskande gåver kvar dag. Heldigvis har borna mine lært seg å takke for slike gåver, bruke dei godt og vite at dei er heldige.

Jonsok markerer starten på noko nytt. Gode dagar i lag med borna. Seine frukostar og lange kveldar.

No har eldstemann også lagt seg. Det er så godt å gå til ro når heile huset kviler. Eg og husbonden sit og nyt sommarkvelden. Nyt den fantastiske utsikta som vi aldri blir leie av. Og så skålar vi for at vi snart får nokon å dele denne utsikta med!!!

Liste meg her, og liste meg der!

Ein høyrer snakk om så mange slags lister for tida. Lister som det er viktig å stå på, som gir status. Skattelistene, til dømes. For mange er det høgdepunktet i avisåret, når lokalavisa trykker listene over formuetoppen og inntektstoppen i kommunen.

liste1

(foto: Aftenbladet)

Med lykt og lupe leitar vi etter naboar, kollegaer, vener, fiendar, konkurrentar og andre vi i farta kan kome på . Dei som står på desse listene får sole seg i eit augeblikks berømmelse, medan alle dei som ikkje står på listene i allefall har litt å snakke om ei stund.

Og så har vi alle listene som det faktisk er litt meiningsfullt å stå på. Eg hugsar fyrste gongen eg stod på vallistene til eit politisk parti. Det var ganske stort! For ikkje å snakke om universitetstida mi i Newcastle, då eg låg på lista over studentar med utmerkelsar på vitnemålet sitt.

Så har vi alle dei mindre interessante listene, som vi likevel treng for å få kvardagen til å gå rundt:

liste

Hugselister, handlelister, sjekklister, ting-som-må-gjerast-lister, gåvelister, bursdagslister, pakke-kofferten-lister og ting-å-hugse-før-jul-lister. Og sjølvsagt mange, mange fleire!!! Så kjedelege, men ikkje mindre viktige! Ta til dømes i går: dagen i dag var så spekka full av program, at eg måtte skrive ned ei liste med alle aktivitetane ungane skulle vere med på for at papsen i det heile tatt skulle ha ein sjanse til å lose dei knirkefritt gjennom dagen. Eg har sjølvsagt vore i møte heile dagen, men når kvelden seig på var vi begge to godt nøgde med dagen - takka vere den magiske lista!

Så har vi alle desse listene det er stas og svært å vere på. Topp 10-lister, flinkaste skodespelar-liste, bank med lavast rente-liste og ikkje minst; beste kledde-lista. Her luktar det prestisje, pengar og berømmelse.

I det siste har blogging også vorte eit heitt liste-tema. Det er ca 3000 bloggarar i Noreg, og då må det sjølvsagt kreerast nokre lister  som plasserer bloggane på sin rettmessige plass.

liste2

For ei tid tilbake var det mykje skriverier om listeplassering av bloggar, og i eit svakt øyeblikk gjekk eg inn på blogglisten.no og registrerte bloggen min. Berre tøv å gjere det, sjølvsagt. Eg har på ingen måte planar om at eg skal vere ein type blogg som det er viktig at alle les. Eg meiner berre det er viktig at dei som faktisk les den, kan få ei god oppleving, sjå nokre fine bileter og høyre nokre gode historier. Om bloggen min står på 21. plass eller 152. plass er meg faktisk revnande likegyldig! Likevel så har eg faktisk forståing for dei som meiner at desse listene er viktige. Nokre bloggar for å tene pengar, og då er dei faktisk avhengige av at andre les det dei skriv.

Då eg sjekke ein heilt tilfeldig dag, og fann ut at bloggen min låg på 132 plass under den kategorien som eg har registrert meg under, så gjorde det faktisk noko med sjølvkjensla mi. Og så merka eg at eg vart utruleg irritert, aller mest på meg sjølv, som hadde gått til det steg å registrere bloggen min på ei slik liste. Og så kjende eg den enorme stoltheita då eg nokre dagar seinare kunne registrere at den låg på 19. plass!!!! Då hadde besøkstala teke seg opp fordi eg hadde posta ein del innlegg.

Denne opplevinga fekk meg til å tenkje. Eg vil ikkje vere ein bloggar som publiserer ei heil bråte med innlegg for å klatre langt opp på desse listene. Eg skriv innlegg når eg faktisk har noko å skrive om! Eg trur at slike lister lett kan generere ei slags kommersialisering av bloggar som absolutt IKKJE har vore det før! Desse "Topp 10"-bloggarane er på mange måtar kommersielle. Vi les det dei skriv, og vi likar det. Stort sett. Difor hamnar dei høgt på desse listene. Heilt i orden for meg, men eg trur ikkje dette er noko for meg.

Eg kjem nok til å blogge vidare i min eigen stil, og publisere innlegg når eg sjølv har lyst og ikkje fordi eg plutseleg har landa langt nede på ei eller anna bloggliste. Der er forresten mange slike lister, mange fleire enn ein trur!

respekt_inlaga+omslag.indd

(foto: jamombud)

La det berre vere sagt før eg avrundar: Eg har STOR respekt for andre sine bloggar, uansett kva dei skriv om og korleis dei ser ut. Og uansett kva som er målet med bloggen, anten det er ambisjonar om å nå toppen av slike lister som gir motivasjon til å skrive, eller om det er skrivelyst, fantasi og trongen til å vere kreativ som dominerer. Takk og lov for mangfaldet i bloggverda!!!!

forventning

Det er mange som slepp inn blogghjartedøra mi, for å seie det slik...

No skal eg liste meg opp på loftet og legge meg!

God natt til alle!

søndag 21. juni 2009

When you lose something you can`t replace...

