onsdag 17. juni 2009

Sommarminner...

Ein liten kveldstur i går fekk fram sommarkjensla mi. Den kjølege lufta gjorde dei gode sommarluktene endå skarpare. Tok meg med tilbake til mormor. Til slått. Til late og lange dagar som bestod av alt og ingenting. Med rabarbra i koppen, ein blome bak øyret og myggstikk på leggen. Hud som kleia etter timar med sol og saltvatn. Traske seg gjennom sommargraset og opp til mormorhuset for eit glas kald saft, for så å springe attende til fjøra for nye timar i det kjølande vatnet.

Det skal gjerne ikkje meir enn ei særskild lukt eller eit særskilt syn til for å vekke slike minner. På kveldsturen min i går tok eg bileter av noko av det som lokka fram desse minna hos meg.

Sjå kor utruleg nøye dei blå blada er surra på desse knoppane. Kor flott dei strekkjer seg mot lyset, klar til å falde seg ut i all si prakt.

018

Tenk at desse knoppane.....

014

... kan bli til noko så vakkert!

028

Kva som skal verte av desse knoppane.....

026

... skal du få vite i eit anna innlegg! Vanlegvis er dei utsprotne tidleg i juli, men i år mistenkjer eg at dei kjem litt før.

036

Ein trast på ein gjerdestolpe. Måtte berre kvile. Berre litt. Letta nesten like fort som han sette seg ned.

039

Strå som duvar i vinden. Så fine å kitle nokon med. Så gode å tyggje på.

041

Naturens eige brudeslør. Så små og kvite desse blomane, så skjøre. Likevel reiser dei seg etter vindkasta og blømer vidare.

024

Eg er så heldig å få vere omkransa av slike bakkar. Nyslått sommargras på hes. Meter på meter med hesjastreng og hesjastaurar, som kvar og ein er skoren og høgd av tolmodig hand. For lenge sidan. Av arbeidsnevar som har fått kvile. 

045

Lav kveldssol over markar som ventar på slåtten. Eg ser utover markane og kjenner at eg er heldig. Heldig som har markar som skal slåast. Bygningar som må vølast. Blomar som kan plukkast. Born som kan sette seg ned attmed ei hes og nyte eit glas kald saft. Akkurat slik eg fekk med mormor. Heldig som har slik rikdom å gi vidare til ungane mine.

Hmmmm.... Underleg alt ein får å tenkje på etter ein kveldstur!

12 kommentarer:

  1. V I D U N D E R L I G!

    SvarSlett
  2. Så nydelig :-)

    Ha en flott dag -her nærme det seg jobb.....!

    SvarSlett
  3. Så herlig å lese, her kom mange minner til meg også. Vokste opp med slått og "hesing" selv og husker spesielt en gang vi var på jordet og drev på, så kom et brakende tordenvær over oss sånn utav det blå! Ganske voldsomt for ei lita jente, og vi sprang så fort vi kunne for å søke ly. Her har immelen åpnet seg i dag, tar nok igjen for de forrige dagene med sol og opphold hehe... Og sant det er fascinerende med den irisen? Og så fort den ene knoppen har foldet seg ut og begynt å "krympe" igjen, så kommer det en ny som overtar... Vakkert ja.
    med ønske om fine dager til dere og gode, nye minner :) Klem fra Gunhild.

    SvarSlett
  4. Herlig innlegg! Tankene flyr her også. De siste ukene har stått i refleksjonens og mimringens tegn for meg. Og jeg kjenner at det er veldig godt å kjenne på gode minner - som jeg ønsker å formidle videre til mine barn.

    SvarSlett
  5. volda-tausa18/6/09 09:50

    Du er dyktig til å velge akkurat dei rette orda for å ta oss med til minna dine. Ikkje minst måten orda er sett saman på, og bileta.. :)Det bringer fram mine eigne minner. Vel, det er vel ikkje berre minner, somme av oss må den dag i dag staure hes på hes og nøysommeleg riste fong på fong med gras. I regn som i sol. Eg likar slikt eg, sjølv om det kanskje ikkje er like idyllisk alltid som eg hugser frå barndomen... ;) Vakkert innlegg med fine minner fra kvardagen din ;)

    SvarSlett
  6. Nydelig innlegg med mange nydelige bilder.
    Det er godt å ha mange gode gamle minner som varma.

    Rart det med teljaren din. Trasig.
    Håpa det ordna seg.
    Ønska deg ein fin ny dag
    Klem

    SvarSlett
  7. Kor fint du skriver og bildene dine e nydelege. Her høljar det ned i skrivande stund men eg gler meg til det sluttar for då luktar det så godt ute.
    Ha ein fine dag!

    SvarSlett
  8. Rein idyll, men litt av eit slit å sørge for for til husdyra for vinteren. Har slike minner frå garden til eigne besteforeldre. Det var stor stas å ta inn det turre høyet, få trakke det saman i grinda før fjordingen som sto spend framom vogna drog det med inn i løda. Hoppe i høyet, mormors gode heimelaga saft og så var det alltid fint vær den gangen...:-)

    SvarSlett
  9. Enda en gang nydelig skrevet, med de rette, flotte bildene. Du får flere i god stemning med dette.

    SvarSlett
  10. Koseleg nostalgi du formidlar her, og viktig at borna får del i slike sommaropplevingar. Eg assosierte dette til ei nyare hending i livet mitt: Minstejenta mi sin kommentar for tre - fire år sidan i det vi passerte ei hes: "Fine desse her" På spørsmål om kva som var fint så kom det: "Slike grasveggar, vel!"
    Tydeleg at eg ikkje heilt hadde lukkast med jobben min som tradisjonsformidlar:)

    SvarSlett
  11. Nydelige og stemningsfulle bilder, og minner meg også på å atter ein gong nyte desse små ting og øyeblikk som omgir oss.

    SvarSlett
  12. For eit herleg innlegg! Trur eg må kome meg på tur i kveld! :)

    Ha ein skjønn søndag!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!