søndag 30. november 2008

Dette er også advent....

I dag lokka det fine vèret oss til ein tur i strandkanten. Advent er tida for snø og kulde, men nokre dagar velsignar oss med sol frå blå himmel. Det var ikkje til å tru å tru at det var siste dagen i november då vi kosa oss på stranda i dag!

032 

Ei stille stund i strandkanten. Skal tru kva den vesle nisseguten tenkjer på...???

036

Kven har sagt at stranda høyer sommaren til?

041 042

I dag måtte vi kaste stein istadenfor snøball! Johan kasta langt, lengre og lengst!

038 

Så deilig å kunne rusle med gummistøvlar i strandkanten......

Einaste som mangla denne dagen var min og Ida sin spesielle "Fyrste søndag i advent"-tur. Vi har ein hemmeleg plass der vi plukkar dei nydlegaste greiner! Dei nakne greinene set vi i store vasar og urner og pyntar dei med småfugl i tova ull. Vi får ta det ein annan dag...

GOD ADVENTSTID TIL ALLE!

Kom adventstid....

 

003

"Kom adventstid til vårt einsame hus!
Vi set i staken eit einslig lys
Advent er eld som i kulde vert tent:
Vi ventar ei gåve som Gud har sendt.


Den gåva er av eit heilt anna slag
enn gåver vi gir eller får kvar dag.
Opne den gjenlåste dør i ditt hus,
så skin Guds stjerne, vårt julelys!"

Carl-Bertil Agnestig

006

Denne nydlege adventssongen har vore fast innslag på Lyst sine julekonsertar i fleire år. Eg synest den formidlar alt det beste med ventetida og julehøgtida. "Advent er eld som i kulde vert tent" - ei nydeleg skildring som seier noko om korleis vi skal vere mot kvarandre i denne ventetida.

Bruk adventstida til noko meir enn husvask, baking og stress for å få gåvene i hus: gjer ei god gjerning for nokon som treng ei hjelpande hand. Ver eit medmenneske for nokon som har det vondt. Vi som har nok å gi må dele raust til dei som treng oss, både av tid, omsorg og varme. "Det er mange ikring deg som frys, ver du eit bål, strål varme ifrå deg", sa Halldis Moren Vesaas. Det kan vere noko å tenkje på når vi går jula i møte.

Bruk adventstida til å skape minner og gode stunder for borna dine, familien din og alle andre rundt deg. 

I dag går tankane mine til ei god venninne som har tunge dagar. Sorga og saknet er tungt for henne og familien å bære. Kjære du, når dagane vert uuthaldelege og sorga tynger - så veit du at du har mange rundt deg som stiller opp og hjelper deg gjennom det.

Vinterhelsing...

I dag har vi hatt nok ein nydeleg og solfylt vinterdag. Det var godt å vakne opp og sjå blå himmel. Vi benytta dagen til fjørekos og fotografering. Dei lusekoftekledde ungane som eg snakka om i eit anna innlegg, måtte forevigast i dag. Det er tradisjon å sende bileter av dei håpefulle til kjende og kjære over det ganske land!

Og når eg fyrst snakkar om kjende og kjære...... I dag vil eg sende ei helsing til mine to kjære sysken og familiene deira, som for tida nyt late og gode dagar i Thailand. Til trass for uro i Bangkok, har dei det berre bra. Dei er heldigvis ikkje akkurat der... Eg veit at dei titt og ofte er innom og sjekkar bloggen min, så i dag vil eg formidle ei helsing og nokre "sjå kor fint vi har det her heime"-bileter! Det er ikkje berre i Thailand det er sol!

008 018

Ida og Johan sender varme og gode klemmar til tanter, onklar og syskenbarn. Gjett om dei gler seg til dokke kjem heim!!!

019 024

Lissjesnuppa saknar Frida og Sannah. Det blir nok både teselskap, dokkevogntrilling og ei og anna "kaule" når dokke kjem heim!

