torsdag 30. juni 2011

Kvifor er det ikkje sommar, mamma?

Ho er klissvåt etter ein lang dag i barnehagen. Var godt at mamma hadde fyrt i omnen. Du må varme meg, mamma… Ein kjapp tur på badet, vaske seg litt, skifte kle. Eg vil ha på meg ull og kosekle, mamma. Vi krøllar oss under eit pledd i sofaen. Berre vi to heime. Einaste vi høyrer er at det brenn i omnen. Og regnet. Det uendelege regnet som trommar mot ruta. Midt i eit forrykande vindkast kikar ho ut glaset. Er det snø, mamma? Neida, det er ikkje snø når det er sommar. Men det er ikkje sommar, mamma. Vi skal ikkje bruke ull når det er sommar. Eg skal ikkje fryse i barnehagen når det er sommar. Kvifor kjem ikkje sommaren, mamma?

IMG_0099

Kan vi reise på ferie, mamma? Mammahjartet krympar litt. Vi skulle jammen ha reist på ferie i styggevèret. Gitt ungane sol og sommaropplevingar. Lillemor forstår ikkje at pappa må jobbe heile sommaren, så eg svarar ikkje. Kan ikkje vi gjere det då, mamma? Vi kan i allefall besøke Gry og ta med oss godteri! Eg smiler for meg sjølv. Gry bur 15 minutt unna.

Klart vi kan besøke Gry!

♥♥♥

Ho ser på meg og smiler! Jippi, då blir det ferie i år likevel! Så set ho seg til rette og vil sjå barne-TV. Kosar seg framfor omnen og er god og varm.

Kvar sommaren vert av, veit eg ikkje. Men eg veit at eg har ein 4-åring som er nøgd med lite og at vi klarer å kose oss sjølv om vèret minner meir om haust enn sommar!

…men vi blir svært glade om sommaren snart kjem…

Har du sol der du er?

onsdag 29. juni 2011

Når sommaren og sola aldri kjem…

… lyt ein heller lage litt sommar sjølv!

IMG_9404

Fantastisk enkel oppskrift på sommaris med bringebær og youghurt inne på matbloggen min;

“På kjøkkenbenken”.

Klikk her om du vil lage litt sommar i dag!

tirsdag 28. juni 2011

DIY-lampe på kjøkkenet!

Eg skal ikkje skryte på meg å vere ein racer med DIY. Aller helst likar eg å kjøpe tinga akkurat slik eg vil ha dei! Men av og til får ein lyst til å lage noko sjølv!

IMG_0146

Denne gongen var det lampe på kjøkkenet som var prosjektet. Av ymse grunnar har vi ikkje hatt lampe der på ei stund. Eg ville ha ein enkel lampe som lyste opp romet, men som ikkje ropte etter merksemd.

IMG_0160

Eg kjøpte ein enkel “bøttelampe” i vanleg, gjennomsiktig glas. Deretter vart den spraya med ein lakk som frosta glaset. Etter å ha tørka eit døgn var den klar til å henge opp (den stod rett nok fleire månadar i kjellaren før den vart hengt opp, he, he…). Sjå forresten linselusa bak stolen!!!

IMG_0164

Ikkje akkurat hokus pokus, men eg vart kjempenøgd med resultatet og likte godt at den gav så koseleg lys på kjøkkenet…

IMG_0092

Storeungane er forresten på campingtur med farmor og farfar. Det er ikkje fritt for at det vert litt stille i huset når det berre er lille frøken snupp som tuslar rundt… Den dagen dei reiste skreiv vi på tavla at dei var på Dønfoss. I går måtte vi føye til eit ekstra ord; LENGT…

søndag 26. juni 2011

“Ny” stove i ein fei!

Eg har ei utruleg flott utsikt og bur så usjenert som det går an, difor har eg slettes ikkje behov for gardiner eller anna skjerming. Om vinteren er det likevel godt å kunne gjere stova litt meir lun med duse tekstilar.

IMG_0038

Sommaren har ikkje heilt nådd Sunnmøre og gardinene har difor vorte hengande heilt til no. Eg har likevel behov for å halde ute sol og har lurt på kva som er luraste måten. Persienne blir for tett, markise går ikkje på grunn av at det er eit svært vindfullt hjørne og gardiner heilt utelukka.

