fredag 31. oktober 2008

Precious moments...

Dette har vore ei krevande veke på mange måtar. Noko av det verste er at eg har sett altfor lite til ungane mine. Tekseten under fann eg på ein blogg ein gong (sorry, hugsar ikkje kvar...), og gjer like godt å lese kvar gong... Er så herleg å setje seg ned med slike bileter når eg ikkje har fått kosa nok med dei denne veka.

I have some little people, with fine hair and rosy cheeks. They giggle and they squeal quite as often as they speak. They climb on me each morning and chase me through the day Asking lots of questions and begging me to play.

007 033

It's easy to get busy with the things I need to do. Forgetting that their playful days are fleeting and too few.  Oh, Lord, please help me notice what's important and what's not, To cherish precious moments and to mother as I ought.

1-års bursdag og Tyrkia-08 075 1-års bursdag og Tyrkia-08 172

Please keep me from distractions that would rob me of the joy That you have planned to give me through my precious girls and boys. Please help me teach them of Your ways, this is my highest aim.  Let me make for them a heaven that would turn their hearts to home, And in these fast and fleeting years, please help me not to miss the treasures that they give me in each cuddle and each kiss.

1-års bursdag og Tyrkia-08 319 1-års bursdag og Tyrkia-08 031

When I am old and looking back at every blessed year I will rejoice that I was there to share each joy and tear.

Fritt etter Val Hallaran,( www.aboverubies.org)

Oj, oj, oj - FOR EIN RESPONS!!!

Du hugsar kanskje innlegget mitt om refleksbruk.

011

I dag stod det på trykk i lokalavisa Møre Nytt, og du verden for ein storm det har skapt!!! Responsen har vore overveldande og dei fyrste SMS`ane kom tikkande inn allereie før eg hadde levert ungane i barnehagen. Telefonen min har  vore raudglødande i heile dag. Det er heilt tydeleg at dette var eit tema som rørte ved mange, og måten det var skrive på fekk kjenslene i sving.

Eg er rørt, stolt og uendeleg takksam for alle dei positive attendemeldingane eg har fått. Det viktigaste for meg har vore å formidle ein bodskap på ein slik måte at den vert lesen, hugsa og praktisert - eg vonar eg har lukkast med det!

013

Tusen takk for alle sms`ar, e-postar og telefonar. Eg har endåtil vore intervjua på NRK Radio (Møre og Romsdal)!!! Aller sterkast inntrykk gjorde likevel ein telefon frå ein mann som fortalde at han nettopp har vore i den situasjonen som eg har skildra i innlegget mitt. Det rørte meg å høyre den sterke historia som han kunne fortelje. Verst er det å tenkje på at ulukka kunne ha vore unngått om fotgjengaren hadde brukt refleks.

Dersom du ikkje har lese innlegget mitt bør du kanksje gjere det. Kanskje bergar det livet ditt?

mandag 27. oktober 2008

Litt av ein formiddag!!!

I dag skal eg seie deg det har gått unna! Før klokka var 11 hadde eg allereie fått utretta all verdens viktige gjeremål, høyr berre her:

  • stabla heile familien på beina med påkledning og  frukost
  • husbonden køyrde ungane på skule og barnehage så eg fekk vere på jobb kl. halv åtte og førebu vekeplan
  • har vore på årsstegsmøte
  • fått med meg Flamenco-show i lag med elevane mine
  • handla inn til veka
  • vore på låven og saga ved, for så å kløyve den(måtte fyre opp, må vite!)
  • sett på vaskemaskin, tørketrommel og oppvaskmaskin
  • gått tur med hunden

(det høyrer forresten med til historia at eg klarte å velte tekoppen midt i muffinsane sin foto shoot... Det heilt katastrofale skjedde då eg måtte springe på kjøkkenet for å hente noko å tørke med. Då snubla eg i ledninga på laddaren og det var berre flaks som gjorde at maskina ikkje datt i golvet....Eg tørka febrilsk både utanpå maskina og på tastaturet, og det ser heldigvis ut til å ha gått bra! Husbonden må sjølvsagt IKKJE få vite noko om denne hendinga....)

ALT dette før klokka hadde passert 11! Etter ein så hektisk start på dagen må ein sjølvsagt roe heilt ned.

