søndag 31. august 2008

...om lærarbagasje og bestillingsverk!

002 004

Å vere lærar har sine heilt klare utfordringar. Det er faktisk ikkje dei enorme rettebunkane (eller lærarbaggasje, som eg òg likar å kalle det) som er verst. Den aller største utfordringa er faktisk den evige jakta på den perfekte måten å få bøkene  heim på. Det er ikkje spøk når fredagen kjem og rettebunkane ligg klare på kontoret og ventar på meg. I tillegg skal eg ha med meg fagbøkene slik at eg kan førebu meg til veka som kjem. Eg endar som regel opp med eit par bæreposar frå ymse matvarebutikkar, som kanskje ikkje raknar før eg kjem heim. I allefall ikkje før dei dei er trygt plasserte i bilen. Gjorde eit lite eksperiment i førmiddag før eg tok til på det viktige arbeidet. Tenkte eg skulle finne ut kor mykje alle desse bøkene vog.

008 009 010

Fagbøkene mine vog 4200 gr og elevane sine skrivebøker nesten 5000 gram. Ikkje rart vekta blinka "ERROR" då eg la alle på samstundes! Det er heller ikkje rart at Cubus-posen var ute av stand til å bære alle bøkene mine heilt heim...

013

Ei skål med søtsaker gjorde arbeidet lettare, og medan eg sat der med praktfulle elevbøker, byrja ein idè å ta form...

Rundt omkring i Blogglandia har seg sett at svært mange av dykk er særs begava med nål og tråd, om med eit fint stykke stoff og litt kløktig saum tryllar de fram dei flottaste handverk! I løpet av sommaren har eg registrert at handlenett har vore ein slager. Eg har òg nokre slike, men dei er verken fine eller solide nok til å bære min 10-15 kilo med bøker (denne helga hadde eg nemleg ikkje med meg engelskbunken, så neste helg må eg nok plusse på fem kilo til).

Brått slo det meg: ein eller annan der ute kan sikkert lage meg eit slags handlenett til alle bøkene mine!

Dei fleste kreative sjeler likar vel ikkje at nokon dikterer korleis dei skal lage arbeida sine, men no lurer eg altså på om nokon tek imot eit bestillingsverk! Eg har ei viss oppfatning vedkomande utsjånaden til veska/nettet:

012

  • - veska må vere laga i eit solid materiale, kanskje noko canvasliknande?
  • - eg har eit Lexingtonmerke som eg ynskjer å ha ein eller annan stad på veska, så kanskje stoffet må matche fargane? Ein slags mørk grå, kanskje? Merket er omlag 10 cm x 15-17 cm , altså rektangulært
  • - den må ha solide hankar som toler 10-15 kilo.
  • - den må ikkje vere for feminin med altfor mykie blonder og andre søte ting
  • - den må ha særpreg og nokre artige detaljar som er unikt for ditt arbeid.

Dersom du tenkjer at dette er noko for deg, og du meiner at du "ser" veska slik som eg ynskjer den - kanskje du tek kontakt med meg?

Eg kan sjølvsagt halde fram med å bære rundt på bøkene i ufikse plasposar eller i altfor sporty ryggsekkar, men ynskjer meg altså eit slags handlenett som kan gjer jobben mykje betre.

Kanskje du , eller nokon du kjenner, kan hjelpe meg???

015 016

Enn så lenge lyt eg bære rundt på bunkane mine i meir eller mindre flotte og prangande plastposar. Er vel ikkje så verst med ein pose med Designers Guild-merke, men det er like fullt plastikk...

No ventar eg spent på å sjå om nokon tek utfordringa mi og likar tanken på eit bestillingsverk!

Perfekt haustkveld!

Det er nokre veker sidan den fyrste haustkjensla seig innover meg. Det skal ikkje så mykje til; litt mørkare kveldar, eit gult blad i grøftekanten, ungar som vaknar om morgonen og vil ha på seg ullskjorte og det kjølige draget i lufta. Eg har alltid vore fascinert av hausten. Imponert over kor genialt Moder Jord førebur seg og gjer alt klart. Lauva som dett av trea og vernar om det spede livet i skogbotnen. Dyra som sankar mat til ein lang og ugjestmild vinter. Vi menneske gjer vel òg vårt for å klare oss over vinteren; vi plukkar frukt og bær som vi frys ned, syltar, saftar og hermetiserer. Dei heldigaste av oss har ein liten potetåker, kanskje endåtil neper og rabber. Det er ikkje alle som likar hausten like godt som meg. Men i år skal eg gjere mitt ytterste for at den skal verte ei fantastisk årstid for meg, familien og våre næraste og kjæraste. Blant anna skal eg prøve å lage til ekte, amerikansk Thanksgiving i år! Den utfordringa sender eg forøvrig til alle som les bloggen min!

