søndag 31. mai 2009

Kor godt kan ein ha det, eigentleg???

Tenk å ha så utruleg deilige dagar!!! I går var det pinseafta, og vi kosa oss så godt vi berre kunne! Sjølv om minstesnuppa ikkje hadde vore heilt i form, var ho i form nok til ein fjøretur.

017010

Å tusle i fjøresteinane er noko av det kjekkast som finnast!

031

Mamma sitt lille gull!!!

034

033

Frøken midtimellom kosar seg med melon.....

058

... medan eldstemann jobbar intenst for å få til land båten sin!

053

Sina og søskenbarn F har laga klart plaskevatn til krabber....

032

... medan syskenbarn S er sendt ut på krabbejakt! Det er alltid den minste som får dei verste jobbane...

081

David og Goliat!!! Det er klart ein lyt bade når det er sol på pinseafta! Skal tru kven som vart fyrst???

102

Til kveld grilla vi og kosa oss med god mat heilt til sola gjekk ned!

110

Frøken midtimellom var trøytt av all badinga og sovna før maten var klar, medan minstesnuppa (som burde ha sove) var oppe og underheldt oss med all verdens ablegøyer!

I dag har vi vore og grilla heime med nokre vener - tusen takk, Gry og Frode, for fantastisk mat! Eg hadde ikkje med meg fotoapparat til å forevige begivenheita, noko som var svært synd! Då skulle eg i så tilfelle ha tatt bilete av vesle Maren, på nesten tre år, som trippa rundt i raude flamencosko med raude prikkar - og høge hælar!!! Ho trippa rundt som om ho aldri skulle ha gjort anna!

Eg ynskjer alle ei fortsatt god pinse! Sjølv skal eg tilbringe morgondagen på eit varmt kontor på jobb, bak ein diger tentamensbunke....

lørdag 30. mai 2009

These are the votes.....

Det har kome inn såååå mange artige bileter til konkurransen min! Eg har plukka ut dei eg fann, og til dei eg ikkje har funne er det berre å beklage... Mange har teke fleire bileter og presentert dei på bloggane sine, og så har eg plukka ut eitt eller to til tevlinga.

Bilete nr. 1:

Kvardagskunst

Herlege ungar har etterlete seg spor på ei stabburstrapp.

(Frå eit A4-liv)

Bilete nr. 2:

kvardagskunst3 

(Miamor sin blogg)

Av og til kan det gå slik, når ein set sylteagurkglas i oppvaskmaskina ilag med andre glas. Ein etikett har bytta plass, og kunst er skapt!

Bilete nr. 3:

kvardagskunst4 

(My kind of blog)

Det er viktig å ta godt vare på det ein er glad i og vil beskytte! Det rustikke i  dette biletet bidreg til god kunst!

Bilete nr. 4:

kvardagskunst6

(Anna Lisas blogg)

Dette er kunst som seier sol, sommar og glade ungar!!! Sjå for deg kor små, håpefulle har kosa seg rundt bordet eller på ein stein i hagen...

Bilete nr. 5:

kvardagskunst7 

(Gamleheksa sin lille verden)

Kvardagskunst eller kvardagshelt? Begge deler, spør du meg! Tenk at desse grove nevane kan reparere, fikse og skrue - og like fort tørke ei tåre frå eit barnekinn... Fascinerande kontrastar!

Bilete nr. 6:

Kvardagskunst9

(Slik går no dagane)

Denne herlege guten har laga kunst, smakt på kunst, utøvd kunst og heilt sikkert smakt på kunst. Han er rett og slett kunst!!!

Bilete nr. 7:

Kvardagskunst13 

(Kvardagsliv i Storemyra)

Dette biletet har eg lånt frå Line. Ho trudde ho var for sein til konkurransen, difor sneik eg meg innom bloggen henner og lånte dette biletet - rett og slett fordi eg likte det så godt! Biletet fortel om spenning, forventning og fascinasjonen  over eige spegelbilete. Artig!

Bilete nr. 8:

Kvardagskunst2

(eg klarer ikkje å hugse kven som er den rettmessige eigaren av dette kunstverket. Kanskje stikk du innom her og fortel meg at det er du??? Må nesten finne bloggen din, i tilfelle du skulle vere den heldige vinnar!

Dette er kreativt og artig! Særleg godt likte eg det vesle handavtrykket nederst i venstre hjørnet!

Bilete nr. 9:

kvardagskunst5

(Hanne sin)

Det er vel få ting som er meir spennande enn såpebobler!

