...Jada masa - eg veit det! Eg veit at det skal planleggast, ommøblerast, vaskast, handlast inn både julegåver og mat, bakast og pyntast. Ungane burde sikkert ha seg nye kle, både fordi det er vanleg å få nye kle til jul og fordi fjorårets julekle sikkert er for små. I tillegg skal ungane pyntast med nissehuer og lusekofter og plasserast på dei mest tenkjelege og utenkjelege stadar med påklistra smil, tårer i augekroken og roser i kinna. Og akkurat når du har blinkskotet, skal du vere sikker på at eldstemann knip frøken midtimellom, som skubbar minstesnuppa, som tek tak i lusekofta til eldstemann og dreg han med seg i fallet. Julekort er sanneleg ikkje til å spøke med...
Du store mi tid - eg heldt på å gløyme vindaugsvasken! Høyrt på slikt! For mange er det sjølvaste krumtappen i julereingjeringa. Etter at alt anna er vaska og huset luktar grønsåpe, vert skinande blanke vindauge sjølve juvelen i julehuset! Dei forfrosne fingrane, som resultat av vatn og minusgrader, vert fort eit gløymt kapittel. Tenk å få venninner på førjulsbesøk, og i smug studere kor dei misunnlege blikka sveipar over glasa dine... Eller når svigermor kjem på besøk og du kan sitte og småpludre i sofaen og diskutere siste nytt på vindaugsreingjerings-fronten! Då kan jula berre kome...
Eg har hatt eit alvorleg tilfelle av Albert Åberg-syndrom siste vekene. Jada, eg har tenkt å gjere meg ferdig med julegåvene - eg skal berre lese sakspapira mine fyrst. Jada, vi skal bake julemenn - eg skal berre rette norskstilane fyrst. Sjølvsagt skal eg vaske ned stova og kjøkkenet - eg må berre rette ferdig ein bunke engelsktentamenar fyrst. No står eg i fare for ikkje å verte trudd lenger. Poenget mitt er at det er mange ballar som skal sjonglerast før jul. Eg kjem alltid i mål, det vert både triveleg og reint i heimen! Julestri, kallar ein det. Litt merkeleg ord, eigentleg. Å stride mot jul - å kjempe seg framover mot jula. Det skal no vel ikkje vere ein kamp og ein strid??? I så fall må vi ta nokre grep for unngå det. Eg skal berre, fyrst...
Men i dag har eg altså tatt rev i segla, som mor mi seier. Terje og ungane henta ned all julepynten frå loftet i går, så i dag skulle det skje. Eg har hengt opp julegardiner på kjøkkenet, plukka fram litt småtteri å pynte med og funne ut kva eg manglar. Då eg sat der og plukka ut av kassene, slo det meg at den pynten eg likar aller best, er den pynten eg har pynta med i alle år. Det har vorte nokre nyinnkjøp i løpet av åra, freistande julebutikkar sørgar for det. Noko av pynten har glidd naturleg inn ilag med det gamle, medan andre ting ikkje har vorte brukt. Må nok berre innrømme at eg er meir tradisjonell enn eg hadde trudd...
Dette koslege nisseparet er det tante T som har laga til meg. Eg fekk det i julegåve for seks år sidan, og dei har vore fast innslag i stova kvar jul. Det vert ikkje jul utan at dei står på plassen sin i stova!
Er det rart eg er glad i desse to???
Denne engledama fekk eg av ei god venninne i julegåve for nokre år sidan. Ho står på sin faste plass i glaskarmen og gleder oss med sitt nærvær!
Adventskalendaren (også laga av tante T-design) er verkeleg ein eignalut vi set stor pris på. Her lurer vi søte, små merksemder ned i lommene. Det er ikkje vanskeleg å få dei opp av sengene når slike herlegheiter ventar på kjøkkenet! Det dekorerte sylteglaset laga Johan på skulen for to år sidan. I fjor hadde vi marsipankuler i glaset, og eg ser ingen grunn til ikkje å halde fram med den tradisjonen!
No må du for all del ikkje tru at eg er ferdig til jul! Eg måtte berre setje fram dei juletinga eg likar aller best, og som eg treng for å kome i skikkeleg julestemning. Så skal eg byrje på julenedvasken - kanskje....
Denne engledama heng ved inngangsdøra vår, og minner oss om å ta med oss hjartet inn i julestria!
HUsk for all del sølvpussen...!Tenk hvilken skandale som ville bre seg over mørekysten...!
SvarSlettLåt hjärtat va med...