... I`ll fix you...

Tenk om det var så lett. Å kunne fikse alt som er leitt og vondt. Gjere alt godt igjen. Eg skulle ha gitt mykje for å kunne ha den eigenskapen. Det er alltid nokon som treng trøyst.

Tears stream down your face
When you lose something you cannot replace
Tears stream down your face
And I will fix you.

Eg har så lyst å rekke ut hendene, gi ein god klem, tørke tårene. Har så lyst å seie at alt blir bra. Men alt blir ikkje bra. Det blir betre, men ikkje bra.

Hjarta er tome. Det er ein som manglar. Tenk om eg kunne hjelpe. Tenk om eg kunne lindre. Det er ikkje noko eg vil meir enn det.

...and I will fix you...

Dei som har lese bloggen min i det siste, veit kva eg snakkar om her. Ei hending som har prega oss siste tida. Denne Coldplay-songen er ein av dei enklaste og finaste eg veit, og nokre av setningane har brent seg fast.

fredag 19. juni 2009

Mi gode mamma...

...har bursdag i dag!

bestemor

Eg hadde planar om å finne eit fint dikt å skrive under biletet, men dei aller fleste handla om dei gamle bestemødrene, dei med store fang og all verdens med tid. Denne bestemora har godt med plass på fanget sitt, har tid til alle når vi treng det - men ho er slettes ikkje gammal! På biletet over er ho i sitt rette element; med små born på fanget i fjøresteinane. Det er ikkje få fjøreturar ho har teke med borna på, og vi gler oss til mange fleire!!!

Difor gjer vi det enkelt, mamma:

GRATULERER MED DAGEN!

Helsing oss på Halsane

Grunne til at vi ikkje sit ved mamma sit kakebord og feirar dagen, er at ho og pappa er på Samos og kosar seg. Vi får ta igjen feiringa når de kjem att på søndag!

torsdag 18. juni 2009

Eg veit ikkje kva som er vakrast...

046

... om det er denne vakre peonen i full bløming...

004

... eller om det er den vesle fantejenta som har tatt den ut av vasen,

007

... og som med små, lubne hender plukkar heile blomen i frå kvarandre.

011

Luktar litt på den,

013

... kjenner litt på den,

009

... smakar litt på den,

012

... og pyntar seg med den.

001

Alle sansar tekne i bruk.  Alle ferdigheiter utprøvd. Minstesnuppa har kosa seg med den vakre blomen. Tenk å få vere så heldig å få kjenne på noko så vakkert!!!

005

Litt rart kanskje, at eg er meir interessert i å forevige rampestrekane enn det vakre blomearrangementet! Men eg kunne ikkje motstå desse herlege, små hendene, som med lynets hastigheit hadde nappa den største og flottaste peonen ut av vasen. Fotoapparatet låg like ved, så det var berre å slå til. Berre å beklage litt dårleg biletkvalitet, men det heile gjekk så fort at kameraet sjølvsagt hadde feil innstilling. Det såg eg fyrst etterpå...

014

Også storebror måtte tulle litt med blomen....

Og får å svare på spørsmålet eg stilte til meg sjølv; jau, eg veit kva som er vakrast! Den gode undringa, den fantastiske fascinasjonen og den store gleda som berre eit lite barn kan finne - det er det aller vakraste!!!

onsdag 17. juni 2009

Sommarminner...

Ein liten kveldstur i går fekk fram sommarkjensla mi. Den kjølege lufta gjorde dei gode sommarluktene endå skarpare. Tok meg med tilbake til mormor. Til slått. Til late og lange dagar som bestod av alt og ingenting. Med rabarbra i koppen, ein blome bak øyret og myggstikk på leggen. Hud som kleia etter timar med sol og saltvatn. Traske seg gjennom sommargraset og opp til mormorhuset for eit glas kald saft, for så å springe attende til fjøra for nye timar i det kjølande vatnet.

Det skal gjerne ikkje meir enn ei særskild lukt eller eit særskilt syn til for å vekke slike minner. På kveldsturen min i går tok eg bileter av noko av det som lokka fram desse minna hos meg.

Sjå kor utruleg nøye dei blå blada er surra på desse knoppane. Kor flott dei strekkjer seg mot lyset, klar til å falde seg ut i all si prakt.

018

Tenk at desse knoppane.....

014

... kan bli til noko så vakkert!

028

Kva som skal verte av desse knoppane.....

026

... skal du få vite i eit anna innlegg! Vanlegvis er dei utsprotne tidleg i juli, men i år mistenkjer eg at dei kjem litt før.

036

Ein trast på ein gjerdestolpe. Måtte berre kvile. Berre litt. Letta nesten like fort som han sette seg ned.

039

Strå som duvar i vinden. Så fine å kitle nokon med. Så gode å tyggje på.

041

Naturens eige brudeslør. Så små og kvite desse blomane, så skjøre. Likevel reiser dei seg etter vindkasta og blømer vidare.

024

Eg er så heldig å få vere omkransa av slike bakkar. Nyslått sommargras på hes. Meter på meter med hesjastreng og hesjastaurar, som kvar og ein er skoren og høgd av tolmodig hand. For lenge sidan. Av arbeidsnevar som har fått kvile. 

045

Lav kveldssol over markar som ventar på slåtten. Eg ser utover markane og kjenner at eg er heldig. Heldig som har markar som skal slåast. Bygningar som må vølast. Blomar som kan plukkast. Born som kan sette seg ned attmed ei hes og nyte eit glas kald saft. Akkurat slik eg fekk med mormor. Heldig som har slik rikdom å gi vidare til ungane mine.

Hmmmm.... Underleg alt ein får å tenkje på etter ein kveldstur!