mandag 29. mars 2010

Påskefargar!

I dag overmanna snøen oss igjen, og vi gjekk på jakt etter påskefargar innandørs i staden for!

004

Ei zaloflaske på oppvaskbenken hadde skikkeleg påskegrøn farge, meinte frøken midtimellom! Og det hadde ho heilt rett i!

019

Gult er vel den mest klassiske påskefargen! På spisebordet har vi gule blomar, gule bananar og epler i ei gul skål!

023

Minstensuppa har sådd karse i barnehagen. Dei står i ein handmåla kopp i glaskarmen på kjøkenet. Den litt intense lukta av karse høyrer påska og våren til!

026 

Vi har alltid tomatar på kjøkkenbenken, og til påske får dei stå i den gule Rolf Vatn-skåla mi!

029

Kvite egg høyrer også påska til! Her går det i kokt egg, steikt egg og eggesalat heile påska til ende!

032 

Etter påskefargejakta vår var både eg og jentene svoltne, så då stod heimelaga skulebollar høgt på ønskelista! For som dei sa; “…der er det masse flotte påskefargar, mamma!”. Og eg måtte berre gi dei rett i det…

No har bestemor og bestefar vore gjestar på skulebollekvelds! Det var kjekt å avslutte mandagen slik! No står rusletur med hunden på agendaen, deretter strikk i sofaen! Har ei svigerinne eg tenkte eg skulle strikke litt til!!!

God måndagskveld til alle!

søndag 28. mars 2010

Palmetradisjon!

Tradisjonar er viktige, særleg når det er tradisjonar som samlar familien år etter år! For sju år sidan starta vi ein palmesøndagtradisjon der vi får styre med det vi likar aller best i påska! Medan andre spenner på seg ski og reiser til fjells, pakkar vi niste, regnkle, støvlar og set kursen til næraste fjøre!

004

Vi er så heldig å bu midt i eit friluftseldorado, og ytst i bygda har Lions og kommunen laga ein fantastisk tursti tilpassa både rullestolar, vogner og små jenter som likar å springe fort! Kvar palmesøndag er dette turmålet vårt! Det er slettes ikkje langt å gå, men akkurat denne dagen er det målet som er det viktigaste!

014

Storebror peikar og forklarar! Minstesnuppa skal lære om både fisk, fugl og kva alle dei flotte fjella heiter!

016

Frøken midtimellom let seg fascinere av alt som er i fjøra og på berga! Ho er så flink til å undre seg over absolutt alt! Ho finn glede i gråstein, ser det vakre i drivved og kosar seg uansett vèr!

020

Minstesnuppa lærer fort, og har funne ein pinne som ho stolt viser fram til storebror!

024

Tang og tare er alltid kjekt å leike seg med! Desse låg langt oppe på berga og då var dei eit flott høve til å forklare om flo, fjøre og store bølger!

025

Det er nypebusker langs stien bort til berga på Rjåneset, og eg lot meg fascinere av at der var ei einaste nype som hadde bevart noko av den raude fargen gjennom heile vinteren!

Før vi reiser heim plukkar vi alltid greiner som vi tek med heim og pyntar med! I år var vi heldige og fann mange flotte greiner på bakken, sikkert resultat av mykje vind og tung snø!

Vel heime kosar vi oss med å pynte litt. Eg er vel ikkje akkurat kjend for å vere påskepyntemeister, så det er stort sett pynt som ungane har laga som passerer nålauget!!! For oss er det ikkje påskepynten som skaper påskestemning; men levande lys, late timar i sofaen med gode bøker eller filmar, friske turar i all slags vèr, friske blomar og besøk av kjende og kjære!

053

Og når kvelden sig på……

033

…kosar husfrua seg med eit strikk og let tida segle sin eigen sjø! No skal eg strikke ferdig ein oppvaskklut til systra mi, deretter er det berre å ta fatt på OL-gensaren igjen!

God palmesøndagskveld til alle!