Men tilbake til det eg i utgangspunktet skulle skrive om. I kveld har eg verkeleg kosa meg! Dei to eldste er på overnatting med besteforeldre, så eg og Terje har praktisk talt hatt heile kvelden for oss sjølv. Lissjegullet la seg klokka sju, så vi har hatt mange timar utan ungemas i kveld. Etter å ha laga den deilige pizzaen som Livet her herleg skreiv om, sette eg meg med føtene høgt (doctor`s order faktisk, har brote eit bein på utsida av fotbladet....) og kosa meg med ei fantastisk bok som nettopp er komen i hus.

045 018

Boka heiter "Lexington Living - the Living Spirit of New England". Boka har vore på ønskelista mi lenge, og no ligg den endeleg på stovebordet mitt og gleder meg med oppskrifter, tankar og vakre bileter frå New England. Eg fekk boka som ein litt tidleg  bursdagspresang frå min kjære, ilag med verdens mjukaste og skjønnaste morgonkåpe (frå Lexington, så klart...). Alle bileta under (med unnatak av pizzaen, M-kulene og tekoppen) er henta frå denne boka.  Sjå dei vakre bileta og drøym deg vekk......

011 016

Før ein set seg ned og drøymer seg fullstendig vekk, lyt ein ha litt snacks på bordet.

Ting å gjere om hausten:

025 026

Bruke ledige stunder til turar i skog og mark, hausten er på sitt vakrast no!

027 029

Prøve ei ny oppskrift eller to - gjerne inspirert av våre vener i vest!

032 033

043 044

Invitere famile og gode vener på Thanksgiving-middag.

038 039

Nyte deilige dagar ute og inne - og kvarandre!

042 041

Finn gode anledningar til å invitere vener på besøk, men gjer det enkelt slik at det lett kan gjennomførast: Be alle ta med seg god mat og varme kle, og avtal å møtast på næraste strand. Ha ein hausteleg piknikk, som kan avsluttast innomhus - gjerne med varm kakao og Trivial Pursuit!

040

Velg deg ut ein kveld i veka der du kan krype litt tidleg til køys. Ta med deg ein  kopp te og ei god bok, og kjenn på kor godt det gjer for kroppen å slappe av etter ein travel kvardag.

Eg veit det er lenge til jul, men klarer ikkje å motstå å vise deg bileta under. Det er lov å drøyme seg litt vekk og lengte etter den gode høgtida som jula er!

034 035

I`m dreaming of a white Christmas.....

036 037

Heilt til slutt den deilige pizzaen eg laga! Tusen takk til Livet er herleg for den gode oppskrifta!

051 052

Med dei beste ynskje om ei fantastisk helg til alle!

lørdag 30. august 2008

Eit dikt i natta...

 Kveldar

Å desse kveldane våre under dei lauvtunge tre!

Vi var dei vakre vitne til alt av godt som fekk skje.

Ytst uti solegladshimlen sloknande tindar brann,

byen kvelda ikring oss, bølgjene kyste mildt,

mjukt som i svevne stranda, båtar låg kvelvde i sand,

hagane blunda og tagde i skumring og andande stilt.

kveldar

Mørkret fall tett som eit lydlaust regn, sløkte dei siste fjell.

Usynleg og utan grense kvarv verda i djup kveld.

Lågt i den varme, dimme luft tok stjernene til å gro.

Vi såg ikkje lenger kvarnadre, vi sat og vart sveipte inn

i mørkret som alt ikring oss og fyltest av same ro

- og nærare inntil kvarandre kom visst aldri to sinn!

kveldar1

Å desse kveldane våre! - så rart å leve då!

Sitte urørleg og utan ord og berre la stunder gå,

vake ilag med stjerner, ande inn fulldjup ro

frå alt som sov inni mørkret, under seg still og sæl:

Tru ditt sinn er gått opp i mitt, så nær som du er meg no?

- Kveldane våre! dei strauk ut alt som skil mellom sjel og sjel.

kveldar2

- Haldis Moren Vesaas -

(bilete frå Wink)

fredag 29. august 2008

Lærarar på kveldsskift

No sit eg lettare småfrosen, men med eit smil om munnen - og takkar for at eg har så gode kollegaer.  Det er fredagskveld og eg er nettopp komen heim etter eit svært hyggeleg årsstegsmøte for 8.kl-lærarane. Jauda, du las rett: det er fredagdagskveld. Og ja, vi jobba faktisk! Heilt frivilleg! Vi møttest på eit nydeleg friluftsområde med sjø, badestrand og båtliv. August månad syng på siste vers, men vi hadde møtet ute og sat til langt ut på kvelden. Målet var å planlegge ein tur for elevane på årssteget, men vi fekk òg så mykje meir. Latter, gode historier, god kaffi og godt å bite i.

