mandag 27. september 2010

Grøn ambassadør!

For litt sidan var eg litt løyndomsfull og hinta om eit spennande oppdrag eg skulle få vere med på! No kan eg med stoltheit og glede fortelje at eg, ilag med 9-10 andre bloggarar, nettstadar og matskribentar, skal vere ambassadør for “5 om dagen”. Det er opplysningskontoret for frukt og grønt som ynskjer å setje fokus på korleis frukt og grønsaker kan bidra til god folkehelse!

matpakke

Dette innlegget skulle eigentleg vere publisert forrige veke, men då eg hadde eit noko ublidt møte med ein splitters ny kokkekniv har eg sett meg nøydd til å utsetje det til i dag. Eg skulle nemleg lage sunn wok til ungane då eg klarte å skjære av meg ein bit av tommelen! No veks tommeltotten sakte tilbake og eg er ikkje lenger redd for kniven!

matpakke1

Fyrste utfordring frå opplysningskontoret var å lage kreative matpakkar. Fokuset mitt har vore matpakkar med sunt innhald og kreativ vri, men som det likevel går an å putte i matboksa og ete fleire timar etterpå utan at dei har gått fullstendig i oppløysing!

matpakke7

Dagens matpakkar var eit prøveprosjekt og ungane fekk dei til kveldsmat. Denne matpakken består av grovt knekkebrød, kvitost, skinke, egg og paprika. Det er viktig med farge!

matpakke6

Eldstemann fekk grovt knekkebrød med ost, skinke, paprika, sylteagurk og rødbete. “Råkult, mamma!”, var det fyrste han ropte då han kom inn for å ete kvelds! Det er rart kor godt det plutseleg smakar med sylteagurk og rødbete når dei har litt artig fasong…

matpakke3

Det vart ein del restar som låg att på fjøla då alle “matpakkane” var ferdige, og dei måtte sjølvsagt ikkje gå til spille! Eg tok restar av ost, skinke, paprika i tre fargar, sylteagurk, rødbete, purreløk og eple. Dette blanda eg med lettmajonnes og ein dæsj rømme og hadde som pålegg på eit grovt knekkebrød! Det var utruleg godt!

matpakke2

Pappaen i huset fekk kokt egg på ei seng av makrell i tomat og purre! Det var visst ein super smakskombinasjon! Er kanskje ikkje like lett å frakte dette trygt rundt i ei matboks, men det går sjølvsagt an å ha med seg ei boks makrell og ferdig kokt egg og VIPS; lunsjen er klar!

matpakke4

Papsen sin nistepakke inneheldt også to spyd med tomat, oliven og kvitlauksbåtar. I det vesle glaset er det fetaost som han kan ete ilag med spyda.

matpakke5

Desse søte, små glasa har eg kjøpt på butikken “Landhandelen” i Ørsta. Det minste glaset går akkurat i ei pappamatboks og kan fyllast med alt muleg godt! Dette får han med seg på jobb i morgon, hi, hi!!! Spørst om han tør å ta det fram i lunsjpausen…

matpakke8

Gjennom dette året skal eg vere “Opplysningskontoret for frukt og grønt” sin “5 om dagen”-ambassadør i lag med fleire flotte folk. Det blir eit spennande år og kanskje kan eg kome med råd og tips på bloggen min til korleis frukt og grønt kan brukast som eit naturleg innslag i kvardagskosten!

matpakke9

Om litt set eg kursen til Oslo for opplæring, kokkelering og for å møte dei andre “ambassadørane”! Det blir utruleg kjekt og veldig lærerikt!

Kveldens utfordring:

Gjer noko ekstra når du smører nistepakke i morgon; anten det er til deg sjølv, til ungane eller til din nære og kjære!  Kanskje publiserer du det endåtil på bloggen din???

Meir om “5 om dagen” finn du på denne sida og på Facebook.

søndag 26. september 2010

Fleire fredagar til overs???

Fredag er favorittdagen min. Slutten på ei veke, starten på ei helg. Ingen lekser eller andre forpliktingar. Berre ein god kveld å sjå fram til.