Bilete nr. 1o:

kvardagskunst10

(Hannes lille verden)

Med nøysam hand har nokon laga denne kaffiposen! Her er den fotografert i sitt rette element!

Bilete nr. 11:

Kvardagskunst11

(Gjengen framma dala)

Er det ikkje rart kor vi kan stå og beundre slike motiv, og aldri få  nok???

Bilete nr. 12 :

kvardagskunst14

(Majas)

Bilete nr. 13:

Kvardagskunst12 

(Frå eit A4-liv)

Det er ekstra kjekt at siste biletet i konkurransen er ein pappa! Denne superpappaen er ein kvardagshelt! I det daglege sjonglerer han hus, heim, ungar og fritidsaktivitetar ilag med kona si - og det er vel ein kunst i seg sjølv? Her er han på tur med familien og har ein skatt på skuldrane, ein skatt på akebrettet, ein skatt i pulk og tung sekk på ryggen! Eg tek av meg hatten - dette er kvardagskunst!

Det alle treng å gjere no, er å gå inn på lista i høgremargen og klikke på biletet som er din favoritt! Kjekt om mange er med! Du må gjerne fortelje gode bloggvener at biletet ditt er nominert, og oppmode dei om å klikke seg inn og stemme på nettopp ditt bilete!

fredag 29. mai 2009

Vèrvarsling i Blogglandia!

Ein av dei sikraste måtane å finne ut om det er godt eller dårleg vèr rundt om i det ganske land, er å ta seg ei surferunde gjennom blogglistene. I perioder med lite blogging, skal du vere sikker på at sola skin i dei fleste krikar og krokar av Noregs land.

146

Når bloggane stadig vert oppdaterte, gjerne fleire gongar for dag, er det nesten så ein kjenner nordavinden og regnbygene som dansar mellom linjene.

I dag har det verkeleg vore stille her inne! Eg har kika innom blogglista mi mange gongar, og det er lite nytt å sjå. Det er nesten så eg lurer på om ikkje datamaskina klarer å henge med i svingane og oppdatere!

vervarsling 

(foto: We heart it)

No tenkjer du kanskje at det må regne noko grusomt på Sunnmøre i dag, sidan eg sit her og bloggar. Det gjer det altså ikkje. Den varmande kveldssola leikar seg på fjelltoppane og badar bygda i eit mjukt og deilig lys. Men kvifor er eg då inne??? Det har seg nemleg slik at minstesnuppa har vorte sjuk... Vi har vore litt ute, men med tett på 40 i feber er det best å halde seg inne, sjølv om det er sol og varmt. No har eg lagt henne, men tør framleis ikkje å gå ut. Likar best å vere i umiddelbar nærleik om noko skulle skje.

Biletet øverst i innlegget tok eg på 17.mai. Fekk "Stairway to heaven"-kjensle av dette biletet! Du ser vel himmeltrappa???

Seinare i kveld kjem eg forresten til å legge ut bileta som har kome inn i kvardagskunst-konkurransen, og ein "poll" der du kan røyste på din favoritt!

vervarsling1 

(foto: We heart it)

PS:

Om nokon skulle misforstå meg: Takk og lov for at folk flest ikkje sit inne og oppdaterer bloggane sine! Finevèret og gode stunder med familien skal sjølvsagt prioriterast fyrst!

torsdag 28. mai 2009

Heseblesande!

Har du opplevd dagar som har vore så kaotiske at du må stoppe opp og spørje deg sjølv om det verkeleg har skjedd? Eg hadde ein slik dag i går.

allrom2

I går var dagen meir enn rimeleg hektisk. Når eg tenkjer attende på alt som skjedde i går, lurer eg på om eg verkeleg rakk å trekke pusten.

allrom4

Klokka 16.10 henta eg veslesnuppa i barnehagen. Då hadde vi nøyaktig 20 minutt før vi måtte hente syskena på busstoppet. I løpet av dei minutta skjedde følgande: Vi køyrde heim, pakka ut varer, pakke fotballkle til eldsteguten, pakka reine kle til klassefesten etter trening, skifta to bleiar, vaska minstesnuppa rein og skifta kle på henne, plukka med oss alt vi hadde av "fort gjort å ete"-mat, sprang rundt for å leite etter mobiltelefonen som minstesnuppa hadde gøymt på ein lur plass, lufta hunden, stua alt i bilen, køyrde ned til busstoppet - OG RAKK Å VERE DER I NOKRE MINUTT FØR BUSSEN KOM!

