fredag 29. mai 2009

Vèrvarsling i Blogglandia!

Ein av dei sikraste måtane å finne ut om det er godt eller dårleg vèr rundt om i det ganske land, er å ta seg ei surferunde gjennom blogglistene. I perioder med lite blogging, skal du vere sikker på at sola skin i dei fleste krikar og krokar av Noregs land.

146

Når bloggane stadig vert oppdaterte, gjerne fleire gongar for dag, er det nesten så ein kjenner nordavinden og regnbygene som dansar mellom linjene.

I dag har det verkeleg vore stille her inne! Eg har kika innom blogglista mi mange gongar, og det er lite nytt å sjå. Det er nesten så eg lurer på om ikkje datamaskina klarer å henge med i svingane og oppdatere!

vervarsling 

(foto: We heart it)

No tenkjer du kanskje at det må regne noko grusomt på Sunnmøre i dag, sidan eg sit her og bloggar. Det gjer det altså ikkje. Den varmande kveldssola leikar seg på fjelltoppane og badar bygda i eit mjukt og deilig lys. Men kvifor er eg då inne??? Det har seg nemleg slik at minstesnuppa har vorte sjuk... Vi har vore litt ute, men med tett på 40 i feber er det best å halde seg inne, sjølv om det er sol og varmt. No har eg lagt henne, men tør framleis ikkje å gå ut. Likar best å vere i umiddelbar nærleik om noko skulle skje.

Biletet øverst i innlegget tok eg på 17.mai. Fekk "Stairway to heaven"-kjensle av dette biletet! Du ser vel himmeltrappa???

Seinare i kveld kjem eg forresten til å legge ut bileta som har kome inn i kvardagskunst-konkurransen, og ein "poll" der du kan røyste på din favoritt!

vervarsling1 

(foto: We heart it)

PS:

Om nokon skulle misforstå meg: Takk og lov for at folk flest ikkje sit inne og oppdaterer bloggane sine! Finevèret og gode stunder med familien skal sjølvsagt prioriterast fyrst!

8 kommentarer:

  1. Tenkte den same tanken når eg såg at berre eit par av mine favorittbloggar hadde vorte oppdatert idag. I ettermiddag klarte endeleg sola å true vekk skyene her òg, så kveldstimane i stillaset vart retteleg trivelege.

    God betring til snuppa di - håpar feberen forsvinn med ei god natts søvn, så de får nyte pinse-helg i sommarvèr!

    SvarSlett
  2. He he, ja betre vervarsel kan ein vel knappast få;9)
    Ser eg er for sein til kvardagkunsten, så eg får heller bidra med stemmegivning denne gongen...
    God bedring til minstemor, og med ynskjer om ei retteleg fin pisnehelg til heile familien!!
    Klem

    SvarSlett
  3. Ja blogglista mi har vore roleg...
    Ikkej rart hvis alle kosar seg med fint vær. Eg har nettopp oppdatert min blogg :)
    Så dumt minnstesnuppa er blitt sjuk. Ønska henne riktig god betring. Håpa ho kjem seg fort. Så trist når barna er sjuke.
    Og ja, eg så himmelstigen med en gang :) Stilig!!
    Ha ei fin pinse Tove!
    Klem

    SvarSlett
  4. Off, kor dumt at Sina er sjuk då! Det er alltid så trasig når ungane er sjuke... Håpar at ho kviknar fort til att, og at ho får kose seg ute i finevêret i pinsa ho også:) Elles så er no dokke så flinke til å finne på ting innandørs også der utpå Halsane:)

    Eg ser at eg har to kvardagskunstbilete i margen din, du må gjerne erstatte dei to bileta med biletet av kvardagskunststykket til kvardagshelten min;)

    SvarSlett
  5. Jeg har tenkt akkurat det samme! Saa stille og rolig paa bloggfronten i det siste. Og jammen santen skinner solen i store deler av Norge har jeg skjoent! Deilig for dere. Jeg unner dere virkelig hver lille solstraale som treffer deres neser. Her har vi nesten for mye sol om dagen, det er saa varmt og jeg bare gruer meg til juli og august da det tar helt av...
    Da er det deilig aa ha et forfriskende basseng aa hoppe uti i hagen:)
    Haaper snuppa blir bedre fort! 40 i feber er IKKE moro. Jeg fikk jo nesten hetta da M hadde 40 i feber i vinter, huff aa huff, jeg haaper ikke det gjentar seg.
    Ha en fin fredagskveld:)

    SvarSlett
  6. Du har heilt rett...
    Godt folk har vit til å kose seg når ein kan..
    Kvardagskunst opplegget ditt var kjempetøft, flott at så mange har fulgt oppfordringa di ...

    Ha ei nydeleg pinse og god betring i huset..
    mvh sig

    SvarSlett
  7. Takk for besøk og god bedring til minste avleggaren.. håper det er noke som går fort over! :-)

    Kos dokke i helga!!

    Monica

    SvarSlett
  8. Ja det har vært veldig stille i bloglandia i dag....jeg var noen turer innom i formiddag før solen kom gjennom, men intet nytt å finne;) da tenkte jeg som deg at det må være knallvær i norges land i dag...hehe
    God bedring til minstesnuppa.
    Pinseklem fra Maja

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!