022

Det må vere stearinlys på bordet....

025

...mandarin-te i favorittkoppen....

026

...og juleblad som lesestoff og inspirasjonskjelde. I dag tidleg var det snø nesten heilt ned i tunet, så det er ikkje rart at julekjensla sakte, men sikkert melder seg...

028 029

Og med desse to karane tett ved mi side, er det duka for litt formiddagskos i heimen.

...men berre for ei lita stund... For alle kleda skal leggast ihop, nye skal setjast på, oppvaskmaskina skal tømast, golva skal støvsugast, ungane hentast og middag skal lagast. Det manglar ikkje på arbeid, nei!

Muffins frå Tante T-design

I sommar var eg så freidig å bestille nokre muffins frå tante T. Eg er elendig til slikt pirkearbeid, medan ho tryllar fram dei lekraste saker på null komma niks! Jentene skal få seg leikekomfyr til jul, og då tenkte eg at dei måtte ha nokre muffins å steike på.

Tante T tok utfordringa på strak arm, og i helga kom ein pakke med dei skjønnaste, søtaste muffins....

001 004

Sina fekk opne lokket og var fyrstemann til å forsyne seg av herlegheitene. Johan hadde fått ein spesiallaga med gorillaknapp på, og den vart motteken med STOR glede!!!

003 015

Sina let seg fascinere av knappane på toppen - trur ho smakte på alle!

006 002

Mønsteret på desse herlegheitene er å finne i ei av Tilda-julebøkene.

001 007  009

Ser for meg at dette må vere ein ypperleg måte å få brukt opp stoffrestar og knappar på!

016 011

 Tusen takk for dei nydlege muffinasane, tante T!

Neste gong du kjem på besøk står det heilt sikkert muffins på menyen!

 

søndag 26. oktober 2008

Inspirerande helg!

Dette har vore ei helg av dei sjeldne. Eg tenkjer ikkje på dei to, skjønne bursdagsjentene i familien, eller at det bles orkan i går kveld. Nå nei du, det er nok mykje meir ekstravagant enn det!

voci3 

Denne flotte dama heiter Maria Gamborg Helbekkmo (f. 1942) er førsteamanuensis ved Høgskulen i Bergen/Grieg-akademiet, der ho underviser i kordireksjon, klaver og solosong. Ho dirigerer Jentekoret og Voci Nobili, begge tilknytta Høgskulen i Bergen. Ho har studert korleiing, song og klaver i både innland og utland, og ilag med koret Voci Nobili har ho vunne 13 internasjonale fyrsteplassar og tre andreplassar, i tillegg til sigrar i ei heil rekkje nasjonale korkonkurransar. Ho har vorte tildelt kongens fortenestemedalje i gull og har vore dommar i både nasjonale og internasjonale korkonkurransar.

voci1

Og i helga har denne fantastiske og eineståande dama vore på besøk i koret vårt! Ei så dyktig dame fann sjølvsagt mykje å jobbe med og pusse på, men arbeidet gav resultat! Det var ei stor ære å få synge under så kyndig leiing, Maria Gamborg Helbekmo er ein stor pedagog med ei særdeles unik musikalsk utstråling. Tenk at ei så lita og nett dame kan ha så mykje krut!!! Eg er full av respekt...

Eg har inntrykk av at det er mange bloggarar i Bergensområdet, og fleire har kanskje vore så heldige å få oppleve Voci Nobili og Maria på konsert? Då er eg i allefall skikkeleg misunneleg...

voci

Vi held på å øve inn Benjamin Britten`s "A Ceremony of Carols", og om vi klarer å hugse noko av alt det Maria har lært oss denne helga - så blir det ein fantastisk julekonsert!!!

Eg gler meg allereie til korøving på onsdag!

Tusen takk for ei fantastisk koroppleving, Maria!!!

(bileta er henta frå Voci Nobili si heimeside)

fredag 24. oktober 2008

Små og store jubilantar!

Det er ikkje FN-dagen som har størst fokus her i huset. Dette er nemleg den store bursdagsdagen for oss! Vår eiga frøken midtimellom er 6-års jubilant i dag og det skjønne, gode syskenbarnet, Sannah, er 1-års jubilant!

011 027

Det vart dobbelfeiring hos 1-åringen, som seg hør og bør. Den eldre og litt meir erfarne bursdagsjenta syntest dette var heilt rett!