Om nokon ville gi meg ein vekedag ekstra, så måtte det vere ein fredag. Kanskje nokon har ein til overs? Eg tek imot med glede!

vaffel

Sist fredag var eg heime med eldstemann som var sjuk. Vi såg kosleg barneTV og mor pusla litt i heimen. Litt etter litt klarte sola å trenge gjennom skylaget. Ein blome i glaskarmen forlenga sommarkjensla.

vaffel1

Eg skulle ha 13 strålande damer på besøk fredagskvelden. Ettermiddagn vart difor brukt til å dekke bord og vaske litt rundt.  Vi har ein litteraturklubb og møtest med jamne mellomrom for å diskutere bøker vi har lese. Denne kvelden var det “Pinnsvinets eleganse” av Muriel Barbery som stod for tur.

vaffel3

Alle damene er lærarar og glade i å prate, så frisk drikke må til for å fukte strupen! Debatten var både djup, lærerik og interessant – som alltid!

vaffel4

Tenk at så mange damer i så ulik alder kan ha det så kjekt i lag!!! Eg ser alltid fram til desse bokkveldane med like stor iver! Det er ikkje alltid bøkene vi har lese har fenga meg, men debatten har alltid utvida  inntrykket mitt av boka og opna nye dører.

Tusen takk til litteraturdamene for å bidra til at fredagen nok ein gong vart veka sitt høgdepunkt!

lørdag 25. september 2010

Vaffelveke…

Denne veka har vore

trasig, hektisk, spennande og veldig kjekk!

Trasig, fordi husfrua klarte å skjære av seg ein god del av tommeltotten  på ein litt for skarp kniv (det har vore litt synd på meg, ja….). No går eg med stor bandasje i skytteltrafikk mellom legesenter og heim for kontroll og skift… Men det går nok bra til slutt!

vaffel8

Hektisk, fordi det har vore mange møter og “mamma må berre”-ting. Det har gått fort i svingane i heimen, for å seie det mildt! Blogging, middag, husvask og næringsrike middagar har vore vekkprioritert! Eg reknar med fleire kjenner seg att og har det slik av og til???

 vaffel6

Spennande, fordi frøken midtimellom og eldstemann har vore på audition med NRK Super. Boka “Vaffelhjarte” av Maria Parr skal verte serie/film på barne-TV og ungane ville sjølvsagt prøve seg på ein ekte audition! NRK sin eineståande mann i Volda gjorde ein kjempejobb med ungane!!!

 vaffel7

Veldig kjekk, fordi frøken midtimellom har vore på Bendit-cup og spelt fotball!  Ho var superflink og mammahjartet er utruleg stolt!!! Det er så kjekt å sjå kor ungane kosar seg på bana, og at foreldra på sidelinja heiar i både medgang og motgang!

Og ingenting smakar betre enn pappa sine vafler etter ein fotballdag!!!

♥ ♥ ♥

Korleis har di veke vore?

søndag 19. september 2010

Tove treng hjelp til tre ting…

I dag er eg ute på friarferd med spørsmål som eg gjerne vil ha hjelp av lesarane mine til å løyse!

Spørsmål 1:

Oliventre-350b

Eg fekk meg eit nydeleg oliventre med mi kjære venninne AM til bursdagen min. Treet har stått inne i to veker og no har det fått nokre gule blad. Bør treet stå ute? Treng det masse lys? Kor mykje bør det vatnast? Likar det best å stå varmt eller trivast det best i kjølige omgjevnadar??? Eg veit at mange bloggarar har oliventre rundt omkring i husa sine, og eg treng altså hjelp av ekspertar for tips om korleis eg best skal ta vare på mitt!

Spørsmål 2:

oliventre1

Eg har så mykje herleg tråd liggande som eg har lyst å bruke til små og store julegåver. Blant anna har eg lyst å strikke eit trekantsjal. Røynde strikkarar der ute veit sikkert kva eg meiner! Det må vere veldig enkelt og helst berre i rillestrikk. Har nokon der ute ei enkel oppskrift til ein enkel strikkar?????? Eg blir veldig takksam for hjelp!

