torsdag 28. mai 2009

Heseblesande!

Har du opplevd dagar som har vore så kaotiske at du må stoppe opp og spørje deg sjølv om det verkeleg har skjedd? Eg hadde ein slik dag i går.

allrom2

I går var dagen meir enn rimeleg hektisk. Når eg tenkjer attende på alt som skjedde i går, lurer eg på om eg verkeleg rakk å trekke pusten.

allrom4

Klokka 16.10 henta eg veslesnuppa i barnehagen. Då hadde vi nøyaktig 20 minutt før vi måtte hente syskena på busstoppet. I løpet av dei minutta skjedde følgande: Vi køyrde heim, pakka ut varer, pakke fotballkle til eldsteguten, pakka reine kle til klassefesten etter trening, skifta to bleiar, vaska minstesnuppa rein og skifta kle på henne, plukka med oss alt vi hadde av "fort gjort å ete"-mat, sprang rundt for å leite etter mobiltelefonen som minstesnuppa hadde gøymt på ein lur plass, lufta hunden, stua alt i bilen, køyrde ned til busstoppet - OG RAKK Å VERE DER I NOKRE MINUTT FØR BUSSEN KOM!

allrom6

Nøyaktig 16.30 kom to blide og glade ungar hoppande ut av bussen, fulle av inntrykk etter ein dag på Atlanterhavsparken ilag med resten av skulen. Alle vart så plasserte i bilen med instruks om å vere lydige, for no var det berre 20 minutt til vi måtte vere på fotballtrening. I løpet av denne 20-minuttsbolken skjedde fylgjande: minstesnuppa og frøken midtimellom sat lydige i baksetet og vart fòra med banan og havrekjeks med blåbær og eldstemann måtte klare å skifte frå vanlege kle til fotballkle samstundes som han måtte ete litt (det høyrer med til historia at vi måtte stoppe på eit busstopp for å ordne den delen av omkledninga som krevde at bilbeltet måtte av). Alle desse hendingane vart akkompagnerte av to ungar som snakka på innpust og utpust om alt dei hadde opplevd på tur.

allrom7

Ein kilometer frå stadion kom eg på at eg hadde gløymt å ta med fotballsko. Sjølvsagt. Vi måtte berre sende poden avgarde på trening åleine (med særs ueigna fottøy), medan resten av bøtteballetten tok heilomvending og køyrde ut att for å hente sko. Vel framme ved stadion trekte  frøken midtimellom kortaste strået og måtte springe for å levere rett skopar. Det regna trollkjerringar ute, så mor hadde eit sneva av dårleg samvit for å sende henne, men alternativet var å setje att to små jenter i ein bil åleine - og det gjer ein vel ikkje???

allrom

Akkurat idèt eg skulle til å trekke pusten eit lite sekund og nyte at veslesnuppa for ein gongs skuld sat roleg i bilsetet sitt, kjende eg ein eim av ei kjend lukt frå baksetet. Ingen bleie. Ingen våtserviettar. Ingen pappa eg kunne kommandere ut i regnet på Libero-handel. Og inga tid til å køyre heim. Heldigvis kom papsen oss i møte, og tok med seg jentene heim.

allrom1

No var det berre å vente på at fotballtreninga skulle slutte, så eg kunne ta med meg den søkkande våte guten heim til oldemor for å skifte til klassefest-kle. Etter nokre hektiske matbitar heime hos ei snill oldemor, var alt klart for klassefest. Medan ungane herja rundt fekk eg faktisk nyte meg ein god kopp kaffi og prate med dei andre foreldra (takk til mi gode venninne som hadde tatt med seg to kaffikoppar i tilfelle eg hadde gløymt. Sjølvsagt hadde eg gløymt...).

allrom5

Etter å ha køyrt eldstemann heim att frå klassefest, tok eg nok ei heilomvending og køyrde på besøk til ei god venninne. Der sat fire herlege damer og venta på meg; fulle av latter, gode historier og med ei bugnade skål  fruktsalat på bordet. Eg kunne slappe av. Eg kunne nyte. Eg kunne le. Eg kunne kjenne på kroppen at dagen hadde vore surrealistisk, og at den vart avslutta med stil!

allrom3

Heime låg tre herlege ungar og sov. Og husbonden venta oppe på meg til eg kom heim. Eg kjende at eg hadde det godt, og at dei hektiske rosene i kinna faktisk kledde meg litt!

PS! Også denne gongen er bileta tekne med for å skape ei kjensle av ro og harmoni, gode kjensler og lukke. Fuglane skal vite at alle dei ingrediensane verka fråvèrande i går... Alle bileta er henta frå We Heart It, ei skjønn side du berre må ta turen innom!

Og til deg som klarte å henge med i svingane på denne historia, frå byrjing til slutt: det er godt gjort!!!

8 kommentarer:

  1. Jeg hang med og trakk pusten med deg.
    Det rare med slike dager er at det faktisk er litt godt å kjenne at man mestrer og er til selv om stressnivået når uante høyder.
    Nå har jeg hatt alt for mange slike dager siste ukene, men nå ha eplekarten kommet hjem og det er skjønt. Dog sitter jeg her søvnløs og lurer på hvorfor det ikke kunne være lørdag allerede i morgen.

    Blogge litt til, så natta :)

    Klem

    SvarSlett
  2. Henge mæ fast i alt a svenga...:9 vakker historie om hverdagen...innpust og utpust veit æ alt om.....hihi.....ha ei vannvettig go pinsehelg....:)

    SvarSlett
  3. Innom for å ønske deg en velsignet pinse Tove! Nydelige bilder fra We heart it, er ofte innom på den siden og koser meg med øyegodteri :o)

    Varme klemmer
    fra Vibeke.

    SvarSlett
  4. Hei og god morgen flittige mor.
    Jeg leste historien din uten å trekke pusten....jeg ble helt utslitt og fikk lyst til å sende deg på en spahelg i ekspressfart.
    Nyt helgen som står for tur....Klem fra meg som puster nå:)

    SvarSlett
  5. Phu, høres ut som om du hadde litt av en dag, høyt tempo, men også fyllt med gode ting. Håper du får roe tempoet litt i pinsa og kose deg med dine

    SvarSlett
  6. Hei Tove Ser du har vore inne på Bloggen til Gunda. No er eg og ho iKøbenhavn på tur. Fekk berre lyst til å sei hei til deg. Så deg på foreldremøte på onsdag på Velle skule. Tok danskebåten i går og kjem heim søndag. Vi har syklar her nede og syklar rundt omkring. God pinse Heidi

    SvarSlett
  7. Trakk pusten eg også, på slutten av innlegget. Godt du tok med dei bileta for å dempe stresshormona til lesarane som hang på slep :-)

    Ha ei strålande og roleg
    pinsehelg, Tove!

    SvarSlett
  8. Tenk vad man får til egentlig. Det mest utrulige går at få til når en bare vill. Kan tenke meg du sovnet godt den kvelden.
    Synne.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!