052

051

Stemningsfulle bileter frå Helgehornet og Lidaveten. Sjå kor fint sola kviler over Eidheim...

053

Kjære Linda, Bjørnar, Sannah, Frode, Lisbeth og Frida - vi saknar dokke alle og gler oss til å få dokke heim! Pass godt på kvarandre og hald dokke friske... Glad i dokke alle seks!

Med desse vakre vinterbileta ynskjer at dokke ei fin veke!

fredag 28. november 2008

Jula kjem ikkje rekande på ei fjøl...

...Jada masa - eg veit det! Eg veit at det skal planleggast, ommøblerast, vaskast, handlast inn både julegåver og mat, bakast og pyntast.  Ungane burde sikkert ha seg nye kle, både fordi det er vanleg å få nye kle til jul og fordi fjorårets julekle sikkert er for små. I tillegg skal ungane pyntast med nissehuer og lusekofter og plasserast på dei mest tenkjelege og utenkjelege stadar med påklistra smil, tårer i augekroken og roser i kinna. Og akkurat når du har blinkskotet, skal du vere sikker på at eldstemann knip frøken midtimellom, som skubbar minstesnuppa, som tek tak i lusekofta til eldstemann og dreg han med seg i fallet. Julekort er sanneleg ikkje til å spøke med...

086

Du store mi tid - eg heldt på å gløyme vindaugsvasken! Høyrt på slikt! For mange er det sjølvaste krumtappen i julereingjeringa. Etter at alt anna er vaska og huset luktar grønsåpe, vert skinande blanke vindauge sjølve juvelen i julehuset! Dei forfrosne fingrane, som resultat av vatn og minusgrader, vert fort eit gløymt kapittel. Tenk  å få venninner på førjulsbesøk, og i smug studere kor dei misunnlege blikka sveipar over glasa dine... Eller når svigermor kjem på besøk og du kan sitte og småpludre i sofaen og diskutere siste nytt på vindaugsreingjerings-fronten! Då kan jula berre kome...

 087

Eg har hatt eit alvorleg tilfelle av Albert Åberg-syndrom siste vekene. Jada, eg har tenkt å gjere meg ferdig med julegåvene - eg skal berre lese sakspapira mine fyrst. Jada, vi skal bake julemenn - eg skal berre rette norskstilane fyrst. Sjølvsagt skal eg vaske ned stova og kjøkkenet - eg må berre rette ferdig ein bunke engelsktentamenar fyrst. No står eg i fare for ikkje å verte trudd lenger.  Poenget mitt er at det er mange ballar som skal sjonglerast før jul. Eg kjem alltid i mål, det vert både triveleg og reint i heimen! Julestri, kallar ein det. Litt merkeleg ord, eigentleg. Å stride mot jul - å kjempe seg framover mot jula. Det skal no vel ikkje vere ein kamp og ein strid??? I så fall må vi ta nokre grep for unngå det. Eg skal berre, fyrst...

088

Men i dag har eg altså tatt rev i segla, som mor mi seier. Terje og ungane henta ned all julepynten frå loftet i går, så i dag skulle det skje. Eg har hengt opp julegardiner på kjøkkenet, plukka fram litt småtteri å pynte med og funne ut kva eg manglar. Då eg sat der og plukka ut av kassene, slo det meg at den pynten eg likar aller best, er den pynten eg har pynta med i alle år. Det har vorte nokre nyinnkjøp i løpet av åra, freistande julebutikkar sørgar for det. Noko av pynten har glidd naturleg inn ilag med det gamle, medan andre ting ikkje har vorte brukt. Må nok berre innrømme at eg er meir tradisjonell enn eg hadde trudd...

100

Dette koslege nisseparet er det tante T som har laga til meg. Eg fekk det i julegåve for seks år sidan, og dei har vore fast innslag i stova kvar jul. Det vert ikkje jul utan at dei står på plassen sin i stova!

103

Er det rart eg er glad i desse to???

