…og i dag har eg endeleg fått brukt den litt! Vi har slåtta til den store gullmedalje, men inn i mellom har vi fått kvile oss i sola!
Vi har hatt rikeleg med dugnadshjelp – både store og små har slått, raka, trilla vekk gras og rydda.
Det er slike dagar som gjer at eg kjenner kor godt det er å bu på ein liten gard. Når sola skin, ungane spring overalt og det er fredleg rundt oss på alle kantar – då får eg ro…
I tillegg til gardsarbeid har vi også fått tid til å lage is i dag. Vi prøvde to ulike variantar og begge vart knakande gode! Oppskrifta kjem på matbloggen min før du veit ordet av det!
No står kvelden for døra og alt ute luktar sommar. Eg har funne meg ein lun og god plass der eg skal sjå sola gå ned! Etterpå skal eg på kosleg venninnebesøk!
“Hva lykke er?
- Gå på en gressgrodd setervei
i tynne, tynne sommerklær,
klø sine ferske myggestikk
med doven ettertenksomhet
og være ung og meget rik
på uopplevet kjærlighet.
Å få et florlett spindelvev
som kjærtegn over munn og kinn
og tenke litt på vær og vind.
Be prestekravene om råd
og kanskje ja - og kanskje nei -
han elsker ikke, han elsker meg…”
- Inger Hagerup -
For eit nydeleg innlegg!
SvarSlettStor klem ♥
Nydelige ord og bilder
SvarSlettHa en fin kveld
Klem
Det var ein flott stol til å bli glad i... Du har så mange flotte bilder - det er alltid kjekt å sjå dei nye innlegga dine.
SvarSlettHa ein fin kveld!