Biletet av dette trekantsjalet fann eg på google.com, men no finn eg eg ikkje tilbake for å legge ut kjelde!!! Så om du som har strikka dette plutseleg ser sjalet ditt på bloggen min, så må eg på førehand beklage at eg har lånt det utan å lenkje til deg…..

PS! Om nokon har tips til nettstadar der eg kan få tak i strikkeoppskrifter frå Færøyane, så blir eg strålande glad! Eg veit at dei verner godt om kulturskattane sine, men kanskje nokre spennande oppskrifter likvel er å finne der ute???

Spørsmål 3:

oliventre3 oliventre2

Eg har så mange fine smykker liggande som eg ikkje lenger brukar fordi kjedet har vorte både smussete og matt. Spørsmålet mitt er korleis eg best kan reingjere smykkjekjeda sjølv. Eg kan heilt sikkert levere det inn til rens på gullsmeden, men der må vel vere enkle måtar der ein kan gjere slikt sjølv????

Dersom nokon der ute kan hjelpe meg med desse tre spørsmåla blir eg kjempeglad!!!

Tusen takk!!!

lørdag 11. september 2010

Heilt utruleg…

I dag kika eg som snarast innom bloggen og såg at besøksteljaren min har passert 200 000!!! Det er så artig at så mange er innom og les det eg skriv. Artig, men også litt rart. Rart at “alle” kan lese tankane mine, grubleria mine og kvardagspratet mitt i det sekund eg har publisert det. Det er også litt skummelt å gi “alle” tilgong til heimen min og familien min. Det kunne forresten aldri ha falle meg inn å legge ut blogginnlegg om soveromet mitt, eller altfor lettkledde bileter av ungane mine. Eg prøver å verne om det aller mest private og skriv ingenting som eg ikkje kan stå for. Eg har heller aldri lagt ut bileter av familie og vener utan å ha spurt dei fyrst. Eg vil ikkje at mine nære rundt meg skal tenkje seg redde kvar gong eg tek fram kamera, og tenkje at no hamnar dei vel på bloggen.

Ein har ofte lurt på kven i alle dagar som er innom og kikar på bloggen min. Nokre legg att spor i form av kommentarar på innlegga mine, andre legg seg til som følgarar og mange viser att på statistikken eg får kvar morgon. Eg mistenkjer at tre av dei som stadig er innom og kikar på bloggen min, er tre av mine gode venninner! Dei har aldri vore avbilda på bloggen min, men etterkvart har det kome spørsmål om kva tid det er deira tur å bli publiserte! Og sidan dette er eit slags jubileum, kan det passe med ei aldri så lita premiere! Her er altså dei tre flotte venninnene mine:

Friends

Dei kom på besøk ein herleg septemberkveld og  måtte sjølvsagt forevigast framfor den vakre solnedgangen!  Desse jentene har vore med meg gjennom tjukt og tynt i 25 år! Det er ikkje lite vi har delt desse åra; oppturar, nedturar, gleder, sorger, bekymringar, overraskingar og endelause besøk der latteren har runga!

BFF

Tilsaman har vi sett 15 born til verda og feira 4 bryllaup. Vi har 15 år med høgskuleutdanning som har lært oss å vere flinke med folk og  4 heimar har vorte skapt i 4 ulike hus. Eg er så utruleg takksam for alt vi deler, for alt vi kan prate om og for at tårer og latter er like velkomne!

Takk også til alle dei 200 000 som har vore innom bloggen min med jamne mellomrom! Det er tilbakemelding frå mange av lesarane mine som gir meg inspirasjon til å halde fram med blogginga.

Etter to år med blogging, meir enn 600 innlegg og 200 000 besøkande set eg framleis pris på at folk stoppar meg på gata og seier at noko av det eg har skrive har rørt dei og gitt dei noko å tenkje på.