 

fredag 26. mars 2010

Og slik starta påska…

Eg er så glad for at eg kan legge ut bileter av den vakre solnedgangen vi hadde i kveld. Det var så utruleg vakkert! Så fantastisk dramatisk! Så utruleg herleg å sjå vakkerbygda mi bada i ei blanding av skodde og sol.

solnedgang1

Ungane var ute og leika seg og sette stor pris på at 12 gjestmilde varmegrader gjorde at ein kunne vere litt meir lettkledd enn elles!

solnedgang

SJå så utruleg vakker himmelen var!!!

146

Fredagskvelden vart avslutta med ei skikkeleg kosestund på badet! To små syskenbarn boltra seg i skum og leiker!!!

God fredagskveld – kvar du enn er!

mandag 22. mars 2010

Storeguten min…

…er ikkje større enn at han framleis finn glede i å plukke blomar til meg!

vår1

Eg vart så rørt då han kom heim frå fotballtrening i kveld, framleis raud i andletet og oppglødd etter treninga, og det fyrste han gjorde var å springe bort til fjøsdøra og plukke snøklokker til meg!

Kjekke, gode guten min… Eg må innrømme at eg spionerte litt i glaset då eg såg kva han hadde planar om. Å stå slik i vindauget og sjå iveren han hadde og kor opprømt han var…- ja, det var rett og slett rørande…

♥♥♥

Då han kom trampande inn i fullt utstyr og skitne fotballsko, med handa gøymt bak ryggen, kunne eg ikkje la vere å la meg sjarmere!

vår

Takk og lov for at våren er i anmarsj -

og takk og lov for herlege gutar…

♥♥♥

søndag 21. mars 2010

Dåp

Søndag, sol og blå himmel… Ein nydeleg dag for barnedåp! Skjønne, vesle tantegullet mitt vart døypt i dag!

Dåp Sofie

Lille Sofie vart boren til dåpen og storfamilien gleddeg seg til dagen og feiringa.

Dåp, Sofie1

Medan vi sat i kyrkja og venta på inngangsprosesjonen, benytta enkelte høvet til å underhalde kyrkjelyden! Eit herleg blinkskot av to gode søskenbarn!

Dåp, Sofie2

Ein stolt gudfar kosar seg med dåpsbarnet, medan mamsen hentar dåpslyset.

Dåp, Sofie3

Det er travelt å vere dåpsbarn, så ein må få lov til å unne seg ein liten prinsessekvil!

Dåp, Sofie4

Tusen takk, Linda og Bjørnar, for at vi fekk vere ilag med dokke denne dagen!

♥♥♥

onsdag 17. mars 2010

I påvente av betre tider….

…ser eg det som absolutt nødvendig å publiserer nokre bileter får fjorårets sommarferie! Det er både medisin og terapi på ein og same gong…

129 

Når eg, som har verdens beste utsikt til fjord og fjell, ikkje ser sjøen fordi snøbygene er så tette – då gjer det godt å hugse tilbake på kor kjekt gutane hadde det då dei fek segle med gamle trebåtar i sommar…

206

Når pappaen i huse har brøytt samanhengande i fleire døgn, leitar vi fram dette biletet og mimrar om kor herleg det var då vi oppdaga den danske strandidylllen.

210

Når vi er leie av å stikke nasen ut døra for å finne ut kor kaldt det er, og for å sjekke om snøen som dett er våt eller tørr – då er det mykje kjekkare å tenke tilbake på kor spennande det var å stikke tåa i den danske sjøen for å finne ut som det var så varmt og godt som det såg ut til!

370 

Det er mykje kjekkare å hugse dei herlege sommarblomane enn å spekulere i kva slags gråfargar himmelen byr på i dag…

384

Og så er heile familien samde om at det er mykje meir spennande med ekte slott enn med snøslott! Det vert stadig pussa støv av minna frå fantastiske Egeskov slott!

406

Og det er heilt klart kjekkare å klatre i hundre år gamle eiketre…

389

…og svinge seg i herlege hengekøyer i slottshagar, enn å måke inngangen fri for snø, eller dette på ski for ørtande gong fordi føret er så dårleg!

437

Det var kjekkare å sitje i rosehagen på slottet og telje alle dei ulike rosesortane, enn det er å stå på altanen og telje antal centimer med snø…

439

Akkurat no er det lettare å verte fascinert av botaniske herlegheiter, enn av spektalulære oppbygginga av snøkrystallar.