004 

Kollega-Tove hadde med seg plommer......

013

Hendene fann fort fram til skåla....

015

...berre ei plomme til........

006 007

009

 

 

Det er ikkje farleg å vere lærar når ein omgir seg med så kjekke folk!

Den flotte Liadalsnipa er eit kjent landemerke og kneiser stolt i bakgrunnen!

 

017 010

Kaffi og sjokoladekake var òg med på å gjere kvelden til eit høgdepunkt  og ei verdig avslutning på arbeidsveka!

019

Vi  nådde forresten aldri botnen på plommeskåla....

Tusen takk til initiativtakar Marianne og alle som prioriterte å bruke deiligaste kvelden i veka til lærararbeid....

PS! Det er framleis anledning til å vere med på  utfordringa/konkurransen i innlegget under! Måndag skal eg trekkje ein heldig vinnar! Det er forresten ikkje slik at det er den beste historia som vinn, her er det den gode, gammaldagse "lappar i ein hatt"-metoden som kårar vinnaren!

Eg set stor pris på om akkurat DU legg att ein kommenter til innlegget under!

 

tirsdag 26. august 2008

Småting???

Siste dagars lesnad av ymse bloggar, fortel meg at det er populært med utfordringar og små konkurransar for tida. Eg var sjølv med på ei slags utfordring på ein engelsk blogg, der ein rett og slett skulle skrive kva som var vår absolutte favorittsyssel på husmorfronten. Det var enkelt for meg å svare på det: eg elskar å henge opp kle! Tenk å få stå ute i frisk vind, kanskje eitt og anna solgløtt, med reine kle som luktar ubeskriveleg godt! Så i heile dag har eg gått og tenkt på ei utfordring eg vil gi til alle som les bloggen min, spørsmålet var berre kva problemstillinga skulle vere.....

oups

 

"GLED DEG OVER SMÅTING - DU FÅR MYKJE Å VERE GLAD FOR!",

seier skjønne, vesle Oups frå Hjarteplaneten. Og der fekk eg utfordringa som eg vil engasjere alle mine gode blogglesarar med!

KVA SMÅTING ER DET SOM GLEDER DEG ALLER MEST I KVARDAGEN?

Kvardagen vår er full av småting, nokre til irritasjon og ergrelse, andre berre til glede og undring! No vonar eg altså at eg med mi vesle og beskjedne utfordring får laga ein slags granskingsrapport over kvardagslykke!

Eg vonar mange legg att kommentarar på dette innlegget og er med på utfordringa. På søndag vil eg trekke ut ein av dykk som får ei lita overrasking av meg i posten!

HUGS Å SJÅ DET STORE I DET SMÅ!

søndag 24. august 2008

På attgrodde stiar...

 Der veks mose på attgrodde stiar,

så lenge sidan nokon har gått der.

012

Graset veks høgt langs attgrodde stiar.

Inger steller og ryddar der meir.

026

Ein ser far etter folk på attgrodde stiar.

Mang ei arbeidshand har slete der.

024

Det er stillheit som rådar på attgrodde stiar.

Ingen tek bryet med å gå der meir.

013

Der veks minne langs attgrodde stiar

- for mange har gått der før...

Tove

lørdag 23. august 2008

Lucky me!

 

Det har vore litt knapt med tid til blogging i det siste, og endå mindre tid til å lese andre sine bloggar og gå gjennom alle kommentarane. I dag har eg vore på eit krevjande politisk møte i Molde, og då var det så godt å kome heim og setje seg ned attmed datamaskina. Til mi store glede oppdaga eg at eg hadde fått så manga utmerkingar!

Det har vore så mange flotte kommentarar på innlegga mine, og det er så kjekt å sjå at folk set pris på bileta eg tek. Eg er berre ein skarve hobbyfotograf (i beste fall), og då varmar det ekstra godt når bileta mine får skryt!

award5     

Denne flotte utmerkinga har eg fått med Kari - Carpe Diem, Duften av erteblomst og Happy in Pink.

 

Desse tre damene har flotte bloggar - eg er stolt over å ha fått denne utmerkinga med dei!

 

award1 Award2

Desse to utmerkingane har eg fått med skjønne Astrid i Frå eit A4-liv. Tusen, tusen takk kjære du!

Tusen takk til alle som legg att kommentarar til meg! Eg les alle og vert både rørt, glad og stolt!