allrom6

Nøyaktig 16.30 kom to blide og glade ungar hoppande ut av bussen, fulle av inntrykk etter ein dag på Atlanterhavsparken ilag med resten av skulen. Alle vart så plasserte i bilen med instruks om å vere lydige, for no var det berre 20 minutt til vi måtte vere på fotballtrening. I løpet av denne 20-minuttsbolken skjedde fylgjande: minstesnuppa og frøken midtimellom sat lydige i baksetet og vart fòra med banan og havrekjeks med blåbær og eldstemann måtte klare å skifte frå vanlege kle til fotballkle samstundes som han måtte ete litt (det høyrer med til historia at vi måtte stoppe på eit busstopp for å ordne den delen av omkledninga som krevde at bilbeltet måtte av). Alle desse hendingane vart akkompagnerte av to ungar som snakka på innpust og utpust om alt dei hadde opplevd på tur.

allrom7

Ein kilometer frå stadion kom eg på at eg hadde gløymt å ta med fotballsko. Sjølvsagt. Vi måtte berre sende poden avgarde på trening åleine (med særs ueigna fottøy), medan resten av bøtteballetten tok heilomvending og køyrde ut att for å hente sko. Vel framme ved stadion trekte  frøken midtimellom kortaste strået og måtte springe for å levere rett skopar. Det regna trollkjerringar ute, så mor hadde eit sneva av dårleg samvit for å sende henne, men alternativet var å setje att to små jenter i ein bil åleine - og det gjer ein vel ikkje???

allrom

Akkurat idèt eg skulle til å trekke pusten eit lite sekund og nyte at veslesnuppa for ein gongs skuld sat roleg i bilsetet sitt, kjende eg ein eim av ei kjend lukt frå baksetet. Ingen bleie. Ingen våtserviettar. Ingen pappa eg kunne kommandere ut i regnet på Libero-handel. Og inga tid til å køyre heim. Heldigvis kom papsen oss i møte, og tok med seg jentene heim.

allrom1

No var det berre å vente på at fotballtreninga skulle slutte, så eg kunne ta med meg den søkkande våte guten heim til oldemor for å skifte til klassefest-kle. Etter nokre hektiske matbitar heime hos ei snill oldemor, var alt klart for klassefest. Medan ungane herja rundt fekk eg faktisk nyte meg ein god kopp kaffi og prate med dei andre foreldra (takk til mi gode venninne som hadde tatt med seg to kaffikoppar i tilfelle eg hadde gløymt. Sjølvsagt hadde eg gløymt...).

allrom5

Etter å ha køyrt eldstemann heim att frå klassefest, tok eg nok ei heilomvending og køyrde på besøk til ei god venninne. Der sat fire herlege damer og venta på meg; fulle av latter, gode historier og med ei bugnade skål  fruktsalat på bordet. Eg kunne slappe av. Eg kunne nyte. Eg kunne le. Eg kunne kjenne på kroppen at dagen hadde vore surrealistisk, og at den vart avslutta med stil!

allrom3

Heime låg tre herlege ungar og sov. Og husbonden venta oppe på meg til eg kom heim. Eg kjende at eg hadde det godt, og at dei hektiske rosene i kinna faktisk kledde meg litt!

PS! Også denne gongen er bileta tekne med for å skape ei kjensle av ro og harmoni, gode kjensler og lukke. Fuglane skal vite at alle dei ingrediensane verka fråvèrande i går... Alle bileta er henta frå We Heart It, ei skjønn side du berre må ta turen innom!

Og til deg som klarte å henge med i svingane på denne historia, frå byrjing til slutt: det er godt gjort!!!

mandag 25. mai 2009

Bli med på kunstutstilling!

Eg ser det er fleire som vil vere med på utfordringa mi om kvardagskunst. Det er svært gledeleg! Eg har difor bestemt meg for å legge ut bileter av folk sin kvardagskunst i høgre margen på bloggen min.

we heart it

Dersom du vil vere med i konkurransen må du gjere følgjande:

- Du må du kalle innlegget ditt "Kvardagskunst", slik at eg finn det på blogglista mi

- Du kan legge att kommentar i eit av innlegga mine med link til bloggen din

Eg kjem då til å leggje ut bileta i margen, og så lagar eg ein link der alle kan vere med på å røyste på sin favorittkunst!

we heart it1

Og hugs: dette er ein konkurranse for kvardagskunst! Her er er det lov med smilande ketchupbarn, kaviar i fint mønster på kjøkkenbenken, hybelkaniner i fin formasjon og mykje, mykje meir!