445

Eg lengtar tilbake til dagane der val av bikini var dagens største utfordring, og ungane var meir i vatnet enn på land.

459

Eg lengtar til dagar der ein ikkje må kle seg i fleire lag med ull og pakkast inn i dressar som held ute på vatn, kulde og vind. Dagar der største bekymringa er om favorittshortsen vert tørr til neste badeykt.

449

Og eg lengtar til dagar der vi let GPSèn vise veg og let oss segle inn på vågar vi ikkje visste om… Berre då kan ein oppdage dei gøymde perlene og ha kilometerlange badestrender for seg sjølv!

♥ ♥ ♥

Eg gler meg til at kalde kroppar nok ein gong skal fyllast med sommarleg glede!!!

 

torsdag 11. mars 2010

…om den vesle tua som velta heile lasset…

I dag er eg skikkeleg frustrert og fortvila over meg sjølv!!! Siste to månadane har eg strikka OL-gensar til Johan, og det har vore eit kjedeleg og krevjande arbeid,  samstundes som at eg har vore så kry over å ha fått det til! Eg har hatt tunga beint i munnen og kava meg gjennom oppskrifta – steg for steg.

frustrert1

Strikketøyet har vore med meg overalt; av og til er det gensaren som har vore i strikkeveska, andre gongar har det vore huer og skjerf. For ein som aldri har strikka før er det ganske svært å føle at ein er avhenging av å ha det med seg – det kan vel mine medstrikkarar forstå????

frustrert2

I dag var eg på besøk med mor mi, som hadde sagt at ho gjerne ville strikke ei arm til meg. Eg hadde sjølvsagt med gensaren òg, og viste stolt fram det snart ferdige produktet. Eg såg at ho vart stor i augene då eg la gensaren utover bordet i all sin prakt. Eg trudde så klart at det var fordi ho vart stum av beundring, heilt til ho spør om det er husbonden eg har strikka til. Då eldstemann kom for å trakke seg opp i gensaren var det min tur å verte stum; ikkje av beundring, men av fortviling… Det var ALTFOR stor!!! Den rakk han omtrent til knea, og då var ikkje eingong gensaren ferdig!!!

frustrert

Brått var det som om alt rakna – bokstaveleg talt!!! Eldstemann stod skuffa att på golvet og såg gensardraumen forsvinne framfor augene på han. Ein liten misforståelse under mi nitidige lesing av oppskrifta, hadde gjort at gensaren er mykje større enn han eigentleg skal vere.  Tre små bokstavar velta heile prosjektet mitt….Vi konstanterte fort at dette må verte ein gensar til husbonden, og så får vi jukse til maskeantal, mønster og lage ein annan hals enn det som eigentleg var tenkt. Husbonden er nemleg ikkje så glad i gensarar med trang hals. Han er vel eigentleg ikkje så glad i strikkagensarar heller, når eg tenkjer meg om, men denne skal han tvingast til å gå med – tru du meg!!!

frustrert3

Gensaren skal nok verte ferdig den! Eg har lagt all mi sjel og heile mitt hjarte i dette prosjektet, og det trur eg den nye mottakaren veit! Og sjølv om han er aldri så lite glad i ullgensarar, så kjem han nok til å bruke den!

Sånn, då er eg ferdig med mi vesle utblåsing og er klar til å ta pinnane fatt igjen!

Bileta er lånt her, her, her og her.

søndag 7. mars 2010

Endeleg ferdig!!!

I dag vart restegarnprosjektet mitt endeleg ferdig! Frøken midtimellom gjekk berserk i restetrådkorga mi og fann ut at ho ville ha ei strikkahue!

090

I kveld måtte vi ut og nytte siste rest av dagslyset og ta bileter av hua. Ida stilte velvilleg opp og let meg få fotografere .

097 

♥ ♥ ♥

Hua er strikka på pinne 3.5 av garn i ymse kvalitetar. Etter at ho vart ferdigstrikka tova eg den i maskina på 40 grader. Til slutt sydde eg på ein rosa blome. Eg skal ikkje skryte på meg å ha hekla blomen…. Den var eg så heldig å få av ein kreativ kollega!

099

Ida kledde hua kjempegodt og gler seg til å bruke den!