016 018

"Flytt deg litt, Sannah - eg vil også sitte!" Sånn ja, det er plass til begge snuppene!

028 033 034

Skjønne tantegullet mitt... Sannah kosa seg med barne-TV i nyestolen sin!

060 058 059

Kva er vel bursdag utan kake???

053 051 052

Ida fekk også eit lys å blåse ut! Linselus og spilloppmakar Sina ville også vere med på festen!

Gratulerer så mykje med dagen, kjære jentene mine!!!!! Det vart ei flott feiring!!!

torsdag 23. oktober 2008

VIKTIG REPRISE: Kjære mann eller dame, som eg snart kjem til å køyre på.....

Eg har vorte oppfordra av mange av mine lesarar om å re-publisere eit innlegg eg hadde i fjor. Eg kan ikkje få sagt ofte nok kor viktig det er å bruke refleks, så difor kjem altså innlegget i reprise!

Dette innlegget skriv eg for å kome med unnskyldninga på førehand. For etter at eg har køyrt på deg kjem eg til å skulde det heile på deg. Overbevise meg sjølv, deg og alle andre om at alt er di skuld.

Eg kjem til å kome køyrande med bilen min, ein tidleg morgon på veg til jobb, eller på veg heim etter ein lang dag med undervisning og møter. Eg held akkurat fartsgrensa og snakkar ikkje i mobiltelefon - det er viktig å ha fullt fokus når vegane er våte og mørke.

Akkurat litt for seint oppdagar eg deg. Bilen min er stor og tung og køyrer rett på deg. Eit høgt dunk fyller bilen, hovudet og tankane mine. Ringjer 113 og prøver å hugse fyrstehjelpskurset eg var med på for 20 år sidan. Skal tru om du har barn? Sit dei heime og lurer på kvifor mamma eller pappa ikkje kjem heim frå jobb snart? Kvalm engstelse fyller meg idèt eg går ut av bilen, redd for synet som snart skal møte meg.

Eg kan sjå at du ligg i ei forvridd stilling på gangfeltet. Eg har køyrt på ein person i eit gangfelt. Eg , den ansvarlege sjåføren med fullt fokus på vegen og trafikkbiletet, har køyrt på eit menneske.

Veska ligg slengt fleire meter lenger borte. Eg bøyer meg ned til personen samstundes som eg prøver å identifisere noko av innhaldet i veska. Tenk om eg ser ein smokk, ei lita leike eller små babylestar, slikt som foreldre dreg med seg. Augene er blinda av tårer, sinne og raseri, eg ser ingenting. Meiner å hugse at eg skal leite etter puls. Famlar med kalde og skjelvande hender. Du har på deg så mykje kle. Det er ikkje råd å finne ei opning inn for å leite etter dei livgivande slaga.

Folk kjem til. Ser bebreidande på meg og lurer på kva som har skjedd, og om eg har ringt ambulanse. Trur eg har gjort det. Veit ingenting for sikkert lenger. Berre at eg har køyrt på ein person. Ei dame med tilgjort roleg stemme tek meg til side og snakkar til meg som om eg var eit barn. "Eg såg ingenting" , er det einaste eg klarer å seie. Alle dei andre orda, dei eg veit eg burde seie, set seg fast i halsen.

Sirener bryt stillheita, det gule lyset lyser opp heile vegen. Profesjonelle hender tek hand om meg og spør vanskelege spørsmål. "Eg såg ingenting". Dei masar meir og har på meg eit varmt teppe. Har nokon sett ein smokk?

Kjenner at vetet kjem tilbake, tankane klarnar. Eg forklarer meg til politiet og skuldar alt på deg. Eg køyrde på deg, du overlevde - og eg skuldar alt på deg. Eg såg ingenting og politiet forstår. Dei seier at eg ikkje skal tenkje meir på det, at det er du som må ta konsekvensane for det som har skjedd.

Kjære mann eller dame; eg kjem snart til å køyre på deg. Det kjem til å vere synd på deg, sjølv om alt er din feil. Håper det kjem til å gå bra med deg og at du ikkje har barn.

