Ein uendeleg lang arbeidsdag er slutt. Mange samtaler, lange samtaler og attendemeldingar om høg, middels eller låg måloppnåing. Forventningsfulle elevar og spente foreldre. Vi gir og gir og gir - til det er tomt. Dei får det dei vil ha og tuslar derifrå, meir motiverte og beroliga enn då dei kom.
Vi lærarane sit att. Det kalde klasseromet har ete seg under huda på oss. Vi er svoltne og kalde. Forkjølinga har enno ikkje forlete kroppen, kjenner at eg treng å ta litt vare på meg sjølv. Forlet kontoret som eit einaste kaos. Alt får ligge til i morgon. Eg vil heim. Sjå ungane mine. La dei små, gode barnehendene varme opp ei frosa sjel.
Det pøsregnar på veg mot inngangsdøra. Registrerer fort at haustblomane mine og lyngen har blese sin veg i stormen. Midt i dette infernoet av regn, kulde og storm høyrer eg dei velkjende lydane. Små føter som spring over golva, riv opp dørene og kjem meg i møte. Det er lenge sidan eg har kjent kor godt desse lydane gjer meg. Heimekjære og gode lydar som får eit morshjarte til å smelte. Det vert trangt om plassen kring mamma sin hals når klemmar skal delast ut. Det er inga høfleg køordning her. Helst alle på ein gong.
Velkomstseremonien tek slutt og dei små føtene finn attende til meir og mindre viktige gjeremål. Eldstemann hiv seg over leksene, frøken midtimellom kviler seg på sofaen og er trøytt etter trening, medan minstesnuppa har meir energi på lager og må vise fram siste nytt på "danse, hoppe og turne rundt på golvet"-fronten.
Med eitt er eg varm. Eg har fått og fått og fått og krøllar meg tilfreds i sofaen medan dei små føtene og kvardagslivet går sin vante gang kring meg.
Slike stunder skulle vare evig. Dei skulle pakkast inn i cellofan, knytast sløyfe på og få fin merkelapp med "LYKKE" på...
(bileta er frå vakre Wink)
Å, dette kan ein kjenne seg att i!
SvarSlettVakkert skreve!
og nyyydlege bileter! (det må eg sjå på!)
DET var flott skrevet det :-) ikke fullt så stressa i dag du da som meg...
SvarSlettBle god og varm jeg også nå :o)
SvarSlettDet ligger noe inne hos meg og venter på deg Tove!
Klem
Godt med lykke - og du er flink til å dele :)
SvarSlettHer har vi samme dritværet - godt å vere inne - godt å krype til seng s sammen med noen i kveld - for det er mye dårlig ruskevær her no - og det liker eg ikkje
vi er ganske trygge her vi bor - men ein veit jo aldri med disse høge fjella her vi bor - så nær
Så er eg spente på om veska tåler styggeværet - om du liker å bruke den - og kva sier ho lærarkolegane inni fjora med sin pose ;-)
Smil fra monika
Det kjennes godt med slik hverdagslykke.....Akkurat noe sånt som man trenger etter en lang dag med unger og deretter samtaler. jeg har vært der så jeg vet hvor tom en føler seg etterpå....I dag har jeg også vært i samtale med en av lærerne til datteren. Spennende siden det er hennes første år på ungdomsskolen. Det blir mye informasjon, og en prøver å lagre alt slik at en kan formidle det videre, og bruke det så positivt som mulig. jeg er så glad for at det går bra ;-}
SvarSlettKlem.
Nok engang lar jeg bevege av de skjønne ordene dine!! Er midt oppi samtaler jeg og...og kjenner meg igjen selvom det er på barnetrinnet jeg er...Vi gjør en viktig jobb! Men mammajobben er viktigst!! KLem
SvarSlettNydeleg! Du skriv utruleg godt!
SvarSlettNydeleg innlegg:)
SvarSlett