mandag 28. juni 2010

Lykkelege hender!

“Lykkelege hender -

vatn lever dei i, og tek i tre,

i jønn og mangt slags metall,

kaldt og varmt,

kveikjer lys, gjer opp varme.

urajohn1

Blomar får dei røre ved, og alt som skal vekse,

stryke eit dyr over pelsen,

stø opp ei plante som held på bognar,

halde vârt kring ei kosteleg bok.

Heile dagen er hendene fulle.

urajohn2

Tene ved livsens grunnkjelder får dei.

Hendene skaper brød,

deler ut føde ved dekte bord, til svoltne munnar.

Flekkar og støv og søle kverv under hendene,

dei vil at alt ikring dei skal skine.

urajohn3

Lykkelege hender.

Ein gong skal det bli sælt

å få kvile for godt.”

* Etter diktet “Lykkelege hender” av Halldis Moren Vesaas” *

Desse hendene tilhøyrer ein fantastisk 90-åring som eg var så heldig å få ha ein lang samtale med. Sprekare kar skal ein leite lenge etter! Dette er ein mann som har arbeidd all sin dag, og som framleis står på og utfører oppdrag for industrien.

urajohn4

Eg lot meg fascinere av arbeidslysta, viljen, pågangsmotet og klokskapen. Eg lærte at det er viktig å vere i livet, fylle det med meining og innhald.

“Eg kan ikkje forstå at eit menneske kan ha hatt det betre enn meg”, sa han medan dei kloke augene vart fylt av ein ufatteleg intensitet.

Slik vil eg også leve livet mitt. Slik at eg ikkje kan fatte at nokon kan ha hatt det betre enn meg.

Det er mangt og mykje ein lærer om ein berre tek seg tid til å prate med dei som kan livet best.

søndag 20. juni 2010

Av alle uviktige ting i verda…

…er fotball den viktigaste, sa pave Johannes Paul II. Det er vel noko rett i det! Fotball er langt ifrå det viktigaste på jord, men i passe porsjonar og med genuin glede som motivasjon – då er fotball fantastisk!!!

fotball-ida

Fotball-VM interesserer meg ikkje i det heile, men når det er mine eigne håpefulle som spelar, ja då er eg både interessert, engasjert og veldig stolt!!!

Vi har delteke på Kiwi-cup heile helga, og det har vore ei helg full av idrettsglede og born som smiler anten dei taper eller vinn!

Der har vi vaksne litt å lære….

fredag 4. juni 2010

Kveldsstund…

I dag har vi hatt det bra fint! Det har vore sol frå blå himmel og fine temperaturar. Endeleg kjenner vi at sola bankar på døra!

IMG_2082

Det beste med slike dagar er at kveldane også er flotte! Desse bileta tok eg i kveld. Benken var ein bryllaupspresang frå Terje sin onkel. Han meinte at alle burde ha ein Ja-benk, og snikra like godt ein til oss!

IMG_2092

Det er ikkje alle forunt å ha verken Ja-benk eller slik utsikt frå kveldssoltrappa si!!! Her har vi mange herlege stunder…

IMG_2096

Medan eg var inne og bada minstesnuppa, hadde dei to eldste vore ute og funne seljegreiner og sat på trappa og laga fløyter. Sina måtte sjølvsagt ut å sjekke kva storesyskena heldt på med!  Eg stod lenge og såg på kor dei kosa seg i kveldssola…

IMG_2105 

Eldstemann lærte seg å lage seljeføyter i dag, eller tvitt, som det også vert kalla.  I kveld lærte han vekk kunsten til frøken midtimellom og det er ikkje reint få fløyter dei har produsert desse solrike kveldstimane!

No ynskjer eg alle ei solrik og vakker helg!!!

torsdag 3. juni 2010

5 kilo vilje, 15 kilo Prinsesse

Pappa sier at jeg
er 5 kilo vilje
og 15 kilo Prinsesse
Pappa sier at jeg
er akkurat passe
Prinsesse
og masse, masse vilje!

pretty in pink
I dag er jeg mest
av det siste,
en altfor lang liste
av alt jeg vil!
Pappa, vær så snill,
kan du veie meg
en gang til?
Jeg er så sliten!
Er det viljen
som er for stor
eller Prinsessen
som er for liten?

♥ Cathrine Grøndahl ♥

pretty in pink1 

Vesle skatten min er snart tre år… Full av vilje, full av livslyst og full av kjærleik til alt og alle rundt seg!

Ville dele dette herlege diktet med alle som kikar innom meg! For akkurat slik er det nemleg; 5 kg vilje og 15 kg prinsesse…

…og snart tre år ♥♥♥