IMG_0041

Eg har ikkje sett for meg at lameller ville passe i stova vår, men då det såg ut til å vere einaste utveg måtte vi prøve det. I dag gjekk eg i gong og monterte den opp og vart gledeleg overraska! Det vart så utruleg lyst og lett på stova!!! I tillegg bytta eg ut eit stort, mørkt maleri mot to mindre bileter i gråtonar. Lampen fekk eg i gåve med mi kjære syster, som veit akkurat kva eg likar!

IMG_0081

Dermed vart stova vår ny i dag! Det var så utruleg deilig å få eit litt lysare hjørne.

IMG_0055

Når vi ikkje har sommar ute, må vi finne sommaren inne – i alle fall sommarfargane! Eikefargen minner meg om sand på ei badestrand, det blå om sommarhimmelen og det kvite minner meg om dei lette skyene som seglar av garde på himmelen ein varm sommardag…

IMG_0080

No sit eg og husbonden og kosar oss med kvelds og nyt synet av ein knallrosa kveldshimmel! Grovt knekkebrød med kremost og plommegelè er sommarmat for oss! Gelèen er laga av gule plommer av “Gode greier i Ulsteinvik. Dei lagar nydelege produkt av frukt og bær, i tillegg til at dei er flinke til å finne råvarer i naturen som er litt utanom det vanlege! Bli gjerne medlem på Facebooksida deira!

I morgon håper eg arbeidslysta framleis er til stades, for då er det kjøkkenet som skal få litt pleie! Kanskje blir det fornyingar der òg???

lørdag 25. juni 2011

Så enkelt – så vakkert…♥

To små søskenbarn på kveldstur. Lettkledde og sommarlege, sjølv om det var kaldt. Hand i hand tusla dei langs vegkanten. Hunden var med, og dei bytta på å leie han i bandet.

IMG_9992

Praten gjekk ivrig mellom dei to. Opptekne av kvarandre og alt det spennande dei såg rundt seg. “Tenk at det er så fine blomar i grøfta!”. Må stoppe opp og plukke nokre av dei. Mamma skal få ein stor bukett og sette på bordet!

IMG_0009

Småspringe heim med favnen full av blomar, passe seg så ein ikkje snublar. Sjølv om det er bratte bakkar spring dei små føtene trygt på grusen. Vil heim og pynte!

IMG_0014

Grøfteblomane, som eg kallar dei, er så utruleg vakre! Fargane så klare og sterke, detaljane så kompliserte og fantastiske. Ikkje rart at ungar ikkje kan gå forbi slike!

IMG_0026

Det var to trøytte jenter som la seg i kveld. Godnattsongane ville likevel ingen ende ta og mamma måtte fortelle maaaange historier før dei kunne leggje seg til å sove. Historia om blomane som ingen ville ha var favoritten i kveld. Den måtte dei høyre fleire gongar… Den handla sjølvsagt om to jenter ute på tur, som plukka med seg “grøfteblomar” heim til mammaen sin, og om mammaen som aldri hadde hatt så fine blomar i stova si før!

Det har vore ein herleg kveld, med to små jenter som har kosa seg i lag og vore verdens beste vener og syskenbarn! Og i morgon kjem resten av syskenbarna og et frukost i lag med oss! Kan det verte betre enn det?

♥♥♥

…og eg har fått inspirasjon til fleire historier! Kan hende nokre av dei kjem på trykk etterkvart???

søndag 19. juni 2011

FLØ.....♥

Ein treng ikkje bruke så mange ord når ein skal fortelje om kor fint det er på Flø.

IMG_9830

Å sitje i sjøkanten og sjå sola gå ned i havet er ubeskriveleg vakkert.

IMG_9828

Eg er så glad for at eg ikkje bur så langt unna denne perla. Så glad for at blåturkomitèen i LYST tenkte at det ville vere fint å ha sommaravslutninga der ute.

IMG_9838

Den endelause, kvite sanden…. Dei fantastiske solnedgangane… Dei tradisjonsrike gardane som har klamra seg fasta i vindkasta… Dei modige sjelene som har satsa på Flø som utsalsplass for kunsten sin og klesdesignet sitt…

IMG_9845

Vegen må gjerne stoppe på Flø. Nærare paradis kjem ein neppe… Ein treng ikkje reise lenger enn dit. Det er akkurat langt nok. Vakkert nok. Magisk nok.

IMG_9860

Tenk å ha slike beiteområde! Er det rart det er godt å vere ku på Flø?

IMG_9855

Vi skal ikkje på ferie i år. Men vi skal til Flø. Mange gongar…

♥♥♥

…det forstår du sikkert???

mandag 13. juni 2011

…om å leike gartnar…♥

Når eg leitar fram mold, planter og krukker er ikkje frøken snupp sein om å kome. Då brettar ho opp armane og utstyrer seg med det ho meiner eg manglar, og så set ho i gong å plante.