Blir nok å finne her inne litt til, ja….

søndag 5. september 2010

Skjønne jentene mine…

Dei skulle eigentleg ha lagt seg. Men septemberkvelden var så fin og dagen hadde vore så god… Dei lovte på tru og ære at dei skulle gå på loftet og ha på seg nattkle medan eg gjekk på snora for å henge ut kle. Laurdagskvelden var så utruleg fin og eg vart ståande og beundre kveldshimmelen!

moments1

Brått høyrde eg det knasa i grusen. Små føter som lista seg forsiktig ned steintrappa. Stemmer som kviskra og latter gøymt bak små barnehender.

moments2

To systre som slettes ikkje hadde lyst å legge seg. Som slettes ikkje hadde tenkt å vere på loftet og ha på seg nattkle, når himmelen stod i brann ute! No var det min tur å liste meg stille inn i gangen og hente kamera. Lure bak hushjørnet og knipse nokre blinkskot.

Dei stod slik lenge; heldt kvarandre i hendene, lett hutrande i den kjølege brisen. Storesyster peika og fortalde, medan minstesyster gav henne beundrande blikk.

Eg måtte gi meg til kjenne. Eit lite kremt og boblande latter fekk fart i jentene, som skjønte at dei var ein stad dei ikkje skulle vere!

moments4

Dei var verkeleg tatt på fersken og tok beina fatt så raskt dei  kunne!  Eg sette meg ned på huk, tok ei jente i kvar armkrok og beundra den fantastiske utsikta vår!

moments

Eg måtte berre stille dei opp og få tatt eit bilete til. For ein herleg kveld! For nokre skjønne jenter!!! Det er nesten som om dei står framfor eit vakkert måleri eller ei stor kulisse! Det er berre så vakkert her vi bur!!! Slike kveldar kan vi leve lenge på!

Det høyrer med til historia at begge fekk på seg nattkjolane sine, pussa tennene sine og kom seg opp i køya før eg fekk sukk for meg!

“Så bra at eg fekk sjå den fine kvelden før eg la meg, mamma”, sa veslesyster før ho sovna med kosedokka i armkroken…

lørdag 4. september 2010

Ein stein i ei elv…

I dag skal vi på dugnad på Liadalssetra! I strålande haustsol frå knallblå himmel skal vi plukke stein frå ei flaumramma elv. Små og store gler seg til å få vasse i elva og leike seg med vatn og stein!

elv

elv1

elv2

Desse bileta er frå forrige helg, då vi var i Romedalen. Ungane kosa seg i den grunne elva og vart aldri lei….

elv3

No pakkar vi godt med niste, snører sekken og dreg til fjells! Kanskje finn vi fleire hjartesteinar i elva???

Diktet på bileta er av Olav H. Hauge.

torsdag 2. september 2010

Kvar dag er ei sjeldan gåve...

Vi veit alle at ordtaket stemmer, at kvar dag er ei sjeldan gåve. Men nokre av desse kvardagane er meir sjeldne enn andre. Bursdagar, til dømes. Dei kjem ein gong i året og gir oss høve til å verte eitt år eldre enn sist vi hadde bursdag. Tenk så utruleg heldige vi er som får lov til å starte på endå eit år i livsprosessen vår! Vi må samle på desse åra! Tenkje med oss sjølve at det er om å gjere å ha flest mogleg av dei! Vi må aldri sture over slike dagar, sjølv om det betyr at vi vert eldre. Ta imot, ynsk åra velkomne og takk for at vi får lov til å legge nye år inni livsløpet vårt!

Eg er så heldig at eg har bursdag i dag. Den aller største gåva er å vakne om morgonen og kjenne varme, gode barnehender som kjem smygande opp i senga til meg for å gi meg gode klemmar og gratulere meg med dagen. Og så kom eg på jobb og vart møtt av dei fantastiske elevane mine som gratulerte meg med dagen!

Sola skin frå klar, blå hausthimmel og eg gler meg til å gå inn i denne dagen! Eit år eldre, hundrevis av erfaringar rikare, mykje meir audmjuk, litt meir drøymande og veldig takksam for at eg får lov til å verte eldre!

Uansett kvar du befinn deg i dag, om du har bursdag eller ikkje;
Nyt dagen og tenk at du er verdens heldigaste!