♥ ♥ ♥

100 

Med plussgrader og småregn vårast det fort opp i bakkane med oss. Ida leika seg med snøen og lurte på om den kanskje er vekk i morgon! Så fort går det vel neppe, men nå kjenner vi at det nærmar seg….

Snart 8. mars…

…og lille frøken Diva har tatt på seg dei raude strømpene og gjort seg klar til feiring! Denne  snuppa simpelthen elskar sko! Særleg om dei har høge hælar og er sølvfarga! Det gjer ingenting om dei er 15 nummer for store!

067

Ho gjekk rundt og trilla vogn i stova ein dag, med handveske, solbriller, storesyster si hue og sjølvsagt høghæla sølvsko. Eg sat og las sakspapir til eit møte i formannskapet og bivåna det heile frå sidelinja. Det var fascinerande å sjå på kor elegant ho førte seg. “Kva er det du skal du då, Sina?”, spurte eg. “Eg skal på møtet mitt og danse ballett!”, svarte ho kokett. “Men kan du danse med altfor store, høghæla sko då?”, spurte eg i all min dumskap. “Jada, mamma, eg må danse med høghæla sko. Alle fine damer gjer det!”. Og så berre trippa ho seg vidare på ferda si, som forøvrig enda på kjøkkenet der det vart dansa ballett til den store gullmedalje!

062

Brått stakk det vesle mirakelet hovudet inn på stova, kika på papirbunken min, og sa: “Mamma, neste gong synest eg du skal danse ballett på møtet ditt!”. Eg lo så tårene trilla og såg for meg scenarioet; ordføraren som leda an i rosa strutteskjørt og med glitrande tiara, og vi andre medlemmane på tåspissane småtrippande bak! Det hadde vore noko!

069

Så her i huset er det altså heilt naturleg å trippe rundt med strømpebukse og skinande sølvsko! Eg let meg fascinere og forundre over kor tidleg dei glir inn i denne “jåleverda”. Ho kan prestere å nekte å gå i barnehagen før ho har fått eit lite lag med foundation og rouge, og skal helst ikkje legge seg utan å smørje seg med Kitty-bodylotionen sin. Som ansvarleg og småstreng mamma prøvar eg sjølvsagt å setje ein stoppar for slikt, men må smile for meg sjølv når ho sit i bilen med krokodilletårer og sørger over mangelen på jåleri.

078

Skal tru kva slike små, bestemte frøkener endar opp som i vaksenlivet! Eg trur i allefall at 8. mars går ei glimrande framtid i møte dersom slike små damer får ha eit ord med i laget!

PS! Til dei som måtte lure på om “vanlege” folk verkeleg har slike sko i garderoben sin, så vil eg gjerne få avmystifisert det: desse skoa kjøpte eg i forbindelse med ein jazzkonsert som koret hadde. Då skulle det vere sølv og glitter for alt det var verdt! Og som de ser; skoa er flittig i bruk!!!

lørdag 6. mars 2010

Etterlysing!!!!

Ei studievenninne publiserte bilete av desse skjønne tøflene på Facebooksida si.

tøfler

Skal tru om det er strikkeglade damer der ute som har oppskrift på slike?????

♥ ♥ ♥

Blir veldig glad om nokon kan hjelpe…

tirsdag 2. mars 2010

Fargesymfoni!

Frøken midtimellom hadde så lyst på ei hue. Mamma sitt restegarn vart grundig gjennomgått og ho plukka ut dei fargane ho likte aller best.

024

Så vart fargane lagt på stovebordet og teke bilete av. Deretter var kommandoen: “Mamma, no kan du strikke!”

055

Eg gjekk i gong med dei herlege fargane og frøkena er glad for at hua veks!

012

Minstesnuppa har også vore oppteken av fargar i det siste. Ho er den lukkelege eigar av fargerike perler og lagar dei flottaste kreasjonar!

014

Berre tullball med mamma si tøysejente!!!

Takk og lov at dei bryr seg om fargar, for ute er det berre kvitt så langt auga kan sjå! Trøysta er at det kanskje smeltar litt for kvar dag, og at det bugnar av vårblomar under all snøen – klare til å berike kvardagen vår med flotte fargar!