IMG_9710

“Eg er gartnar, eg, mamma!”, seier ho med den største sjølvfølge og innleving. Ho handterer plantene som om ho aldri hadde gjort anna! Dei små, svarte plastkrukkene vert tekne av og så løyser ho litt opp på molda.

IMG_9723

Nederst i krukka legg ho litt avispapir “…og så må eg legge noko over slik at ikkje all molda berre renn ut hòla, mamma!”. Vanlegvis brukar eg Leca-kuler, men det var vi visst tome for i dag. Men frøken snupp visste råd! Ho sprang opp på låven og henta isopor som ho reiv opp i passelege bitar og la nedersta i krukka! “Då klarer vatnet å renne gjennom, mamma!”

IMG_9729

Etter ei effektiv ykt stod tre store krukker med sommarblomar klar til å pynte opp rundt om kring!

IMG_9733

Her i huset får vi aldri nok lavendel! Dette er ei av krukkene Sina planta i dag. Ho likte aller best å få dekorere med kvite pyntesteinar!

♥♥♥

Om ei stund skal eg ut og ta bileter av ting og tang på tunet! Er så deilig å rusle rundt når sommarsola heng lavt på himmelen og fargar alt raudt…

søndag 12. juni 2011

Glimt frå ein bursdag…♥

De fleste av oss kan huske en tid da en bursdag - spesielt hvis det var ens egen - lyste opp verden som om en annen sol var steget.”

IMG_9534

Frøken snupp har vorte 4 år. Det er rart med desse barnebursdagane… Som mamma vert eg full av undring og ein smule sentimental kvar gong ein av ungane rundar eit nytt år.

IMG_9414

Eg tenkjer på kor rik eg er som har born og kor heldig eg er som får følge dei opp. Eg tenkjer på alt som har vore og alt som skal verte…

IMG_9423

Det vart heimelaga prinsessekake i år. Skulle eigentleg vere ei Barbie-kake, men dukka hadde for lange bein eller kaka vart for lav, så då måtte vi nøye oss med ei naudløysing!

IMG_9452

Bursdagsjenta var i storslag og heldt tale til gjestane sine! Her er ho midt i eit pedagogisk undervisningsopplegg om gelè!

IMG_9435

Bursdagsgjestane var sommarlege og skjønne…

IMG_9496

…maten søt og god…

IMG_9528

…ei snill tante hadde laga supergode muffins…

IMG_9546

…søtsakene var uimotståelege…

IMG_9563

…underhaldninga upåklageleg…

IMG_9625

…og fantastiske peonar pynta opp rundt om kring i stova.

IMG_9609

Ei godt nøgd bursdagsjente var glad for å kunne ta seg eit kveldsbad og prøve den nye Kitty-såpa ho hadde fått i gåve. Ho hadde kake i andletet, muffinspynt i håret og jordbær på kjolen – akkurat slik det skal vere!

IMG_9599

…og slik slutta dagen! Ein godt nøgd 4-åring som sovna før ho la houvdet på puta, storesysken som hadde kosa seg i lag med alle bursdagsgjestane og stolte foreldre…

♥♥♥

“…som om en annen sol

hadde steget…”

Beklagar det lange innlegget… Det fantastiske sitatet er av Robert Wilson Lynd.

søndag 5. juni 2011

Solstolen min har prikkar…

…og i dag har eg endeleg fått brukt den litt! Vi har slåtta til den store gullmedalje, men inn i mellom har vi fått kvile oss i sola!

IMG_9328

Vi har hatt rikeleg med dugnadshjelp – både store og små har slått, raka, trilla vekk gras og rydda.

IMG_9335

Det er slike dagar som gjer at eg kjenner kor godt det er å bu på ein liten gard. Når sola skin, ungane spring overalt og det er fredleg rundt oss på alle kantar – då får eg ro…

I tillegg til gardsarbeid har vi også fått tid til å lage is i dag. Vi prøvde to ulike variantar og  begge vart knakande gode! Oppskrifta kjem på matbloggen min før du veit ordet av det!

IMG_9321

No står kvelden for døra og alt ute luktar sommar. Eg har funne meg ein lun og god plass der eg skal sjå sola gå ned! Etterpå skal eg på kosleg venninnebesøk!