SvarSlettAllt du gör beror på det...
Det er en svensk sang. Som Åke Cederhök sjöng. (pappan i Albert og Herbert.)
Ska huske å ta med det i julestria.
Ditt julepynt er så fint. Visst er det noe specielt med det man fått...
Ska pynte litt hver dag frem til jul nå.
Ha nå ei god natt.
Klems Synne.
Herlig med julepynt som virkelig betyr noe! Har også noen ting som bare MÅ stå på plassen sin. Hvis ikke er det noe som ikke stemmer! Tradisjoner kaller vi det vel. Og det er det mye av julen dreier seg om også. Julestri er vel en annen "tradisjon", men den kan jeg jammen leve fint uten :) Jul blir det likevel! Ha en fin kveld!
SvarSlettEg er ikkje så flink med den der julestria. Husvasken endar alltid opp som ein litt skikkeleg golvvask på litlajulafta, og vindusvasken vert ofte forbigått i stillhet......Det merkelege er at det vert jul kvart år, okke som......;)
SvarSlettPlommene dine såg farleg gode ut. Sjølv eg som ikkje nyt alkohol fekk lyst på ein smaksprøve av både plommer og likør. Og karaffelen var nyyyydeleg.
Ha ei god helg
Klem:0)
Oj, ja no er jula faretruande nær.. uff og huff, det er aldeles alfor mykje eg og skulle ha gjort! Men du er no i gong.. og då går det som regel fort!!! :-)
SvarSlettEg skal sette i gong på søndag... heilt sikkert!! ;-)
Monica
Oj må en gjøre alt dette før jul? jeg gjør det ikke=)
SvarSlettMen jula kommer selvom!
En må nyte og kose seg i julestria også=)
Ønsker deg en herlig første advent helg=)
Klem Kertsin
En kan nok kjenne seg igjen noen og enhver i dette innnlegget ja, egentlig en galskap uten sidestykke.
SvarSlettNår man entrer heimen sliten og matt etter en lang arbeidsdag, da skal man liksom ha den "gut`sen" til å jobbe seg fram mot jul til sent på kveld?? En skal vaske i kalde og mørke rom?? strider mot all fornuft det vet du.
Nei, her er damen som tar det hele med knusende ro. Jula kommer allikevel. Har faktisk lært litt, for hvem gidder vel sitte utslitt julehelga, og ha bare behov for søvn og hvile. Dte man ikke rekker nå tar man til våren.
Hilsen damen sm før var så hysterisk at hun sov i sovepose natt til juleaften for at sengaskulle være 100% strigla :-)
Umulig men mann og barn det vet du.
Flott helg til dere, men ikke slit deg ut!!
Julestria den kjenner vi til... ;O) Så mykje fint du har Tove! Eg skal opp på loftet og hente våre esker med julepynt, men fyrst skal eg på basar med dottera mi, besøke foreldra mine også skal eg berre....
SvarSlettHmm litt tankevkkande det du skriver om nettopp julestria, men det stemmer så godt for dei aller fleste trur eg.
Ynskjer deg og dine ei stressfri helg :O)
Det er mye som bør gjøres ja! Men jeg har begynt å skille mellom hva jeg MÅ gjøre, BURDE gjøre, og VIL gjøre.. Jeg tar meg goood tid til å pynte, for det er det mest hyggelige. Så baker jeg noen få enkle slag kaker, og noe marsipan. Så vasker jeg det jeg orker og har lyst til ;0)
SvarSlettSå fin julepynt du har!
Å, fyttirakkeren! Noo vart eg sliten no! Godt svigermor held seg heime i jula!
SvarSlett...me får kjempe oss fram- mot våren!;)
God sundag til dåke der oppe!
(pst! du har ikkje køyrd på nokon i det siste vel???)
Hi hi, eg har avtale med fysioterapeuten om at julevasken må gå på lavgir i år...
SvarSlettVi har blitt einige om at nedvask høyrer våren til;0)
Eg er nok ganske tradisjonell når det gjeld julepynten eg og, og det kjekkaste av alt er å leite fram det vi har laga sjølv:0)
Klem
Heisann Tove:) Det er godt å høre at du er seint ute du og i år. Eller seint og seint...Det er alltid tidsnok. Og jul blir det uansett, det er iallefall ei lita trøyst. Det som tyngjer meg mest no er årets julekort...no må det skje. Eller i morga skal det skje!! Ha ein fin laurdagskveld:) Varme klem fra Olsenbanden:)
SvarSlett