No gler eg meg til å sjå bilete av kunsten dykkar! Vonar mange er med på utfordringa, for eg skal tenkje ut ein fin premie... Dei aller fyrste bidraga ligg allereie i margen! Eg legg link til opphavsbloggen på alle bileta!

Lukke til!

(foto: we heart it)

søndag 24. mai 2009

Kvardagskunst og utfordring!

Kvar einaste dag er vi omgitt av kunst. Ikkje nødvendigvis dei dyre måleria med rette signaturen, eller flotte statuer og og nips i det dyraste porselen.

Eg snakkar om kvardagskunsten. Den eg er aller mest glad i og som betyr mest for meg.

008

All kunst er lek. Når en kunstner slutter å leke, kan han ikke skape kunst.
- Kolbein Falkeid -

002

Eit fat med blyantkvess. Ikkje akkurat det du viser fram når du har gjestar på besøk, men nok til at eg og ungane frydar oss over dei flotte fargane, dei flotte mønstera og  dei artige figrurane.  Nok til at eg kallar det kunst....

Det gjelder all kunst at den enfoldige skal kunne si til seg selv: Det der kunne da også jeg ha gjort.
-
Aksel Sandemose -

005

Kunst må ikkje vere så komplisert at vi ikkje klarer å glede oss over det. Eller så dyrt at vi ikkje kan unne oss det. Kunsten er rundt oss overalt - vi må berre sjå den!

012

Delte meninger om et kunstverk viser at verket er nytt, komplisert og levende.
- Oscar Wilde -

Folk som har vet på kunst ristar kanskje på hovuda av meg no. Eit fat med blyantkvess og spisse blyantar er på ingenmåte kunst, kan dei seie. Men for meg er det kunst! Alle dei glade fargane! Alle dei flotte teikningane som blir laga av dei! Det er noko estetisk over det - i allefall for meg!

006

No har eg ei lita utfordring til alle kvardagsfolk der ute:

Kva er kvardagskunst for deg???

Ta bilete av kvardagskunsten, legg den ut på bloggen din og skriv gjerne litt om kvifor akkurat dette er kunst for deg. Du må gjerne linke til bloggen min i innlegget og så er det fint om du sender utfordringa vidare til andre! Kanskje lagar eg ei konkurranse der alle bileta er med og tevlar om ein premie!

010

I livet går skjønnheten til grunne, men ikke i kunsten.
- Leonardo Da Vinci -

Lukke til!!!

 

lørdag 23. mai 2009

Rosa draum...

Det har aldri vore spørsmål om fargeval når vi har handla ting og tang til frøken midtimellom sitt rom.

"Sjå kor fine desse lyseblå gardinene var, Ida!". "Nei, mamma. Rosa".

"Tenk så fint det hadde vorte med dette grøne teppet på romet ditt, Ida!". "Slutt å tulle, mamma. Rosa."

Og slik har det vorte. No deler dei to snuppene mine rom, og den yngste er under sterk påverknad frå den eldste.

rosa

I går vaska vi rommet og hengde opp nye gardiner. Desse fine gardinene hadde dei på Kid for ein billeg peng.

rosa1

Vi har lenge leita etter den rette stolen til Ida sitt skrivebord. Denne kom eg over på butikken Herlighet på Moa.  Dei selde dei til halvpris, og då var det berre å putte nokre i bilen og køyre lukkelege og glade heim!

rosa2

Stolane kan klappast ihop, slik at vi kan stue dei vekk når snuppene treng golvplassen til leik. Eg likte så godt at stolane hadde kryss i ryggen. Det minner meg om Carl Larsson-stilen, og den har eg stor sans for....

rosa3

Denne skrivebordslampen kjøpte eg til Ida då vi var på ein miniferie til Selje for snart to år sidan. Det var 70% rabatt på lampen, og det gjorde sjølvsagt ingenting!

rosa4

Minstesnuppa vart trøytt og måtte setje seg på ein stol og vente på at vi skulle verte ferdige med vaskinga.

rosa5

Praktisk oppbevaring til kosedokker, smokkar, bøker og anna viktig som ein må ha når ein legg seg.

rosa6

Det var to fornøgde snupper som kosa seg på det nyvaska romet sitt i går. Nye gardiner var alt som skulle til for å få eit heilt nytt rom!