IMG_9349

“Hva lykke er?
- Gå på en gressgrodd setervei
i tynne, tynne sommerklær,
klø sine ferske myggestikk
med doven ettertenksomhet
og være ung og meget rik
på uopplevet kjærlighet.
Å få et florlett spindelvev
som kjærtegn over munn og kinn
og tenke litt på vær og vind.
Be prestekravene om råd
og kanskje ja - og kanskje nei -
han elsker ikke, han elsker meg…”

- Inger Hagerup -

Medan vi let humla suse…

…ynskjer vi alle ein strålande søndag!

IMG_9359

På ein gard er det lov å bruke søndagane til forfallande arbeid, så litt tid må vi sette av til å slåtte, rake, rydde og flide litt. Sjølv om sommarvarmen glimrar med sitt fråver, så skin i alle fall sola frå blå himmel! Vi får håpe varmen tek seg opp i løpet av dagen!

♥♥♥

Nyt dagen, folkens!!!

lørdag 4. juni 2011

Litt nærare sommar…♥

Dette blir eit typisk blogginnlegg om vèr. Alle bloggarar med respekt for seg sjølv skriv av og til om vèret. Om at det snart er sommar og at alt blømer på terrassen. Om Chablis`en som smakar fortreffeleg i hengekøya under syrintreet og at plenen er nyklipt, rosebuskene trimma og varmen frå sola jammen har fått pelargoniaen til å blomstre!

IMG_9176

Det har ikkje vore mykje hengekøye her i dag, men eg har då i alle fall teke runden med ei 1 1/2-liters colaflaske og vatna alle fem uteplantene mine. Vi er ikkje så fine på det, her på Utsikten gard. Vi opererer etter “man tager hva man haver”-prinsippet og då er brusflaseker suverene til å vatne med! Det har ikkje vorte så mykje rosebusketrimming heller, for den eine eg har fraus i hel i vinter og har takka for seg. Ho står brun og bladlaus att med leikarhuset og dug ikkje til annan enn “liksomjuletre” for alle dei små leikande som til ei kvar tid oppheld seg i tunet. I dag registrerte eg faktisk at dei hadde pynta den med knallblå og glitrande julegirlander!

IMG_9195

Sjølv om rosebuska mi er litt trist og hengekøya under syrinen framleis er mangelvare, så klarer eg likevel å sjå at sommaren nærmar seg. I kveld åt vi jordbær og is og gledde oss over den nydelege kvelden. Brekande sauer i det fjerne akkompagnerte solnedgangen og fekk oss til å tru at det snart er sommar.

IMG_91921

No skal eg og hunden gå kveldstur og nyte den svale kveldslufta. Har du tenkt over kor godt det luktar når du ruslar langs ei blomeeng ein sein kveldstime? Det er akkurat som om alle blomane vil takke for solskinet og vinden, og for at dei har hatt ein fin dag!

IMG_9168

Eg skal lukte, eg skal sanse og eg skal ta meg god tid til å nyte at alt er stille. Berre eg og hunden. Eg vonar du og tek deg tid til å nyte laurdagskvelden ♥

Oj sann, eg gløymte visst at dette skulle vere eit typisk blogginnlegg om vèret, så eg må sjølvsagt avslutte med at vi har hatt ein strålande dag, at vi har kosa oss i sola og at vi håper at det vert sol i morgon òg!!!

fredag 3. juni 2011

Kvifor i alle dagar les folk bloggen min???

Eg har skrive blogg i litt meir enn tre år. Bloggen har utvikla seg, lesartala har vorte høge og mange er kjekke og legg att kommentarar. Antal innlegg per veke har variert mykje, men eg har aldri lete meg stresse av å måtte publisere noko.

IMG_9213

Eg har hatt behov for å få utløp for kreative skriveglede.

Behov for å formidle noko. Engasjere. Røre ved andre sine kjensler.

IMG_9204

Ved å skrive blogg set eg att spor etter meg. Andre kan lese om mine kvardagslege gjeremål og sjå bilete som illustrerer det eg skriv om. Eg har prøvt å ikkje leggje att spor eg ikkje vil andre skal finne. Det har vore viktig for meg å kunne stå for alt eg har skrive. Ingen har vorte avbilda i min blogg utan å ha hatt lyst til det. Eg har kryssa mange sine historier på min veg. Nokre av historiene har eg delt med dykk på bloggen min, andre har eg halde for meg sjølv. Kanskje har dei vore for sterke. Eller for private.

Eg har stor respekt for alle menneska bak alle historiene og ikkje alt skal delast med andre.