105

Denne engledama fekk eg av ei god venninne i julegåve for nokre år sidan. Ho står på sin faste plass i glaskarmen og gleder oss med sitt nærvær!

098 093

Adventskalendaren (også laga av tante T-design) er verkeleg ein eignalut vi set stor pris på. Her lurer vi søte, små merksemder ned i lommene. Det er ikkje vanskeleg å få dei opp av sengene når slike herlegheiter ventar på kjøkkenet! Det dekorerte sylteglaset laga Johan på skulen for to år sidan. I fjor hadde vi marsipankuler i glaset, og eg ser ingen grunn til ikkje å halde fram med den tradisjonen!

No må du for all del ikkje tru at eg er ferdig til jul! Eg måtte berre setje fram dei juletinga eg likar aller best, og som eg treng for å kome i skikkeleg julestemning. Så skal eg byrje på julenedvasken - kanskje....

088

Denne engledama heng ved inngangsdøra vår, og minner oss om å ta med oss hjartet inn i julestria!

Flytande julegodt...

Trufaste lesarara av bloggen min hugsar kanskje at eg laga  plommelikør i haust. Nydlege plommer frå tuntreet, mørk rom og myyykje sukker. Sjå berre kor deilig det såg ut;

036 042

No har Norges-glasa stått på kjøkkenbenken og kosa seg i to månadar. I dag bestemte eg meg for å sile av likøren og ha den på flaske. Eg kan love deg at lukta som slo imot meg då eg skrudde av lokka, var fantastisk god! Rett i sila bar det, og kjøkkenet vart fylt av nydlege lukter...

054

Plommene måtte stå og renne av seg ei stund. Likøren vart mørk og kanskje litt grumsete, men eg las meg til at det visstnok ikkje gjer noko. Plommene vert sjølvsagt ikkje kasta! Dei frys eg ned og tek fram som tilbehør til vaniljeis, eller ilag med piska krem med frø frå ei vaniljestang.

058  065

No er det ikkje lenger plommelikør på benken min.Dei tome glasa skal vaskast og nyttast til julesild, julegodteri og julekaker.

 106  110  

Det ser godt ut, ikkje sant? No skal likøren få stå på flasker i påvente av jula. Men fyrst ein liten smakstest....

108

torsdag 27. november 2008

Den største gleda ein kan ha.....

Det var ein kjensleladd dag i går. Molly bestemte seg for å dele den traumatiske og triste historia si med oss, og det var sterk kost å lese gårsdagens innlegg på bloggen hennar. Eg har ikkje ord som kan skildre motet og styrken bak avgjerda hennar. Eg las historia med sorg og inderleg medkjensle. Likevel såg eg håp mellom linjene. Denne underlege kjensla av å verte sett fri. Molly har lagt ifrå seg ei stor bør og kan hende vert det godt å gå vidare. Kanskje vert stega på livsvegen lettare og fotspora ho etterlet seg tydlegare og meir bestemte.

Eg håper du ser all den ufattelege støtta som har strøymt til deg siste dagane, Molly.

Molly1

Når eg ser i glaskula mi, så ser eg ei Molly som har kome styrka ut av noko som har vore vanskeleg for henne å erkjenne. Molly har teke tak i det som har vore vanskeleg og kastar det ifrå seg. Eg ser ei Molly som finn mot og håp - og dansar vidare i livet.

Molly2

Tusen, tusen takk til alle som har delteke i

hjartekjeda eg  starta! Det er så utruleg å sjå kor

mange som har vore med og støtta opp om

Molly. Takk for at du har vore med å slå ring om

henne og familien hennar.

"Den største gleda ein kan ha,

det er å gjere andre glad."

(Bileta er frå Wink Nixone)

tirsdag 25. november 2008

To Molly - with love...