Og om du skulle lese innlegget mitt i kveld før du legg deg, eller i morgon tidleg før du køyrer på jobb, så kan du kanskje unngå at eg køyrer på deg. Så slepp eg å måtte forklare meg til politiet og seie at "Eg såg ingenting".

refleks3

Du er nokon si mor, far, kjærast, nabo, kollega og besteven.Eg vil ikkje køyre på deg, men om du held fram med å gå langs mørke vegar og krysse gangfelt utan refleks, kan eg ikkje love noko. No er du advart.

BRUK VETET -

BRUK REFLEKS!

NOKON ER GLAD I DEG!

Dersom du skulle lure, eg har ikkje køyrt på nokon. Eg har heller ikkje vorte påkøyrd. Men mi store frykt er å på ein eller annan måte verte involvert i ei "brukte ikkje refleks"-ulukke. Då dette innlegget vart publisert sist, kom det også på trykk i fleire aviser, og eg fekk telefonar og e-post frå heile landet frå folk som ville nytte innlegget i ymse samanhengar. Det synest eg er kjempeflott! Denne bodskapen kan ikkje uttrykkast sterkt nok! Eg vart også kontakta av mange som på ein eller annan måte har vore part i slike ulukker. Eg gret nokre tårer då eg hadde desse samtalene....

mandag 20. oktober 2008

Muffinsdraum...

 

MUFFINSDRAUM...

006

Når små, rosa jenter skal ha stort, rosa selskap,

007

...må mamma lage rosa muffins...

002

...så langt auget kan sjå.

010

Litt blått for små prinsar...

015

... som òg skal inviterast.

017

Litt sjokolade må til i eit skikkeleg selskap...

018

... no vert dei fornøgde - alle som ein!

Grattis, kjære Ida-mi, som feirar forskotsbursdag i

morgon ilag med to andre bursdagsjenter!

...og til slutt noko til muffinsmamma:

award18

Ei nydeleg utmerking frå Duften av erteblomst! Tusen takk, kjære du...... Du veit at eg set pris på dette... Ta gjerne turen innom bloggen hennar, der er så mykje nydeleg kunst, musikk og vakre bileter. Drøym deg vekk, tenk på varme sommardagar og kjenn lukta av erteblomar og lavendel....

Tusen takk!

...lyden av små føter

Ein uendeleg lang arbeidsdag er slutt. Mange samtaler, lange samtaler og attendemeldingar om høg, middels eller låg måloppnåing. Forventningsfulle elevar og spente foreldre. Vi gir og gir og gir - til det er tomt. Dei får det dei vil ha og tuslar derifrå, meir motiverte og beroliga enn då dei kom.

Vi lærarane sit att. Det kalde klasseromet har ete seg under huda på oss. Vi er svoltne og kalde. Forkjølinga har enno ikkje forlete kroppen, kjenner at eg treng å ta litt vare på meg sjølv. Forlet kontoret som eit einaste kaos. Alt får ligge til i morgon. Eg vil heim. Sjå ungane mine. La dei små, gode barnehendene varme opp ei frosa sjel.

føter

Det pøsregnar på veg mot inngangsdøra. Registrerer fort at haustblomane mine og lyngen har blese sin veg i stormen. Midt i dette infernoet av regn, kulde og storm høyrer eg dei velkjende lydane. Små føter som spring over golva, riv opp dørene  og kjem meg i møte. Det er lenge sidan eg har kjent kor godt desse lydane gjer meg. Heimekjære og gode lydar som får eit morshjarte til å smelte. Det vert trangt om plassen kring mamma sin hals når klemmar skal delast ut. Det er inga høfleg køordning her. Helst alle på ein gong.

Velkomstseremonien tek slutt og dei små føtene finn attende til meir og mindre viktige gjeremål. Eldstemann hiv seg over leksene, frøken midtimellom kviler seg på sofaen og er trøytt etter trening, medan minstesnuppa har meir energi på lager og må vise fram siste nytt på "danse, hoppe og turne rundt på golvet"-fronten.

føter1

Med eitt er eg varm. Eg har fått og fått og fått og krøllar meg tilfreds i sofaen medan dei små føtene og kvardagslivet går sin vante gang kring meg.

Slike stunder skulle vare evig. Dei skulle pakkast inn i cellofan, knytast sløyfe på og få fin merkelapp med "LYKKE" på...

(bileta er frå vakre Wink)