IMG_9239

Eg har møtt utruleg mange flotte menneske gjennom bloggen min. Nokre har eg berre maila med, andre har eg vore så heldig å få møte i levande live og andre har eg vorte gode vener med. Bloggen har opna opp dører for meg. Mange spennande prosjekt er i startgropa som eit resultat av bloggen.

IMG_9274

Men kvifor i alle dagar gidd folk å kike innom bloggen min, dag etter dag? Bloggarar har det med å plassere seg sjølve i kategoriar og eg er vel ein typisk kvardagsbloggar. Kvardagsbloggar er visst heilt ut, las eg på ein blogg for litt sidan. Skal eg slutte å skrive av den grunn? Eller skal eg halde fram med mine små tankespinn og mine svært så kvardagslege fotografi av blomar, telys, born, middagsmat og klesvask som heng på snora? Det er vel kanskje måte på kor lenge det er interessant å sjå bilete av den fantastiske utsikta mi og lese om minstesnuppa, frøken midtimellom, eldstemann og husbonden.

IMG_9308

Eg skriv ikkje for andre enn meg sjølv. Eg er eit skrivande menneske som treng ein arena der tankar kan ta form som ord. Eg er ikkje ute etter å ha flest mogleg lesarar, annonsørar i margen eller å ligge på ti på topp-lista. Men eg set stor pris på alle tilbakemeldingar frå folk som har vorte rørt av noko eg har skrive. Eller som finn kvild i eitt av bileta eg har teke. Det er kjekt å verte stoppa på butikken av framande som seier dei har lese bloggen min og at dei finn stor glede av det. Eg har fått e-post frå ein eldre mann som likte så godt at eg skriv på “landsmål” og andre synest det er sjarmerande å lese “dialekt”. Å skrive på nynorsk er sjølvsagt for meg. Ei dame skreiv ein gong i ein kommentar at ho stort sett aldri las det eg skreiv fordi ho ikkje forstod nynorsk. Eg vil likevel halde fram å skrive nynorsk, så får det heller vere at bloggarar ikkje orkar å lese det eg skriv fordi målforma mi er litt for vanskeleg. Som ein kuriositet kan eg nemne at ei “bloggedame” vart kåra som “Årets nynorskbrukar” av Nynorsk kultursentrum i år!

IMG_9304

Bloggen har gitt meg så utruleg mykje. Eg kan berre håpe at bloggen også har gitt noko til andre. Det tek tid å lage eit innlegg og redigere bileta som eg legg ut, men ikkje meir tid enn eg tillet meg. “Kor i alle dagar har du tid til å skrive blogg???”, er noko eg har fått høyre mange gongar. For meg handlar det ikkje om å bruke for mykje tid på det, men meir om rekreasjon og sjelebot. Det gjer godt å skrive og formidle. Det gir meg glede å sjå at det innlegget tek seg fint ut på bloggen. Men sjølv om biletet av stovebordet ser fint ut, er det ofte rot i bakgrunnen som eg vel å ikkje vise fram. Det er ikkje alltid bileta eg tek toler dagens lys fordi hybelkaninene dansar tango og kleshaugane ligg i store stablar rundt om kring i stova. Eg har trass alt ein heilt vanleg heim, sjølv om eg ikkje viser fram den mest rotete sida av kvardagslivet vårt. Det for vere måte på kva ein skal plage folk med, hi, hi!

IMG_9294

Eg har utruleg mange å takke. Fordi dei har gitt meg så gode historier. Fordi dei har inspirert meg til å skrive. Fordi eg har fått lære så mange fantastiske menneske å kjenne.

Men mest av alt må eg takke trekløvert mitt på biletet over og husbonden min ♥. Fordi dei så tolmodig har venta ved middagsbordet fordi mamma berre må ta eit bloggbilete av maten. Fordi dei har venta så tolmodig når mamma har rota rundt i grøfter på jakt etter fine blomar å ta bileta av. Eller når dei har vore nøydde til å vere statistar på dei raraste stadar fordi mamma fekk ein idè til eit godt bloggbilete!

Til trass for at eg ikkje heilt forstår kvifor folk gidd å lese bloggen min, så skal eg halde fram med å blogge ei stund til. Men berre fordi eg vil det!

♥♥♥

Bileta eg viser tok eg då vi var på Hareid i dag. Eldstemann spelte fotballkamp og eg var stolt mamma på sidelinja! Etter kampen tok vi sjølvsagt turen til den fantastiske Overåsanden og leika oss litt!