lørdag 30. august 2008

Eit dikt i natta...

 Kveldar

Å desse kveldane våre under dei lauvtunge tre!

Vi var dei vakre vitne til alt av godt som fekk skje.

Ytst uti solegladshimlen sloknande tindar brann,

byen kvelda ikring oss, bølgjene kyste mildt,

mjukt som i svevne stranda, båtar låg kvelvde i sand,

hagane blunda og tagde i skumring og andande stilt.

kveldar

Mørkret fall tett som eit lydlaust regn, sløkte dei siste fjell.

Usynleg og utan grense kvarv verda i djup kveld.

Lågt i den varme, dimme luft tok stjernene til å gro.

Vi såg ikkje lenger kvarnadre, vi sat og vart sveipte inn

i mørkret som alt ikring oss og fyltest av same ro

- og nærare inntil kvarandre kom visst aldri to sinn!

kveldar1

Å desse kveldane våre! - så rart å leve då!

Sitte urørleg og utan ord og berre la stunder gå,

vake ilag med stjerner, ande inn fulldjup ro

frå alt som sov inni mørkret, under seg still og sæl:

Tru ditt sinn er gått opp i mitt, så nær som du er meg no?

- Kveldane våre! dei strauk ut alt som skil mellom sjel og sjel.

kveldar2

- Haldis Moren Vesaas -

(bilete frå Wink)

3 kommentarer:

  1. Nok ein gong; flotte bilete til eit flott dikt!

    God helg til deg og dine!! :)

    SvarSlett
  2. Såg føre meg kor du hadde dikta om deg og Terje ein seinsommarkveld, heilt til eg såg at det var H.M.Vesaas som var kjelda :-) Dette hadde eg ikkje lest før, men ho har skrive mykje fint.
    Uansett vakkert i begge endar, både bilete og ord!

    Ha ei strålande helg, trass regnvêr... :-D (fint bloggevêr!)

    SvarSlett
  3. en utfordring til deg på bloggen min.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!