I går var den nasjonale MOT til å glede-dagen. I lys av det som har kome fram på Molly sin blogg i dag, så foreslår eg ei aldri så lita dagen derpå-feiring.  Molly treng støtte frå medbloggarane sine i dag.

hjerteMolly1

Det er godt å vite at ein har nokon å støtte seg til når grunnen vert slått under føtene våre.

hjerteMolly

Det er godt å vite at ein har nokon å klamre seg til når det stormar som verst.

Oppmodinga mi er enkel:

heartMolly2

Dersom du er lesar av Molly sin blogg ynskjer eg at du publiserer eit hjarte til Molly på bloggen din i kveld eller i morgon! Merk innlegget ditt med "To Molly - with love". Kanskje får vi ei kjede av hjarte som strekkjer seg over det ganske land!

Kjære Molly, hjarta våre bankar for deg i kveld....

mandag 24. november 2008

Mellom bakkar og berg....

Det var så vakkert i Ørsta i går. Frostrøyken laga trolsk stemning inst i fjorden og sola leika på fjelltoppane.  Kvar gong eg ser Ørsta i sin vakraste skrud, tenkjer eg på Ivar Aasen og teksten han dikta om heimbygda si.

050 

Mellom bakkar og berg ut med havet
heve nordmannen fenge sin heim,
der han sjølv heve tuftene grave
og sett sjølv sine hus oppå deim.

048 

Han såg ut på det bårute havet;
der var ruskut å leggja ut på,
men der leikade fisk ned i kavet,
og den leiken, den ville han sjå.

 052 051

Og når liene grønkar som hagar,
når det laver av blomar på strå,
og når netter er ljose som dagar,
kan han ingen stad venare sjå.

049

Han såg ut på dei steinute strender;
det var ingen som der hadde bygt.
"Lat oss rydja og byggja oss grender,
og så eiga me rydningen trygt"

- Ivar Aasen -

055

Det var kaldt på småbåthamna. Likevel symde endene  kvilelaust omkring. Synd eg ikkje fekk bilete av dei.

056

Ivar Aasen si heimbygd i bakgrunnen, Hovdebygda.

 062 

Plommetreet sine nakne greiner strekkjer seg lydlaust mot himmelen. Kanskje er det draumen om sommar og sol som held liv i det gjennom ein lang vinter?

Slike dagar må forevigast. Må nytast og settast pris på. Gjennom dagar med slaps, is og sølevèr kan vi drøyme oss attende til den klare og skarpe lufta, og til solstrålar som varmar frosne sjeler.

søndag 23. november 2008

Mormor sine gamle klenodier...

... har fått heilt nye bruksområder heime med meg. I dag traktar vi oss ein god kaffi, drikk av store krus - utan fiksfakseri! I mormor si tid tok dei seg god tid når dei først skulle unne seg ein kopp kaffi. Sukker og fløte var naturleg tilbehør for mange, og fløtemuggar og sukkerskåler var sjølvsagde innslag på eit anstendig kaffibord.

Eg har vore så heldig å arve nokre skattar etter mormor. Dei har stått bakerst i skapet og støva ned. Synd og skap sjølvsagt, men no har eg teke dei fram til heider og verdigheit att!

073

Ei av dei finaste fløtemuggane mine vart endå vakrare med eit telys i!

   091

No har arvegodset pryda bordet i stova i heile kveld. Er så stemningsfullt med stearinlyset som funklar gjennom glaset. Trur mormor hadde vore glad for at eignalutane har fått nye bruksområder!

086 087

Eller så har eg tjuvstarta litt på juleførebuingane. Kjøpte meg nokre skjønne julestjerner på Plantasjen i dag, men dei skal få stå på eit litt kjølegare rom nokre veker til. Det er for tidleg å pynte med slikt no - sjølv for meg!

092  097

Veggskapet på kjøkkenet har vorte dekorert med ei julahjarte. Kom heim med ei kvit asalea i dag. Det er fyrst siste åra eg har likt denne planten. No må eg ha asalea i hus for å kome i julestemning...

Ynskjer alle ei fortreffeleg veke!